lørdag 20. februar 2010

Kalde spor

Agnar og Vigdis på Fossedalshengenipa i dag

Vi laga oss ein plan i går kveld, Agnar og eg, og gentleman-aktig kom han heim til meg i Stongfjorden og henta meg før kl 08 i dag tidleg frå Førde. Han ville vere med meg eit stykke på turen i dag, og så slapp eg opp igjen i Skjerlia etter bilen i kveld. Eg var tenkt å ta same ruta som forrige lørdag. 

Det var friskt i dag tidleg. Rett nok berre minus 6, men ein kald austavind gjorde dei effektive gradene mykje fleire. Og vinden fekk eg merke i heile dag. Det var på langt nær så fine forhold som forrige lørdag, for sjølv om det var delvis sol, var vinden på toppane iskald....

Vi var på plass i Skjerlia litt etter klokka 08, og gjekk opp den vanlege ruta. Spora mine frå forrige helg var greie å gå i, så turen oppover gjekk fint. Agnar stilte med feller i dag. Det fungerer betre i ulendt og bratt terreng, enn når ein skal til å smørje. Feller er sytalaust...

Ovanfor Krokavatnet registrerer eg ei raud jakke nede i bakkane. Det kunne ikkje vere andre enn Vigdis. Ho hadde nok sikkert gått på for å ta oss igjen, kan eg tenkje meg. Det er ikkje mange som held ho,,, (Agnar seier han ikkje er i noko form, men eg har no sagt at han har ståande invitasjonar på fjellturar i Stongfjorden...:-)) Vel, Vigdis tok oss att, og saman gjekk vi resten av stykket opp på Føssedalshengenipa. (Ok - no vart vel eg litt før dei då...) Vinden reiv skikkeleg i kjakane på veg opp ryggen på fjellet. Denne er veldig eksponert for vind frå aust, nord og sør. Så det var i grunn ikkje tid og stad for nokon koseprat. Det var berre å stå på opp bratta, og komme seg i skjul for vinden. 

Vel, no tok ikkje vinden noko mindre oppe på toppen. Men det er litt meir skjul å finne her, og gode vottar og ny hue var på sin plass. Eg venta til dei kom opp, tok nokre bilder, men etter nokre få minuttar tok vi ned igjen same vegen. 

Etter å ha rennt ned ryggen og til starten på sjølve oppstigninga, fekk eg bytt på meg nye og varme klede før Vigdis og Agnar kom ned. Ny Devold Expedition, Rab Generator Smock (lett dunjakke), Outdoor Research vindkappe og Arcteryx Gore Tex jakka utatt på. Slik vèr, vind og kulde hadde utvikla seg, var eg begynt å stusse på opplegget mitt. Men kleda gjorde underverk. Det kjende eg med ein gong! 

Vi sa farvel til Vigdis. Ho rennde ned igjen same vegen til Skjerlia som vi kom opp. Medan Agnar og eg heldt fram til Nipebu den vanlege ruta.

 
  
Agnar og underteikna på Nipebu i dag

Nesten framme ved Nipebu seier Agnar at han blir att på Nipebu. Det var greitt som det var med å toppe ut Fossedalshengenipa. Så ved hytta, nokre minuttar seinare, tek eg ganske fort farvel med Agnar òg. Åleine tek eg såleis vestover vatnet og fjella i spora frå forrige lørdag. 

Eg likar å gå åleine. Det er mange grunnar til det... Utan å komme inn på akkurat det no, kan eg berre seie at det sjølvsagt ikkje er heilt risikofritt åleine til fjells kalde vinterdagar, langt frå folk. Når i tillegg Netcom sitt mobilnett er omlag fråverande i desse fjella, må ein tenke på tryggleiken. Stunt i utforkøyringar tek eg difor aldri åleine (ein broten fot kan utvikle seg til noko langt meir enn, ja, ein broten fot...) 

Vestover fjella var det skavlar, fonner, skare, is og konstant isande kald vind. Der snøen ikkje var avblesen. Og sola forsvann bak ei gardin av lette skyer. Eg hadde smurt meg 5 skivar til å kose meg med i ein solbakke. Men slik det hadde utvikla seg var det ikkje til å tenkje på og sette seg ned. Det var for kaldt. Når til og med XL-1 flaska mi med innhald fraus til is i sekken, seier det vel sitt. Eg tenkte faktisk ikkje tanken på at det kunne skje før eg trengde meg ein støyt. Så eg gjekk på vestover og kom meg rimeleg greitt opp på Smørskornova, tok nokre knips med fotoapparatet og køyrde ned igjen på vestsida.  

Aust om Siklabergvatna ser eg eit nytt skispor som tek til toppen mot Svelia. Og jammen får eg ikkje auge på ein person òg. Artig å finne fleire friske folk her oppe. På nedkøyringa mot vatna ser eg personen renne ned same retningen som eg. Nede på vatnet møter vi kvarandre og eg dreg med ein gong kjensel på Torodd H. Vi blir pratande der ei stund. Lovprisar området, snakkar litt ruter og er samde om vi har hatt ein fantastisk vinter. Nett som i gamle dagar...:-) Han renn så vidare ned mot Hålandsstølane, medan eg tek vestover og opp mot Mannskaret og Fanafjellet. 

Som så alltid var det isande kald vind her ute òg. Utan vottar var nevane kjenslelause  på ein blunk. Og kjakane vart raskt iskalde utan tildekking. Så det vart same procedure som på Smørskornova. Eg rennde difor ganske fort ned på nordvestsida mot Stafsnes. Og utan problem nådde eg ned til hovudvegen litt før klokka 15, der fruen på Yndestad henta meg. Det hadde vore 7 kalde og sveitte timar. Ganske trøtt i beina og heller øren, då eg ikkje hadde ete og drukke noko særleg sidan klokka 07. Men det var no i grunn min eigen toskeskap...:-)


Ingen kommentarer: