onsdag 31. mars 2010

Igjen... og igjen...!


Eit solgløtt i vest er eit teikn på betre vèr...
Foto ved Fanafjellet i kveld med snødrev i lufta...

Etter å ha fått i meg raspeballar med tilbehør til middag ilag med resten av familien, vart eg rastlaus. Eit snev av blå himmel i tillegg fekk meg difor raskt i kjellaren og på med nokre fjellklede. Så vart det til at eg gjekk oppom Fanafjellet i dag òg, fjerde dagen på rad.

Men nokon draumekveld vart det ikkje. For som dei andre dagane i det siste, var det både regn, sludd og snø der oppe mot toppen. Ikkje noko å skrive heim om akkurat. Middagen gjorde sin innvirkning heim igjen, for då var eg så tørst at eg måtte dupp hovudet i to elvar og slurpa i meg smeltevatn. Salta svineknokar blir ein svinaktig tørst av... iallefall på fjellet!

Fra Fanafjellet 310310

tirsdag 30. mars 2010

Påskegodt


Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg vakna i 02 tida i natt. Det var ein fantastisk fullmåne ute. Heilt lyst.  Eg fekk nesten ikkje sove etterpå - eg var allereie på tur...:-)

Klokka 06 hoppa eg ut av senga. Olaug skulle på jobb, men heldigvis kom Sebastian og Marie frå Bergen med tidleg-båten og kunne vere med Peter. Så i 7.30 tida bar det avgarde til Skjerlia. Eg måtte berre nytte sola medan ho stakk innom som snarast... 

Det var frose på i løpet av natta. Steinane inne ved elva i austenden av Markavatnet var steinglatte. Berre å sjå seg føre. Det same var det lenger oppe - frosne sva, steinar og hamrar etter regnet i det siste. Men oppe ved myra spente eg på meg skia.

Glatte steinar i austenden på Markavatnet i dag tidleg.
Vi ser vestover mot Skjerlia.

I eit parti under Krokavatnet måtte eg ha av meg skia igjen. Det er i det heile teke lite snø til ein kjem eit stykke opp i høgda. Myra var forresten kjempeflott å gå i dag sidan snøen var knallhard, og der det ikkje låg snø, så var det frose på... Litt lenger oppe i skråberga vart det gradvis meir og meir puddersnø. Og på ryggen opp på Fossedalshengenipa var det 10-15 cm tørr og fin snø. 


Flott puddersnø på ryggen av Fossedalshengenipa i dag


Eg toppa ut rett før 9.30. Fantastiske tilhøve. Sol og nysnø. Som eit glansbilde av påskefjellet. Eg var så nær den sjuande himmel som eg kunne komme der og då!

Som i silke ligg den jomfruelege toppen og speglar seg i morgonsola

Eg skoda ut over landet. Tok nokre bilder, og klauv ned igjen til under toppen og spente på meg skia igjen. Og for eit flott renn eg fekk ned ryggen. Perfekt pudder og fine svingar. I botnen berre la eg meg overende og lo i laussnøen. Gjennom-møyr i føtene...

Eg hadde sett  av meg sekken i botnen av bakken. Eg fann den, og heldt fram vidare opp dalen på nordsida, og over Nipevatnet og Langevatnet mot Nipebu. Det var uendeleg vakkert. Iskrystallane i den tørre nysnøen skein meg i møte i tusental. Det var blikk stilt. Og ikkje ein lyd var å høyre. Hytta låg så fantastisk til der i sola med dei drivande kvite kollene og bakkane rundt, og ikkje ei sjel eller eit spor var å sjå!

Nipebu ligg perfekt til i påskesola ved Langevatnet 

Flotte tilhøve ved Nipebu i dag

Eg stakk innom hytta for å sjekke at det såg greitt ut. Skreiv meg inn i protokollen for dagsbesøk. Og tok meg noko å drikke og nokre nøtter i sola på altanen. Men eg var endå ikkje halvveges til målet eg hadde sett meg for dagen. Så eg heldt fram inn heile Langevatnet.

Eg var klar over at det ville dra over med skyer frå sør i løpet av dagen. Og vest i bakkane opp frå Langevatnet, såg eg skylaget komme sigande. Eg var likevel komen såpass langt ut at det var tilfredsstillande nok til å fullføre heilt ut til Stafsnes. Eg rekna med at det ikkje vart så gale på nokre timar. 


I bakkane vest om Nipebu ser eg det skyar gradvis til frå sør

Det vart likevel ganske tungt etterkvart. Å trakke spor åleine i timesvis krev sin mann. Og ute ved Vardenova fekk eg problem med eine fella som losna av ising. Eg laut smørje skia med ei blandinga av blå og raud voks, som egentleg fungerte ganske bra, men etter ein halv times tid med tining i lomma festa eg fella på igjen. Dette fungerte fint resten av turen.

Eg var litt skeptisk til den bratte traversen under Røyrbotnholten. Det hang nokre skavlar høgt oppe som eg måtte passere under. I tillegg var det gått eit snøras der frå før, men eg hadde egentleg ikkje noko val, eg måtte forbi. Alternativet var å sigle heilt ned til Rivedal. Det var ikkje aktuelt, utan transport og greier. Eg kom meg greitt forbi skråninga, men måtte ha av skia på vestsida der det var mykje stein som stakk opp i bakkane. 

Oppstigninga på Smørskornova var tung. Her er det så bratt første biten at skia måtte av igjen. Eg gjekk til knea i gamal- og laussnø, og måtte puste på to gonger opp. Det gjekk betre då eg fekk ta på skia igjen, og toppa ganske andpusten ut ca 12.30. 

 Utsikt mot aust frå Smørskornova. Vardenova i midten. 
Lyset er allereie flatt...

Eg sigla så ned på sørvest sida av fjellet, og heldt fram vidare mot nordvest over Langevatnet (Holmedal). Så vidare opp over heia og vest til Siklabergvatna. Framleis ikkje eit spor å sjå. Berre jomfrueleg pudder. Men det flate lyset hadde no gjort konturane i snøen usynlege. Blindeføre med andre ord. Det minka likevel på turen ut på Fanafjellet då eg passerte Mannsskaret. Men eg kjende det godt i føtene etterkvart. Nokre kjeks, ein sjokolade og eit par djupe slurkar med XL-1 hjelpte på siste stykket opp og ut. Eg var såleis framme på Fanafjellet rett før klokka 14.

Utsikt ved Fanafjellet. Vi ser Askrova fremst og Kinn, Reksta og Skorpa.
 

No var det nesten berre rett ned igjen til bygds. Same vegen eg hadde gått dei to andre dagane. Berre at no hadde eg ski, og det gjekk mykje fortare til ned i bjørkebeltet. Der i frå og ned var snøen vekke. 

Eg var glad det no nesten var slutt for i dag. Eg var rimeleg prega etter å ha gått i 7,5 timar og trakka spor... Som dei andre dagane var det vått i lendet siste delen, og eg vart søkk våt i skiskorna. Men heldigvis henta naboguten, Jon Vegard, meg. Han var saman med Marie og Sebastian. Og som ikkje det var nok køyrde dei i Skjerlia og henta bilen min medan eg hoppa i dusjen...! Knallbra... Og slik var første skikkelege påsketuren i år i boks...:-)

Fra Fossedalshengenipa_Nipebu_Smørskornova_Fanafjellet_Stafsnes 300310

mandag 29. mars 2010

Skodde og snø

Utsikt mot Stafsnes og fjorden på ruta på Fanafjellet

Sidan eg har påskefri måtte eg berre komme meg ein tur ut av dørene i føremiddag, sjølv om det var dårleg vèr. Så eg bestemte meg for ein kjapp tur opp igjen på Fanafjellet i dag òg. Og eg fekk ganske nøyaktig same forholda som i går. På toppen var det skodde og snøvèr med veldig dårleg sikt. Eg hadde berre med meg det eg stod og gjekk .


Spora frå i går var tildels synlege. Men det var komne nokre centimeter med snø i løpet av natta. Elles var det som i går, vått og sugande opp bakkane. Og som trim meir enn godt nok...:-)

Fra Fanafjellet 290310

søndag 28. mars 2010

Det vart vått...



Utsikt mot Markahengenipa og Florø frå Fossedalshengenipa i går...
Som vi ser er det lite snø i høgda...

Eg hadde ikkje så rare forhåpningane til nokon stor fjellutflukt i dag, etter meldingane som vart servert oss i går. Difor var det ganske overraskande å sjå at det likevel var brukbart vèr i dag tidleg. Eg bestemte meg difor for ein tur på Fanafjellet frå Stafsnes, og tok høgde for å gå inn på Smørskornova og ned igjen på Osland.

Eg var ikkje komen så langt opp i bakkane før eg såg skodda komme sigande frå sør mot Svarthamrane og inn på toppen av Skålefjellet. Dette var eit dårleg teikn. Litt lenger oppe i bakkane såg eg det dreiv inn skodde på motsett side av fjorden òg. Og like etterpå starta det å regne. Shit! Så gjekk regnet over i sludd, for så å gå over i snø. Heldigvis var det nokolunde stilt slik at drevet uteblei. Men skodda og snøen gjorde sikta nesten lik null! Eg bestemte meg der og då for at her var det berre å komme seg opp på toppen og ned igjen. Nokon lengre tur innover fjella slo eg frå meg. 

Toppen fann eg ganske greitt i dei usynlege tilhøve som vart, men nokon bildeserie var heilt utelukka. Det var som å skyte i blinde. Eg fekk namnet i boka og tok same vegen rett ned igjen. 

Skia hadde eg sett igjen heime i dag. Men hadde teke med meg trugane bak på sekken. Dei brukte eg likevel ikkje. Det låg noko blaut snø midt i lia, og oppe i nordhellingane mot toppen. Seig stadvis gjennom til knærne, medan andre plassar heldt snøen som låg opp på skarelaget nokolunde. Første stykket oppover frå Stafsnes var snøfritt og veldig vått av regn og smeltesnø. Så sjølv om turen ikkje er så lang opp på Fanafjellet (0-713 moh) så virkar underlaget som er no bra inn på føtene likevel.... Vi får berre krysse fingrane for lettare vèr framover...!

1.Utsikt mot Toreheia i lia ovanfor Stafsnes
2. Ikkje mykje å sjå på toppen av Fanafjellet i dag


lørdag 27. mars 2010

Tidleg topp

Flott halo rundt sola over Kringla i dag tidleg

Meldingane for dagen såg bra ut fram til omlag kl 12 i dag, så eg bestemte meg for ein rask tur på Fossedalshengenipa. I tillegg fekk eg ein SMS frå yngste dotter mi, kl 06.15, om dei kunne ta seg ein tur, så då passa det med ein tur opp dit før eg køyrde på direkten til Førde frå Skjerlia etterpå og henta dei. 

Eg var difor på plass der oppe litt over kl 07 i dag tidleg, og tok til på turen oppover. Snøen hadde minka mykje sidan forrige helg. Veldig mykje. Så det var faktisk ikkje skiføre før eg var komen opp ved myra, halvveges opp til Krokavatnet. No var det ikkje rare skiføret der i frå heller. Eg måtte stadig vekk gå over lyng og mose til neste snøparti. Snøen som låg var hard. Men etter å ha testa litt gjekk eg stadig gjennom når eg gjekk på berre føtene. Det vart difor til at eg brukte skia. Hadde skaren vore litt hardare hadde det faktisk vore like greitt å gått på berre skoa. 

Det kom ein flott halo rundt sola då eg klatra opp ryggen på Fossedalshengenipa. Tydeleg at det var lågtrykk på gang. Her i frå og opp var det hard skare heile vegen. Det gjorde det lett å toppe ut. Det var endå fin morgonsol her oppe, men ute i vest kom visst det melde påskevèret sigande. Mørke tunge skyer var på veg. Men eg fekk meg ei flott stund oppe på toppen. Nydeleg utsikt ned mot Fossedalsområdet i sør, Nipebu ved Langevatnet i vest, ut mot Stordalstraktene i nordvest, og Florølandet litt lenger mot nord, og inn igjen til Blegja, Storehesten, Eitrenipa og Kringla i aust. Praktfullt alt saman! 
Rennet ned ryggen gjekk grassat. Eg fekk heldigvis slipt opp igjen stålkantane på skia på fredag, då eg rekna med meir skare og is framover, og det gjorde seg veldig bra i dag. Så det tok ikkje mange minuttane før eg var nede og måtte berre ta av meg skia igjen. 

Eg var faktisk i Skjerlia att omlag kl 09.30 og heldt fram turnèen til Førde. Flott tur!



Fra Fossedalshengenipa 270310

mandag 22. mars 2010

Endeleg kom våren...

Flott spegling ut Stongfjorden då skodda lette...

Det har vore eit par traurige veker med fjelliv. Vèret har vore elendig, og jobben og anna har kravd sitt. Føreforholda har òg til dei grader vore skrale etter eit enormt snøfall som vart etterfølgd av mildvèr og vatn. Berre blaute suppa her nede i låglandet og til langt oppover liene. Men no ser det ut til å lage seg igjen, då snøen forsvann ved fjorden. på eit par dagar.

Eg sende ei melding opp til Gunnar i Skjerlia i går kveld og lurte på om det var snø der oppe. Han sa at det berre var å komme og henta han... Javel, då var det framleis skiføre, tenkte eg. Men etter at eg kom opp, var eg ikkje heilt sikker på om det var ski eller støvlar eg skulle teke med. Snøen som låg var gjennomblaut. Og bortover til vatnet gjekk eg like mykje på berg og lyng som på snø (greitt då å ha feller under skia og ikkje klister...!). Elva i austenden hadde vokse til bra dimmensjonar òg siste veka, og isen på vatnet var gått opp. 


Ved Markavatnet i dag

Sameleis var snøforholda vidare oppover eit stykke, sjølv om det gradvis vart meir og meir snø... Og blautt var det. Oppe ved myra hadde elvane flauma over snøen, så skiten vart liggjande igjen ut over. Jepp, det var ikkje tvil, det var vår i lufta! 
Trolsk ved utløpet av Grunnevatnet i dag

Det vart egentleg ikkje noko orden på snøforholda før eg var komen opp forbi Krokavatnet. Då låg han jamnt og godt vidare oppover. 

Oppe i starten på ryggen mot toppen låg skodda. For ørtende gong siste vekene... Ikkje det at eg kvir meg på å gå opp, men det er jo litt trasig å ikkje sjå noko når ein først er på toppen. Og slik var det der i dag òg. Og så begynte fellen å klabbe i nysnøen som låg her. Men då var eg heldigvis nesten på toppen... Fellene var jo kliss våte frå turen opp! På toppen var det berre å ta nokre shots som bevis på at eg hadde vore der, før det var tid å snu ansiktet hin vegen. Men du verden kor lett det gjekk opp. Kanskje har kroppen hatt bruk for litt kvile og finne overskotet igjen...?

Toppen av Fossedalshengenipa i dag




Nedturen gjekk og veldig greitt. Men eg var kliss på føtene, og iskald på tærne! BC-skorna er ikkje tette nok når det blir så vått. Så nede ved bilen toke eg av meg alt på føtene, og køyrde barføtt heim igjen... Det er visst tid for eit ekstra par sokkar i sekken no - som eg forøvrig gløymde igjen i bilen før eg gjekk opp..,, gira som eg var...:-)  

Det vart utrulig bra vèr når eg kom heim igjen i Stongfjorden. Mykje betre enn då eg fòr, for då regna det litt. Og litt seinare gjekk eg difor på Toreheia. Og no lèt eg ski vere ski og gjekk raskt opp Selda og mot Yndestadfjellet. Deretter følgde eg nordsida av bygda opp. 


Flott vèr i Stongfjorden etter at eg kom ned frå Fossedalshengenipa...

Her oppe låg det veldig lite snø igjen. I løypa som eg brukar til vanleg, var det noko meir att. Her hadde det nok gått greitt å gå på ski frå Krikavatnet og opp. Men så er det aberet med å bere dei opp hit då... Så eg valde Selda. Og det var rett. For utan ski gjekk det kjapt opp. Og du verden det var fint her i dag. Reine påskestemninga og heilt stilt. I varmaste solhellinga ved eit berg keik tyttebærlyngen irrande grøn fram, og utrulig nok skein nokre flotte, raude tyttebær meg i syne... Dette kan då umogeleg vere vanleg...!?



Tyttebær i mars...!

Eg gjekk berre i ei ulltrøye opp og ned igjen (hadde på meg litt ekstra oppe på sjølve toppen). Aldeles nydeleg! Eg fekk til og med besøk av ein sverm med snøsporv oppe på toppen (eg fekk dei med på eit par av bilda). Snøsporven er relativt fåtallig her hjå oss. Det er difor ei eiga god kjensle å møte han i fjellet...!




Ein sverm med snøsporv like ved toppen på Toreheia.
I bakgrunnen ser vi Blegja, Eitrenipa, Fossedalshengenipa og Portafjellet

Eg gjekk same vegen ned igjen, og fekk teke nokre bilder av bygda frå kanten av fjellet. Det er veldig fin utsikt og oversikt her i frå. Både til bygds og ut fjorden. Sjølv om det skya litt til ned igjen, stakk sola likevel fram av og til. Eg måtte nesten sende ei takk opp for ein fantastisk flott dag....! Og ei takk til Kong Vinter, vår heftige gjest i år...!


Utsikt heim igjen til Yndestad



Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 210310

Nydeleg påskestemning på Toreheia i dag

søndag 14. mars 2010

Perfekt tima

Foto frå Fossedalshengenipa i dag tidleg

Vèret var ein liten skuffelse då eg stod opp i 06.30 tida i dag. Overskya, skodde i Yndestadfjellet og snø i lufta. Meldingane på nettet var bra i går kveld. Eg var i grunn tenkt ut på ein litt lengre tur, men det avlyste eg der og då.

