Facebook

søndag 31. januar 2010

Søt premie

På Fossedalshengenipa i dag tidleg Snøen som lava ned i går var nesten slik som eg hugsar det frå då eg var liten... (Då var det alltid veldig mykje snø...:-)) Eg hadde full jobb med å halde tunet nokolunde snøfritt. Difor var det litt galskap å ta avgarde på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Men eg gjorde det no likevel, førebudd på at det ville bli tungt. Rett før kl 08 var eg difor på plass i Skjerlia, og la i veg oppover i djup snø. Kor mykje tørr nysnø som låg her varierte litt. Men at det på jamna låg bort i halvmeteren er eg sikker på. Det er mykje snø å trakke spor i åleine... Og tungt vart det. Eg var allereie sveitt då eg kom bort til vatnet. Og det er jo her i frå stigninga tek til... Med fellar under skia gjekk eg likevel nesten opp kva bakkar det skulle vere. Under hammaren ovanfor vatnet var faktisk einaste staden eg tok skia av i dag, utanom på sjølve toppen. Også oppe i ura under Krokavatnet heldt eg fram med å ha skia på, og gjekk opp det bratte skråberget her. Det har no sine fordeler med mykje snø òg. Også det å falle er jo ei meir behageleg oppleving! Sjølv om det var blytungt oppover, gjekk eg likevel jamnt og trutt. Eg kava ikkje på, men tok tida til hjelp. Og oppe i sjølve bratthenget mot toppen, gjekk det forbausande lett, sjølv om det låg nesten like mykje snø her oppe. Så eg toppa ut akkurat klokka 10 i eit aldeles nydeleg solskin. Dette var verdt slitet opp. Reine gullmedaljen. Det er vel gjerne ofte slik at det du har slite mest for smakar best! På toppen var det faktisk ganske mykje is i dag. Tvilar vel på om mildvèret nådde opp hit i veka som var, så det må ha vore vinden og sola som har polert snøen. Eg tok ein del bilder før eg gjekk ned igjen same vegen. For det var ganske friskt, med god søraust trekk. Eg var kald både her og der... Eg brukte stort sett sporet ned som eg hadde gått opp. Og det vart andre bollar. Så ned igjen gjekk det fort, sjølv om eg tok eit par bilder då òg. Kjempetur igjen. Fantastisk flott å få slike vinterdagar!
Fra Fossedalshengenipa 310110

lørdag 30. januar 2010

Vinterdagar

Foto mot vest teke i bakkane nedanfor Krikavatnet i dag. Eg var i grunn innstilt på å ta det med ro i dag. Det var nemleg dels kraftige snøbyger og skodde oppe i fjellet. Så eg putla på litt heime. Tømte peisovnen for oske, fyrte i omnen og rydda uteområdet for snøen som var komen i løpet av natta. Eg vart likevel rastlaus igjen då eg gjekk i hus og tok meg ein kopp kaffi. Var liksom ikkje innstilt på å sette meg ned. Det gjer eg jo (nesten) heile resten av veka.... Så eg sa til Olaug at eg går på Toreheia, igjen, sjølv om eg nesten nett var komen ned... (Eg har sett meg eit mål der oppe som eg tenkte eg skulle gjere meg ferdig med, før eg går laus på dei andre toppane...:-)) I dag var eg iallefall ikke i tvil om at det var rett å gå opp på ski. Det hadde igjen snøa nokre cm. Så eg tok oppover i ei skikkeleg snøbyge... Det lava ned. Og ovanfor Rinda såg eg ingenting. Alt var kvitt i skodda og snøen. Og særs dårleg sikt. Så eg lurte ein augneblink på kva eg gav meg ut på... Men berre cirka kvarteret seinare, nedanfor Krikavatnet, såg eg blå himmel i sør. Det var jo oppløftande! Og etter endå nokre minuttar, klårna det faktisk ganske bra opp! Herlig! Og for eit lysspel det vart av nysnøen, sola, skodda og skyene. Nydeleg... Oppe mot toppen låg diverre skodda framleis. Så her var det lita sikt. Medan eg var der oppe merka eg at det kom nokre nye snøfjon i lufta, så no var det nok ei ny snøbyge på gang. Så eg rende ganske enkelt og greitt ned igjen til Krikavatnet, unnateke eit fall då skia stod i ro i nokre steinar og eg tryna framover og slo brystpartiet ned i nokre steinar. Jo, jo eit stk blått bryst...og nokre bannord, men ingen brotne bein. Nede på Krikavatnet var alt heilt kvitt igjen. Men det var ingen problem trass i blindeføret. Eg brukte stort sett spora min opp ned igjen. Dessutan snøa det ikkje så gale førebels, sjølv om det raskt vart tettare. Og blindeføret vart berre verre og verre. Det vart vanskeleg å renne.... Likevel gjekk det fint ned til hytta til Skåren, ved å ta tida til hjelp. Og her i frå og heim var det piano. Eg sprang mesteparten av vegen ned frå Rinda i spora eg laga opp.... Nok ein fin vintertur dette. Eg kan nesten ikkje hugse at vi har hatt SÅ mykje vinter som denne sesongen på mange, mange år. Kjekt med skikkeleg vinter...:-)
Fra Toreheia 300110

fredag 29. januar 2010

Silkeneglisje

Delvis måneskin på Toreheia i kveld. Det grøne ute i fjorden er fiskeoppdrettet. Den rosa lèten på himmelen er frå lysa i Askvoll. Foto kl 18.46 Etter å ha vore i ro fleire kveldar av ymse årsaker, var det ei sælebot å komme seg på Toreheia igjen i kveld. Eg var i grunn litt i stuss kva utstyr eg skulle bruke, anten ski eller fjellsko. Trugane vurderte eg ikkje. Eg landa på fjellsko, men kunne like gjerne teke skia fann eg ut. Sjølv om det stakk opp litt stein og lyng enkelte stadar, var det iallefall meir snø oppe no enn sist eg gjekk på ski. Det gjekk likevel greitt på berre sko òg, sjølv om eg seig gjennom den gamle snøen enkelte stadar. Den nye snøen var så tørr og fin at den var det ingen problem å trakke i. Det var nesten fullmåne i kveld. Den var praktfull på veg oppover. Midt i åsynet på meg frå Rinda og opp. Elles var det nesten vindstille, men med litt trekk på toppen. Bildet av mjuk silkeneglisje fall meg i tankane. Som eit bilda på dei praktfulle, funklande snøkrystallane som skein imot meg frå den tørre nysnøen. Fantastisk flott. Diverre forsvann månen bak nokre skyer før eg kom opp på toppen, og det tok faktisk til å drysse litt frå himmelen. Men det var så lite at det var som om det dala kvite englar frå himmelen i lyset frå hovudlykta... Praktfull tur i kveld med andre ord. Herleg å vere i gong igjen etter å ha tent mange poeng i heimen denne veka...:-))

torsdag 28. januar 2010

"Landligge"

Tilbakesyn mot Eitrenipa og skåra opp på nordsida... Bilde frå nordsida av Leknesvatna Som overskrifta tyder vart dette ei veke med komplikasjonar, så skuta kunne ikkje dra frå land... Først og fremst på grunn av møter, dårleg vèr og ein viss indisposisjon. Men no nærmar det seg helg igjen, og då reknar eg med å få oppdatert bloggen. Stay tuned...:-)

søndag 24. januar 2010

Sveitt tur

Mot Stavenesodden og Mjåset. Foto ved Fanafjellet i dag. Etter ein tidleg avslutta 50-årsdag i går kveld, var eg klar for ein ny tur i dag tidleg. Eg bestemte meg for å gå Smørskornova-Fanafjellet frå Oslandsbotnen igjen. Eg valde å ta trugane istaden for skia. Kva som var lurast var nesten litt hipp som happ. Det er veldig avblese oppe i høgda no, medan lenger nede i terrenget ligg snøen i tjukke lag. Variabelt med andre ord. Eg var på plass i Botnen i 08.30 tida og forsøkte eit stykke oppover på berre føtene. Eg måtte likevel raskt ta på meg trugane då her låg bra med snø, og eg seig igjennom. Sveitten hadde eg allereie løyst i strie straumar på toppen av Brekka!! Det låg endå meir snø frå Botnastølen og opp til Svelivatna. Men det gjekk egentleg heilt greitt med trugane oppover. I det øvste, bratte skaret var det likevel litt kinksing for å komme seg opp, men det hadde det sjølvsagt vore med ski òg. Tungt var det uansett... Det gjekk rimeleg raskt sørover langs vatna (opprinneleg var det to) og opp i Svelia. Vatna er no sterkt nedtappa. Maks? 12-14 meter ser det ut for. Vika inne mot sørenden var vassfri, så den gjekk eg beint over. Elles turde eg meg ikkje ut på... Svelivatna er no sterkt nedtappa og ikkje noko vakkert syn. Eg fann det fornuftig å ikkje gå ut på... Skaret opp mot Smørskornova var igjen ganske så tungt. I den sterkt hallande og bratte skåra måtte trugane av. Snøen var alt slags konsistensar på, frå steinhard til mjuk som eg gjekk til knea i, og til "mjøl" som eg berre sklei tilbake i. Eg måtte puste på fleire gonger opp i der, før eg endeleg kom meg opp første biten. Så var det sjølve oppstigninga på fjellet. Snøen her var noko hardare og meir pakka i hop, noko som gjorde det litt lettare. Men steik, eg var ganske pumpa på toppen i dag... Rett under toppen av Smørskornova ser vi Skålefjellet i nordvest og Førdefjorden i nord. Hytta til vèrelaget i Svedalen ser vi i litt til høgre og nede om midten. Eg tok nokre bilder, ein snutt, og fekk bytta på meg gode og tørre klede før turen bar vidare vestover. Det gjekk flott med trugar på føtene. Men dette stykket hadde nok vore minst like bra med ski, for her låg det godt med snø utover. Heilt til oppstigninga frå Siklabergvatna til Mannskaret. Her var det derimot nesten heilt fritt for snø igjen. Og ikkje mogeleg å gå på ski. Slik var det resten av vegen ut på Fanafjellet. Vilt og snøfritt. Utsikt mot Stongfjorden rett vest av Mannsskaret. Toreheia t.h. for midten. På Fanafjellet var det uvanleg stilt. Her brukar det somregel alltid å blåse. Det ser ein på landskapet òg. Snautt og goldt. Under sjølve toppen hadde vinden danna ei lang, diger og knallhard snøfonn bak ein hammar, der eg brukar å gå opp. Ofte har eg skifta klede bak denne, då her er ganske vindstille. Det såg ein greitt no med fonna som var laga. Stilig! Artig snøfonn under toppen på Fanafjellet I følge Gislefossen på vèrmeldinga i dag tidleg skulle det bli fint vèr. Eg hadde håpa på at det skulle skine opp. Men det vart det dessverre ingen ting av. Så frå Fanafjellet bar det ned igjen mot Stafsnes. Rett vest om Langevatnet (Stongfjorden) såg eg ein skikkelse komme opp på god avstand. Eg såg ganske fort kven det var. Så eg vart pratande litt med Gisle S. Han hadde delvis gått opp på ski, men dei hadde han sett av seg lenger nede. Veldig variable snøforhold! Alt etter korleis vinden hadde teke tak i landskapet. Sveittevåte som vi var begge, vart praten ganske kortvarig. På veg ned frå Fanafjellet ser vi Osland og Stongsvatnet midt i bildet. Indrevågefjellet t.h. Nede i bjørkebeltet låg det mykje laussnø. Ein brote. Her i frå og ned til fjorden. Det var jammen godt å spenne på seg trugane igjen (heiter det å spenne på seg trugar forresten?...:-)) På Stafsnes henta Olaug meg, og saman køyrde vi opp i Oslandsbotnen etter bilen min. Kjempeflott tur på 4,5 timar. Eg hadde fått køyrt meg no...:-)
Fra Smørskornova_Fanafjellet 240110

lørdag 23. januar 2010

Flott trugetur

Med zoom mot Flokeneset og Florø frå Fossedalshengenipa i dag. Markahengenipa midt i bildet framme. Eg var på plass i Skjerlia litt før klokka 09 i dag tidleg for å gå på Fossedalshengenipa. Her ute hos oss har snøen minka ganske mykje no. Ikkje minst oppe i fjellet. Så det var litt overraskande at det framleis låg såpass mykje der oppe. Skia hadde eg ikkje teke med meg. Og for å vere ærleg er skiterrenget frå Markavatnet og til nord om Fossedalshengenipa so som so. (Mot Nipebu der det mykje betre.) Det er ein del hamrar, stein og skog. Men eg hadde teke med meg trugane. Og det viste seg å vere eit heilt greitt val. Det gjekk faktisk betre enn eg hadde tenkt meg, både opp og ned. Men siste ryggen opp gjekk eg på skorna. Her er det mykje avblese og nesten reine berget opp. Eg var likevel ganske så sveitt då eg nådde toppen. Så eg tok eit klesbyte der i siste vindstille skåra. Noko særleg vind var det ikkje i dag, men den som var, var dessto kaldare i kanten. Så det var same gamle historia med valne nevar og bilder som før. Ikkje for det, i det dårlege lyset som var i dag, var det avgrensa kva eg fekk ut av apparatet. På veg ned igjen traff eg forsyne meg Vigdis, Anita og Dag Tore i dag òg. Trekløveret... Vi hadde oss ein prat der nedunder Hengenipa. Dei gjekk alle tre på ski, Anita med nytt skiutstyr. Ho gliste om kapp med dei glinsande skia. Tydeleg nøgd med både ski og feller... Flott! F.v. Anita, Vigdis og Dag Tore på veg på Fossedalshengenipa i dag. Anita glisar omkapp med dei glinsande nye skia. Tydeleg nøgd med både dagen og skia... Etter nokre minuttar heldt vi fram i kvar vår retning. Og eg gjekk strake vegen til Markavatnet igjen. Turen i dag tok ganske nøyaktig tre timar, inkludert klesbyte og filming. Flott tur sjølv om lyset var dårleg.
Fra Fossedalshengenipa 230110

fredag 22. januar 2010

Hummar og kanari

Utsikt mot Dalsfjorden og Holmedal. Foto 16/1. Eg valde å gå opp på Toreheia igjen i kveld utan ski. Det var eit stykke eg lurte på om det var eit rett val. For ovanfor Rinda og til hytta til Lasse V ligg det framleis ein del snø som ikkje ber. Og dette partiet var tungt, sjølv om det er ein del snøfrie rabbar og steinar å nytte seg av. Dette er òg ein vesentleg del av vegen. Men her i frå og opp på toppen er det omlag ikkje snø att. Alt er avblese. Fordufta. Så her er det faktisk ikkje mogeleg å gå på ski i det heile teke no. Så då er i grunn valet greitt. Ein lyt berre slite seg gjennom midtpartiet på turen. Men det er no utrulig kjekt å kunne springe litt igjen òg etter gamalt. Mykje av vegen heim kunne et nemleg det i kveld. Herlig! Elles var det såpass lyst at eg slapp å bruke hovudykta opp til Krikavatnet. Så snart når eg heilt opp etter arbeid utan lykt. Det blir kjekt. For då er det jo mogeleg å ta bilder igjen òg. Flott tur! MMS ved varden på Toreheia 717 moh i Stongfjorden i kveld

Heite hovud og barbèrskum

I urørt natur finn ein ro og kan sjå dagen i nytt perspektiv. Moldura - metaforen t.v. Foto 29/11-09 Dei siste dagane har nærast arta seg som ei einaste stor stormflo her i fylket. Trass i at vi har hatt den flottaste vinteren eg kan hugse, med nydelege tilhøve for utandørsaktivitetar i snø og is, fjell og fjord, har andre vore meir opptekne med å slenge drit. Ei stormflo av gylle... Oppkoket til heile den brune suppa var sjølvsagt Anne Viken si opptreden om Helvetestilstandane i fylket, med eit manus fullt av ukvemsord om det meste, og derpå følgjande oppslag i Firda. Same old story. Det vart ei vase utan like om bunader, nissar, ilskne folk, inkompetente folk, hjernedaude journalistear, grå gubbar, inngrodde vanar, og i det heile teke berre elende. I bilder, symbol og spissformuleringar som fleire enn meg, utan særleg utdanning, hadde vanskar med å tolke/mistolke og lese mellom linjene på. Men slik eg har forstått det no, så er det vi som bur her som er skuld i at ungdommane våre flyttar og ikkje kjem attende. Det seier Anne, gardsjenta frå Bygstad, som sjølv bur i Oslo. Sanningsvitne for utvikling av eit kult og rocka Sogn og Fjordane. Ja ha tenkte eg med meg sjølv - det her blir moro. Og klarte ikkje å dy meg. Men måtte skrive litt i metaforiske og humoristiske vendingar. (Bildet er forøvrig av son min Peter (9)på Kaizers konsert i Dale). Metaforar er visst rocka for tida. Etterpå har bombenedslaga i media hagla over fylket så moldspruten har stått frå svartaste bondelandet. Til tider pinleg og ute av proporsjonar. Og kva var den opprinnelege bodskapen som Anne moldbar? Var den jordnær - som eit bondsk landskap? Ja, nei den drukna visst i støyen frå gyllevogna... og for og mot Anne. At Firda til tider er tabloid og slær ting opp med store bokstavar, er vi vane med. Likeeins at ein plukkar ut slåande titlar og bilder. Når så journalisten som dekka det heile denne gongen hadde Anne sitt 15 siders eksplosive manus å plukke frå, kunne ein jo sjølv tenke seg resultatet. (Eller dvs. det kunne ikkje journalisten Anne Viken). Redaktøren i Firda er til tider omstridd. Og må av og til gå ut og forsvare seg sjølv, avisa og sine tilsette. Greit nok. Det ligg òg i korta. Spørsmålet er om Stang denne gongen tok vel hardt i når han på leiarplass antyder at Anne Viken kanskje må skjermast frå seg sjølv. Det er jo harde ord, sjølv om dei sjølvsagt er spissformulerte og ikkje bokstavelege. Men som vi veit skriv jo Anne V i svært store bokstavar sjølv, både om fylket, folket og media, så eg veit ikkje.... "Som ein ropar i skogen får ein svar"... Ja, ja slik går no dagane. Og det verste er visst unnagjort for denne gong. Anne er i Berlin og det er helg. Spørsmålet er kva som dukkar opp neste gong Anne entrar manesjen? Kanskje var det fleire som skulle teke fri for tastaturet og lufta seg i friluft etter kvart? Eg trur det er godt for både kropp og sjel... Eg sjølv, som sikkert er blant Anne Viken sine utvalde grå, gamle, treige og kjipe gubbar, motstandar av vindmøller og for naturvern, er meir plaga med dei personlege problema dette medfører, enn kva AV lost ut av seg. Mellom anna å skulle handle utan lesebriller. Det medførte at eg i dag tidleg, etter å ha vore på butikken i går, tok litt av den nyinnkjøpte hårgelèen i håret og oppdaga at det var barbèrgelè... Betre å barbère haka enn å kappa av seg hovudet - eller var det omvendt? Ja, ja det skummar vel friskt frå hovudet på fleire om dagen. I kuldegrader frys det sikkert til is - sikkert like lurt å la naturen gå sin gang... den lever nok i beste velgåande etter at rabulistane har fått skrike frå seg... P.S.Når det gjeld kor godt vi har det i Sogn og Fjordane, og at fleire skulle blitt klar over det, ligg det eit godt innlegg på Firda.no i dag. "Løp og kjøp...."

onsdag 20. januar 2010

Det gjorde godt...

Haustbilde frå Toreheia 10/11-09 rett etter solnedgong Etter 3 - tre - dagar meir eller mindre på rumpa, kjendest føtene i ettermiddag ut som eg trur kalvane sine gjer om våren. Litt skjelvande og "skreik etter" å røre på seg. "Hopp og sprett og tjo og hei..." Men kunne jo ikkje øsa ut alt på ein gong. Det gjekk lett oppover på Toreheia. Men skiforholda er ikkje dei beste lenger. Mange plassar er det veldig lite snø. Mykje steinar og lyng stikk opp. Og no er det endå verre enn før å renne. Eg tryna fleire gonger etter å ha køyrt skituppane inn i tuer og skavlar. Akrobatikken gjennom lufta seier jo seg sjølv etter slike bråstopp! Trur kanskje trugane er å føretrekkje neste gong eg skal oppover. Eller vanlege fjellsko. For snøen har pakka seg godt i hop der han ligg etter mildvèret. Men det kjekkaste hadde vore litt meir snø... Det var elles ein frisk austatrekk midt i mot mesteparten av vegen opp. Det svei godt i kjakane... Men det er fantastisk kor det har lysna om ettermiddagen siste månaden. Ved hjelp av ein liten sigd av ein nymåne, var det lys til forbi Krikavatnet i kveld. Men her i frå og opp måtte hovudlykta fram. Snart er det februar...! Alt går rette vegen med lyset...

lørdag 16. januar 2010

Friskt rundt øyra

Utsikt mot Dalsfjorden og Flekkefjorden frå Smørskornova i dag tidleg Hadde vel ikkje verdas best start på turen i dag, då eg med fruen i bilen køyrde meg fast i ei snøfonn utanfor kraftstasjonen i Oslandsbotnen. Eg hadde allereie brukt bilen som plog gjennom nokre av fonnene bortetter vegen til Botnen frå hovdvegen, men den siste framfor stasjonen førte til bom stopp! Olaug var berre med for å ta bilen ned i gjen, og var ikkje kledd for uteliv. Så eg måtte berre bite i det sure eplet, og grave fram snø frå under bilen åleine. Peter venta heime, rennefòket stod rundt øyra, og det var framleis ikkje heilt lyst! Ja, ja godt med litt action i kvardagen... Fekk no omsider laus bilen. Det tok vel kvarteret. Men eg ville sjølvsagt framleis gå. Noko Olaug meinte var galskap, der rennefòket stod som eit brureslør rundt hovudet på ho...:-) Og eg tok så oppover Brekka til Botnastølen. Sjølv om skaret opp frå stølen til Svelivatnet var tungt i djupsnøen som hadde samla seg, gjekk det likevel rimeleg greitt. Her er det litt livd for søraustvinden. Men den fekk eg til fulle igjen oppe på kanten ved vatnet. Det viste seg å vere mykje nedtappa sidan eg var her 2/1. Svære isflak låg langs land. Reine kaoset. Så slik det såg ut i dag, tok eg ikkje sjansen på å gå sørvest over vatna. Men sjølv om eg måtte ha av meg skia ved demninga, gjekk det fint og raskt opp i Svelia. Skaret opp frå dalen til Smørskornova gjekk derimot seigt. Det er bratt opp her. I tillegg låg snøen som mjøl oppatt på ei hard yte, noko som gjorde at kvart skråtak med skia oppover, førte til at eg sklei halve steget tilbake... I brattaste partiet på toppen følte eg meg ikkje heilt trygg for å segle endå lenger nedover...! Men opp kom eg meg. På sjølve oppstigninga på Smørskornova måtte eg ha av meg skia til å begynne med. Her er det ein hammar som ikkje er heilt god å ta seg opp med ski på føtene. Slik snøen ligg no. Men nokre meter lenger oppe, på nordvest sida, var det på igjen med skia, og då var det ikkje så lange biten igjen til topps. På toppen tok vinden godt sjølvsagt. Rennefòket og snøen stakk som nåler i fjeset. Men eg fekk teke nokre bilder med vinden i ryggen, før eg rennde ned igjen på sørvestsida som sist. Faktisk viste spora mine frå 14 dagar sidan mange plassar på ruta vestover Langevatnet og Siklabergvatna. Her var det nesten heilt stilt utover på grunn av fjellformasjonane. Så det gjekk raskt og greitt vestover. Faktisk veldig fint, sjølv om sola var lite tak i og mykje av dette partiet er skuggelagt. Vinden fekk eg likevel til fulle igjen ved Mannsskaret og vest mot Fanafjellet. Det bles så det ylte rundt øyra. For vinden kjem som ut frå ei trakt her oppe, med Moldura i vest og Bakkefjellet og Blåfjellet i aust som vegger på kvar side. Gòvet av snøen og vinden stod som eit piskande og evigvarande slør rundt kroppen. Og i verste kasta hadde eg problem med balansen. Men eg beit tennene i hop og kom meg til slutt opp på Fanafjellet. Her bles det noko infernalsk. Så eg kom meg raskt vidare nordvestover med retning Stafsnes. Heldigvis fekk eg vinden i ryggen no. I tillegg spakna han rimeleg fort av, så det meste var over. Nestigninga til Stafsnes gjekk ganske greitt. I djupsnøen og gjennom bjørkeskogen er det jo grenser for korleis ein kan renne. Så eg tok det heilt piano nedover. Jepp, då var lørdagsturen over. Flott, luftig og friskt får eg seie.
Fra Smørskornova_Fanafjellet 160110

torsdag 14. januar 2010

Stjerner og rennefòk

Soloppgang på Fossedalshengenipa 9/1 Sidan det var meldt meir vind i morgon, gjekk eg like godt opp igjen på Toreheia i kveld òg. Det var stjerneklårt som i går, men no var søraustvinden begynt å ta godt oppe i fjellet. Så godt at rennefòket til tider sto rundt øyra. Spesielt ovanfor Krikavatnet og mot topen tek denne vindretningen veldig godt. Dette gjer at ein får vèret og drevet midt i fleisen på veg opp. Bakkane er i tillegg ganske så bratte frå før av. Så noko lettare blir det ikkje av dette. Men pytt, det var no slett ikkje så gale i kveld. Det har visst vore verre før....:-) Elles er det veldig godt med skitreninga i det siste. Føler meg mykje tryggare no. Og renn mykje friare. Ja, det var faktisk moro ned igjen i dag. Trass i berre lyset frå hovudlykta. Så dette teiknar bra. No får vi berre håpe at vi framleis kan behalde litt skikkeleg vinter, og ikkje får synnavèr med regn igjen. Det ville vere trasig!

onsdag 13. januar 2010

Ein smak av føn

Foto frå Fossedalshengenipa 10/1 I dag var overskotet og lysta på fjelltur tilbake. Eg går aldri når eg ikkje er opplagd til det. No kan ein vel seie at di meir ein går di meir opplagd blir ein. Det er rett trur eg. Men ingen regel utan unntak. Turane lørdag og søndag sat nok litt i trass alt. Og noko kvile gjer berre godt... Så eg tok opp på Toreheia etter arbeid. Med ski og hovudlykt. Det var ein heilt annan temperatur i dag enn det har vore på lenge. Vinden var nesten fønaktig der oppe. Og det såg faktisk ut som snøen hadde minka på bergnakkane, der det var blese av frå før! Iallefall var det mykje stein og lyng som stakk opp, nærast overalt. Så eg måtte absolutt vise litt varsemd ned igjen så ikkje fellene gjekk til pisis atter ein gong. Stålkantane har jo heller ikkje særleg godt av stein! Men elles vart det ein veldig flott tur både opp og ned under ein praktfull stjernehimmel... Herleg!

søndag 10. januar 2010

Once more with feeling

Agnar på veg oppover mot Nipebu i dag tidleg Fossedalshengenipa i dag - igjen...:-) Eg var i grunn mest innstilt på å gå same turen frå Oslandsbotnen i dag som forrige helg, men sidan Agnar ville gå på Nipebu, slo eg følgje. Så eg møtte han i Skjerlia klokka 8.30, og saman gjekk vi oppover. Agnar hadde smurt skia, medan eg gjekk på feller. Det siste var nok det luraste. For eg sat som spikra fast i bakkane i det kuperte terrenget oppover. Kompisen sleit vel litt meir. No var ikkje Agnar tenkt å gå på Fossedalshengenipa. Så ved Krokavatnet gjekk eg i førevegen, medan han gjekk vidare til Nipebu og fyrte i ovnen. Eg gjekk den same ruta vidare opp som i går. Å kome på toppen av Fossedalshengenipa, kjem du berre på ein måte. Du kan sjølvsagt kome gjennom Fossedalen frå sør (frå Skjerlia kjem du frå nord), men sjølve oppstigninga på skråberga, er den same. Eg fekk første sola for dagen i ansiktet i starten på den bratte stigninga. Dei snødekte bakkane, steinane og graset som stakk opp, vart gullgylte i lèten. Fantastisk fint! Morgonstund har gull i munn! Første solstrålane for dagen i starten på siste oppstigninga på Fossedalshengenipa... Berga opp gjekk heilt topp. Kjekt å kjenne at kroppen fungerer når du tek i litt. Piece of cake å toppe ut i ein køyr... Det var litt vind på toppen i dag òg. Omlag som i går. Men det virka mildare. Og så var eg ein halvtime seinare enn i går. Det var nydeleg i januarsola. Men eg skifta likevel på meg nokre tørre klede. Så var det tid for å knipse nokre bilder, pluss ein videosnutt. I det eg heldt på med dette, såg eg Agnar komme fram til Nipebu. Ein svart flekk som bevega seg i siste bakken opp ved utedoen. Artig! Eg rennde så ned igjen frå toppen, og tok opp ruta nord om Fossedalshengenipa til Nipebu. Ankomst Nipebu i dag. Hytta t.h. Nesten framme ved Hytta gjekk eg gjennom noko sørpe på vatnet. Eg såg Agnar hadde gjort det same, så eg prøvde å gå utanom, men det gjekk ikkje vel for det. Skia og fellene vart våte, og isa med ein gong. Siste biten bort til hytta gjekk eg berre på nokre isstokkar. Det rauk frå pipa på hytta då eg kom fram. Agnar hadde fått god fyr i ovnen. Men termometeret viste framleis 10 grader minus inne. Og det tok si tid å få gradestokken opp på plusssida ... Eg tok skia i hus, og fekk vekk mesteparten av isen, og tina resten. Det gjorde godt med nokre skiver og varm solbærtoddy. Sjølv om det var kaldt inne, var det herleg å sitte framfor ovnen og slå av ein prat. Ein passiar med Agnar på Nipebu i dag... Ei god stund seinare, etter at vi hadde fått temperaturen nokolunde opp i hytta, la Agnar seg likegodt til å kvile. Sidan eg var vekke fleire timar i går, fann eg heller ut at eg skulle sjå heim att til middag. Så eg gjorde meg klar, og sa farvel til Agnar i denne omgang. Eg tok ein ganske så lang omveg på vatnet, frå der vi gjekk gjennom i sørpa i stad. Det hjelpte diverre lite. Eg trakka gjennom, og alt skiutstyr vart til is - igjen. Helleveien! (Eg brukte verre ord der oppe...) Eg banka og slå på isen under fellane. Men det var som å skvette vatn på gåsa - for å bruke det uttrykket. I enden av Langevatnet, på veg opp i Nipevatnet, greidde eg endeleg å få av meg skia, og med ein del møye klarte eg å få av fellane. No var skia så blanke som ei barnerumpe under. Og null feste! Men dei gjekk som eit olja lyn kan du skjøne. Så Nipevatnet gjekk fort. Eg stava heile vatnet til endes på kort tid. Verre gjekk det sjølvsagt i bakkane opp frå vatnet til nedstigninga nord om Fossedalshengenipa. Det var eit slit. Men herifrå og ned var det heldigvis mykje unnabakke.... med fare for liv og helse...:-) Eg fekk problem igjen nede i ura. Skia var som spikra i skiskoa. Alt var is. Eg sladda meg difor ned det bratte skråberget, og kom meg inn igjen på sporet nedom ura. Hah - det gjekk som smurt. Reine risikosporten...:-) Verre vart det ned hammaren ovanfor Markavatnet. Skia var håplause å få av skoa. Til slutt tok eg rett og slett av meg skoa på bindingane, og gjekk laus med all kraft med vrikking og vriing. Og jammen fekk eg skoen laus til slutt. Så det same med den andre. Den hadde eg nesten gitt opp då eg fekk han av! Eg var gjennomsveitt og letta. Men siste stykket rundt vatnet og til bilen gjekk eg til fots - og heldigvis ikkje på sokkelestane...:-) Ein utruleg flott tur med innlagd action var til endes. Ei god erfaring rikare i alle kuldegradene. Når alt frys til is er det ikkje lett. Anten det er vatn eller skiutstyr! Likeeins er det vel med oss menneske...
Fra Fossedalshengenipa 100110

lørdag 9. januar 2010

Frisk skitur

Soloppgang på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Gradestokken vist 12 minus heime på Yndestad i dag tidleg i 7.30 tida. Eg var klar for skitur på Fossedalshengenipa. Det var kaldt. Men ikkje for kaldt. Eg køyrde difor i Skjerlia, og var oppe omlag då det var nok lys til å gå. Litt etter kl 08. Det var kjekt å oppdage at det var skispor oppover. Eg kryssa fingrane for at dei gjekk lengst mogeleg. For det var ein del laussnø og måtte trakke i utanom spora. Skispora tok diverre brått slutt rett før ura nedom Krokavatnet. Snøen låg til gagns her. No som sist eg var oppe. Men opp ura er det ikkje mogeleg å gå på ski uansett. Så dei tok eg av, og bakse meg opp gjennom laussnøen. Somme stadar gjekk han til livet på meg. Og på jamna opp på låra. Heldigvis er dette partiet av ruta ganske kort. Så rett ovanfor alle steinane, der berga hallar og det brukar å vere glatt, var det nesten ikkje snø igjen. Alt var blese av, utanom nede i slukta der elva renn. Men det passa heilt supert. Då unngjekk eg isen som spegla berga, og tok opp den vegen. Turen vidare oppover gjekk forbausande bra. Noko laussnø, men mest var det ganske hardt. Heile vegen opp dei bratte berga til toppen. Men derimot tok søraust-trekken ganske godt her oppe i dag tidleg. I tillegg til alle kuldegradene, gjorde dette det beinkaldt. Så sjølv om januarsola kraup opp over fjella sør om Dalsfjorden, og gav meg ein psykisk opptur, var det berre å komme seg i skjul for vinden, og få bytta kleda på overkroppen. Etter nokre fotoknips bar det ned igjen under toppen, der det er ein vindstille plass som er god å skjule seg bak når ein skal strippe i kulden...:-) Eg rennde deretter ned toppartiet. Og gjekk så vidare opp nord om fjellet, og sørvestover, først over Nipevatnet og deretter Langevatnet, til Nipebu. Eg tok ein kikk innom og sjekka at alt såg ok ut. Det var nokre veker sidan det hadde vore folk. Og temperaturen i hytta var vel omlag som den som var ute... Det var ikkje nokon grunn til å fyre opp i ovnen, for i dag ville eg heim igjen. Så etter å ha kikka litt rundt omkring både her og der, i hundehuset og utedoen, og skrive meg inn i protokollen, gjekk eg tilbake same vegen eg kom. Returen til Markavatnet er vel ikkje så mykje å skrive om. Det gjekk heilt fint å renne ned igjen. Sjølvsagt med vit i det kuperte og steinete terrenget. Eg var vel nede ved bilen igjen rett etter kl 13.30. Dette var absolutt ein fin og vinterleg fjellskitur. Klart det er kaldt om dagen. Men med rette kleda er det ikkje noko problem. Som sagt før, er bøygen å halde seg varm i skiskoa og på tærne. I dag hadde eg smurt inn føtene med noko feit krem på førehand. Trur det hjelpte bra... Eg forfraus meg iallefall ikkje, sjølv om det beit godt i tærne somme tider...
Fra Fossedalshengenipa 090110

torsdag 7. januar 2010

Mot stjernene

Frå Toreheia 717 moh kl 19 i kveld Det var 11 minusgrader då eg kom heim frå arbeid i dag. Strålande vèr. Eg pakka difor nokre gode klede i sekken, kledde meg sjølv og la i veg oppover på Toreheia på ski. Og for ein flott tur. Gnistrande føre, glitrande snøkrystallar, funklande stjernehimmel og heilt vindstille! Stavane spraka av den tørre og samanpakka, kalde snøen. Det kunne ikkje blitt finare. Eg gjekk med feller, så om snøen var trå gjorde det ingen ting. Til og med på toppen var det dammande stilt. Så om det sikkert var 15-16 minusgrader, så kjendest det ikkje så gale ut sidan vinden uteblei. Sjølvsagt merka eg det når eg vrei av meg alle kleda på overkroppen og skifta til nye og tørre, men då var eg så varm at det gjorde ingen ting. Kleda rauk som frå ein varm hest i kulden...:-) Ned igjen tok eg det ganske så med ro som hin dagen. Ikkje lett å renne i lyset frå hovudlykta på skiftande føre. Og mange plassar er det både steinar og lyng som stikk opp av snøen, der denne har blese av. Men eg kom meg heilskinna ned igjen i kveld òg:-) Eg har merka at Olaug har vore litt meir skeptisk på desse kveldsturane mine på ski på fjellet no når det er så kaldt. Men det går heilt fint berre ein tek det med ro og ikkje bryt seg sund. For du skal ikkje liggje så lenge skada der oppe no før det kan bli alvor. Elles er det ingen problem med kulden. Faktisk berre friskt og godt, berre ein har med seg rette kleda.

tirsdag 5. januar 2010

Kulde på Toreheia

Vill i blikket frå blitzlyset på toppen av Toreheia i kveld...:-) Det var ein sur austavind i Stongfjorden då eg kom heim frå arbeid i stad. I tillegg til nokre kuldegrader i lufta, var det rimeleg kaldt. Eg bestemte meg likevel for å ta oppover på Toreheia med hovudlykt og fjellski. Det var første turen i år med den kombinasjonen av utstyr. Ei blanda erfaring kan eg vel seie. No er det ikkje heilt enkelt å renne når snøen skiftar frå skavlar, skare, fokksnø og til laussnø i same bakkane. Endå verre er det sjølvsagt å skulle vurdere snøen i lyset frå hovudlykta i fart. Så eg må innrømme at det gjekk litt på halv åtte ned igjen. Men å ta sjansen på nokre stunt der oppe i kveld, i mørkna og isande kulde, var rett og slett uforsvarleg. Så eg tok det heilt piano. På sjølve toppen var det bitande kaldt i austavinden. Toreheia ligg egentleg veldig eksponert til for vèret frå alle himmelretningar. Men i kveld var det ganske spesielt. Nevane vart nærast til is på nokre sekundar. Og jammen tok det ei stund før eg fekk kjensla igjen. Det vart umogeleg å fotografere. Og eg måtte berre komme meg i bevegelse og nedatt der i frå. Vel nede igjen på Krikavatnet var endeleg nevane begynt å "tine opp". Elles fungerte kleda heilt utmerka. Ingen problem med kulden elles. Eg kjøpte meg ein ny Devold Expedition Ullongs i dag. Den var heilt super. Varm og behageleg. Elles brukte eg Vaselin på BC-bindingane. Problemet med ising som eg hadde hin dagen, var ei saga blott i kveld...! Ei grei erfaring rikare. Ei vinterleg turoppleving kan eg vel trygt kalle dette...:-)

lørdag 2. januar 2010

Magisk start på det nye året

Kaldt, stilt og fint på Smørskornova i dag tidleg Eg køyrde opp i Oslandsbotnen i dag tidleg noko før kl 09, og ville gå på ski på Smørskornova og vest til Fanafjellet med retur på Stavsnes i Stongfjorden. Det var nettopp lysna av dag. og oppe i Botnen svei den kalde austatrekken som knivar i ansiktet. Det var vel ein 10-12 minusgrader kan eg tenkje meg. Skikkeleg friskt med andre ord. Det gjekk fint opp Brekka. Tek alltid nokre minuttar før ein kjenner at kroppen kjem i siget. Eg måtte dekke til fjeset oppe i bakkane. Det var bitande kaldt. Austavinden hadde blese stien rein for snø på toppen. Men det låg nokre skikkelege fonner i lè av nokre steinar. I skaret opp frå Botnastølen til Svelivatna, låg snøen derimot i tjukke lag. Første delen var noko tung. Men det kom seg mot toppen. Den raude morgonsola farga sørsida av Skålefjellet i rosa morgondrakt. Fantastisk flott! For ein vinterdag. Gnistrande snøføre og frisk kulde. Skålefjellet i rosa morgondrakt og månen er med... Svelivatna er regulerte. Men etter tjukna på isen som låg oppe på land, tok eg likevel sjansen på å gå inne vatna. Litt å spare på dette i forhold til å klive langs land og over demma midt på første vatnet. Over det smale partiet som deler vatna, var det derimot sørpe under snøen. Vart litt usikker på dei greiene, men heldt likevel fram inn heile vatnet utan problem. Det bratte skaret opp frå det vestre Svelivatnet mot Smørskornova var tung. Djup snø somme plassar, men mot toppen var snøen blitt ganske hard av vinden. I det brattaste og hardaste partiet fann eg ut at det var liten vits å sjå seg ned igjen. Opp måtte eg... I første delen på oppstigninga av sjølve fjellet litt lenger oppe måtte eg av med skia. Snøen rakk meg til livet, og eg hadde faktisk problem med å forsere første nakken. Men etter litt kaving gjekk det greitt. Flott syn på toppen av Smørskornova i dag tidleg... På toppen fekk eg dei første solstrålane for dagen i fjeset. Opptur. Psykisk stimuli. Og etter at eg fekk bytta klede var Adam i paradis. Nydeleg. Gnistrande vinter og nyttår. Det kunne jo ikkje bli betre. Eg måtte berre lage ein snutt på kameraet i tillegg til bilda. Etter å ha filma litt, rennde eg ned igjen på sørvest sida av fjellet og ned på Langevatnet. Hekkelfjellet låg drapert i vare rosa januarstrålar. Og T-en "min" der oppe i synsranda skein velkomen. Eg var på heimebane. I det flottaste skiterreng ein kunne tenkje seg. Heilt ute ved kysten. Fantastisk. Det var ein dag ein kunne ta med seg til dei evige jaktmarker... Eg rennde vidare ned på Siklabergvatna som låg i skugge, gjekk over vatna og heldt fram opp under Svarthamrane. Her opnar landskapet seg mot sør igjen og Holmedal og Holmedalsfjella dukkar opp. Likeeins Dalsfjorden. Sola spegla Blåfjellet og Blåfjellsåta i gull. Blåfjellet, Blåfjellsåta og Holmedal bada i januarsol... Rett vest om Mannskaret er det to vegar ein kan velje vidare utover til Fanafjellet. Over høgste hamrane med utsikt til Stongfjorden. Eller rett sør om, med utsikt til Dalsfjorden. I dag valde eg sistnemnde. Stien føl nærast ei hylle under toppen på fjellet. Men i dag låg her så mykje snø at stien halla ganske så bratt rett ned. Her valde eg difor å ta av meg skia for ikkje å risikere noko. Følte meg litt tryggare då. Men det gjekk heilt fint. Det som ikkje gjekk så fint var at BC-bindingen fraus til etterpå slik at eg ikkje fekk fast skoen. Men litt kluring og til slutt litt frisk og varm ånde løyste floka. Likevel - dette er eit lite aber med desse bindingane no når det er så kaldt. Kanskje litt Vaselin på førehand hjelper på isinga. Eg fekk på meg skia igjen og kom meg raskt og fint ut på Fanafjellet. Her viste det seg at det hadde vore folk i går. Og etter litt filming, høyrde eg stemmer nede i lia. Etter eit minutt dukka ein raudkledd skapning opp. Det tok meg 2 sekund å gisse på kven det var, Vigdis, og litt lenger bak Anita og Dag Tore. He he, skulle du sett slikt. Det var nesten heilt tima. Så då måtte vi jo fotografere litt... Eg traff to blide damer... ...og ein blid mann på Fanafjellet i dag... Det tok likevel ikkje så mange minuttane får kulden beit seg fast. Så eg svinga vestover igjen, og tok til på nedstigninga mot Stavsnes. Øverst oppe var snøen nesten heilt avblesen. Og det gjekk over mark og lyng. Lenger nede i lia låg snøen i djupe lag. Her gjekk eg på 4 hjortar òg. Dei hadde greve etter lyng og gras fleire plassar. Eg heldt meg heilt roleg til dei hadde komme seg lenger vest. Eg fann greitt ned igjen etter merka til Ansgar Bjarne. Litt verre var det sjølvsagt å skulle stå på ski etter stien. Nesten nede igjen måtte skia av, og då isa bindingen igjen, så då vassa eg resten av stykket ned til hovudvegen. Turen varde nesten 5 timar. Ganske krevjande, men aldeles praktfull. Kjempestart på det nye året..:-))
Fra Smørskornova_Fanafjellet 020110

fredag 1. januar 2010

Årets første skitur

Toreheia i føremiddag. Eg må seie det var litt rart å skrive 010110 i dag. Det virka som det var eit eller anna feil med datoen. Men rett er det no visst likevel. Eg var nemleg opp igjen på Toreheia i føremiddag. Fjerde dagen på rad! Men denne gongen tok eg skia med. Eg bar dei opp på Rinda, men gjekk der i frå med dei til topps med fellar under. Det var ei kjekk oppleving. Slapp absolutt å løfte føtene så mykje i all snøen. Og sjølv om eg trakka gjennom med skia òg i laussnøen, gjekk det ganske lett opp dei bratte bakkane. På toppen var det noko snøføyke av austavinden. For vinden tok ganske bra i dag. Noko som gjorde det ganske så kjøleg på toppen. Godt då å ha rette og varme klede å få skifte på seg. Eg var litt redd for kameraet på grunn av den veldig finkorna snøen som fauk rundt hovudet, men eg tok no likevel sjansen på nokre klikk der bak varden. Det gjekk sjølvsagt radig ned igjen med ski på føtene. Det er lenge sidan eg har stått på ski, men det var faktisk moro. Spesielt å stå litt utfor. Og modigare vart eg vel litt etter kvart. Dette gav absolutt meirsmak...! Fin start på det nye året...:-)
Fra Toreheia 010110