søndag 28. februar 2010

Super søndag

Her er eg komen ut på Fanafjellet i føremiddag. Toreheia bak t.h.

Det vart ein veldig fin søndag. Hedigvis hadde vinden frå i gå stilna. Så eg bestemt meg for skituren Osland-Stafsnes, og oppom dei to fjelltrimpostane på Smørskornova og Fanafjellet. 

Så eg starta frå Osland ca klokka 8.30 og trakka meg opp Brekka. På toppen hadde eg allereie løyst sveitten, for det låg ein del snø opp bratta. Vidare forbi Botnastølen og opp i Svelia gjekk det lett og greitt. Sjølve skaret opp var snøen delvis frosen på med noko fòksnø. 

 Hytta til vèrelaget i Svelia

Eg fekk meg nokre få strålar sol omlag midt på vatna, før eg tok til på klivinga opp skaret frå dalen. Det er jo dette, og oppstigninga på nordsida av Smørskornova, som er cluet på denne ruta vinterstid. Snøforholda var skiftande. Eit lag med pudder opp på det harde underlaget, var avløyst av fòksnø og skare/is. Men eg kom meg ganske greitt opp utan å segle ned igjen... Sjølve fjellet opp, var ikkje heilt enkelt heller. Det låg nokre knallande hard skare i den brattaste delen, som eg såvidt klarte å spenne meg hol i. Med litt fuglar i magen, kom eg meg likevel opp...

Det var relativt stille på toppen i dag. Og sola var nesten broten heilt gjennom eit tynt skydekke. Kjempefint. Men eg bytte likevel på meg noko varmt og tørt tøy og fekk skifta hua. Det gjorde som vanleg særs godt. 

Klokka er omlag 10 på toppen av Smørskornova i dag tidleg

Eg rennde så vidare ned på sørvestsida av fjellet. Sola skein skikkeleg gjennom på den drivande kvite snøen, ramma inn av ein knallblå himmel. Perfekt (nesten) påskestemning siste februar. Turen gjekk vidare over Langevatnet og opp på høgda aust om Siklabergvatna. Deretter eit unnarenn og eit litt flatare parti til vatna. Over dei og til på meir klatring oppover mot Mannskaret. Nydeleg utsikt sørover til Holmedal og mot Sogn. Her oppe måtte eg legge jakka i sekken. Eg vart sveitt igjen av den steikande sola....

Eg tok sjansen på å gå "sommarvegen" frå Mannskaret og ikkje over hamrane. Snøen låg bratt utfor hamrane her. Og det var litt i grenseland å ta denne vegen i dag. Eg tok av meg skia for å ha betre kontroll. Men det var på hekta at eg snudde. Eg pusta noko ekstra halvveges, før eg rodde meg i land. Svarte hvis eg hadde glidd der...!

Etter dette halvstuntet nådde eg greitt ut på Fanafjellet. Der hadde det allereie vore folk før meg. Dei hadde gått den raskare vegen frå Holmedal. Det gjekk òg ein person opp nordkanten av Moldura. Eg rekna med det var Ansgar Bjarne. Det stemde sannsynlegvis, for det var spor ned igjen mot Stafsnes. Eg følgde desse lenger utover enn tidlegare, før dei svinga austover lenger nede. Det måtte vere lokalkjende ja. For dette var ei flott rute ned igjen. 


Bilete frå Stongfjorden i dag


Diverre var ikkje drosja heim når eg kom ned igjen til hovudvegen, så eg var innstilt på å gå heim igjen. Men inne i Stongfjorden draff eg på Arnljot som køyrde meg ut igjen. Flott gjort på ein superflott søndag...!


Fra Smørskornova_Fanafjellet 280210
Foto på Smørskornova i dag

lørdag 27. februar 2010

Toreheia til kaffi...

 

Fin ettermiddag på Toreheia

Jammen vart det opning for ein ettermiddagstur òg i dag når besøket reiste på besøk på sjukeheimen i Askvoll. Eg var kjapt i kjellaren og kledde meg. Så eg gjekk opp igjen spora på Toreheia frå i går. Austavinden hadde visst ikkje spakna noko særleg. Snøen dansa etter berga oppe på toppen. Og no var det visst landskapet like polert som tidlegare. Men det var utruleg kjekt å renne ned igjen. Har funne meg ein fin trassè, og eg er ganske trygg på meg sjølv etterkvart. Herleg økt...:-)



Kald start på dagen

Iskalde vindar på Fossedalshengenipa i dag tidleg

Sidan vi fekk besøk av Kirsten, søster til Olaug, og Arnt frå Bergen denne helga, var beste sjansen til ein fjelltur ved å stå opp til vanleg tid og komme heim igjen til frukost. Det heldt nesten...:-) For eg var på toppen av Fossedalshengenipa klokka 09 i vind og mange minusgrader. Austavinden gjekk gjennom marg og bein, spesielt oppe på toppen, men eg hadde sjølvsagt gode  klede med meg i sekken.

Sjølv om det var kaldt, var det fantastiske forhold til å renne ned igjen i. Nokre centimeter med nysnø opp igjen på det harde skarelaget, gjorde det perfekt å renne nå stå utfor. Aldeles herleg. Og beste skiføret eg har hatt opp her i år. Eg kosa meg så eg lo fleire gonger... Eg kom meg heim igjen slik at eg kunne planlegge resten av dagen med dei andre! Perfekt kaldstart på dagen for min del...:-)


Fra Fossedalshengenipa 270210

fredag 26. februar 2010

Toreheia igjen

Det skin av sølv i Stongfjorden i ettermiddag. Foto frå Toreheia.

Eg var heime med Peter i dag òg. Men i dag var han ikkje gira på nokon fjelltur. Så det vart til at eg gjorde litt indreteneste og heimlege sysler på morgonen. Sola kom kom altanen i 9.30 tida, og med sola på stoveglasa var det berre å skru av varmen i huset for det er merkbart kor den varmar no. 

Etter ein kombinert kose - og snopetur til Askvoll, der eg òg fekk køyrt bilen gjennom vaskemaskina på Esso`en, reiste Peter til ein kompis. Då vart det til at eg fekk bevege meg litt i dag òg. Så eg tok meg ein tur opp igjen på standardfjellet mitt. Det er ein grei tur som ikkje tek altfor lang tid. No set eg òg veldig pris på rennet ned igjen. Sabla kjekt. Eg føler meg mykje tryggare nedoverbakke no enn tidlegare i vinter. Og det tek ikkje lange tida heim igjen. Flott tur i nydeleg vèr...

Fra Toreheia 260210
Varden på Toreheia er etterkvart eit kjent utkikkspunkt


onsdag 24. februar 2010

Flott kveldshimmel

 
Flott vestaraude frå Toreheia i kveld

Det var ein veldig flott ettermiddag å kome heim til i dag. Og lysta etter å få bevege seg var intens. Mange timar på kontorstolen skaper ofte den kjensla. Så eg tok like godt opp igjen på Toreheia i dag òg. 

Det er fantastisk fine solnedgangar her oppe. Slik òg i kveld. Nokre gamle skyer ute i vest skapte liv og dramatikk rundt den glødande kule. Eventyraktig... Eit lite lag med nysnø gjorde godt opp igjen på det harde og gamle laget av skare og`fòksnø. Den nye snøen hadde endå ikkje blese seg bort i fonner, og var flott å renne i. Eg nådde faktisk heilt forbi Rinda ned igjen, før eg måtte ha på hovudlykta. Ein kjempeflott tur igjen...:-)


Fra Toreheia 240210


Vinterferiedag

Peter og pappa på toppen av Toreheia i dag
Eg har to feriedagar denne veka sidan Peter har fri frå skulen. Og vi vakna til ein fantastisk vinterdag. Denne måtte vi prøve å nytta så godt vi kunne. Og trur du ikkje guten ville bli med meg på ski på fjellet.
Nordsida av Stongfjorden er som dei fleste veit utruleg flott. Mykje urørt natur, vatn, åsar og fine bakkar. Men det er sjeldan vi har fått oppleve ein vinter med så stabile tilhøve at ein har kunne gått på ski i dagesvis, for ikkje å seie vekesvis. Toreheia er heilt perfekt for dei som likar å komme seg litt opp på toppane og ikkje berre gå i oppgådde løyper.
Sidan Olaug var på jobb, fekk vi den gode idèen at han kunne låne fellane hennar. Det hjelpte godt på opp bakkane. Men guten klaga seg litt over vondt i hælane då vi var komne opp til Rindaelva. Heldigvis hadde eg meir compeed igjen i sekken. Så oppe på Rinda, var det av med skoa og på med gnagsårplaster, jo før jo betre. Og heldigvis høyrde eg ikkje meir snakk om hælane. Det er nok eit faktum at å gå rett opp bratte bakkar med skifellar fører til lettare gnagsår på hælane. Iallefall med vanleg skiutstyr.
Peter ved Rindaelva i dag
Slik det er i dag blir skiføret betre ovanfor skoggrensa ved Rinda, enn nede i sørhellinga. Flotte bakkar oppover. Eg var i grunn ikkje så redd for at guten ikkje skulle klare turen. Trur nok det meste har med tolmodet å gjere og ikkje det reint fysiske. Og vi hadde no dagen på oss. Men sjølvsagt hadde eg med både kjeks, XL-1 og sjokolade. Blodsukkeret går vel som ein jojo med slikt søtstoff, men det er vanskeleg å komme utanom...
Første kjeksstasjonen var ved hytta til læraren til Peter, Lasse V. Her i frå ser ein toppen på Toreheia, og eg forklarte guten ruta opp. "Jammen, det er ikkje så langt pappa", var reaksjonen. (I grunn forventa eg den motsette reaksjonen, så resten av dagen tyda absolutt godt.)
Eg hadde tidlegare nemnt den bratte og lange bakken opp frå Krikavatnet. Til å begynne med gjekk det i "Eg vil, eg vil, eg vil nå toppen", opp igjen og opp igjen - sidan vart det til "Eg vil ha gull, eg vil ha gull, eg vil ha gull". Og vi snakka om Petter Northug som ramla over mål når han tok gull fordi han var trøtt.... Eg trur det hjelpte. Det skal gjere litt ilt. Det trur eg er viktig at ein lærer seg til. Og vi nådde toppen nesten utan klaging i det heile teke (han murra litt då han trudde første toppen var toppen, og så var det endå ein topp til toppen:-)) Kjempegreier! Vi var jammen stolte begge to... Men det som var litt ukult var at han ikkje fekk ringe mamma der i frå (Netcom nettet er håplaust her oppe i fjella, men no er det bye bye til det snart...)
Peter er visst litt sliten på toppen...:-)
Det gjekk sjølvsagt noko på halv åtte ned igjen. Det er tildels bratte unnakøyringar med skavlar, skare og litt is, og med dei snøforholda som har vore på våre kantar sidan guten vart fødd, har han jo ikkje allverdas trening på å renne utfor utan løyper. Det skal no forresten noko til for kven som helst... Men med god hjelp av rumpa og sitte på huk, gjekk det nesten over all forventning. Vi kom oss rimeleg raskt ned igjen til hytta.
At guten var noko trøtt skjønte eg. Då eg var komen litt for langt framom nede i bakkane, uttrykte han følgjande: "No må du ikkje gløyme at du har meg med..." Det er greitt å få gitt beskjed. Det har han sikkert lært av faren får vi tru.
Trur nok guten er aldri så lite stolt då vi kom ned igjen på Rinda og kan sjå heim...
Nede på Rinda fann vi ut av det var klokast å ta av oss skia. Det er kronglete, steinete og vanskeleg å renne ned igjen her i frå. Det ville bli meir møye enn glede. Men nede igjen ved grinda til Hans`en tok vi på igjen skia og sigla heilt heim....
Vi fekk oss ein kjempeflott dag i dag Peter og eg...
Fra Toreheia 230210

søndag 21. februar 2010

Positive turfolk

Foto på Toreheia i føremiddag

Han kosta 7-timars turen i går. Eg var lemster i skuldrane, møyr i kroppen og gruggen i målet i dag tidleg. Så eg funderte på å ta det heilt med ro. Men når det lei til klokka 10 fann eg ut at å staure i dørene heime ein heil søndag - der gjekk grensa. Med minus 8 grader ute og frisk austavind reiv det godt i lufta ute på trappa. Så det var berre å ta med seg godt med klede i sekken.


Ovanfor Rinda måtte eg dekke til ansiktet. Austavinden var som knivar i kjakane. Og ei ekstra hue utanpå den vindtette gjorde godt. Og på toppen skifta eg alt på overkroppen. Herleg avriving bak varden og dessto betre å få på seg gode og varme klede etterpå. Dette er kanskje same feelingen som det isbadarane våre har? I mindre målestokk då...


Ned igjen gjekk det rimeleg fort. Men skare, skavlar og laussnø gjer det ikkje heilt enkelt å renne. Ein blir fort gelè i føtene. Og eit par, tre meir eller mindre kontrollerte fall som resultat.


Nede om Rinda, der det går over "kular, steinar og staup" trefte eg Nina H. Åleine. Frisk dame på veg oppover same vegen eg kom. Vi slo av prat ilag. Det er kjekt å treffe likesinna på tur. Alltid positive og kjekke folk som går tur i fjellet. Eg trur turfolk klagar og syt mindre enn dei som sit heime...!

Fra Toreheia 210210

lørdag 20. februar 2010

Kalde spor

Agnar og Vigdis på Fossedalshengenipa i dag

Vi laga oss ein plan i går kveld, Agnar og eg, og gentleman-aktig kom han heim til meg i Stongfjorden og henta meg før kl 08 i dag tidleg frå Førde. Han ville vere med meg eit stykke på turen i dag, og så slapp eg opp igjen i Skjerlia etter bilen i kveld. Eg var tenkt å ta same ruta som forrige lørdag. 

Det var friskt i dag tidleg. Rett nok berre minus 6, men ein kald austavind gjorde dei effektive gradene mykje fleire. Og vinden fekk eg merke i heile dag. Det var på langt nær så fine forhold som forrige lørdag, for sjølv om det var delvis sol, var vinden på toppane iskald....

Vi var på plass i Skjerlia litt etter klokka 08, og gjekk opp den vanlege ruta. Spora mine frå forrige helg var greie å gå i, så turen oppover gjekk fint. Agnar stilte med feller i dag. Det fungerer betre i ulendt og bratt terreng, enn når ein skal til å smørje. Feller er sytalaust...

Ovanfor Krokavatnet registrerer eg ei raud jakke nede i bakkane. Det kunne ikkje vere andre enn Vigdis. Ho hadde nok sikkert gått på for å ta oss igjen, kan eg tenkje meg. Det er ikkje mange som held ho,,, (Agnar seier han ikkje er i noko form, men eg har no sagt at han har ståande invitasjonar på fjellturar i Stongfjorden...:-)) Vel, Vigdis tok oss att, og saman gjekk vi resten av stykket opp på Føssedalshengenipa. (Ok - no vart vel eg litt før dei då...) Vinden reiv skikkeleg i kjakane på veg opp ryggen på fjellet. Denne er veldig eksponert for vind frå aust, nord og sør. Så det var i grunn ikkje tid og stad for nokon koseprat. Det var berre å stå på opp bratta, og komme seg i skjul for vinden. 

Vel, no tok ikkje vinden noko mindre oppe på toppen. Men det er litt meir skjul å finne her, og gode vottar og ny hue var på sin plass. Eg venta til dei kom opp, tok nokre bilder, men etter nokre få minuttar tok vi ned igjen same vegen. 

Etter å ha rennt ned ryggen og til starten på sjølve oppstigninga, fekk eg bytt på meg nye og varme klede før Vigdis og Agnar kom ned. Ny Devold Expedition, Rab Generator Smock (lett dunjakke), Outdoor Research vindkappe og Arcteryx Gore Tex jakka utatt på. Slik vèr, vind og kulde hadde utvikla seg, var eg begynt å stusse på opplegget mitt. Men kleda gjorde underverk. Det kjende eg med ein gong! 

Vi sa farvel til Vigdis. Ho rennde ned igjen same vegen til Skjerlia som vi kom opp. Medan Agnar og eg heldt fram til Nipebu den vanlege ruta.

 
  
Agnar og underteikna på Nipebu i dag

Nesten framme ved Nipebu seier Agnar at han blir att på Nipebu. Det var greitt som det var med å toppe ut Fossedalshengenipa. Så ved hytta, nokre minuttar seinare, tek eg ganske fort farvel med Agnar òg. Åleine tek eg såleis vestover vatnet og fjella i spora frå forrige lørdag. 

Eg likar å gå åleine. Det er mange grunnar til det... Utan å komme inn på akkurat det no, kan eg berre seie at det sjølvsagt ikkje er heilt risikofritt åleine til fjells kalde vinterdagar, langt frå folk. Når i tillegg Netcom sitt mobilnett er omlag fråverande i desse fjella, må ein tenke på tryggleiken. Stunt i utforkøyringar tek eg difor aldri åleine (ein broten fot kan utvikle seg til noko langt meir enn, ja, ein broten fot...) 

Vestover fjella var det skavlar, fonner, skare, is og konstant isande kald vind. Der snøen ikkje var avblesen. Og sola forsvann bak ei gardin av lette skyer. Eg hadde smurt meg 5 skivar til å kose meg med i ein solbakke. Men slik det hadde utvikla seg var det ikkje til å tenkje på og sette seg ned. Det var for kaldt. Når til og med XL-1 flaska mi med innhald fraus til is i sekken, seier det vel sitt. Eg tenkte faktisk ikkje tanken på at det kunne skje før eg trengde meg ein støyt. Så eg gjekk på vestover og kom meg rimeleg greitt opp på Smørskornova, tok nokre knips med fotoapparatet og køyrde ned igjen på vestsida.  

Aust om Siklabergvatna ser eg eit nytt skispor som tek til toppen mot Svelia. Og jammen får eg ikkje auge på ein person òg. Artig å finne fleire friske folk her oppe. På nedkøyringa mot vatna ser eg personen renne ned same retningen som eg. Nede på vatnet møter vi kvarandre og eg dreg med ein gong kjensel på Torodd H. Vi blir pratande der ei stund. Lovprisar området, snakkar litt ruter og er samde om vi har hatt ein fantastisk vinter. Nett som i gamle dagar...:-) Han renn så vidare ned mot Hålandsstølane, medan eg tek vestover og opp mot Mannskaret og Fanafjellet. 

Som så alltid var det isande kald vind her ute òg. Utan vottar var nevane kjenslelause  på ein blunk. Og kjakane vart raskt iskalde utan tildekking. Så det vart same procedure som på Smørskornova. Eg rennde difor ganske fort ned på nordvestsida mot Stafsnes. Og utan problem nådde eg ned til hovudvegen litt før klokka 15, der fruen på Yndestad henta meg. Det hadde vore 7 kalde og sveitte timar. Ganske trøtt i beina og heller øren, då eg ikkje hadde ete og drukke noko særleg sidan klokka 07. Men det var no i grunn min eigen toskeskap...:-)


tirsdag 16. februar 2010

Kjekke skiforhold

 
Foto frå bakkane mot Krikavatnet i kveld

Flott trimtur igjen i kveld på Toreheia. Omlag same forholda som på søndag, men snøen var noko meir pakka og hard. Skare i nedste partia. Nådde fint opp på toppen utan å nytte hovudlykta, og rennde heilt på Rinda igjen òg utan. Det lysnar godt om dagen ja. Fin tur...:-)

søndag 14. februar 2010

Etter draumen

 
Horisonten teiknar godvèr. 
Foto frå Toreheia i dag tidleg.

Eg er glad eg valde ein litt lenger tur i går og ikkje venta til i dag, for det var absolutt bedre vèr i går. Eg tok meg difor ein tur på Toreheia i føremiddag for å få litt "luft under vengene".... Ikkje det - det var fint fordi om ikkje sola skein. Rett nok var det ein litt sur vind oppe ved toppen og nokre kuldegrader, men dette kledde eg effektivt ute med byteklede eg hadde med. 

Sjølv om det kom noko snø i veka som var, er det veldig lite oppe på fjellet her ute ved kysten. Det er mykje avblesne fjellnakkar, stein og lyng. Og ikkje heilt utan risiko å renne. Det går dessverre hardt ut over stålkantane. Til tider ser eg gnistregnet....

I dag gjekk eg rett og slett opp renna der elva kjem ned i Krikavatnet frå Toreheia. Her låg snøen opp på isen i søkket. Og det vart ei perfekt, relativt bratt rås opp. Ovanfor der og mot toppen, følgde eg bakken i dalen opp. Det var mykje betre snøforhold her enn fjellkanten lenger nord som eg brukar å gå. Ned igjen vart det eit nydeleg renn ved å følgje denne slukta. Eg var på Krikavatnet igjen frå toppen på eit blunk. Og etter å ha svinga meg ned bakkane til vatnet måtte eg berre sleppe ut eit ekstase-rop. Kjempekjekt! Eg følte meg som ein unge som hadde gjort eit vågestykke...:-)

Frå Rinda og ned igjen heldt eg like godt fram med skia på føtene. Heilt heim. Sjølv om eg tryna eit par gonger, og måtte kjenne etter at alt utstyr var like heilt og på plass, var det ei herleg oppleving! Over stokk og stein bokstaveleg tala! Super tur...:-)

Ein får liksom ikkje heilt påskebilda når sola ikkje skin. Det blir litt for lite lys til at bilda blir flotte, men det ligg nokre ved i dag òg - som seg hør og bør...:-)


Fra Toreheia 140210

lørdag 13. februar 2010

Vinterdraum

Sola står opp i sør ved Kringla. Foto frå oppstigninga på Fossedalshengenipa i dag tidleg.

Eg sa shit ute på trappa i dag tidleg klokka 06.30. Det var snø i lufta og skodde oppe i Yndestadfjellet. Lite visste eg då kva dag det skulle bli. Meldingane for dagen var nemleg gode. Men eg bestemte meg for å satse på det opplegget eg hadde sett meg føre kvelden før. Iallfall å ta Fossedalshengenipa først. Sekken hadde eg gjort klar i går kveld, men smurde nokre skiver og la opp i.

Eg var på plass ved Markavatnet litt før klokka 08 og tok oppover den faste DNT-ruta.
Snøen var tørr og fin. Og det var eit spor frå i tillegg til mitt eige frå forrige helg, så det gjekk ganske raskt oppover. Ein litt sur morgongufse traff meg oppe på myra før stigninga opp ura, så eg laut knappe godt igjen.


Oppe ved skråberga ovanfor Krokavatnet vart himmelen i aust ved Eitrenipa rosa. Eit praktfullt skue! Og skodda var som blåst bort. Herlig! Eit skikkeleg boost for dagen. Dette skulle bli bra...

 
Ovanfor Krokavatnet åpna landskapen seg mot og sør til flott morgonlys.

Eg toppa ut Fossedalshengenipa klokka 09.05. Det hadde gått rimeleg kjapt opp ja, sjølv om eg hadde teke ein del bilder undervegs. Nokre ryper hadde spankulert rundt ved varden og dansa i snøen såg det ut til. Det var nesten slik at eg skulle teke meg ein eg òg. Ein vinterdans til æra for alt det flotte rundt meg. Ein djup nytelse over å kunne vere frisk og rask nok til å ta slike stunder inn over seg i fulle drag...

 
På toppen av Fossedalshengenipa i dag tidleg

Eg rennde ned igjen ryggen på fjellet, og datt så det sang med ein gong. Med is, stein og nysnø oppatt på, var det berre å ta det heilt piano. 

Ned under sjølve fjellet svinga eg opp igjen den vanlege ruta til Nipebu. Flotte skavlar og formasjonar på snøen oppover. Men dette partiet ligg enno i skuggen, dekka i sør av den bratte nordveggen på Hengenipa. Over Nipevatnet og Langevatnet låg nysnøen til opp på leggen. Som ei glitrande dyne. Silkeseng. Låge skuggar frå landet. Og hytta låg så perfekt til på sørsida av vatnet med dei praktfulle, duvande og solgylte toppane ikring. Det var ein fantastisk dag. Og perfekte skitilhøve. 

Nipebu var tom. Hadde i grunn ikkje venta noko anna heller. Eg stakk nasa som snarast innom og skreiv meg inn i protokollen. Tok meg ein slurk XL-1 og litt salte nøtter. Nokre fotos. Og heldt fram vidare vestover Langevatnet. 


 
Etter å ha helst frå Agnar vinkar eg farvel til Nipebu klokka 10

Det var tungt å gå ut heile Langevatnet. Og vatnet ved Nipebu ber sitt namn med rette. Snøen var ganske djup og eg kjende såvidt til ei murring i eine lyska. Den likte tydlegvis ikkje den monotone gangen. I nokre minuttar lurte eg faktisk på om eg hadde forma inne til å ta heile runda ut igjen i Stongfjorden som eg hadde sette meg føre. Men slike negative tankar må ein berre skubba frå seg så fort som mogeleg. Destruktivt. Eg prøver alltid å tenke positivt når eg går mykje åleine. Positive tankar er oppbyggjande. Ein må berre vri hjernen eit hakk i ein annan retning....

  Stigningane vest om Nipebu

I enden på Langevatnet var eg heit rundt øyra. Eg letta litt på kleda. Tok meg litt meir å drikke og begynte på oppstigninga på fjellet i vest. Sola hadde eg fått igjen i fulle drag. Det var berre heilt utruleg. Midt i februar og sola varma inn i stille bakkar. Det var ikkje eit vindpust. Høgt til fjells. Berre å nyte dagen. Ingenting hasta sa eg til meg sjølv.

Eg kom meg flott ut mot Vardenova. Som ein draum! I dei bratte hamrane ned mot Langedalen måtte eg av med skia. På ein issvull med snø på segla eg nokre meter, før eg vann igjen feste med føtene i høgste lufta (korleis det gjekk an veit eg ikkje). Eg fekk meg eit kakk i albogen, men det rista eg fort av meg. Ut ura under fjellet er det alltid litt slitsomt. På sommaren. I dag var det reine nytelsen. Eg rennde ut heile ura, slakt unna, i ein fei, og før eg visste ordet av det var eg komen ut på sørsida av Røyrbotnholten. Supert. Men her var det gått eit ras i hellinga. Det såg ikkje heilt greitt ut. For her er det bratt. Det hallar ned mot Rivedal. Men sola stod slik inn i bakken at det var nesten snøen var blitt bra blaut. Ingen problem i det heile med å trakke seg ut høgt oppe i fjellsida. Det er flott utsikt ned mot Dalsfjorden her. 

 
Fin utsikt mot Dalsfjorden, Straumsnes og Rivedalskletten frå partiet rett sør om Røyrbotnholten.

Eg heldt fram ut til oppstinginga av Smørskornova frå nordaust. Du kjem opp litt lenger mot aust her enn frå Svelia. Her er det òg bratt opp, og eg måtte av med skia igjen. Berg med is på stakk opp av nysnøen. Og der steinen ikkje stakk opp gjekk eg gjennom til knea i snø.  Så eg måtte skifte litt på kvar eg kunne gå (det er slitsomt å trakk i så mykje snø bratt opp...). Men utanom ein lengre skrens kom eg meg likevel ganske greitt opp. Men det kosta... 

I siste stigninga mot toppen såg eg tre personar komme frå vest ved Langevatnet (Holmedal). Eit par jakkar drog eg raskt kjensel på, ei raud og ei blå/kvit. Trekløveret (Dag-Tore, Anita og Vigdis) var på gang. Ikkje noko stor overrasking akkurat. Det var vel som venta ein slik fin dag. Dei tok sørsida opp. Så eg skreiv meg inn i boka, knipsa nokre bilder og rennde til møtes nede om fjellet. Etter å ha teke eit svalestup i nysnøen som velkomsthelsing, slo vi av nokre ord der nede. 

Etter ein liten passiar, heldt eg fram vidare vestover mot Siklabergvatna. No hadde eg spor å gå i, og det var jo fint, rett nok noko breiare enn det eg likar, men det var sjølvsagt god hjelp likevel. Spesielt å renne i. 


Moldura t.v frå Siklabergvatna i dag

Eg gjekk raskt bort på vatna, og tok til på stigninga mot Mannskaret. Oppe i solhellinga her tok eg meg ein liten pause og fekk i meg nokre skiver. Egentleg første pausen for dagen... Eg hadde nydeleg utsikt mot Holmedal, Moldura og Blåfjellsåta. Sola steikte inn i bakken. Som den flottaste påskedag. Knall! 

Ved toppen av Mannskaret og på hamrane vest om, var det lite snø. Som forrige helg. Så eg bar skia forbi dette partiet, før eg tok dei på att i oppstigninga rett aust om Fanafjellet. På toppen av bakken her, med utsyn til toppen av Fanafjellet, såg eg to personar ved varden. Dei var der framleis då eg nådde ut. Det viste seg å vere to karar frå Kvammen. Den eine visste eg kven var. Så vi vart pratande. Eg forklarte litt om fjella i aust og turruter. Medan dei rennde ned igjen mot vassverket i Holmedal, tok eg ruta til Stafsnes. 

 

Utsyn frå Fanafjellet mot Stavenesodden, Mjåset og øyane i Florø

Det var lite snø i enkelte parti ned igjen. Så eg kryssa litt fram og tilbake før eg kom lenger ned i lia der det låg meir snø. Her gjekk det i tillegg eit ganske ferskt spor som eg meir eller mindre følgde heilt ned igjen. Det måtte vere Ansgar Bjarne sitt tenkte eg, for sporet såg så "lokalkjent" ut. Stadfestinga på det fekk eg ved hovudvegen igjen då eg traff den utpeika som bur her. Vi vart ståande å preike litt før drosja frå Yndestad (Olaug) kom og henta meg. 

Det er vanskeleg å sette ord på fine naturopplevingar. Dette var ein av dei. Av mange egentleg. Men ein utsøkt fjelldag var iallefal til endes. Klokka var 14. Det hadde gått med omlag 6 timar i bra framdrift....


Fra Fossedalshengenipa_Nipebu_Smørskornova_Fanafjellet 130210

fredag 12. februar 2010

Nei til rasering av kysten


Bildet er teke frå Høgeheia på Stavenesodden mot Stongfjorden, der Vestavind tidlegare har hatt vindkraftprosjekt på sine nettsider. Iflg. fylkesdelplan for vindkraft har dette prosjektet høgt konfliktnivå og ser no ut til å vere skrinlagt. 


Bloggen min er ein turblogg. Men eg har gjort eit par unntak desse åra. Sidan eg er svært glad i kysten og fjella, og ser trugsmålet for rasering av kyststripa ved vindturbinsatsing, gjer eg eitt unntak til. Her ligg difor ei liste over negative sider ved desse svære industriområda på den sårbare kysten vår. Vindturbinar på land er eit trugsmål mot kystfolket. Industriområda er uforenelege med mitt liv og slik eg ser på naturen. Lista er utarbeidd av meg sjølv.




På grunn av den svært kompliserte konstruksjonen i moderne vindturbinar, får ein ikkje sjeldan havari på utstyr. Og då har det ofte vist seg at det er den mest kostbare delen som havarerer, nemleg girkassa som utgjer ein vital del av anlegget. Girkassa på ein turbin på 2 MW har ei vekt på ca 20 Tonn og står plassert minst 100 meter oppe i lufta. På ei 5 MW turbin veg den same delen heile 60 Tonn. Total vekt for heile konstruksjonen inkludert betongfundament, kan kome opp i 260 Tonn på ein 2 MW turbin.
• Eit girhavari har så store økonomiske konsekvensar for ein vindturbin, at det tek 7 års
kraftproduksjon og tene den inn igjen.
• Dagens turbinar har ei navhøgde (tårn) på 70-100 meter og ein rotordiameter på 80-110 meter – totalhøgda er frå 150-210 meter. Neste generasjon møller er sagt å vere ca 250 meter høge med endå større rotordiameter. Dagens fart på rotorblada ved tuppen er ca 200 km/t. Skjemmande i sårt kystlandskap.
• Kastar is med stor kraft frå rotorane ved spesielle vertilhøve: Risiko ved å ferdast i utbyggingsområdet
• Lysmerking av turbinar er sjenerande
• Bør ikkje setjast opp nær busetnad
• Bør ikkje kome i konflikt med kulturminner
• Bør ikkje kome i konflikt med friluftsinteresser
• Bør ikkje plasserast nær anna næringsverksemd – i denne samanhang: les: turisme
• Avvikling av anlegg etter 20-25 år. (Dei fleste tekniske komponentar har denne levetida)
• Alle andre inngrep enn sjølve turbinen er irreversible
• Produksjon av vindturbinar genererer store mengder CO2 utslepp, Nox, SO2, bly, kvikksølv og Zink
• Jordforsk skriv i brev til NVE 10.11.05 at anlegg av vegar og andre installasjonar i høve vindkraftanlegg i myrområde vil føre til seinking av grunnvatn og endra karbonbalanse, raskare nedbryting og store utslepp av CO2. Tap av vegetasjon som bind CO2 vil generere auka klimagassar. Sidan myrane er den type vegetasjon som mest effektivt lagrar karbon, er ei nedbryting av myr alvorleg i klimasamanheng. Det er difor feil å påstå at vindkraft gir fornybar energi utan utslepp av klimagassar.


Bilde mot Florø frå Høgeheia

Busetnad
Utbyggar vil aldri tilby ein avtale som er gunstig for grunneigar og dermed ugunstig for seg sjølve. Då er utbygginga ikkje interessant. Deira interesse for å byggje ut vil stå i direkte konflikt med grunneigarinteresser.
• Kan ein pengekompensasjon forsvare å gje avkall på området for ettertida?
• Fleire forskarar meiner det kan vere samanheng med elektromagnetiske felt frå kraftliner og kreft på menneske. Det må lagast nye 132 kv kraftliner som mange gonger råkar busetnader.
• Mange bustader vil ligge innafor ei støygrense som er spesielt plagsam om natta. Svenske styresmakter har tilrådd ein sikringsavstand på 700 meter og ei støygrense på 40 DB
• Det er uakseptabelt å utsette fastbuande for støy som er plagsomt
Ein kan risikere at investeringar stopper opp, fråflyttinga vil auke, verdien på eigedomane vil verte redusert
• (undersøkingar i Danmark viser 25 – 30 % nedgang i bustadprisar)

Ureining
Anleggsarbeid med sprenging, masseforflytting, massedeponering og etablering av
vegar og interne vegar kan forureine brønnar med knust fjell, stein, sand,
humus, finmateriale av betong
• Restar av sprengstoff og nitrøse forbindelsar kan medføre auka nitrogentilførsel til nedstrøms område.
• Akutte forgiftingar av planter, dyr og fuglar i området
• Bygging av turbinar krev miljøskadelege gifter som injeksjonskjemikaliar og betongherdarar. Desse er giftige for dyr, fuglar og planter
• Søl av drivstoff, oljer og anna farleg avfall vil kunne forureine både vassdrag, jordsmonn
• Sanitæravløp frå brakkeriggar kan medføre bakteriell ureining av nedstrøms vatn til brønnar
• Ureining knytt til anleggsfasen: Forskalingsmateriale, avkapp trevirke servicebygg, kabeltromlar. Trekassar, lastepallar, papp og papir, emballasje, avkapp av armeringsjern, avkapp av kabel, restavfall, kantineavfall, spillolje, transformatorolje, kjølevæske, maling, kjemikalierestar, batteri
• Iflg. AMBIO Miljørådgjeving er det knytt ca 155 tonn avfall knytt til ei utbygging av 42 vindturbinar.
• Ureining knytt til drift: Avfall frå servicebygg knytt til transformatorstasjon, emballasjeavfall i forbindelse med vedlikehald og service på transformatorstasjon, farleg avfall frå vedlikehald og service på turbinar og farleg avfall og service på transformatorstasjon som spillolje, oljefilter etc..
• I sårbare kystområde er ureining ein viktig faktor som er lite vektlagd.

Arbeidsplassar
Få arbeidsplassar. Ein del i anleggsperioden
• Vindturbinar er nærast vedlikehaldsfrie (utan havari) inntil 20 års levetid
• Styring og overvaking av produksjon og drift er integrert i sentrale driftssentralar
• Vindturbinane har automatikk som startar, stoppar og regulerer seg sjølve.
• Entreprenørverksemda er ”sentralisert”. Kompetansen på vindkraftutbyggingar er ikkje lokal forankra.
• Turbinane blir fjernstyrt frå eksisterande driftssentralar
• Norske leveransar vil utgjere om lag 20% av investeringskostnadene.
• Pårekna noko positiv effekt på overnattingsbransjen/restaurantsbransjen i utbyggingsfasen.
• Avgrensa økonomiske ringverknader for annen verksemd (Langevåg vindturbinpark)

Naturkvalitetar
Områder for vindturbinar er ofte klassifiserte som område med spesielle naturverdiar (EDNA) m.a. edellauvskog og kystlynghei. Purpurlynghei, tørrhei og rikhei er sterkt trua på landsbasis.
• Sørboreale vegetasjonssoner strekkjer seg ofte opp i kystområda våre.
• Vindkraftutbyggingar bryt ofte inn i urørt natur og inngrepsfrie område der det kan vere fleire kilometer til nærmaste tyngre tekniske installasjonar – såkalla INON - klassifisert frå Direktoratet for Naturforvaltning. Det er få inngrepsfrie område igjen i Norge som går frå fjord til fjell.
• Inngrepsfrie naturområde aukar opplevingsverdien for det enkle friluftslivet.
• Vi har ansvar i den globale dugnaden for å sikre jorda sine naturrikdommar. Vi må ta vare på dei siste restane av urørt natur. Naturvern er å ta vare på mangfaldet i naturen
• Stilla er ein svært verdfull kvalitet. Blir øydelagt av støy av turbinar og anleggstrafikk
• Områda er ofte klassifiserte som FRIDA – friluftsområde av fylkesmannen.


Utsyn til havs og mot Alden frå Høgeheia på Stavenesodden

Turisme
Satsing på framtidig turisme i turbinområde må vektleggast og oppmuntrast. Folk som satsar på ærleg arbeid og utkome av dette må prioriterast. Ein kan ikkje øydeleggje framtidig næringsgrunnlag for folk som vel å satse på turisme.
• Natur- og kulturlandskap på kysten har oftast heilt spesielle kvalitetar og det er grunn til å tru at dette har innverknad for auka tilstrøyming av turistar med åra.
• Vindkraftutbygging har store negative innverknader på reiselivnæringa på sikt
• All praksis viser at når eit område er utbygt vert det mindre nytta. Folk vil ha urørt natur, stilla og ro. Ikkje anleggstrafikk og rasert natur.
• Visuelle influenssoner er ofte 360 grader frå turbinområde på kysten
• Den visuelle dominanssone er ofte utprega frå sjøsida
• Den visuelle dominanssona vil gjelde endå sterkare for innsegling til fjordar og vidare inn fjordane.
Forsterka av -
1. Stort tal turbinar
2. Stort tal turbinar i innsynsretninga
3. Naturleg innsyn til parken
4. Turbinar plassert i ein dominerande posisjon (høgdetoppar)
5. Skuggekasteffekt
6. Oppstillingsmønster
• Kystlandskap har svært stor symbolverdi
• Kysten har med sitt landskap, naturmiljø, historie og kulturmiljø stor opplevingskvalitet
• Opplevingsverdi vert øydelagt
• Brukarar/turistar kan unngå å legge turar til ubyggingsområdet like mykje ut frå vissheita at området er eit utbyggingsområde utan konkret innsyn
• Influensområde langt utanom det som visuelt blir påverka
• Avbøtande tiltak er uinteressante då inngrep allereie har skjedd
• Rekrutteringspotensiale til friluftsliv kan bli redusert

Biologisk mangfald
Stanse tapet av norsk naturmangfold innan 2010 og legge fram et forslag til ny Naturmangfoldlov (Soria Moria erklæringa.
• I St.meld. nr 58 (1996-97), ”Miljøpolitikk for en bærekraftig utvikling”, heiter det at ”sektorene og kommunene må så langt som mulig unngå ytterligere inngrep i de gjenvererende, sammenhengende urørte naturområdene.
• Skal vi ta vare på ein art, er det ein grunnleggande regel at vi må sikre leveområdet for arten. Det same gjeld om vi skal få med oss genetiske variantar av den same arten inn i framtida. Utan å ta vare på den store variasjonsbreidda, kan vi ikkje sikre den biologiske rikdommen..
• Bevisbyrden i omstridde miljøspørsmål skal påligge tiltakshavar og eventuell fagleg tvil skal komme naturmiljøet til gode

Landskap
Kvar turbin med oppstillinngsplass vil okkupere opptil 1500 kvadratmeter
• I tillegg til grunn som direkte blir råka av tekniske anlegg vil det vere nødvendig å klausulere all grunn innanfor 10 kvadratkilometer. Klausuleringa vil innebere at det ikkje er tillete tiltak som kan vere til hinder for bygging og drift av parken, inkludert aktivitetar eller tiltak som kan avgrense kraftproduksjonen
• Ny 132 kv kraftlinje. Lengde? Som vedkjem x - antal eigedommar?
• Langs trassè for luftleidning vil det vere eit byggje- og skogryddingsbelte på 29 meter.
• Langs jordkabel 3 meter
• Romleg klart landskap er viktig
• Vanleg å rekne 10-12 km i radius frå turbinane som influensområde
• Store inngrep ved vegbygging og nye kraftleidningar i gamalt kulturlandskap.
• Bygging av transformatorstasjon
• Bygging av montasjeplass (ca 100 kvadratmeter?) til kvar turbin
• Oppføring av transformatorstasjon/servicebygg på ca 400 kvadratmeter? Med servicedel ca 200 kvadratmeter (kontrollrom, verkstadlager, garasje, opphaldsrom, garderobar med sanitæranlegg)
• Opparbeiding av gardsplass for tilkomst, transport og leveransar til anlegg. Inkludert parkeringsplass
• Inngrep for vassforsyning, avløp frå sanitæranlegg og infiltrasjonsgrøft for grått vatn
• Oppsetting av meterologimast på minst same høgde som turbinar
• Opparbeiding av omlastingsplassar i terrenget nær tilkomstveg ved bygging av kraftleidningar
• Eldre kulturlandskap og kulturmarkstypar er i dag sterkt pressa og i ferd med å forsvinne frå omgjevnadane våre pga. attgroing og omfattande utbyggingar. Vi er i ferd med å misse viktige referanseområde og kulturhistorisk dokumentasjonsmateriale for ettertida.
• Kvalitet på opplevingsinnhald og det estetiske aspekt blir forstyrra av refleks, støy og skuggar av turbinar, leidningar og master
• Dei ruvande dimensjonane av turbinane gjer dei synlege over lange avstandar, jmfr. turisttrafikken langs leiene og verna øy - reservat i vest. Også for turisme og friluftsinteresser lenger aust vil ofte landskapssilhuettane bli øydelagde
• Fragmentering av kystlandskap spesielt ved vegbyggingar
• Tilkomstvegar må byggjast på minimum 5,5meter breidde i tillegg kjem grøfter, fyllingar og skjeringar. Tilleggsareal ved knappe svingar
• Deponering av lausmassar i tilknyting til tilkomstvegar og vegar mellom turbinane
• Lysmerking av vindturbinar vil bli eit dominerande blikkfang nattetid
• Innflygingskorridor til flyplassen til Florø vil krevje fast belysning?
• Visuelle influensområde er ofte ikkje råka av tyngre tekniske inngrep
• Ope kystlandskap har stor vitalitet og tidsdjupne
• Tekniske inngrep vil redusere områda sin visuelle verdi som urørte
• I vurdering av dei landskapsmessige konsekvensar inngår også ein kognitiv dimensjon, korleis historia i landskapet blir oppfatta av folk flest. Dette er i tråd med den europeiskelandskapskonvensjonen sin definisjon av landskap.
• Vindturbinanlegg må ikkje byggjast i store samanhangande INON område eller i INON område som går ubrote frå fjord til fjell
• Noreg har ratifisert den europeiske landskapskonvensjonen som er gjeldande frå mars 2004. Her heiter det at partane forpliktar seg m.a. til «å foreta ein vurdering av landskap der det tas hensyn til den særlige verdi interesserte parter og den berørte befolkning tillegger den» artikkel Cb.
• Vedrørande vindkraftverk plassert på myr med ei djupne på ukjent tal meter : Storparten av myr er svært våt, noko som medfører at utbyggar må foreta store masseutfyllingar av områda for vegar, turbinfundament og oppstillingsplassar. På grunn av fundamentering av turbinar (på lausmassar) er det overhengande fare for at aurheller vert punktert og at området får endra vassbalanse. Dette kan medføre ein total endring av floraen i området og auka fare for flom.



Utsyn mot Eidsfjorden og Lutelandet frå Høgeheia

Dyreliv
Anleggstrafikk vil påverke trekkruter for hjort og anna vilt sommar og vinterstid. I anleggsperioden vil hjort finne andre trekkruter.
• Dyr på utmarsbeite vil bli forstyrra i anleggsperioden.
• Dyr vil bli forstyrra ved trafikk og ferdsel i driftsperioden
• Beslag av fjellbeite for sau?
• Arealbeslag/arealinngrep (direkte nedbygde areal, erosjonseffektar)
• Drenering/oppdemmingar
• Endringar av mikroklima som følgje av masseforflyttingar

Fugleliv
Dokumentert at vindturbinar tek livet av havørn. Jmfr. kva som har skjedd på Smøla der mesteparten av havørn-populasjonen er utrydda som følgje av kollisjon med rotorane.
• Havørn er raudlista som hensynskrevande der Norge har ei spesielt forvaltaransvar (Norge har 45% av den europeiske populasjonen)
• Spesielt ungfugl er utsette
• Influensområde på 2 km for stadbundne rovfuglar innan området
• Rovfuglar som havørn, tårnfalk og fjellvåk frå nærliggande område streifar på jakt
• Rovfuglar har vist seg å vere spesielt sensitive for støy og andre forstyrrelsar i hekketida
• Amerikanske styresmakter har føreslått ei buffersone opp mot 4,8 km for bygningar og konstruksjonar rund område med hekkande rovfuglartar
• Kollisjon også med nye kraftleidningar. Amerikanske studiar viser at kraftlinjer er hyppigaste dødsårsaka hjå rovfuglar. Undersøkingar i Spania underbyggjer dette
• Ender og vadarar som held til langs kysten og innover er spesielt utsette for kollisjonar både på sjølve turbinane og kraftleidningane då dei flyg mykje i skumring og grålysning
• Habitattap for havørn og andre fuglar som heipiplerke, lirrype, steinskvett, heilo, fjellvåk, tårnfalk etc
• Tårn manglar aerodynamisk utforming og skaper vibrasjon som forplantar seg i bakken, dermed forsvinner mikrobiologisk liv og innsektliv i fleire kilometers omkrets, bla blir meitemark borte
• Landvindmølleparker endrer adferd hos lokale dyrearter, det har en tendens til å skape en biologisk ørken i stor sone rundt slike anlegg.
• Forstyrrelseseffekt på hekking i området
• Trekkfuglar i tusental har trekkorridor ved kysten
• Det er inngått bilateral overeinskomst med Skottland om vern om og forvaltning av Svalbardbestanden av kvitkinngås. Kvitkinngjess er freda.
• Bonnkonvensjonen (CMS) har i tillegg til internasjonalt samarbeid om vern av trekkande artar og enkeltbestandar av slike, også eit hovedfokus på trua artar og utvikling av aksjonsplanar for desse artane. Gjennom den regionale vassfuglavtalen er følgjande artar omfatta av aksjonsplaner: Stellerand, dverggås, lappfiskand og Svalbardbestanden av hvitkinngås og ringgås.
• Bonnkonvensjonen skal sikre at m.a fuglar på liste 1 skal sikrast sine leveområde. Havørn er oppført på denne lista
• Norge har ratifisert to regionale avtalar under Bernkonvensjonen, begge relevante for Staveneset vindturbinanlegg. Vassfuglavtalen tek sikte på å skape eit juridisk grunnlag for ein felles verne og forvaltningspolitikk i landa for trekkande vassfugl
• Bernkonvensjonen forpliktar Norge til eit strengt vern av trua artar oppført på liste 2.
Kvitkinngås er oppført her
• Vindkraftanlegg må ikkje lokaliserast i område der artar på Bernkonvensjonen si liste 1 og Bernkonvensjonen si liste 2 førekjem

Kulturminne
Områder blir oppstykka/fragmentert sjølv om kulturminne ikkje blir direkte råka
• Kulturminner og kulturmiljø innanfor og i nærleik til vindkraftanlegg vil visuelt bli totalt dominert av vindkraftanlegget
• Kulturminne og kulturmiljø er viktige deler av samfunnet sin kollektive hukommelse, og kulturarven kan bidra med kunnskap, forteljingar og opplevingar som kan ha tyding for identitet, sjølvforståing, sjølvutvikling og trivsel for enkeltmenneske og for grupper.
• Framtidig bruk av natur, kulturminner og historie i pedagogiske samanhengar, musealt arbeid osv.
• Historiske landskap bør ikkje vere dominert av markante og storskala moderne inngrep - Riksantikvaren
• Kulturminne blir påverka direkte/indirekte ved mølleplassering, adkomstveg, internvegar, tilknytingspunkt for kraftlinje
• Kulturminne og kulturmiljø blir liggjande i eit landskap som er vesentleg endra i forhold til då kulturminnet var i bruk.


Bårer ved Staveneset

Friluftsinteresser
Rekrutteringspotensiale til friluftsliv blir redusert ved ein utbygging
• Sterke friluftsinteresser knytt til kystområde for hyttefolk, turistar og fastbuande
• Merka stiar
• Fragmentering av friluftsområde
• Ein byggjer barrierar i friluftsområde

Skuggekast
o Turbinane vil i visse høve stå i posisjon mellom sola og den som ser på og rotorane vil kaste ein rørleg skugge med repeterande mønster som blir projisert mot betraktningsstaden
o Den sveipande skuggen er godt synbar på flat mark, lyngmark og rabbar. Men også på vindauge, veggar og havoverflate.
o Ingen maksimalgrenser for skyggekastbelastningar (Danmark 10 timar pr år)
o Skuggekastmottakar er utsette opptil 2 km frå aktuell turbin
o Skuggekastmotakarar på friluftsområde austover mesteparten av året og spesielt morgon og kveld
o Ingen skjermande vegetasjon i områder utanom koller og fjellrabbar

Refleksblink
o Rotorblad blir produsert med blank overflate for å produsere optimalt og for at skit ikkje skal feste seg. Refleksfrie blad finst ikkje.
o Refleksblink vil nå over lange avstandar. ”Lysorgel” om natta då turbinane må merkast med blinkande lys.
o Konflikt med luftfarten
o Konflikt med forsvaret

Støy
o Støy i anleggsfasen av tyngre køyretøy og anleggsmaskiner
o Støy frå helikopter i anleggsfasen
o Støy frå sprengingar
o Støy frå transformatorstasjon
o Pulserande støy som kjem frå turbinane vert opplevd som meir sjenerande enn vanleg støy
o Mekanisk støy frå roterande deler i gir og generator
o Aerodynamisk støy når luft passerer i bakkant av rotorblad. Luft og dermed lyd blir pressa ned mot bakken i bakkant av turbinane. Vindstyrken og lyden aukar med antal høgdemeter.
o Støy kan variere frå fabrikant til fabrikant, men fellestrekk er at den over tid aukar pga slitasje


Solspel frå Høgeheia mot havet

Strandsone
• Bygging av nye djupsvasskaier med ny tilkomstveg er eit framandelement
• Stanse nedbygginga av strandsona (Soria Moria Erklæringa).
• Nasjonale styresmakter har dei siste åra hatt eit særleg fokus på forvalting av strandsona, som sidan 1965 har hatt eit lovfesta vern gjennom byggje- og deleforbodet i 100-metersbeltet ved sjøen. Strandsona er definert som eit område av nasjonal interesse som det skal takast omsyn til ved all planlegging.
• Miljøvernministeren ynskjer å innskjerpe dispensasjonspraksisen jmfr. rundskriv av 8.3.02. Jmfr. dessutan FRIDA og EDNA i ei handheving av deleforbodet i 100-metersbeltet

Allemannsretten
Oppsetting av stengsler/gjerder og fareskilt som vil måtte kome i høve industriområda
er eit brot på Allemannsretten jmfr. Friluftslova paragraf 13.

Noreg som miljønasjon (Soria Moria Erklæringa)
• Noreg skal bygge sin miljøpolitikk på prinsippet om bærekraftig utvikling, som rommar eit krav om solidaritet med kommande generasjonar nasjonalt og internasjonalt.
• Miljøvern handlar om å forstå at ressursane på jorda er avgrensa.
• Miljøpolitikken i Noreg skal bygge på føre –var - prinsippet som seier at tvilen skal komme naturen til gode
• Oppretthalde naturmangfald og kulturlandskap
• Allmenta sin tilgang til naturopplevingar i Noreg er utgangspunktet for mange si naturglede og miljøengasjement, og skal sikrast.
• Stadig færre område i Noreg er urørte av tekniske inngrep. Vi må gi sterkare vern av område og naturkvalitetar som også våre etterkommarar har rett til å oppleve.
• Friluftsliv er ei kjelde til livskvalitet, rekreasjon og betre folkehelse.

tirsdag 9. februar 2010

Toreheia by night

Frå toppen av Toreheia i kveld kl 18.31. Bildet er teke med 30 sekund lukketid og innstilling for stjernehimmel..:-) Foto frå bakken nedom Krikavatnet kl 17.55. Magisk tur på Toreheia i kveld. Praktfulle forhold. Med ein himmel i vest som sjølv gudane ville vere stolte av. Oransje, blått, fiolett, raudt, rosa - berre flotte fargar. Ramma inn av den kvite snøen. Bilda fortel vel si eiga historie utan for mange ord... Sjølve turen skriv eg difor ikkje noko særleg om i kveld. Den drukna liksom i lysorgien der ute i vest. Men det ligg lite snø att oppe i høgda, så eg valde ei litt anna rute opp og ned der det låg meir snø. Eg nådde faktisk heilt opp på toppen etter arbed i dag utan bruk av hovudlykt, men ned igjen måtte ho på. Fantastisk tur. Er vel ikkje meir å seie om det. Rart ikkje fleire kjenner si besøkelsestid...!
Fra Toreheia 090210

søndag 7. februar 2010

Is og skavlar

Med utsikt sørover til Flekkefjorden og Lihesten frå toppen av Smørskornova i Rivedal i dag tidleg. Eg gjekk ruta frå Oslandsbotnen til Smørskornova, Fanafjellet og Stafsnes i dag. Olaug køyrde meg opp i botnen like før kl 8.30. Det var ikkje ei sky på himmelen og den vanlege, kalde austatrekken bles ned frå Botnastølen. Berre å få opp dampen og varmen i kroppen... Eg merka fort av det ikkje akkurat var pudderforhold. Fòksnøen var godt ihopepakka. Ikkje for det, då vart oppturen til Smørskornova litt lettare, tenkte eg. Og det gjekk kjapt opp Brekke og forbi Botnastølen. Snøen var som sagt temmeleg hard, likeeins opp skaret til Svelivatna. Den biten gjekk greitt unna, sjølv om snøen var knallhard i det brattaste partiet mot kanten til vatnet. Dei første forsiktige og raudlege solstrålane for dagen nådde Skålefjellet då eg passerte inne ved andre demma på Svelivatna. Eit godt teikn for dagen. Denne nordlege ruta på Smørskornova er for det meste fri for sol på denne tid av året. Frå Stongfjorden er det likevel dette ei fin rute, då vi slepp køyringa til sørsida i Rivedal for å gå opp. Morgonstrålar over søraustsida av Skålefjellet. Stille, stille i morgontankar gjekk turen vidare opp gjennom Svelia og forbi vatna. Utfordringa låg framfor meg. Det austlege skaret opp i enden på vèrebeitet i Svelia. Sidan det allereie var temmeleg hardt i skaret opp frå Botnastølen, var eg litt på allerten. Det var allereie isete nede i botnen ovanfor det vestre Svelivatnet. Eg bestemte meg difor for ikkje å ta opp under fjellet, og opp slik eg pleier, men å gå meir i søkket opp. Og det gjekk forsåvidt ok. Eg banka stålkantane inn i skaren og isen, og dei breie fellane under var til god hjelp. Skrekkscenariet frå Blegja i haust då eg segla ned skaret, dukkar av og til opp! Når du først misser festet og seglar på så hardt underlag, tek berre farten deg. Du har ikkje sjanse til å stoppe. Berre overleten til tyngdekreftene. Som ei filledokke. Gore tex buksa er dessutan ypparleg som glidemiddel...! Den flatare delen av nordsida på Smørskornova opp t.h. Men opp til sjølve nordkammen kom eg meg. Her måtte skia av. Eg hadde med meg isbroddar i sekken, men i lè låg her faktisk eit bra lag med tørr nysnø opp igjen på skaren. Ikkje det, den var litt skummel den òg, då eg glippa opp på dette... Men forsyne meg gjekk det ganske fint opp. Når eg i tillegg fekk første solstrålane i auga, kom godkjensle i kroppen. Eg starta like godt å plystre på Lola med Kinks...:-) Når den dukkar opp i minnet har eg det godt...:-) Vèrgudane hadde herja godt med landskapet i veka som var. Det hissige lågtrykket hadde polert og laga skavlar av snøen som ikkje hadde blese ned på nordsida av fjellet. Sjølve topplatået var veldig isete. Issvullar og klink is på steinar og berg. Det ligg mykje is på toppen av Smørskornova no... Eg fekk av meg dei to tynne ulltrøyene eg hadde under Rab-jakka. Fekk fram den solide Brynje-trøya med netting inst og merino utatt på frå sekken. Herleg å få på seg. Opptur. Det fekk halde med denne under i dag. Duntrøya fekk ligge i ro. Det var noko trekk i lufta, men så mange minusgrader var det kanskje ikkje. Neppe tosiffra. Sola stod som ei stødig påminning i sør om at det no er fart på dei lysare dagane. Nydeleg spegla ho seg ut Flekkefjorden. Dalsfjorden låg òg fint utetter. Ikkje ein lyd. Dunkande hjarte. Fjellsuset i øyra. Kjelande. Rivande i kjakane og nasa. Kviskrande.... du er til - du er til... Turen ned sørsida av fjellet vart litt annleis enn eg hadde førestilt meg. For det var ikkje berre på toppen der låg is. Mykje av sørvestsida var glasert i hard skare og is. Eg fann det difor best å ta av meg skia å gå ned med isbroddane på. Også sørsida av Smørskornova var temmeleg glasèrt i dag. Vi ser Rivedalskletten i midten og Flekkefjorden sørover bak. Snøforholda kom seg monaleg då eg kom meg ned under fjellet. Turen nordvestover Langevatnet og til Siklabergvatna vart reine påskeidyllen. Her låg det meir snø, og sjølv om han delvis var litt pakka her òg, var her flotte skiforhold. Hekkelfjellet på venstre sida låg bada i morgonsola, og lyset i nysnøen var spektakulært. Tusenvis av diamantar nådde netthinna... Eg rennde vestover frå høgdedraget ovanfor Langevatnet og ned på Siklabergvatna. Her låg landskapet i skugge, men berre nokre minuttar seiare, var eg på veg opp stigninga under Svarthamrane og til Mannskaret. I sola igjen... Oppstigninga frå Siklabergvatna i flotte påskeforhold Men her oppe skifta igjen snøforholda. Så vèrhardt som det er på fjellet mellom Holmedal og Stongfjorden, var all snø vekkblesen. Berre isen igjen. Og heile partiet frå Mannsskaret til under Fanafjellet bar eg skia. Vinden hadde blankpolert den snøen som var, resten var hamna langt nede i lia mot Stongfjorden. Trass i isen, og litt spaning på eit par utsette plassar, kom eg meg relativt fint opp til siste stigninga på Fanafjellet frå aust. Her var det som om det hadde vore bombenedslag i snøen. Voldsomme krefter hadde forma snøen i digre skavlar. Og sjølve toppen på Fanafjellet var likeeins som på Smørskornova. Klink is dei fleste plassar, og vanskeleg å fòte seg! Det er bra havutsikt frå toppen av Fanafjellet. I dag låg her mykje is Etter å ha knipsa nokre bilder rennde eg vidare nordvestover og til nedstigninga mot Stafsnes. Første biten gjekk greitt på hard snø. Men lenger nede var omlag all snø vekke igjen. Av med skia og småluffe var beste framkomstmiddel. Men nede i bjørkebeltet hadde all laussnøen frå lenger oppe samla seg. Og vidare nedover til vegen, låg det bra med snø. Denne delen var grei å renne i, sjølv om eg måtte vere obs på å ikkje få ei bjørk i fleisen. Vel nede til vegen på Stafsnes kom Olaug og henta meg. Kjempetur igjen. Men jammen har snøforholda endra seg radikalt oppe i høgda no. Silkeføret som var, er førebels ei saga blott - iallefall her ute ved kysten... Tenke nok vi snart må til med isbroddar og fjellsko igjen for å nå opp på toppane. For det er jo toppane som er interessante...
Fra Smørskornova_Fanafjellet_070210