Ein god frukost og ein kaffikopp seinare, bestemte eg meg for Fossedalshengenipa igjen. Eg la nokre byteklede i sekken og kledde på meg. Då eg steig ut av kjellaren nokre minuttar seinare, snøa det noko grasat. Heilt kvitt ute... Eg rekna det likevel berre for å vere ei byge, og køyrde rett i Skjerlia....

Då eg kom opp der, var det nesten slutta å snøe. Spora frå i går låg klar med nokre få centimeter nysnø opp igjen på.. Eg la i veg. 

Heldigvis var snøen tørr heilt frå starten. Då vart ikkje fellene våte. Og føret var faktisk ganske brukbart. Det gjekk fint og raskt oppover. Framme ved myra skein det faktisk opp og vart blå himmel. Sola skein på fjella i vest. Oppmuntrande...
Oppe ved myra og utløpet av Grunnevatnet skein det opp

Eg heldt fram opp bakkane til Krokavatnet. Her låg det meir snø enn lenger nede, men den var ikkje særleg tung å gå i, så fin og tørr som han var. Eg fekk første sola for dagen oppe ved skråberga. Fantastisk flott. Perfekt påskestemning. Drivande kvit og tørr nysnø og sol. Lyset var så sterkt at det svei i auga. Eg plystra meg ein melodi... Humøret kunne ikkje bli betre...

 
Første sola for dagen var ein stimuli. Ryggen på Fossedalshengenipa i midten...

Eg tok til på klatringa opp ryggen. Føret var akkurat som i går. All snø som var komen ned var effektivt blåst bort. Berre det harde skarelaget igjen. Men til ein forandring kunne eg sjå noko i dag. Det var faktisk fleire turar sidan sist. Det er super utsikt frå Fossedalshengenipa i alle retningar. Spesielt likar eg utsikta til Eitrenipa, Blegja og Nordre/Søndre Kringla. For oss som likar fjell, kan jo dette synet få håra til å røyse seg på kroppen...



Frå ryggen på Fossedalshengenipa viser foldane i fjellet ved Eitrenipa godt. 
Krokavatnet ligg frå ende til ende på bildet retning nord/sør

Frå toppen såg eg at det gjekk ei god snøbyge i fjella i aust. Det kom òg ei ny byge i nord ved Florø. Men her eg stod skein sola. Frå farten på skyene såg det ut til at det ville vare ei stund. Så eg skifta nokre klede og tok nokre fleire bilder. Fann meg noko å drikke og kosa meg nokre minuttar. Men jammen vart det fort kaldt. Eg gjekk ned igjen til under første toppen der skia stod og rennde ned igjen ryggen. 


Toppen av Fossedalshengenipa til venstre. Frå høgda rett aust om...

Perfekt start på dagen. Og toppen inn i mellom to nordabyger. Dette var som bestilt. I puddersnøen lenger nede strøymde gutaktig glede gjennom blodet... Eit par dukk i nysnøen var berre moro...

Eg var tidleg heime igjen. Det var framleis berre morgon. Og veret var nydeleg. Sol frå skyfri himmel inn i mellom snøbygene. Eg lurte faktisk på Toreheia litt seinare. Men etter å ha ete eit par skiver og fått i meg noko drikke, tok eg likegodt avgarde med ein gong. Vèret var for fint til å krype i hus....  

Blingsane heime måtte ha gjort godt. Bakkane opp på Rinda gjekk unna i ein fei. Gåpå-lysta skein om kapp med sola. Draumanes teater! 


Utsyn frå bakkane mot Yndestadfjellet i dag

Omlag oppe ved hytta til Lasse ved Krikavatnet, såg eg det kom ei ny snøbyge i nord ved Florø. Ja, ja, denne kom eg meg ikkje unna, tenkte eg. Det var berre å ta i mot ho... Eg gav på litt ekstra over vatnet og oppover for kanskje å nå til topps før snøen og kulingen kom. Eg klarde det nesten. Men mot sjølve toppen vart alt kvitt. Greitt å ha eit par stenger å orientere seg etter. Vel bak varden bles det skikkeleg opp. Rennefòket piska hamrane, og sikta var berre nokre få meter. Eg skifta på meg nye klede og venta nokre minuttar. Og det var jammen ikkje så mange heller, før eg såg det lysna i nord att...! Som bestilt for rennet ned igjen! 

 
Supert å renne ned frå Toreheia igjen i dag (toppen ligg bakom toppen her...)

Eg låg langflat eit par gonger i djup, tørr og drivande kvit nysnø. Og eine gongen såg eg ingenting etterpå - solbrillene var heilt dekte med snø...! Eg måttte le... Å "bade" slik med toppen av fjellet "innabords", er reine lukkekjensla... 

Heim igjen gjekk det som ein røyk - der venta Olaug med middagen...! Oj, eg har det godt...:-) Perfekt tima, perfekt søndag - come Monday...:-)

Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 140310

lørdag 13. mars 2010

Endå er det vinter


Ved starten på ryggen av Fossedalshengenipa i dag tidleg. 
Ikkje så mykje som minner om vår i fjellet endå nei...

Det vart endeleg eit høve til å komme seg til fjells igjen. På torsdag gjekk det ikkje an å komme seg over elva nedom Rinda.  Den var flomstor. Søkkvått, blaut snø og elvar overalt. Men i dag tidleg tok eg turen på Fossedalshengenipa igjen. Etter den særs tunge turen forrige søndag, var eg litt spent på forholda der oppe i dag òg. 

Bilvegen opp til Skjerlia var ikkje heilt enkel i dag. Med nokre centimeter våt snø og sørpe, gjorde at det måtte eit naudskrik til for å komme seg opp siste brekka. 

Austover til Markavatnet var snøen blautt, med eit lag våt nysnø opp igjen på det gamle, våte underlaget, så sakk eg ein del gjennom.... Rimeleg tungt. Snøen vart gradvis tørrare di lenger oppover eg kom. Fellene gradvis våtare.... Det er ein dårleg kombinasjon. Det vart rett nok ikkje så gale med ising som forrige søndag, og i dag hadde eg teke med meg smurning òg... 

Det var dårleg sikt oppover ryggen mot toppen som sist. Nordavinden hadde òg glasert snøen, og blese vekk den nye, så her oppe var det hardt skareføre. Det gjorde det ganske lett å komme seg opp på våte feller - iallefall i forhold til forrige søndag. Og eg toppa ut på ein, to, tre - følte eg... Nesten ikkje trøtt heller... På toppen bles det ganske friskt. Med nokre minusgrader i lufta, vart det fort kaldt både her og der. Sedvanleg fotodokumentasjon med retur same vegen.

Rennet til Markavatnet er vel ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk radig, veldig kjekt og lys til sinns... Denne gongen også med friske bein, så eg trur ikkje eg datt ein einaste gong. Det må ha vore første gongen i år! Jepp, det gjorde utruleg godt for sjela å komme i gong igjen...

Fra Fossedalshengenipa 130310

torsdag 11. mars 2010

Liten pust i bakken

Solnedgang på Toreheia 24/2

Av ymse grunnar vart det nokre dagar pause frå fjellet. Mest grunna dårleg vèr, skodde og elendige snøforhold. No kom regnet i rikt monn så då vi får vi tru det vårast og påskesnøen ligg igjen i fjellet. Reknar med å få oppdatert turbloggen til helga. Stay tuned...:-)

søndag 7. mars 2010

Øvingar for stabeist

Djup, djup snø ved Markavatnet i dag

Snø i lange baner oppe ved ura under Krokavatnet

Var turen på Toreheia i går for spesielt interesserte, kan eg vel seie at turen på Fossedalshengenipa i dag var for sjølvpinarar. For maken til kamp eg hadde med snøen for å komme meg opp der i føremiddag, skal ein leite lenge etter. Eg er kanskje ikkje typen som gir meg så lett, men i dag var eg i ferd med å snu fleire gonger. 

Allereie borte ved Markavatnet sila sveitten. I basketak med halvmeteren med våt laussnø. Endå verre vart det å kome seg opp første kneika i enden av vatnet. For oppe i bakken og ved hammaren gjekk snøen meg til magen. Sinnsvakt tungt! Men det som egentleg heldt på å velte heile tua, var dei håplause skia eg gjekk med. Fellene isa, og eg drog på eit klabbelag oppover heile vegen. Utan smurning i sekken var dette nesten dødfødt. 

Over myra drog eg av fellene og kom meg over på hi sida med blanke ski. Men desse var sjølvsagt nyttelause i motabakkane sør om og oppover mot ura. Så fellene måtte berre på igjen. Eg stod i første bakken med snø opp på magen og prøvde å få på meg skia med fellene igjen... Det var til å grine av! 

På det vèrharde partiet rett oppom brua i ura, var snøen blesen av nokre småberg. Som tidlegare i vinter. Eg drog skia over, klabbane kom seg noko, men det vart same leiken att nesten med ein gong. Fellene var våte... og snøen ganske tørr! Heldigvis hadde eg med meg noko XL-1 drikke. Men om det var det som gjorde utslaget, at eg kom meg opp til under Fossedalshengenipa, skal vere usagt. Det vart iallefall ei svimefull affære. Men eg forbanna meg på at eg ikkje hadde slite opp her for ingen ting. For opp skulle eg...!

Som på Toreheia i går, låg skodde også i høgda i dag. På ryggen opp var det white-out. Og då meiner eg fullstendig kvitt. Ein periode gjekk eg oppover berre fordi eg kjende eg gjekk oppover. Etter tida å rekne var dette omlag midt på ryggen. Men etter nokre minuttar såg eg likevel ein varde eg sette opp i haust. Så ein til. Eg visste eg var på rett veg. Toppen er jo alltid der det sluttar å gå oppover likevel...:-) Og så mykje feil går det heller ikkje an å gå - du har bomma når du kjem ut på kanten på sørsida eller nordsida av fjellet. Kanskje det var vardane som gjorde at eg greidde å slite meg heilt opp i all snøen med klabbar under skia. For dei var liksom einaste faste haldepunktet i alt det kvite. Eit godt eitt...! Til slutt såg eg endeleg den store hammaren der eg brukar å ta av meg skia, ca 10 minutt før sjølve toppen. Herre Moses for eit kav...

Eg fekk av meg skia, og meir eller mindre langflat drog eg meg opp bakken. For ståande rakk snøen meg igjen til opp på magen. Eg kom meg ned i slukta på hi sida, og vidare opp siste biten mot toppen. Eg var faktisk i stuss om eg fann varden i alt det kvite. For no var det starta å snøe i tillegg. Eg såg to meter framfor skorna! Men varden låg der den....som før... Eg fekk namnet i boka, knipsa eit bilde ut i vilska, og snudde ned igjen... Eg ville følgje mine eigne spor før dei snøa til og bles igjen... No place to be! 

Eg følgde fara ned igjen til skia, fjerna fellane, og sette utfor i blindeføret. Eg fann det tryggast å svinge rundt sporet nedover der eg kom opp, og det gjekk fort og greitt ned igjen. Dette vart supre greier. Storveges å renne ned i laussnøen med blanke ski. Det gjekk som eit olja lyn, sjølv om eg måtte tenke på eiga sikkerheit og ikkje knekke føtene, åleine som eg var her oppe i vilska...

Verste stykket var egentleg å gå på blanke ski frå vatnet til bilen. Det var eit slit, småkuppert som her er... Men det gjekk det òg... Eg meir eller mindre vakle bort til bilen. Fader Jakob - eg hadde ikkje vore så trøtt på lenge. Absolutt ein tur for stabeist....eller galningar!

Fra Fossedalshengenipa 070310

lørdag 6. mars 2010

Blodslit og blindeføre

Rennefòk og skodde på toppen av Toreheia i føremiddag...

Det var litt crazy å gå på Toreheia i dag tidleg. Må innrømme det. Snøen som var komen ned natt til i går målte eg til 28 cm på biltaket. Men det snøa endå meir etterpå. Også natt til i dag. Så at det sikkert var 35 cm snø å bakse i opp der i føremiddag er no ikkje for mykje å ta i  (Agnar seier alltid at eg overdriv, men dei 28 dei målte eg...:-)) Og det vart eit slit. Ei form for sjølvpining. Spesielt første stykket opp på Rinda, gjekk utruleg seint. Sveitten hadde eg allereie løyst oppe i enden på skogsvegen til Hans`en. For første gong i år var eg alvorleg inne på tanken om å renne ned igjen. Men eg bestemte meg likevel for å kave meg opp på Rinda. 

Eg måtte krøkje meg i hop oppover for grantre, einer og buskar. Dei låg med greinene ned i løypa. Fullasta med snø. Meir enn ein gong vart eg dukka med snø i nakken. Og med sveitten silande var det ikkje snakk om å ikkje knappe opp jakka, eller ha på hetta... For annankvar meter sette skituppane og skia seg fast i laussnøen. Ja, det vart eit himla slit opp der... 

Heldigvis låg ikkje snøen fullt så djup ovanfor Rinda. Eller han var meir pakka saman. Iallefall gjekk det litt lettare. Men no forsvann sikta. Skodde og rennefòk gjorde at eg rett som det var omlag gjekk i ørska. Herregud - det hadde nesten vore betre å lege på sofaen med ei god bok og fyr i ovnen, tenkte eg...

Slik forholda utvikla seg frå nedom Krikavatnet og vidare heilt til topps, bestemte eg meg for konsekvent å følgje trassèen der stengene stod. Sjølv om eg kan seie eg er kjend her opp, så kjenner eg ikkje alle steinane heller. Og dei var i tillegg søtten ikkje mange å sjå av heller. Alt var til tider kvitt. Diverre gjaldt det visst stengene òg. For dei var blitt kvite dei òg av snøen som sat fast. Fleire gonger såg eg faktisk ikkje frå stong til stong.... og ovanfor vatnet står dei jammen tett. Det kan vel dei som har gått her skrive under på... Men i dag var det jammen problem å sjå dei likevel. Fleire gonger måtte eg berre stoppe opp og vente på at det letta litt! Åleine i eit kvitt helvete...

No kom eg meg opp då. I dag òg. Tøft var det på toppen. Vinden hylte og snøgòvet stod rundt øyra. Eg kom meg fort i skjul bak varden og fekk på meg nye kle på overkroppen, nye huer og vottar... Det gjer alltid noko med psyken...! Eg måtte sjølvsagt ta eit par bilder, men noko meir enn av varden og meg sjølv var det ikkje sikt til. Nei her var det berre å komme seg ned igjen....

No var heller ikkje det enkelt i dag. Eg hadde gledd meg til eit pudderrenn ned igjen som belønning for alt slitet. Men det var kul umogeleg å sjå noko som helst då eg skulle renne. Fullstendig blindeføre. Og fleire gonger berre rennde eg utan å ha peiling kva som låg framfor meg. Det måtte sjølvsagt skjere seg. Og fleire gonger låg eg langflat i laussnøen.  Eine gongen med heile fjeset først ned i snøen. Skikkeleg snødykk...! Eg klarte ikkje anna enn å le. Gutefakter. For det var egentleg moro sjølv om vèrgudane lurte meg for rennet ned til Krikavatnet. 

Ja, ja, eg kom meg ned igjen mot vatnet òg. Då letta det faktisk opp så pass at eg endeleg såg litt land rundt meg. Det var jo kjekt. Men løypa eg hadde laga opp var fullstendig utviska av vinden og snøen. Ikkje eit spor var å sjå frå der eg hadde gått for nokre minuttar sidan.... 

Turen ned igjen frå hytta til Lasse og på Rinda gjekk likevel ganske radig, sidan det var noko betre sikt. Og med all snøen som låg frå Rinda og heim rennde eg òg ned her. Eller rennde og rennde fru Blom. Stadig vekk hadde eg eit lass med snø framfor bindingane og til langt opp på gamasjane... 

Nei no trur eg vi må ynskje våren, regn og synnavind velkomen. Få vekk snøen her i låglandet. Så kan det heller liggje igjen noko lenger oppe til påske. Slike dagar som i dag blir litt treige. Og bloggen sikkert litt sytaktig òg... Men det får no våge seg for denne gong...:-)


Fra Toreheia 060310

onsdag 3. mars 2010

Nydeleg solnedgang


 
På veg på Toreheia i kveld. Foto ved hytta til Lasse ....

Det vart eit par dagar kvile frå fjellet mandag og tirsdag. I går var det retteleg uvèr med sterk vind og snøfall. Vinden tok godt heime. I tillegg høyrde eg duringa oppe i fjellsida på Yndestadfjellet. Då er det like godt å ta livet med ro. For då er det eit himla liv i snøkaven der oppe...

Men i dag vart det strålande igjen. Og eg gjekk opp på Toreheia her heime. Og nok ein gong måtte eg lage ny løype opp i 15-20 cm nysnø. Spesielt opp til Rinda låg det mykje snø, også i siste stigningane mot toppen låg han djup. Det krev sin mann slike forhold. Godt ein er i nokolunde fysisk form....

Elles vart det ein fantastisk flott solnedgong igjen i kveld. Ved Krikavatnet vart hytta til Lasse opplyst av eit utrulig lys. Og frå lenger oppe i bakken gjekk sola ned nesten rett bak hytta. Det var litt av eit syn. Bilda fortel berre litt. I tillegg låg bakkane mot Toreheia i eit rosa skjer. Som eit mesterverk verdig. Det var som om solguden spelte opp på heile sitt register. 

Med den puddersnøen som låg i bakkane, vart det eit vanvittig flott renn ned igjen. Men sjølvsagt havna eg på nasa i laussnøen nokre gonger så latteren ljoma i berglandet... Det løgnaste er egentleg når beina er så fulle av melkesyra at ein berre må ramle for at ein ikkje klarar å stå meir på føtene. Til og med frå Rinda rennde eg ned igjen i kveld. Men då hadde eg dilla så lenge med foto og snømoro at eg måtte tenne hovudlykta. Likevel gjekk det greitt ned over "kular og staup"... Kjempeflott tur!

Fra Toreheia 030310
Hytta til Lasse er farga av solnedgangen 

Fra Toreheia