lørdag 7. november 2009

Langt og godt

Utsikt mot Flekkefjorden frå Smørskornova frå turen i dag Sjølv om meldingane for morgondagen er betre enn i dag, tok eg likevel ut på ein litt lengre tur. Vèrmessig bar dagen preg av overskya vèr og noko vind på toppane. Eg gjekk frå Skjerlia. Og var der noko før 07 i dag tidleg. Det var sjølvsagt framleis mørkt, så eg gjekk med hovudlykt. Stien var frosen. Og påminninga fekk eg allereie på veg bort til Markavatnet då eg slo kolbøtte og landa på ryggen. Like heil, men skrifta stod på veggen eller eit kvart slikt... Isen var stadig skummel der i mørket. Terrenget var ganske vått etter forrige helg. Og issvullar og frosne parti på berga måtte eg absolutt vere på vakt for. Farten måtte òg ned. Fordelen med denne situasjonen var likevel åpenbar. Myrar og småvatn var frosne. Spesielt nedanfor Krokavatnet var det bra! Her er det ofte så blautt at skotyet må vere av beste klasse for å komme seg tørr over. Oppe under Fossedalshengenipa, der stien vidare opp tek av frå DNT-stien til Nipebu, var det begynt å bli så bra lyst at eg gøymde hovudlykta. Her oppe var det ganske kjølig i austavinden. Men heldigvis var dei bratte berga til topps tørre av all vinden. Så vidare opp var det ingen problem med is. Eg skreiv meg inn i boka kl 08.05. Det var framleis ikkje heilt lyst. Og bilda ser eg vart i mørkaste laget. Men ei stripe av gullfarga himmel prega morgonen i aust. Ikkje nokon praktfull soloppgang, men likevel vakkert. Vinden tok på den andre side skikkeleg i kroppen, 713 m.o.h. Det vart difor ganske fort kaldt. Eg tok difor ned igjen same vegen, og gjekk DNT-løypa vidare mot Nipebu. I skaret mellom Fossedalshengenipa og Høgholten fekk eg dagens første og nesten einaste besøk av sola. Det er jo alltid ei positiv oppleving. På Nipebu var det folketomt. Heller ikkje hadde det vore nokon sidan forrige helg. Hytta var difor kald, men eg skreiv meg inn i hytteboka for syns skuld. Og etter ein kort rast, gjekk eg vidare inn sørsida av Langevatnet og tok løypa til Stongfjorden. Det er eit godt stykke frå Nipebu til Stongfjorden. Som organisert tur er den vel stipulert til 7 timar. No brukar ikkje eg så lang tid då, men likevel er det litt krevjande. Terrenget er kupert med bakke opp og bakke ned. Og det tek tid berre å komme seg inn forbi Langevatnet og starte klatringa opp igjen på fjellet vestover. Men løypa er egentleg ganske grei. Sjølv om enkelt raude T-ar skulle vore oppattmåla, er det så bra varda at det ikkje er noko problem å finne vegen. Retningen seier seg sjølv, men det er ein klar fordel å følgje løypa. For det er lett å gå seg fast eller havne opp i urar og ulendt terreng, hvis ikkje. Spesielt inn under Vardenova mot øvst i Langedalen er dette viktig. Her det hamrar, urar og sva. I dag var her mykje issvullar i tillegg, så eg brukte litt tid på å komme meg ned. Forsvarleg. Vidare utover var det i grunn litt same leksa. Isen som låg på lur var stadig skummel. Eg var klar over at Dag Tore, Anita og Vigdis var i området utanfor. Då eg kom opp på ryggen på Smørskornova frå nordaust, såg eg dei gå ned bakken mot nordenden av Langevatnet (Holmedal). Kva veg dei ville ta opp var eg ikkje sikker på, men rekna med dei ville ta sørsida der eg valde å gå ned igjen. Det vart bom. Eg hoia og skreik då eg kom ned mot Langevatnet igjen, og dei gjekk opp nordvest sida av fjellet. Trur dei høyrde meg. Namnet såg dei iallefall i boka hvis dei såg meg gå vidare vestover... Eg tok meg ein velfortent kvil ved Siklabergvatna. Dagens einaste av noko betydning. 4 skiver gjekk rett ned og eg fekk i meg noko XL-1. Så gjekk turen vidare vestover. Under Svarthamrane med flott utsikt til Dalsfjorden, Straumsnes og Holmedal, Dokka og Moldura. Eit nydeleg turterreng her oppe. Deretter forbi toppem på Mannskaret, der det som vanleg bles godt, med flott utsikt til Stongfjorden. Og vidare oppstigninga til Fanafjellet 782 m.o.h. rett nord for Moldura. I vinden her oppe tok eg berre nokre bilder, før eg var valen på nevane og gjekk ned mot Langevatnet (Stongfjorden) - tredje Langevatnet for dagen eg passerte...:-) Deretter mot hytta til Frode G, før nedstigninga av Gjerdedalen på vestsida av elva. Til bygds kom eg noko før kl 14, der Marie kom og hente meg. Ganske lang tur dette. 7 timar inkluderte ein ganske kort matpause. Nokon sinke er eg vel heller ikkje rekna for å vere...:-) Flott lørdagstur...
Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova_Fanafjellet 071109

Ingen kommentarer: