fredag 29. januar 2010

Silkeneglisje

Delvis måneskin på Toreheia i kveld. Det grøne ute i fjorden er fiskeoppdrettet. Den rosa lèten på himmelen er frå lysa i Askvoll. Foto kl 18.46 Etter å ha vore i ro fleire kveldar av ymse årsaker, var det ei sælebot å komme seg på Toreheia igjen i kveld. Eg var i grunn litt i stuss kva utstyr eg skulle bruke, anten ski eller fjellsko. Trugane vurderte eg ikkje. Eg landa på fjellsko, men kunne like gjerne teke skia fann eg ut. Sjølv om det stakk opp litt stein og lyng enkelte stadar, var det iallefall meir snø oppe no enn sist eg gjekk på ski. Det gjekk likevel greitt på berre sko òg, sjølv om eg seig gjennom den gamle snøen enkelte stadar. Den nye snøen var så tørr og fin at den var det ingen problem å trakke i. Det var nesten fullmåne i kveld. Den var praktfull på veg oppover. Midt i åsynet på meg frå Rinda og opp. Elles var det nesten vindstille, men med litt trekk på toppen. Bildet av mjuk silkeneglisje fall meg i tankane. Som eit bilda på dei praktfulle, funklande snøkrystallane som skein imot meg frå den tørre nysnøen. Fantastisk flott. Diverre forsvann månen bak nokre skyer før eg kom opp på toppen, og det tok faktisk til å drysse litt frå himmelen. Men det var så lite at det var som om det dala kvite englar frå himmelen i lyset frå hovudlykta... Praktfull tur i kveld med andre ord. Herleg å vere i gong igjen etter å ha tent mange poeng i heimen denne veka...:-))

Ingen kommentarer: