lørdag 27. mars 2010

Tidleg topp

Flott halo rundt sola over Kringla i dag tidleg

Meldingane for dagen såg bra ut fram til omlag kl 12 i dag, så eg bestemte meg for ein rask tur på Fossedalshengenipa. I tillegg fekk eg ein SMS frå yngste dotter mi, kl 06.15, om dei kunne ta seg ein tur, så då passa det med ein tur opp dit før eg køyrde på direkten til Førde frå Skjerlia etterpå og henta dei. 

Eg var difor på plass der oppe litt over kl 07 i dag tidleg, og tok til på turen oppover. Snøen hadde minka mykje sidan forrige helg. Veldig mykje. Så det var faktisk ikkje skiføre før eg var komen opp ved myra, halvveges opp til Krokavatnet. No var det ikkje rare skiføret der i frå heller. Eg måtte stadig vekk gå over lyng og mose til neste snøparti. Snøen som låg var hard. Men etter å ha testa litt gjekk eg stadig gjennom når eg gjekk på berre føtene. Det vart difor til at eg brukte skia. Hadde skaren vore litt hardare hadde det faktisk vore like greitt å gått på berre skoa. 

Det kom ein flott halo rundt sola då eg klatra opp ryggen på Fossedalshengenipa. Tydeleg at det var lågtrykk på gang. Her i frå og opp var det hard skare heile vegen. Det gjorde det lett å toppe ut. Det var endå fin morgonsol her oppe, men ute i vest kom visst det melde påskevèret sigande. Mørke tunge skyer var på veg. Men eg fekk meg ei flott stund oppe på toppen. Nydeleg utsikt ned mot Fossedalsområdet i sør, Nipebu ved Langevatnet i vest, ut mot Stordalstraktene i nordvest, og Florølandet litt lenger mot nord, og inn igjen til Blegja, Storehesten, Eitrenipa og Kringla i aust. Praktfullt alt saman! 
Rennet ned ryggen gjekk grassat. Eg fekk heldigvis slipt opp igjen stålkantane på skia på fredag, då eg rekna med meir skare og is framover, og det gjorde seg veldig bra i dag. Så det tok ikkje mange minuttane før eg var nede og måtte berre ta av meg skia igjen. 

Eg var faktisk i Skjerlia att omlag kl 09.30 og heldt fram turnèen til Førde. Flott tur!



Fra Fossedalshengenipa 270310

Ingen kommentarer: