søndag 28. februar 2010

Super søndag

Her er eg komen ut på Fanafjellet i føremiddag. Toreheia bak t.h.

Det vart ein veldig fin søndag. Hedigvis hadde vinden frå i gå stilna. Så eg bestemt meg for skituren Osland-Stafsnes, og oppom dei to fjelltrimpostane på Smørskornova og Fanafjellet. 

Så eg starta frå Osland ca klokka 8.30 og trakka meg opp Brekka. På toppen hadde eg allereie løyst sveitten, for det låg ein del snø opp bratta. Vidare forbi Botnastølen og opp i Svelia gjekk det lett og greitt. Sjølve skaret opp var snøen delvis frosen på med noko fòksnø. 

 Hytta til vèrelaget i Svelia

Eg fekk meg nokre få strålar sol omlag midt på vatna, før eg tok til på klivinga opp skaret frå dalen. Det er jo dette, og oppstigninga på nordsida av Smørskornova, som er cluet på denne ruta vinterstid. Snøforholda var skiftande. Eit lag med pudder opp på det harde underlaget, var avløyst av fòksnø og skare/is. Men eg kom meg ganske greitt opp utan å segle ned igjen... Sjølve fjellet opp, var ikkje heilt enkelt heller. Det låg nokre knallande hard skare i den brattaste delen, som eg såvidt klarte å spenne meg hol i. Med litt fuglar i magen, kom eg meg likevel opp...

Det var relativt stille på toppen i dag. Og sola var nesten broten heilt gjennom eit tynt skydekke. Kjempefint. Men eg bytte likevel på meg noko varmt og tørt tøy og fekk skifta hua. Det gjorde som vanleg særs godt. 

Klokka er omlag 10 på toppen av Smørskornova i dag tidleg

Eg rennde så vidare ned på sørvestsida av fjellet. Sola skein skikkeleg gjennom på den drivande kvite snøen, ramma inn av ein knallblå himmel. Perfekt (nesten) påskestemning siste februar. Turen gjekk vidare over Langevatnet og opp på høgda aust om Siklabergvatna. Deretter eit unnarenn og eit litt flatare parti til vatna. Over dei og til på meir klatring oppover mot Mannskaret. Nydeleg utsikt sørover til Holmedal og mot Sogn. Her oppe måtte eg legge jakka i sekken. Eg vart sveitt igjen av den steikande sola....

Eg tok sjansen på å gå "sommarvegen" frå Mannskaret og ikkje over hamrane. Snøen låg bratt utfor hamrane her. Og det var litt i grenseland å ta denne vegen i dag. Eg tok av meg skia for å ha betre kontroll. Men det var på hekta at eg snudde. Eg pusta noko ekstra halvveges, før eg rodde meg i land. Svarte hvis eg hadde glidd der...!

Etter dette halvstuntet nådde eg greitt ut på Fanafjellet. Der hadde det allereie vore folk før meg. Dei hadde gått den raskare vegen frå Holmedal. Det gjekk òg ein person opp nordkanten av Moldura. Eg rekna med det var Ansgar Bjarne. Det stemde sannsynlegvis, for det var spor ned igjen mot Stafsnes. Eg følgde desse lenger utover enn tidlegare, før dei svinga austover lenger nede. Det måtte vere lokalkjende ja. For dette var ei flott rute ned igjen. 


Bilete frå Stongfjorden i dag


Diverre var ikkje drosja heim når eg kom ned igjen til hovudvegen, så eg var innstilt på å gå heim igjen. Men inne i Stongfjorden draff eg på Arnljot som køyrde meg ut igjen. Flott gjort på ein superflott søndag...!


Fra Smørskornova_Fanafjellet 280210
Foto på Smørskornova i dag

Ingen kommentarer: