søndag 24. januar 2010

Sveitt tur

Mot Stavenesodden og Mjåset. Foto ved Fanafjellet i dag. Etter ein tidleg avslutta 50-årsdag i går kveld, var eg klar for ein ny tur i dag tidleg. Eg bestemte meg for å gå Smørskornova-Fanafjellet frå Oslandsbotnen igjen. Eg valde å ta trugane istaden for skia. Kva som var lurast var nesten litt hipp som happ. Det er veldig avblese oppe i høgda no, medan lenger nede i terrenget ligg snøen i tjukke lag. Variabelt med andre ord. Eg var på plass i Botnen i 08.30 tida og forsøkte eit stykke oppover på berre føtene. Eg måtte likevel raskt ta på meg trugane då her låg bra med snø, og eg seig igjennom. Sveitten hadde eg allereie løyst i strie straumar på toppen av Brekka!! Det låg endå meir snø frå Botnastølen og opp til Svelivatna. Men det gjekk egentleg heilt greitt med trugane oppover. I det øvste, bratte skaret var det likevel litt kinksing for å komme seg opp, men det hadde det sjølvsagt vore med ski òg. Tungt var det uansett... Det gjekk rimeleg raskt sørover langs vatna (opprinneleg var det to) og opp i Svelia. Vatna er no sterkt nedtappa. Maks? 12-14 meter ser det ut for. Vika inne mot sørenden var vassfri, så den gjekk eg beint over. Elles turde eg meg ikkje ut på... Svelivatna er no sterkt nedtappa og ikkje noko vakkert syn. Eg fann det fornuftig å ikkje gå ut på... Skaret opp mot Smørskornova var igjen ganske så tungt. I den sterkt hallande og bratte skåra måtte trugane av. Snøen var alt slags konsistensar på, frå steinhard til mjuk som eg gjekk til knea i, og til "mjøl" som eg berre sklei tilbake i. Eg måtte puste på fleire gonger opp i der, før eg endeleg kom meg opp første biten. Så var det sjølve oppstigninga på fjellet. Snøen her var noko hardare og meir pakka i hop, noko som gjorde det litt lettare. Men steik, eg var ganske pumpa på toppen i dag... Rett under toppen av Smørskornova ser vi Skålefjellet i nordvest og Førdefjorden i nord. Hytta til vèrelaget i Svedalen ser vi i litt til høgre og nede om midten. Eg tok nokre bilder, ein snutt, og fekk bytta på meg gode og tørre klede før turen bar vidare vestover. Det gjekk flott med trugar på føtene. Men dette stykket hadde nok vore minst like bra med ski, for her låg det godt med snø utover. Heilt til oppstigninga frå Siklabergvatna til Mannskaret. Her var det derimot nesten heilt fritt for snø igjen. Og ikkje mogeleg å gå på ski. Slik var det resten av vegen ut på Fanafjellet. Vilt og snøfritt. Utsikt mot Stongfjorden rett vest av Mannsskaret. Toreheia t.h. for midten. På Fanafjellet var det uvanleg stilt. Her brukar det somregel alltid å blåse. Det ser ein på landskapet òg. Snautt og goldt. Under sjølve toppen hadde vinden danna ei lang, diger og knallhard snøfonn bak ein hammar, der eg brukar å gå opp. Ofte har eg skifta klede bak denne, då her er ganske vindstille. Det såg ein greitt no med fonna som var laga. Stilig! Artig snøfonn under toppen på Fanafjellet I følge Gislefossen på vèrmeldinga i dag tidleg skulle det bli fint vèr. Eg hadde håpa på at det skulle skine opp. Men det vart det dessverre ingen ting av. Så frå Fanafjellet bar det ned igjen mot Stafsnes. Rett vest om Langevatnet (Stongfjorden) såg eg ein skikkelse komme opp på god avstand. Eg såg ganske fort kven det var. Så eg vart pratande litt med Gisle S. Han hadde delvis gått opp på ski, men dei hadde han sett av seg lenger nede. Veldig variable snøforhold! Alt etter korleis vinden hadde teke tak i landskapet. Sveittevåte som vi var begge, vart praten ganske kortvarig. På veg ned frå Fanafjellet ser vi Osland og Stongsvatnet midt i bildet. Indrevågefjellet t.h. Nede i bjørkebeltet låg det mykje laussnø. Ein brote. Her i frå og ned til fjorden. Det var jammen godt å spenne på seg trugane igjen (heiter det å spenne på seg trugar forresten?...:-)) På Stafsnes henta Olaug meg, og saman køyrde vi opp i Oslandsbotnen etter bilen min. Kjempeflott tur på 4,5 timar. Eg hadde fått køyrt meg no...:-)
Fra Smørskornova_Fanafjellet 240110

Ingen kommentarer: