mandag 22. mars 2010

Endeleg kom våren...

Flott spegling ut Stongfjorden då skodda lette...

Det har vore eit par traurige veker med fjelliv. Vèret har vore elendig, og jobben og anna har kravd sitt. Føreforholda har òg til dei grader vore skrale etter eit enormt snøfall som vart etterfølgd av mildvèr og vatn. Berre blaute suppa her nede i låglandet og til langt oppover liene. Men no ser det ut til å lage seg igjen, då snøen forsvann ved fjorden. på eit par dagar.

Eg sende ei melding opp til Gunnar i Skjerlia i går kveld og lurte på om det var snø der oppe. Han sa at det berre var å komme og henta han... Javel, då var det framleis skiføre, tenkte eg. Men etter at eg kom opp, var eg ikkje heilt sikker på om det var ski eller støvlar eg skulle teke med. Snøen som låg var gjennomblaut. Og bortover til vatnet gjekk eg like mykje på berg og lyng som på snø (greitt då å ha feller under skia og ikkje klister...!). Elva i austenden hadde vokse til bra dimmensjonar òg siste veka, og isen på vatnet var gått opp. 


Ved Markavatnet i dag

Sameleis var snøforholda vidare oppover eit stykke, sjølv om det gradvis vart meir og meir snø... Og blautt var det. Oppe ved myra hadde elvane flauma over snøen, så skiten vart liggjande igjen ut over. Jepp, det var ikkje tvil, det var vår i lufta! 
Trolsk ved utløpet av Grunnevatnet i dag

Det vart egentleg ikkje noko orden på snøforholda før eg var komen opp forbi Krokavatnet. Då låg han jamnt og godt vidare oppover. 

Oppe i starten på ryggen mot toppen låg skodda. For ørtende gong siste vekene... Ikkje det at eg kvir meg på å gå opp, men det er jo litt trasig å ikkje sjå noko når ein først er på toppen. Og slik var det der i dag òg. Og så begynte fellen å klabbe i nysnøen som låg her. Men då var eg heldigvis nesten på toppen... Fellene var jo kliss våte frå turen opp! På toppen var det berre å ta nokre shots som bevis på at eg hadde vore der, før det var tid å snu ansiktet hin vegen. Men du verden kor lett det gjekk opp. Kanskje har kroppen hatt bruk for litt kvile og finne overskotet igjen...?

Toppen av Fossedalshengenipa i dag




Nedturen gjekk og veldig greitt. Men eg var kliss på føtene, og iskald på tærne! BC-skorna er ikkje tette nok når det blir så vått. Så nede ved bilen toke eg av meg alt på føtene, og køyrde barføtt heim igjen... Det er visst tid for eit ekstra par sokkar i sekken no - som eg forøvrig gløymde igjen i bilen før eg gjekk opp..,, gira som eg var...:-)  

Det vart utrulig bra vèr når eg kom heim igjen i Stongfjorden. Mykje betre enn då eg fòr, for då regna det litt. Og litt seinare gjekk eg difor på Toreheia. Og no lèt eg ski vere ski og gjekk raskt opp Selda og mot Yndestadfjellet. Deretter følgde eg nordsida av bygda opp. 


Flott vèr i Stongfjorden etter at eg kom ned frå Fossedalshengenipa...

Her oppe låg det veldig lite snø igjen. I løypa som eg brukar til vanleg, var det noko meir att. Her hadde det nok gått greitt å gå på ski frå Krikavatnet og opp. Men så er det aberet med å bere dei opp hit då... Så eg valde Selda. Og det var rett. For utan ski gjekk det kjapt opp. Og du verden det var fint her i dag. Reine påskestemninga og heilt stilt. I varmaste solhellinga ved eit berg keik tyttebærlyngen irrande grøn fram, og utrulig nok skein nokre flotte, raude tyttebær meg i syne... Dette kan då umogeleg vere vanleg...!?



Tyttebær i mars...!

Eg gjekk berre i ei ulltrøye opp og ned igjen (hadde på meg litt ekstra oppe på sjølve toppen). Aldeles nydeleg! Eg fekk til og med besøk av ein sverm med snøsporv oppe på toppen (eg fekk dei med på eit par av bilda). Snøsporven er relativt fåtallig her hjå oss. Det er difor ei eiga god kjensle å møte han i fjellet...!




Ein sverm med snøsporv like ved toppen på Toreheia.
I bakgrunnen ser vi Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa og Portafjellet

Eg gjekk same vegen ned igjen, og fekk teke nokre bilder av bygda frå kanten av fjellet. Det er veldig fin utsikt og oversikt her i frå. Både til bygds og ut fjorden. Sjølv om det skya litt til ned igjen, stakk sola likevel fram av og til. Eg måtte nesten sende ei takk opp for ein fantastisk flott dag....! Og ei takk til Kong Vinter, vår heftige gjest i år...!


Utsikt heim igjen til Yndestad



Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 210310

Nydeleg påskestemning på Toreheia i dag

Ingen kommentarer: