onsdag 24. februar 2010

Vinterferiedag

Peter og pappa på toppen av Toreheia i dag
Eg har to feriedagar denne veka sidan Peter har fri frå skulen. Og vi vakna til ein fantastisk vinterdag. Denne måtte vi prøve å nytta så godt vi kunne. Og trur du ikkje guten ville bli med meg på ski på fjellet.
Nordsida av Stongfjorden er som dei fleste veit utruleg flott. Mykje urørt natur, vatn, åsar og fine bakkar. Men det er sjeldan vi har fått oppleve ein vinter med så stabile tilhøve at ein har kunne gått på ski i dagesvis, for ikkje å seie vekesvis. Toreheia er heilt perfekt for dei som likar å komme seg litt opp på toppane og ikkje berre gå i oppgådde løyper.
Sidan Olaug var på jobb, fekk vi den gode idèen at han kunne låne fellane hennar. Det hjelpte godt på opp bakkane. Men guten klaga seg litt over vondt i hælane då vi var komne opp til Rindaelva. Heldigvis hadde eg meir compeed igjen i sekken. Så oppe på Rinda, var det av med skoa og på med gnagsårplaster, jo før jo betre. Og heldigvis høyrde eg ikkje meir snakk om hælane. Det er nok eit faktum at å gå rett opp bratte bakkar med skifellar fører til lettare gnagsår på hælane. Iallefall med vanleg skiutstyr.
Peter ved Rindaelva i dag
Slik det er i dag blir skiføret betre ovanfor skoggrensa ved Rinda, enn nede i sørhellinga. Flotte bakkar oppover. Eg var i grunn ikkje så redd for at guten ikkje skulle klare turen. Trur nok det meste har med tolmodet å gjere og ikkje det reint fysiske. Og vi hadde no dagen på oss. Men sjølvsagt hadde eg med både kjeks, XL-1 og sjokolade. Blodsukkeret går vel som ein jojo med slikt søtstoff, men det er vanskeleg å komme utanom...
Første kjeksstasjonen var ved hytta til læraren til Peter, Lasse V. Her i frå ser ein toppen på Toreheia, og eg forklarte guten ruta opp. "Jammen, det er ikkje så langt pappa", var reaksjonen. (I grunn forventa eg den motsette reaksjonen, så resten av dagen tyda absolutt godt.)
Eg hadde tidlegare nemnt den bratte og lange bakken opp frå Krikavatnet. Til å begynne med gjekk det i "Eg vil, eg vil, eg vil nå toppen", opp igjen og opp igjen - sidan vart det til "Eg vil ha gull, eg vil ha gull, eg vil ha gull". Og vi snakka om Petter Northug som ramla over mål når han tok gull fordi han var trøtt.... Eg trur det hjelpte. Det skal gjere litt ilt. Det trur eg er viktig at ein lærer seg til. Og vi nådde toppen nesten utan klaging i det heile teke (han murra litt då han trudde første toppen var toppen, og så var det endå ein topp til toppen:-)) Kjempegreier! Vi var jammen stolte begge to... Men det som var litt ukult var at han ikkje fekk ringe mamma der i frå (Netcom nettet er håplaust her oppe i fjella, men no er det bye bye til det snart...)
Peter er visst litt sliten på toppen...:-)
Det gjekk sjølvsagt noko på halv åtte ned igjen. Det er tildels bratte unnakøyringar med skavlar, skare og litt is, og med dei snøforholda som har vore på våre kantar sidan guten vart fødd, har han jo ikkje allverdas trening på å renne utfor utan løyper. Det skal no forresten noko til for kven som helst... Men med god hjelp av rumpa og sitte på huk, gjekk det nesten over all forventning. Vi kom oss rimeleg raskt ned igjen til hytta.
At guten var noko trøtt skjønte eg. Då eg var komen litt for langt framom nede i bakkane, uttrykte han følgjande: "No må du ikkje gløyme at du har meg med..." Det er greitt å få gitt beskjed. Det har han sikkert lært av faren får vi tru.
Trur nok guten er aldri så lite stolt då vi kom ned igjen på Rinda og kan sjå heim...
Nede på Rinda fann vi ut av det var klokast å ta av oss skia. Det er kronglete, steinete og vanskeleg å renne ned igjen her i frå. Det ville bli meir møye enn glede. Men nede igjen ved grinda til Hans`en tok vi på igjen skia og sigla heilt heim....
Vi fekk oss ein kjempeflott dag i dag Peter og eg...
Fra Toreheia 230210

Ingen kommentarer: