lørdag 23. januar 2010

Flott trugetur

Med zoom mot Flokeneset og Florø frå Fossedalshengenipa i dag. Markahengenipa midt i bildet framme. Eg var på plass i Skjerlia litt før klokka 09 i dag tidleg for å gå på Fossedalshengenipa. Her ute hos oss har snøen minka ganske mykje no. Ikkje minst oppe i fjellet. Så det var litt overraskande at det framleis låg såpass mykje der oppe. Skia hadde eg ikkje teke med meg. Og for å vere ærleg er skiterrenget frå Markavatnet og til nord om Fossedalshengenipa so som so. (Mot Nipebu der det mykje betre.) Det er ein del hamrar, stein og skog. Men eg hadde teke med meg trugane. Og det viste seg å vere eit heilt greitt val. Det gjekk faktisk betre enn eg hadde tenkt meg, både opp og ned. Men siste ryggen opp gjekk eg på skorna. Her er det mykje avblese og nesten reine berget opp. Eg var likevel ganske så sveitt då eg nådde toppen. Så eg tok eit klesbyte der i siste vindstille skåra. Noko særleg vind var det ikkje i dag, men den som var, var dessto kaldare i kanten. Så det var same gamle historia med valne nevar og bilder som før. Ikkje for det, i det dårlege lyset som var i dag, var det avgrensa kva eg fekk ut av apparatet. På veg ned igjen traff eg forsyne meg Vigdis, Anita og Dag Tore i dag òg. Trekløveret... Vi hadde oss ein prat der nedunder Hengenipa. Dei gjekk alle tre på ski, Anita med nytt skiutstyr. Ho gliste om kapp med dei glinsande skia. Tydeleg nøgd med både ski og feller... Flott! F.v. Anita, Vigdis og Dag Tore på veg på Fossedalshengenipa i dag. Anita glisar omkapp med dei glinsande nye skia. Tydeleg nøgd med både dagen og skia... Etter nokre minuttar heldt vi fram i kvar vår retning. Og eg gjekk strake vegen til Markavatnet igjen. Turen i dag tok ganske nøyaktig tre timar, inkludert klesbyte og filming. Flott tur sjølv om lyset var dårleg.
Fra Fossedalshengenipa 230110

Ingen kommentarer: