søndag 7. mars 2010

Øvingar for stabeist

Djup, djup snø ved Markavatnet i dag

Snø i lange baner oppe ved ura under Krokavatnet

Var turen på Toreheia i går for spesielt interesserte, kan eg vel seie at turen på Fossedalshengenipa i dag var for sjølvpinarar. For maken til kamp eg hadde med snøen for å komme meg opp der i føremiddag, skal ein leite lenge etter. Eg er kanskje ikkje typen som gir meg så lett, men i dag var eg i ferd med å snu fleire gonger. 

Allereie borte ved Markavatnet sila sveitten. I basketak med halvmeteren med våt laussnø. Endå verre vart det å kome seg opp første kneika i enden av vatnet. For oppe i bakken og ved hammaren gjekk snøen meg til magen. Sinnsvakt tungt! Men det som egentleg heldt på å velte heile tua, var dei håplause skia eg gjekk med. Fellene isa, og eg drog på eit klabbelag oppover heile vegen. Utan smurning i sekken var dette nesten dødfødt. 

Over myra drog eg av fellene og kom meg over på hi sida med blanke ski. Men desse var sjølvsagt nyttelause i motabakkane sør om og oppover mot ura. Så fellene måtte berre på igjen. Eg stod i første bakken med snø opp på magen og prøvde å få på meg skia med fellene igjen... Det var til å grine av! 

På det vèrharde partiet rett oppom brua i ura, var snøen blesen av nokre småberg. Som tidlegare i vinter. Eg drog skia over, klabbane kom seg noko, men det vart same leiken att nesten med ein gong. Fellene var våte... og snøen ganske tørr! Heldigvis hadde eg med meg noko XL-1 drikke. Men om det var det som gjorde utslaget, at eg kom meg opp til under Fossedalshengenipa, skal vere usagt. Det vart iallefall ei svimefull affære. Men eg forbanna meg på at eg ikkje hadde slite opp her for ingen ting. For opp skulle eg...!

Som på Toreheia i går, låg skodde også i høgda i dag. På ryggen opp var det white-out. Og då meiner eg fullstendig kvitt. Ein periode gjekk eg oppover berre fordi eg kjende eg gjekk oppover. Etter tida å rekne var dette omlag midt på ryggen. Men etter nokre minuttar såg eg likevel ein varde eg sette opp i haust. Så ein til. Eg visste eg var på rett veg. Toppen er jo alltid der det sluttar å gå oppover likevel...:-) Og så mykje feil går det heller ikkje an å gå - du har bomma når du kjem ut på kanten på sørsida eller nordsida av fjellet. Kanskje det var vardane som gjorde at eg greidde å slite meg heilt opp i all snøen med klabbar under skia. For dei var liksom einaste faste haldepunktet i alt det kvite. Eit godt eitt...! Til slutt såg eg endeleg den store hammaren der eg brukar å ta av meg skia, ca 10 minutt før sjølve toppen. Herre Moses for eit kav...

Eg fekk av meg skia, og meir eller mindre langflat drog eg meg opp bakken. For ståande rakk snøen meg igjen til opp på magen. Eg kom meg ned i slukta på hi sida, og vidare opp siste biten mot toppen. Eg var faktisk i stuss om eg fann varden i alt det kvite. For no var det starta å snøe i tillegg. Eg såg to meter framfor skorna! Men varden låg der den....som før... Eg fekk namnet i boka, knipsa eit bilde ut i vilska, og snudde ned igjen... Eg ville følgje mine eigne spor før dei snøa til og bles igjen... No place to be! 

Eg følgde fara ned igjen til skia, fjerna fellane, og sette utfor i blindeføret. Eg fann det tryggast å svinge rundt sporet nedover der eg kom opp, og det gjekk fort og greitt ned igjen. Dette vart supre greier. Storveges å renne ned i laussnøen med blanke ski. Det gjekk som eit olja lyn, sjølv om eg måtte tenke på eiga sikkerheit og ikkje knekke føtene, åleine som eg var her oppe i vilska...

Verste stykket var egentleg å gå på blanke ski frå vatnet til bilen. Det var eit slit, småkuppert som her er... Men det gjekk det òg... Eg meir eller mindre vakle bort til bilen. Fader Jakob - eg hadde ikkje vore så trøtt på lenge. Absolutt ein tur for stabeist....eller galningar!

Fra Fossedalshengenipa 070310

Ingen kommentarer: