søndag 10. januar 2010

Once more with feeling

Agnar på veg oppover mot Nipebu i dag tidleg Fossedalshengenipa i dag - igjen...:-) Eg var i grunn mest innstilt på å gå same turen frå Oslandsbotnen i dag som forrige helg, men sidan Agnar ville gå på Nipebu, slo eg følgje. Så eg møtte han i Skjerlia klokka 8.30, og saman gjekk vi oppover. Agnar hadde smurt skia, medan eg gjekk på feller. Det siste var nok det luraste. For eg sat som spikra fast i bakkane i det kuperte terrenget oppover. Kompisen sleit vel litt meir. No var ikkje Agnar tenkt å gå på Fossedalshengenipa. Så ved Krokavatnet gjekk eg i førevegen, medan han gjekk vidare til Nipebu og fyrte i ovnen. Eg gjekk den same ruta vidare opp som i går. Å kome på toppen av Fossedalshengenipa, kjem du berre på ein måte. Du kan sjølvsagt kome gjennom Fossedalen frå sør (frå Skjerlia kjem du frå nord), men sjølve oppstigninga på skråberga, er den same. Eg fekk første sola for dagen i ansiktet i starten på den bratte stigninga. Dei snødekte bakkane, steinane og graset som stakk opp, vart gullgylte i lèten. Fantastisk fint! Morgonstund har gull i munn! Første solstrålane for dagen i starten på siste oppstigninga på Fossedalshengenipa... Berga opp gjekk heilt topp. Kjekt å kjenne at kroppen fungerer når du tek i litt. Piece of cake å toppe ut i ein køyr... Det var litt vind på toppen i dag òg. Omlag som i går. Men det virka mildare. Og så var eg ein halvtime seinare enn i går. Det var nydeleg i januarsola. Men eg skifta likevel på meg nokre tørre klede. Så var det tid for å knipse nokre bilder, pluss ein videosnutt. I det eg heldt på med dette, såg eg Agnar komme fram til Nipebu. Ein svart flekk som bevega seg i siste bakken opp ved utedoen. Artig! Eg rennde så ned igjen frå toppen, og tok opp ruta nord om Fossedalshengenipa til Nipebu. Ankomst Nipebu i dag. Hytta t.h. Nesten framme ved Hytta gjekk eg gjennom noko sørpe på vatnet. Eg såg Agnar hadde gjort det same, så eg prøvde å gå utanom, men det gjekk ikkje vel for det. Skia og fellene vart våte, og isa med ein gong. Siste biten bort til hytta gjekk eg berre på nokre isstokkar. Det rauk frå pipa på hytta då eg kom fram. Agnar hadde fått god fyr i ovnen. Men termometeret viste framleis 10 grader minus inne. Og det tok si tid å få gradestokken opp på plusssida ... Eg tok skia i hus, og fekk vekk mesteparten av isen, og tina resten. Det gjorde godt med nokre skiver og varm solbærtoddy. Sjølv om det var kaldt inne, var det herleg å sitte framfor ovnen og slå av ein prat. Ein passiar med Agnar på Nipebu i dag... Ei god stund seinare, etter at vi hadde fått temperaturen nokolunde opp i hytta, la Agnar seg likegodt til å kvile. Sidan eg var vekke fleire timar i går, fann eg heller ut at eg skulle sjå heim att til middag. Så eg gjorde meg klar, og sa farvel til Agnar i denne omgang. Eg tok ein ganske så lang omveg på vatnet, frå der vi gjekk gjennom i sørpa i stad. Det hjelpte diverre lite. Eg trakka gjennom, og alt skiutstyr vart til is - igjen. Helleveien! (Eg brukte verre ord der oppe...) Eg banka og slå på isen under fellane. Men det var som å skvette vatn på gåsa - for å bruke det uttrykket. I enden av Langevatnet, på veg opp i Nipevatnet, greidde eg endeleg å få av meg skia, og med ein del møye klarte eg å få av fellane. No var skia så blanke som ei barnerumpe under. Og null feste! Men dei gjekk som eit olja lyn kan du skjøne. Så Nipevatnet gjekk fort. Eg stava heile vatnet til endes på kort tid. Verre gjekk det sjølvsagt i bakkane opp frå vatnet til nedstigninga nord om Fossedalshengenipa. Det var eit slit. Men herifrå og ned var det heldigvis mykje unnabakke.... med fare for liv og helse...:-) Eg fekk problem igjen nede i ura. Skia var som spikra i skiskoa. Alt var is. Eg sladda meg difor ned det bratte skråberget, og kom meg inn igjen på sporet nedom ura. Hah - det gjekk som smurt. Reine risikosporten...:-) Verre vart det ned hammaren ovanfor Markavatnet. Skia var håplause å få av skoa. Til slutt tok eg rett og slett av meg skoa på bindingane, og gjekk laus med all kraft med vrikking og vriing. Og jammen fekk eg skoen laus til slutt. Så det same med den andre. Den hadde eg nesten gitt opp då eg fekk han av! Eg var gjennomsveitt og letta. Men siste stykket rundt vatnet og til bilen gjekk eg til fots - og heldigvis ikkje på sokkelestane...:-) Ein utruleg flott tur med innlagd action var til endes. Ei god erfaring rikare i alle kuldegradene. Når alt frys til is er det ikkje lett. Anten det er vatn eller skiutstyr! Likeeins er det vel med oss menneske...
Fra Fossedalshengenipa 100110

Ingen kommentarer: