onsdag 20. januar 2010

Det gjorde godt...

Haustbilde frå Toreheia 10/11-09 rett etter solnedgong Etter 3 - tre - dagar meir eller mindre på rumpa, kjendest føtene i ettermiddag ut som eg trur kalvane sine gjer om våren. Litt skjelvande og "skreik etter" å røre på seg. "Hopp og sprett og tjo og hei..." Men kunne jo ikkje øsa ut alt på ein gong. Det gjekk lett oppover på Toreheia. Men skiforholda er ikkje dei beste lenger. Mange plassar er det veldig lite snø. Mykje steinar og lyng stikk opp. Og no er det endå verre enn før å renne. Eg tryna fleire gonger etter å ha køyrt skituppane inn i tuer og skavlar. Akrobatikken gjennom lufta seier jo seg sjølv etter slike bråstopp! Trur kanskje trugane er å føretrekkje neste gong eg skal oppover. Eller vanlege fjellsko. For snøen har pakka seg godt i hop der han ligg etter mildvèret. Men det kjekkaste hadde vore litt meir snø... Det var elles ein frisk austatrekk midt i mot mesteparten av vegen opp. Det svei godt i kjakane... Men det er fantastisk kor det har lysna om ettermiddagen siste månaden. Ved hjelp av ein liten sigd av ein nymåne, var det lys til forbi Krikavatnet i kveld. Men her i frå og opp måtte hovudlykta fram. Snart er det februar...! Alt går rette vegen med lyset...

2 kommentarer:

AG sa...

Såg du Gaupa?

Unknown sa...

Nei, verken spora eller gaupa har eg sett. Og eg har vore opp der x-antal gonger no.
Men haren såg ut til å vere i eit lystig lune. På skaren, med eit to cm lag nysnø opp igjen på, hadde han dansa både her og der. Våryr?
Elles gjekk det nokre store revespor på austsida av Krikavatnet.
Hjorten held seg i bjørkebeltet nedom Rinda.