søndag 15. november 2009

Ny vri

Foto frå turen på Toreheia i dag... Det vart ei våt og hustrig oppleving på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Det regna og bles det meste av turen. Og sjølv om det var ganske mildt i vèret, var det sjølvsagt kaldt i vinden, regnet og skodda på toppen. Etter alt regnet som var kome ned i natt, var det veldig vått i terrenget. Det sitla og rann over alt. Men Scarpa skoa heldt heldigvis væta ute. Fotoapparatet let eg ligge att i bilen. Eg tok ikkje sjansen på å ta det med. Det var dessutan ikkje så mykje å ta bilder av heller. Med skodde på toppen og alt meiner eg. No vart det opplett siste delen av turen ned igjen. Så eg knipsa eit par bilder med mobilen ved Grunnevatnet. MMS ved Grunnevatnet i dag. Det var særs vått over myrane. Vel heime igjen fekk eg av meg det sveittevåte tyet, skifta på meg nytt tørt, både inntil kroppen og utanpå, og gjekk ganske på direkten på Toreheia "her heime". Vèret var no mykje betre. Opplett og mildt. Så etter å ha gått opp den vanlege ruta, nesten til hytta til Lasse, tok eg opp på Yndestadfjellet og gjekk kanten av fjellet over Stongfjorden inn på Toreheia. Her tok søraust vinden så det reiv godt i kroppen. Eg knipsa nokre bilder ut fjorden i det skiftande lyset. Fint. Herleg utsikt. Også heim og inn i sentrum av fjordbotnen... Flott utsikt heim og inn i Stongfjorden frå Yndestadfjellet. Det bles ein del så bilda er ikkje heilt optimale. Foto i dag. På toppen av Toreheia tok vinden godt. Men heldigvis var det opplett. Eg skreiv meg inn i boka og tok nokre bilder, før eg gjekk ned igjen den vanlege merka ruta til Krikavatnet. Artig var det å sjå at isen eg låg på på fredag, i dag var borte. Det flaut nokre restar inne på austsida av vatnet, men jammen var resten smelta. Der han heldt meg på fredag. Ganske så utruleg kva denne milde og salte havlufta effektivt fjernar av is og snø når vèret snur frå kaldt til mildt. Det er gjort på eit blunk... Frå hytta til Lasse og ned igjen på Rinda og heim, sprang eg. Godt å få ta ut litt ekstra. At forrige veke var ganske roleg kjende eg godt i dag. Mykje meir å gå på i dag, sjølv om venstre kneet herkjer som det har gjort....
Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 151109

Ingen kommentarer: