tirsdag 30. mars 2010

Påskegodt


Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg vakna i 02 tida i natt. Det var ein fantastisk fullmåne ute. Heilt lyst.  Eg fekk nesten ikkje sove etterpå - eg var allereie på tur...:-)

Klokka 06 hoppa eg ut av senga. Olaug skulle på jobb, men heldigvis kom Sebastian og Marie frå Bergen med tidleg-båten og kunne vere med Peter. Så i 7.30 tida bar det avgarde til Skjerlia. Eg måtte berre nytte sola medan ho stakk innom som snarast... 

Det var frose på i løpet av natta. Steinane inne ved elva i austenden av Markavatnet var steinglatte. Berre å sjå seg føre. Det same var det lenger oppe - frosne sva, steinar og hamrar etter regnet i det siste. Men oppe ved myra spente eg på meg skia.

Glatte steinar i austenden på Markavatnet i dag tidleg.
Vi ser vestover mot Skjerlia.

I eit parti under Krokavatnet måtte eg ha av meg skia igjen. Det er i det heile teke lite snø til ein kjem eit stykke opp i høgda. Myra var forresten kjempeflott å gå i dag sidan snøen var knallhard, og der det ikkje låg snø, så var det frose på... Litt lenger oppe i skråberga vart det gradvis meir og meir puddersnø. Og på ryggen opp på Fossedalshengenipa var det 10-15 cm tørr og fin snø. 


Flott puddersnø på ryggen av Fossedalshengenipa i dag


Eg toppa ut rett før 9.30. Fantastiske tilhøve. Sol og nysnø. Som eit glansbilde av påskefjellet. Eg var så nær den sjuande himmel som eg kunne komme der og då!

Som i silke ligg den jomfruelege toppen og speglar seg i morgonsola

Eg skoda ut over landet. Tok nokre bilder, og klauv ned igjen til under toppen og spente på meg skia igjen. Og for eit flott renn eg fekk ned ryggen. Perfekt pudder og fine svingar. I botnen berre la eg meg overende og lo i laussnøen. Gjennom-møyr i føtene...

Eg hadde sett  av meg sekken i botnen av bakken. Eg fann den, og heldt fram vidare opp dalen på nordsida, og over Nipevatnet og Langevatnet mot Nipebu. Det var uendeleg vakkert. Iskrystallane i den tørre nysnøen skein meg i møte i tusental. Det var blikk stilt. Og ikkje ein lyd var å høyre. Hytta låg så fantastisk til der i sola med dei drivande kvite kollene og bakkane rundt, og ikkje ei sjel eller eit spor var å sjå!

Nipebu ligg perfekt til i påskesola ved Langevatnet 

Flotte tilhøve ved Nipebu i dag

Eg stakk innom hytta for å sjekke at det såg greitt ut. Skreiv meg inn i protokollen for dagsbesøk. Og tok meg noko å drikke og nokre nøtter i sola på altanen. Men eg var endå ikkje halvveges til målet eg hadde sett meg for dagen. Så eg heldt fram inn heile Langevatnet.

Eg var klar over at det ville dra over med skyer frå sør i løpet av dagen. Og vest i bakkane opp frå Langevatnet, såg eg skylaget komme sigande. Eg var likevel komen såpass langt ut at det var tilfredsstillande nok til å fullføre heilt ut til Stafsnes. Eg rekna med at det ikkje vart så gale på nokre timar. 


I bakkane vest om Nipebu ser eg det skyar gradvis til frå sør

Det vart likevel ganske tungt etterkvart. Å trakke spor åleine i timesvis krev sin mann. Og ute ved Vardenova fekk eg problem med eine fella som losna av ising. Eg laut smørje skia med ei blandinga av blå og raud voks, som egentleg fungerte ganske bra, men etter ein halv times tid med tining i lomma festa eg fella på igjen. Dette fungerte fint resten av turen.

Eg var litt skeptisk til den bratte traversen under Røyrbotnholten. Det hang nokre skavlar høgt oppe som eg måtte passere under. I tillegg var det gått eit snøras der frå før, men eg hadde egentleg ikkje noko val, eg måtte forbi. Alternativet var å sigle heilt ned til Rivedal. Det var ikkje aktuelt, utan transport og greier. Eg kom meg greitt forbi skråninga, men måtte ha av skia på vestsida der det var mykje stein som stakk opp i bakkane. 

Oppstigninga på Smørskornova var tung. Her er det så bratt første biten at skia måtte av igjen. Eg gjekk til knea i gamal- og laussnø, og måtte puste på to gonger opp. Det gjekk betre då eg fekk ta på skia igjen, og toppa ganske andpusten ut ca 12.30. 

 Utsikt mot aust frå Smørskornova. Vardenova i midten. 
Lyset er allereie flatt...

Eg sigla så ned på sørvest sida av fjellet, og heldt fram vidare mot nordvest over Langevatnet (Holmedal). Så vidare opp over heia og vest til Siklabergvatna. Framleis ikkje eit spor å sjå. Berre jomfrueleg pudder. Men det flate lyset hadde no gjort konturane i snøen usynlege. Blindeføre med andre ord. Det minka likevel på turen ut på Fanafjellet då eg passerte Mannsskaret. Men eg kjende det godt i føtene etterkvart. Nokre kjeks, ein sjokolade og eit par djupe slurkar med XL-1 hjelpte på siste stykket opp og ut. Eg var såleis framme på Fanafjellet rett før klokka 14.

Utsikt ved Fanafjellet. Vi ser Askrova fremst og Kinn, Reksta og Skorpa.
 

No var det nesten berre rett ned igjen til bygds. Same vegen eg hadde gått dei to andre dagane. Berre at no hadde eg ski, og det gjekk mykje fortare til ned i bjørkebeltet. Der i frå og ned var snøen vekke. 

Eg var glad det no nesten var slutt for i dag. Eg var rimeleg prega etter å ha gått i 7,5 timar og trakka spor... Som dei andre dagane var det vått i lendet siste delen, og eg vart søkk våt i skiskorna. Men heldigvis henta naboguten, Jon Vegard, meg. Han var saman med Marie og Sebastian. Og som ikkje det var nok køyrde dei i Skjerlia og henta bilen min medan eg hoppa i dusjen...! Knallbra... Og slik var første skikkelege påsketuren i år i boks...:-)

Fra Fossedalshengenipa_Nipebu_Smørskornova_Fanafjellet_Stafsnes 300310

Ingen kommentarer: