tirsdag 31. mars 2009

Ville dyr

Eg og hjorten såg deler av lyset frå oven...! Motiv frå topp-platået på Blægja i fjor.... Eg må innrømme at eg har harselert med hjort og hjortejegarar opp gjennom åra. Mykje på spøk. Mange er lette å terge. Eg et sjølvsagt hjortekjøt. Og anna kjøt for den del. Alt går ned når ein er svolten. Og spesielt når ein har vore på fjellet. Men nokon stor fan av hjortekjøt er eg ikkje. Det finnst betre proteinkjelder. Eg har sjølvsagt heller ingenting mot hjortejakt. Jakt er viktig for å regulere stammen. Men no høyrer eg at inne i Sogn fòrar dei hjorten med rundballefòr slik at han ikkje skal svelte i hel. Andre meiner at dette er for å få opp stammen slik at avskytinga skal bli større og dermed inntektene av utleiga meir lukrativ (garantert fangst...) Problemet er vel at ein kan få små og svake dyr, og ikkje "survival of the fittest" ved å mate opp hjorten.... Men egentleg har eg ikkje så mykje greie på det, og har i grunn ikkje tenkt å bruke noko meir tid på det heller i so måte. Men at det er pengar i hjortejakt, er det liten tvil om. Tilbake til dei meir trivielle sider ved hjorten, så ser eg veldig mykje hjort på mi daglege pendling frå Stongfjorden til Førde og heim igjen. Om ikkje kvar dag, så nesten, avhengig litt av årstida. Enkelte morningar er dei i hopetal langs heile vegen til Førde. Ofte med stor fare for nærkontakt av tredje grad, heldt eg på å seie. Ja, det er med naud og neppe eg har komme meg unna kollisjonar dei 10-12 siste åra. Slike historiar kan eg vel snart fylle ei bok med. Det som er litt artig kvar vår, er når vi stiller klokka fram og hjorten ikkje gjer det... Då kryr det etter vegane og på bøane ein periode. Og dei gidd ikkje eingong lette på hovudet når eg sveivar ned ruta og helsar God Morgon herr hjort. Fullstendig oppslukt av nye vårspirer på bøane. Litt uforskamma spør du meg... Her hin morgonen tok likevel kaka. Med full oppbremsing og høgre hjulparet i grøftekanten, stogga eg akkurat slik at hjorten stod på hi sida av sideruta der eg sat, med ca 10 cm klaring mellom oss. Eg hadde sjølvsagt hjartet i halsen, og det spørst om hjorten ikkje hadde det same, for då eg skrudde ned ruta og kjende pusten frå dyret, var vi som fastfrosne i tid... I mange sekund vart vi ståande slik å stirre kvarandre inn i auga. Båe to nærast takknemmlege for å vere like heile. Før hjorten snudde på seg og tusla tilbake same vegen han kom frå.... Eg kjem på haren i vinter. Òg som ein flott nærkontakt eg ikkje gløymer. Det er ei veldig spesiell oppleving å komme så nær inn på levande ville dyr... Og som før nemnt til hjortejegarar og andre - eg likar dyra best i live...! Når dei er daue er dei i grunn ikkje så mykje meir å sjå på eller oppleve... Seinare Så vart det ein tur på Hjartåsen i kveld òg. Fekk på meg ei snøbyge på toppen, men den gjekk fort over. Vått og gjørmete i terrenget gjorde at eg såg litt herja ut etter å ha sprunge ned igjen...:-)

mandag 30. mars 2009

Råflaks

MMS frå Hjartåsen i kveld... Sidan min Sony Ericsson 850 sa takk og farvel for seg etter x-antal gonger våt, kjøpte eg meg ein ny 720 som skal tole betre vatn. Denne er på 3,5 megapixlar i motsetnad til hin på 5. På det siste bildet ser vi i aust Moldura, Kalderasnipene og Dokka med Eidsvatnet i midten. Det var elendig vèr då eg reiste heim frå jobb i Førde i stad. Det bles, sludda og regna. Skikkeleg ufyseleg. Eg bestemte meg for å ta det heilt piano når eg kom heim. Middag, fyr i ovnen og avisa med meg på sofaen ilag med favoritt-teppet mitt... Men då eg kom over heia opna himmelen seg ute mot havet og englane dala ned, les:sola skinte sine vårstrålar... Det var som om nokon hadde fyrt på meg bak... Gløymt var alle tankar om sofaen der og då - hvis ikkje det snudde att til eg kom heim! Eg kom meg i hus, skifta i ein fei, og køyrde rett til Askvoll. Fantastisk flott. Sola varma meg i ryggen opp Askdalen, og eg formeleg sprang opp bakkane. Knall! Eg vart nesten ikkje andpusten eingong. I nysnøen på toppen var det ikkje eit spor, så folk hadde det ikkje vore her i dag. Eg tok fram mobilen og knipsa nokre bilder i farten, før det bar ned igjen så spruten stod. Du verden - trur det gjorde godt med den 6-timars turen på lørdag. For eg var ikkje trøtt i det heile tatt då eg kom joggande ned igjen til bilen! Og snakk om flaks - då eg såg meg tilbake opp dalen kom den hagl/regn/snø byga ned fjellet der eg nett hadde vore. Eg lo godt i bilen opp igjen då uvèret dundra i frontruta med vindusviskarane på full speed...Flaks!

søndag 29. mars 2009

Forbikøyringar er fali` det

Fantastiske påskeforhold ved Nipebu. Bilete frå i går... Av alle ting reiste Olaug til Askvoll i dag tidleg for å lage pølser. Eg er jo oppvaksen med at slikt handlar vi på butikken. Kanskje like glad for det, sidan eg då ikkje veit kva som er inni... Eg har høyrt rykte om litt av kvart (brukte nyrer og lever har eg litt problem med)! Men dette resulterte sjølvsagt i at Peter og eg måtte halde fortet.... Dagen grydde jo med eit fantastisk vèr. Heldigvis hadde eg fått rasa av meg ein del i går, så rastløysa over å ikkje komme meg avgarde på tur var tåleleg. Så Peter og eg kosa oss heime i føremiddag. Pc og spel, og appelsin på altanen i sola. Greitt soleis, å ha alt ein treng innafor rekkevidde...:-) Vi har som ein regel at Peter ikkje får ringe eller kontakte kompisar før kl 10 i helgane. Han er oftast oppe ilag med meg i 6-tida. Så ofte lyt vi halde han att med dette. No vart på ein måte klokka 10 fort i dag, så då avtalte han med Andreas om å komme her. Det er kjekt når "einebarnet" vårt har selskap. No kom Olaug igjen på same tid som Andreas kom, så då var eg ikkje sein om å komme meg ut av huset. Eg var inne på tanken om Eitrenipa igjen, men let det vere med tanken... Eg var litt metta av dei 6 timane i går. Og så ville jo mykje av søndagen òg gå med hvis eg gjekk inn igjen der... Nei, det fekk vere med ein rask tur opp og ned på Hjartåsen. Eg visste eg hadde nokre damer framfor meg på grunn av bilane på parkeringsplassen. Men kven det var, såg eg ikkje før i boka oppe på fjellet. Då viste det seg at dei var 10 min føre meg, men hadde gått den vanlege ruta aust om toppen. Truleg var dei der då eg kom opp. Iallefall tok eg dei att bakfrå då eg kom springande ned brattaste bakken. Dette kvapp dei visst så dei hoppa høgt av... Andre gongen på kort tid dette, om ikkje akkurat med same damene! Eg må visst ligge tidleg på hornet framover...:-)

lørdag 28. mars 2009

Draumetilhøve ved Nipebu

Frå Eitrenipa og Nipebu i dag Godt klokka skal stillast i kveld, for eg vakna grytidleg som vanleg i dag. Det var nesten klårt og eit par minusgrader ute. Sjølv om Blægja murra i bakhovudet, var eg likevel ikkje heilt mentalt klar for den turen. Det vart, heldt eg på å seie som vanleg ein laurdag, 30 poeng-turen på Eitrenipa. Men eg avtalte heime at eg sikkert vart ein del seinare enn vanleg, for var det bra forhold, tok eg med ein tur ut på Nipebu og sjekka den. Som sagt så gjort. Det var god skare oppover. Og det gjekk som det susa. Faktisk viste spora mine frå forrige lørdag. Og Leknesvatna såg beinfrosne ut. Eg vart likevel litt paff oppe i det smale partiet, for der halla snøen bratt utfor fjellet i dag. Austavinden hadde endra vinkelen på snøen. Og den var delvis hard. Med litt fuglar i magen gjekk eg bestemt og støtt på tvers over og svinga opp. Puh, var like greitt at eg hadde bestemt meg for å gå ned att Eitreskaret. Der er det ikkje så bratt... Knipsa som vanleg litt bilder der oppe. Er jo stort sett same motiva frå gong til gong. Men det endrar seg no litt med snø og lys. I dag var det aldeles praktfullt. Sol og blå himmel. Og aust mot skaret og ned bølga snø, skavlar og landskap i flotte formasjonar og skuggar. Nydeleg! Eg følgde sånn cirka den merka løypa som går frå Massbu og vidare vestover til Nipebu. Det vil seie, det ein ser av den no pga snøen. Dei fleste vardane er nedsnøa, men somme stikk opp. Og litt merke viser på trea ned til sørenden av Krokavatnet. Det vart litt tyngre utover enn eg hadde tenkt. For som sist eg gjekk her, låg det meir snø på denne sida av fjella enn nordafor. Snøhinna som ikkje bar opp igjen på skaren, var tung å trakke gjennom og dra skorna opp igjen til neste steg.... Her oppe og vestover var det sjølvsagt ski ein skulle hatt. For det var nydelege forhold til det. Eg kom meg likevel greitt ut på Nipebu. Sveitt, men ved godt mot:-) Og Langevatnet låg drivande kvitt med snø. Det var ingen problem med å gå dette vatnet heller. Kjempegreie! Og vatna ser absolutt ut til å halde på isen til påske. Eg sat ei stund i solveggen på Nipebu og naut livet. Litt kaloriinntak og litt saft. Det sitla og rann av taket, endå det framleis var ganske tidleg på dag. Praktfullt. Det var som teke ut av ein snutt om draumepåska... Etter å ha kosa meg der i solveggen ei stund og tenkt over livet, fann eg likevel ut at det var best å ta turen heim igjen til familien. Eg hadde ikkje avtalt å bruke heile dagen heller. Så eg gjekk difor strake vegen over Langevatnet og Nipevatnet til Markavatnet og bilen igjen, og var der ca klokka 13, nesten 6 timar etter at eg starta... Kanontur, verken meir eller mindre! No er det berre å krysse fingrane for vèret til påske...
Fra Eitrenip_Nipebu 280309

fredag 27. mars 2009

Kaldt austadrag

Kontrast til det forrige bildet! Kom over eit bra bilde som viser heile Langevatnet ved Nipebu med hytta litt til venstre i midten. Bildet er teke frå Høgeholten under Fossedalshengenipa. Det vart ein ny tur på Hjartåsen i kveld. Ein dag i ro fekk halde. Var i grunn ikkje tenkt å gå, men det passa så bra heime, og då var eg i grunn ikkje så sein i snuen..:-) Har tørka bra opp nede i bakkane no. Bra. Men det var ein isande kald austavind i kveld, og snøen som ligg igjen oppe ved toppen var knallande hard. Eg har eit indre drag mot Blægja no. Men trur det får vente denne helga òg. Har lyst på skikkeleg fint vèr første turen...:-) Så i morgon? Blir vel Eitrenipa då...:-)

onsdag 25. mars 2009

Ein stille kveld

For akkurat eitt år sidan, 25/3-08, låg det eit godt snølag på ruta til Skylefjellet... Alden og Høgeheia i øvre høgre kant. (MMS) Ja, eg var ned igjen på Hjartåsen i ettermiddag òg. Ein fin og stille vårkveld med nokre snøfiller i lufta på toppen. Ikkje eit menneske å sjå. Eg tenkjer det må bli ein kveld pause i morgon. Det er jo snart helg igjen:-)

tirsdag 24. mars 2009

Ei vanleg trimøkt

Fann eit herleg bilde frå Blægja i fjor vår. Vi går inn i ei flott tid.... Vi ser heile vestryggen. Rutene opp er på kvar side av ryggen, opp ura t.v eller opp skåra t.h. På denne turen gjekk eg opp ura og ned skåra... Vel, det var ikkje nett slike forhold på Hjartåsen i ettermiddag som på bildet. Det sette nemleg i å lave ned med snø, og på toppen låg det skodde. Det var rett så folksomt der oppe, då eg tok igjen tre kjende karar frå Askvoll (Svein, Johan og Vidar)oppe i bakkane. Og i tillegg kom Vigdis ned frå toppen då eg gjekk inn i siste bratta opp. Elles var det ei fin trimøkt igjen...

mandag 23. mars 2009

Corpus vitale

Askvoll frå Hjartåsen i kveld Eg er ofte trøtt når eg kjem heim etter ein arbeidsdag og pendling til Førde. Men det merkelege er at når eg først får blodpumpa i gong opp gjennom bakkane, er det som om all trøttleik er blåst bort. Ja, det er som om kroppen vaknar til liv etter ein dvaletilstand på kontorstolen og i bilen. Slik var det på Hjartåsen i ettermiddag òg. Di lenger eg kom meg opp gjennom di fortare og lettare gjekk det. Slowstarter!? Heilt aldeles nydeleg å kjenne at kroppen fungerer, og at det er meir go å hente. Knallbra. Det går av seg sjølv! Slikt gjer styrke og motivasjon vidare...:-)
Fra Hjartåsen 230309 + diverse d.d

søndag 22. mars 2009

Frisk morgontrim

Utsikt mot Dale og Dalsfjorden frå toppen av skaret på sørvest sida av Blægja i mai i fjor. Ein rask og god morgontur opp igjen på Hjartåsen i dag tidleg. Ingen hadde vore der sidan eg var der i går ettermiddag. Det var friskt... Skodde og regn som gjekk over til sludd og snø i stigninga mot toppen. Med lite klede og utan byteklede, vart besøket av kort lengde. Eg sprang heilt ned igjen, og kom meg i dusjen heime så fort som eg kunne...:-) Og no har eg fyrt i omnen, og fruen har laga raspeballar...:-) Eg gler meg til å gå i "koma" snart...:-)

lørdag 21. mars 2009

Yr vårglede

Eg stoppa på veg til jobb 19/3 og tok dette bildet av Heilevangstaurane. Det er praktfull utsikt frå krysset til Solheimsdalen mot staurane og Blægja. Då eg er reint øsen i dag, tok eg meg likegodt ein svipptur på Hjartåsen òg. Kjensla stod visst i stil med lukta nede på Ringstad. Årets første gylle svei i naseborane. Då lukta det betre av bròtebrenning på veg opp Askdalen. Ikkje så mykje å skrive om egentleg anna enn eg eg gjekk raskt opp, og sprang ned igjen. Kveppte visst godt to damer som eg kom springande fort på bak i frå oppe i dalen...:-) Forbikøyringar oppe i dalen har sine sider det òg.... Men no er det nok for i dag - eg er svolten etterkvart...:-)

Blindeføre

Eitrenipa i dag kl 8.45. Kringla t.v. og Heileberget t.h. Eg har hatt eit eggande behov for årets første tur på Blægja. Diverre vart det ikkje i dag heller. Overskya og skodde appellerte ikkje vermessig for den turen så tidleg på året. Kanskje neste helg? Det vart difor til at eg tok ein tidleg morgontur på trimposten på Eitrenipa igjen. Starta å gå kl 07 frå Markavatnet! Er jo begynt å bli ein standardtur dette òg...:-) Så eg følgde stort sett spora frå torsdag. Men snøen var ganske roten blitt på to dagar. Heldigvis heldt stort sett spora. Det flate lyset gjorde konturane i snøen uleselege. Veldig blindeføre... Eg gjekk inn vatnet i dag òg. Men no er det heilt i grenseland av at eg torer dette lenger. Trakka stort sett i sørpe heile vegen inn til austenden på det vestlege vatnet. Sjølve oppstigninga gjekk greitt. Eg følgde spora frå før, og dei var ganske faste. Så det gjekk lett(!)... Oppe i det smale og hallande fjellet, var den blaute snøen frå torsdag no frosen på. Ligg obs måtte eg vere. Glir ein her er det takk og farvel! Beingrinda finn interesserte igjen nede under fjellet! På toppen var det ikkje same stemninga som på torsdag nei. Litt vind, og utsikta var no so som so. Skodde i Blægja, og blytunge skyer på veg både i sør, vest og nord. Eg knipsa difor berre nokre få bilder, var bort på sørvaden og gjorde det same, og tok skaret ned igjen. Eg gjekk ikkje ut att vatnet, men sørsida. Det var ganske tungt, då snøen ikkje bar. Men eg kom meg ut og ned igjen utan problem.... Og i Markavatnet var klokka ikkje meir enn 10.15 då eg sette meg i bilen... Det hadde jammen gått unna! God trening i dag òg:-)
Fra Eitrenipa 210309

torsdag 19. mars 2009

Påskekjensle

Fantastiske forhold på Eitrenipa i ettermiddag. Utsikt vestover med Langevatnet, Nipebu og Fossedalshengenipa midt i bildet. Tok å avspaserte eit par timar i dag og fekk lys nok til tur på Eitrenipa i Askvoll i ettermiddag. Dette er ein 4-5 timars tur. Det var fantastiske forhold. Snøfritt første delen gjennom blandingsskog med for det meste furu. Insekta svirra rundt solvarma einer. Ganske tørt i terrenget. Vidare oppover var det snøføre og den bar for det meste. Kun i parti med mykje solinnstråling var det blautt. Leknesvatna var ei litt spanande affære. Trakka gjennom eit sørpelag, men i botnen heldt stålisen frå i vinter framleis stand. Ein sparer ein halvtimes tid ved å gå over vatnet. Eg gjekk i kun ei tjukk Devold trøye frå start til topps med ei Arcteryx goretex bukse og stillongs under. Eg hadde fint klart meg utan stillongsen for buksa måtte eg sette på full utlufting i sidene.. Det var vår... Vidare opp skara mot toppen var nysnøen frå forrige veke endå ikkje festna heilt. Så der trakka eg gjennom øverste laget. Litt tungt. Slitet gløymer ein fort når ein står på toppen og har panoramautsikt i alle himmelretningar. Det var første turen i vinter eg ikkje trong vottar i det heile teke. Det klukka til og med vatn under snøen i skaret heilt oppe ved toppen. Fullstendig vindstille, sol og god temperatur. Fantastisk flott. Skikkeleg påskestemning! Topp motiverande til nye vårturar, frå grøne bøar ved fjorden til snødekte fjell. På eit par timar. Ingenting slår Vestlandet om våren...:-)
Fra Eitrenipa 190309

tirsdag 17. mars 2009

Ein rask ein...

Blegja kallar.. Vi ser Lisjehesten og Storehesten Eg greidde å smyge inn ein rask tur på Hjartåsen i kveld òg. Men ein viss logistikk måtte til då fruen drog på kino i Førde på "Menn som hater kvinner" eller var det omvendt...:-)Så eg kom meg greitt opp og ned til Peter var ferdig på barneidretten. Ned sprang eg heile vegen som vanleg, og det var heldig, for eg hadde ikkje før sett meg i bilen så hølja det ned! Herleg - av og til er det kjekt å le litt med seg sjølv...:-)

mandag 16. mars 2009

Vårkjensla tok overhand

Mobilen på varden: Himmelen var som av gull nord for Alden i kveld òg... Veit ikkje heilt kva eg tenkte på då eg tok på meg dei låge Lowa Jannu skorna på Hjartåsen i ettermiddag. Det var jo heilt bak mål. Men det var vel for at eg kunne springe litt lettare enn med fjellsko. For i tillegg til sommarsko tok eg berre ei joggejakke utanpå Brynje trøya. Akkurat det siste var det ingen problem med, men på føtene vart eg kliss allereie på vegen opp... Det var jo søkkvått underlag, noko eg sjølvsagt også visste... Ja, ja det går litt fort i svingane av og til. Spesielt når eg skal på fjellet etter arbeid:-) Elles vart det ein nydeleg kveld igjen. Og sola har visst for vane å dukke opp nord om Alden kvar gong eg toppar ut der nede. Faktisk nesten som eg ventar det no! Då er det for fint til ikkje å knipse litt. Men i dag hadde eg berre mobilen for hand... Herleg å få bevege seg etter arbeid...

søndag 15. mars 2009

Lemster sundagsmorgon

Vèrendring på gang. Nye skyer sig inn frå havet mot Stavenesodden i dag tidleg. Eg var faktisk stiv både i føter og skuldrar i dag tidleg etter påkjenninga i går. Nei, eg må nok investere i eit par gode trugar. Det er jo nesten litt idiotisk å slite seg totalt ut i djup, roten snø... Og sige til knea i meir snø i dag var difor heilt uaktuelt.... Eg tok meg såleis ein tidleg morgontur på Hjartåsen i Askvoll. For å bli kvitt litt støle lemmer. Her nede ligg det berre litt snø heilt oppe mot toppane. Eg skreiv meg inn i boka 8.50 denne fine morgonstunda, og sprang til bygds igjen. Undervegs traff eg nokre personar på veg opp... God og sveitt morgontrim:-)

lørdag 14. mars 2009

Gjennom skjærselden

Påskestemning og praktfull utsikt til Skjerlia i dag... Kva var det eg fann på i dag? Eit blodslit av ein annan verden.. Ein kraftanstrengelse av dei sjeldne.. Som eg egentleg var godt klar over på førehand... Ja, eg gjekk frå Markavatnet litt før 07 i dag tidleg. Det regna lett. Eitrenipa låg gøymd i skodda... Men meldingane var flotte, og eg stolte på dei. Det gjekk lett opp omlag til strengen ved elva. Her i frå og opp var det blaut snø. Den rakk meg frå midt på leggen til opp til knea. Eit slit. Oppe ved vatnet var eg på nippet til å gje heilt opp. Eg tok sjansen på å gå ut på. Og sakk gjennom til midt på leggen i snøsørpe. Vatnet gjekk til ankelen for kvart steg. (Men sjølvsagt hadde eg gamasjar). Eg var svært usikker på om dette gjekk, for eg køyrde halve staven (eg brukar 1.20 cm til vanleg) gjennom sørpelaget. Men det virka fast i botnen.... Eg bestemte meg for å gå over på sørsida av vatnet i staden for inn heile.... Men dette resulterte i ein svært så strabasiøs tur på denne sida av vatnet, før eg i det heile teke nærma meg Eitrenipa. Sveitten sila av å vasse i den djupe og tunge snøen. Opp og ned fleire bratte bakkar i det kuperte terrenget, før eg til slutt nådde bort i den lange og bratte "grasbakken"! Fytti rakkaren. Eg var heilt køyrd, før eg i det heile teke tok til på sjølve klyvinga mot toppen... Snøen låg minst like djup opp bakken og opp skara som nedanfor. Berre at her var den relativt tørr. I det lange skaret opp, måtte eg stanse og puste fleire gonger... Når det blir veldig slitsomt tel eg til 20 steg om gongen. Det hjelper litt med slike minimålsetjingar...:-) På toppen var eg utmatta. Skikkeleg! Eg fekk bytta Devold`en av ull som eg hadde som einaste plagg under Arctèryx goretex jakka. (Den var minst fire gonger så tung som vanleg...) Herleg å få på seg Brynje-trøya, ny hue og vottar. Det bles surt på toppen... Eg fekk i meg noko saft og sugde i meg ein XL1 pastill. Så gjekk eg bort på sørtoppen og knipsa litt bilder her òg, før eg tok ned igjen same vegen. Eg bestemte meg tidleg for å ta den vanlege ruta ned igjen til austenden av vatnet. Og gjekk heile vatnet vestover, i staden for det enorme slitet på sørsida. Det surkla for kvart steg ut heile vatnet... Jammen heldt Lowa skorna meg tørr endå. Takk til all impregneringa... Men eg følte meg langt frå trygg der ut på. Eg gjekk med lause stavar. Alternativet var verre... for kreftene... Eg kom meg likevel heilskinna over. Og tok meg 10 minutts pause og nokre nøtter og rosiner i lyngen før nedstigninga til fossen. Då kom sola for fullt. Fantastisk! Det var nesten som lyngen brann under meg på denne forblåste plassen. Nydeleg utsikt bort på Fossedalshengenipa i sør. Blægja og Eitrenipa i aust og Skjerlia, Florø og øyane ute i havet i vest. Her renn elva ut frå Leknesvatna i fleire avsatsar med lagunar mellom, før den dannar ein nydeleg foss utfor ein stor hammar og renn vidare ned dalen mot Markavatnet.... Dette er ein av dei finaste plassane eg veit. Eit eldorado - å, eg gler meg til sommaren! Du verden, det skal bli mange flotte turar opp hit. Kanskje ta med teltet og Peter å fiske som før... Eg var glad då eg kom meg ned forbi den tunge snøen. Eg var segjen. Og tryna og braut staven. Klassisk karbon-knekk! Heldigvis har eg ein i reserve frå det gamle paret... Og reservedeler har eg visst plenty av etterkvart... Ja, ja ikkje hjelp i å gråte over spillt melk... 5 timar med blodslit var iallefall over... Og jammen var eg glad eg hadde vore åleine...
Fra Eitrenipa 140309

fredag 13. mars 2009

Hjarte i brann

Nydeleg på Hjartåsen i kveld òg... Kjempeflott trimtur på Hjartåsen i Askvoll rett etter jobb. Går fint å komme seg heim og få skifta, nå toppen og ned igjen, før det blir mørkt no. Men middag har eg ikkje tid til:-) Eg traff min gamle turkamerat Vigdis på returen hennar nedom toppen. Vi slo av ein liten passiar der i den flott kvelden. For det var nok ein nydeleg kveld. Alden sto i brann i kveldssola og havet låg blikk. Fantastisk! Og i morgon er det faktisk meldt bra vèr igjen, så då så...:-)
Fra Hjartåsen 130309

torsdag 12. mars 2009

Fødedagar

Blikkstille fjord frå Størdal 10.mars Ja, om våren blir alt fødd på ny. Slik er det visst med folk og gebursdagar òg. Her er eit race om dagen-og det held seg visst ut i april... No har det vore feira i dagesvis for Peter (9) og fleire står for tur. Og så er det alle kakene og restane.... Til dagleg smakar eg ikkje sukker i det heile teke. Og klarar meg fint utan. Men det sosiale i slike samankomstar medfører sjølvsagt både eitt og fire stykke med søtsaker. Det har jo som resultat at blodsukkeret mitt fyk i vèret og eg blir "rusa". Ja, det har sikkert same virkninga som narkotika eller eitt eller anna slikt... Og eg blir både sveitt og manisk:-) Og etterpå er det ubehageleg! Sukker er styggedom... No gler eg meg iallefall til helga. Etter to dagar på ræva og inntak av rusmiddel, må kroppen reinsast. Med kroppen sitt naturlege rusmiddel - endorfinar! - Rein luksus:-)

tirsdag 10. mars 2009

Vårkveld

Praktfull tur på Hjartåsen i Askvol i kveld. Då sola slo gjennom skoddelaget i vest og spegla seg i det blikkstille havet, kunne ein bli reint, ja, varm om hjarta…! Havet låg rosa frå Alden til Staveneset. Det var som om tida stod stille…
Fra Hjartåsen 100309

søndag 8. mars 2009

Eit delmål

MMS frå Høgeheia i føremiddag. Champagnen manglar... Ja, då var årets første delmål i havn på Høgeheia i føremiddag. Vel to månader før skjemaet i fjor... Desse trimturane har no for det meste vore for å halde forma vedlike i vinter. Og det har fungert heilt utmerka. No startar alvoret med dei andre toppane. Det lysnar, og snart stiller vi klokka, så då blir kveldane lange etterkvart. Det skal bli kjekt å få litt forandring i kosten...:-)

lørdag 7. mars 2009

Stongfjorden frå sør og nord

Staveneset og Høgeheia frå Hjartåsen i dag (litt rennefòk og teke med zoom).. Eg stod tidlegare på dag og såg motsett...:-) Eg vakna tidleg og stod opp 5.30. Herleg ro i huset om morgonen når dei andre søv. God frukost. Dagsnytt og vèr klokka 6. Litt surfing og ein kikk i dagens Firda... Eg var på nippet til å ta avgarde på Eitrenipa. Men var veldig usikker på snøforholda der oppe. Tung sigesnø ved vatna? Held isen endå? Eg slapp egentleg å lure så lenge. For då eg henta Firda i 6.30 tida, var vinden begynt å dundre skikkeleg inn i fjellet her oppe. Den første snøbyga jaga òg over fjellet nord på Atløyna og Heggøyna... Nei, svarte heller då vart det berre "låglandsturar" denne helga òg... Så eg køyrde på Staveneset og gjekk på Høgeheia litt før 8. Heilt greitt. Piano. Det låg noko nysnø oppe ved toppen. Eg knipsa eit par, tre mobilbilder. Sveitt undertøy tapte fort varmen der i vinden. Så eg sprang ganske kjapt ned igjen, og var i hus att før 9.30. Hadde ein litt morosam passiar med Olaug då eg kom igjen. Ho trudde nemleg eg reiste på fjellet då eg henta Firda, altså før 6.30..:-) Så ho hadde lege i senga og tenkt at no trengte han verkeleg hjelp..:-) For å få litt meir ut av det, køyrde eg noko seinare til Askvoll og gjekk på Hjartåsen for første gong. Enkelt å finne fram. Fjellet ligg midt i åsynet i enden av dalen. Veldig greitt fjell og passeleg god stigning mot toppen. Og utruleg fint å springe heile vegen ned igjen. Det losna godt då... Dette skal bli moro. Herleg fjelltrim:-)
Fra Høgeheia_Hjartåsen_070309

fredag 6. mars 2009

For trimmen sin del

Næraste "naboen" vår på sida av fjellet er Svanøya i Stavfjorden. Her er eit bilde av ein av idyllane der... Trass i ei sørgeleg veke med omgangssjuke kom eg meg likevel på Høgeheia i stad òg. Eg beit i meg det meste opp bakkane... Vèret var like gale som tilstanden innvortes. Skodde, vind og regn som gjekk over til sludd oppe mot toppen. Eg kom meg fort ned igjen der i frå tynnkledd som eg var... Noko særleg betre utsikter til godvèr i helga er det heller ikkje, snarare tvert imot... Trasig turvèr om helgane no gitt! Trøsta er at kveldane snart kan nyttast til fulle på litt lengre oppdrag..:-)

torsdag 5. mars 2009

Våren sig inn fjorden

Høgeheia 5/3 Eg kjende tydeleg våren på veg Leikande vindar i kropp og i sjel Var vinteren så galen likevel? Kvar dag er då noko for seg... Snart yrar det liv i fjære og fjell Folket kan springe frå vask og stell Livslysta blømer så finn deg ein ven Som tykkjer du er både livleg og pen... Gustav no

onsdag 4. mars 2009

Ein real omgang

MMS:Bygda frå Yndestadfjellet Ei omgangssjuke kan sette sjølv den tøffaste ut av spel. Eg har trøysta meg med det dei to siste dagane. Utan å gå nærare i detaljar, kan eg love at eg kjem sterkare att...

mandag 2. mars 2009

Første vårmånaden

Frå Høgeheia i kveld ca kl 17.45. Vi ser vestover mot Alden, austover mot Stongfjorden og nordover mot Florø Fin treningstur på Høgeheia i kveld òg. Det heldt seg akkurat opplett. Flaks igjen. 3 ørner sveva majestetisk over området på toppen. Eg såg føre meg vindturbinar og lapskaus....

søndag 1. mars 2009

Friskt oppe på fjellet

MMS frå Høgeheia kl 09 i dag tidleg I dag var ein av dei dagane då det blas utruleg mykje meir oppe i fjellet enn nede ved fjorden. Den låg nesten dammande stille då eg køyrde i Hollevika kl 08. Men allereie oppe i skaret bles det godt. Og på ranen som ligg rett nord av Granesundet, kom vinden voldsomt frå sør-søraust. Det var difor tungt å ta seg opp den lange og litt bratte bakken i den sterke motavinden. Ekstra god morgontrim med andre ord:-) Vinden er eg så vand med at det går heilt greitt. Så gale at du må halde deg fast i det du finn for ikkje bli blåst av garde, er det heldigvis sjeldan det er. Og det var langt i frå det i dag. Faren er likevel å bli blåst overende på alle hamrane og steinane i kasta som brått kjem. For her er lite vegetasjon som tek av hvis du dett.... (Hjelm har eg ikkje lyst å begynne og gå med...:-)) Elles var eg særs heldig med nedbøren. Det heldt seg opplett heile vegen opp og ned igjen. For å få litt ekstra intensitet spring eg i Hollevika. Det var bra, for regnet begynte akkurat då eg runda Staveneset i bilen. Bløyte aldeles... Då kan vi fyre i ovnen og gjere oss klar til 5-mila. Så kjem Marie igjen frå Spania... Og sidan er det feiring av Tora sin 1-årsdag... Slag i slag, men eg er klar...:-)