lørdag 9. januar 2010

Frisk skitur

Soloppgang på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Gradestokken vist 12 minus heime på Yndestad i dag tidleg i 7.30 tida. Eg var klar for skitur på Fossedalshengenipa. Det var kaldt. Men ikkje for kaldt. Eg køyrde difor i Skjerlia, og var oppe omlag då det var nok lys til å gå. Litt etter kl 08. Det var kjekt å oppdage at det var skispor oppover. Eg kryssa fingrane for at dei gjekk lengst mogeleg. For det var ein del laussnø og måtte trakke i utanom spora. Skispora tok diverre brått slutt rett før ura nedom Krokavatnet. Snøen låg til gagns her. No som sist eg var oppe. Men opp ura er det ikkje mogeleg å gå på ski uansett. Så dei tok eg av, og bakse meg opp gjennom laussnøen. Somme stadar gjekk han til livet på meg. Og på jamna opp på låra. Heldigvis er dette partiet av ruta ganske kort. Så rett ovanfor alle steinane, der berga hallar og det brukar å vere glatt, var det nesten ikkje snø igjen. Alt var blese av, utanom nede i slukta der elva renn. Men det passa heilt supert. Då unngjekk eg isen som spegla berga, og tok opp den vegen. Turen vidare oppover gjekk forbausande bra. Noko laussnø, men mest var det ganske hardt. Heile vegen opp dei bratte berga til toppen. Men derimot tok søraust-trekken ganske godt her oppe i dag tidleg. I tillegg til alle kuldegradene, gjorde dette det beinkaldt. Så sjølv om januarsola kraup opp over fjella sør om Dalsfjorden, og gav meg ein psykisk opptur, var det berre å komme seg i skjul for vinden, og få bytta kleda på overkroppen. Etter nokre fotoknips bar det ned igjen under toppen, der det er ein vindstille plass som er god å skjule seg bak når ein skal strippe i kulden...:-) Eg rennde deretter ned toppartiet. Og gjekk så vidare opp nord om fjellet, og sørvestover, først over Nipevatnet og deretter Langevatnet, til Nipebu. Eg tok ein kikk innom og sjekka at alt såg ok ut. Det var nokre veker sidan det hadde vore folk. Og temperaturen i hytta var vel omlag som den som var ute... Det var ikkje nokon grunn til å fyre opp i ovnen, for i dag ville eg heim igjen. Så etter å ha kikka litt rundt omkring både her og der, i hundehuset og utedoen, og skrive meg inn i protokollen, gjekk eg tilbake same vegen eg kom. Returen til Markavatnet er vel ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk heilt fint å renne ned igjen. Sjølvsagt med vit i det kuperte og steinete terrenget. Eg var vel nede ved bilen igjen rett etter kl 13.30. Dette var absolutt ein fin og vinterleg fjellskitur. Klart det er kaldt om dagen. Men med rette kleda er det ikkje noko problem. Som sagt før, er bøygen å halde seg varm i skiskoa og på tærne. I dag hadde eg smurt inn føtene med noko feit krem på førehand. Trur det hjelpte bra... Eg forfraus meg iallefall ikkje, sjølv om det beit godt i tærne somme tider...
Fra Fossedalshengenipa 090110

Ingen kommentarer: