lørdag 6. februar 2010

Skiftande snøforhold

Greitt å ta av seg skia rett før siste bratte kneika på toppen. I dag var det i tillegg særs isete... Det vart Fossedalshengenipa igjen i dag. Vèret var bra, temperaturen fin og vinden var spak. Men igjen måtte eg lage løype oppover. Det er først og fremst frå vegen og opp forbi ura det ligg mykje snø. Og det er vel over halvveges opp. Så opp hit gjekk det ganske tungt, sjølv om eg er vand med dette no etterkvart. Vil tru det ligg bort i meteren med snø enkelte plassar no... Ovanfor ura var igjen snøen blesen av på enkelte parti. Spesielt den nedste delen. Lenger oppe var snøen delvis laus, men òg fòken ihop og pakka ganske hard. Den heldt tyngda mange plassar. Men snøen var òg delvis polert og store parti isete. Oppe mot toppen var det mykje is. Steinane og hamrane som stakk opp var polerte av tjukke islag, så det var ikkje heilt risikofritt. Men eg er faktisk litt forbausa over BC-skoa, og kor godt dei sit på hardt snøunderlag. Eg synest fjellskoa er glattare mange gonger... Det var ikkje så kaldt på toppen i dag som det brukar å vere. Litt trekk, men betre temperatur enn på lenge. Nesten litt påske i lufta. Sjølv om det låg eit skylag i sør og sperra delvis for sola. I nord derimot var det ikkje ei sky på himmelen. Etter nokre fotoknips og ein snutt rennde eg ned igjen. Her er no berre ein veg, så den er grei...:-) Det gjekk fort og greitt til bilen igjen, sjølv om der vart nokre fall i dei ujamne snøforholda... Hadde det ikkje vore for at fruen i huset var i Bergen med isbadarane, så hadde eg teke turen oppom Nipebu. No var Peter heime med ungdommane, så det var best å køyre heim igjen. Med flotte meldingar for morgondagen, og Olaug i hus igjen, får vi sjå om ikkje det blir ei anna råd...
Fra Fossedalshengenipa 060210

Ingen kommentarer: