Facebook

mandag 30. november 2009

Vinterklede

Bilete frå Blegja i haust Etter turane i helga, tok eg det heilt med ro i familiens skjød i kveld. Godt med fyr i omnen og litt ro i heimen.... Og ute fell ei og anna snøfille. Berre så vidt det kvitna over. Antydning til julestemning. Og på onsdag er det fullmåne. Vi får satse på eit par fine kveldsturar med hovudlykt seinare denne veka . Eg fekk spørsmål om kva klede eg brukte i går. Så eg laga ei komplett liste over klede og utstyr med linkar. (Alt dette kan eg absolutt anbefale hvis du er på jakt etter noko.) Devold-trøya vart bytta på Smørskornova med Brynje-trøya. Her vart òg resten av kleda tekne på. Utapå-jakka pakka eg ned igjen halvveges, men resten nytta også siste del av turen. Det er viktig med tørre, lette og varme klede i vinterfjellet. Arcteryx Gore-tex jakke og buksa vart ikkje tekne med i går. Heller ikkje dunjakke frå Mountain Hardwear. Det var tørt og ikkje så (veldig) kaldt i går... Arcteryx Gamma softshell-bukse Janus stillongs Brynje Arctic Zip Polo Devold Expedition trøye Janus Ullboxer Safa Raggsokkar Scarpa Ladakh Norrøna Gamasjar Outdoor Research vottar Outdoor Research Winter Trek Hat Outdoor Research Peruvian Hat Marmot Balaclava Specter Pullover Rab Generator Smock Rab Drillium Jacket Black Diamond karbonstavar Mountain Hardwear dunjakke var ikkje med i sekken i går, men er ein fordel om det blir kaldare.

søndag 29. november 2009

Fantastisk vintertur

Første solstrålene for dagen på Blegja og Storehesten. Foto frå Smørskornova i Rivedal i dag tidleg kl 9.37. Eg vakna som vanleg i 6-tida og kjende etter stoda i venstre kneet. Ikkje så verst. Berre litt stivt. Eg låg 5 minutt og tenkte på alternative turruter. Og fann ut at Smørskornova-Fanafjellet frå Oslandsbotnen skulle bli fint. Stjernene glitra nemleg inn i senga. Så slo det meg at det kunne høve med tida frå det vart gålyst til å komme opp til soloppgangen. Eg stod opp og fekk i meg havregrauten. Det var bekmørkt ute. Det var berre å roe seg heilt ned ei stund. Etter å ha kosa meg med kaffi ei tidleg, stille morgonstund medan dei andre sov, pakka eg sekken, kledde meg og køyrde på Osland. Klokka var akkurat passert 8 då eg kom inn i Botnen. Det var såvidt lyst nok til å gå oppover utan hovudlykt. Minusgradane kjendest kalde. Det var ikkje så mange av dei. Men kombinert med ein frisk austatrekk svei dei godt i kjakane. Eg gjekk berre med ei tynn ulltrøye under den lette Rab Drillium jakka. Og hadde teke på stillongs under softshell buksa. Eg kom meg raskt opp til Botnastølen. Det raude morgonlyset fekk austsida av Skålefjellet til å skine i dei brune haustfargane. Skålefjellet skin i raudt i tidleg morgonlys i dag Botnastølsvatnet glitra av sølv. Bekken frå Porten klukka. Hytta låg med skoddane for. Minne om gamle dagar. Eg gjekk raskt opp skaret til Svelivatna. Stien var delvis frosen. Men ikkje så glatt. Væta som var blitt til is på stein og hamrar måtte eg derimot vere ekstra obs på. Vatna var nesten fylte heilt opp (regulerte). Eg heldt fram sørover vestsida av vatna, og opp i Svelia. Morgonskodda låg trolsk oppe i Vardenova. Nysnø og kaldt såg det ut til. Det var så stilt. Så fredeleg. Ikkje ein lyd frå det lysnande landskapet. Det er som om bagatellar i livet forsvinn slike stunder. Småtteri i den store samanhengen blir ikkje eksisterande... Eg gjekk vidare opp i dalen. Fekk hytta til vèrelaget og Morkstølen i syne. Haustfargane skein. Heldt så opp skaret i sør til oppstigninga på nordsida av Smørskornova. Her kom eg opp i første snøen for dagen. Snøen viska ut fargane. Jamna landskapet. Frå nordsida av Smørskornova ser vi ned i Svedalen. Vèrehytta midt i bildet. Ein bit av Førdefjorden i bakgrunnen. Eg følgde eit hjortetrakk opp på toppen. Så fekk austavinden tak. Det var som is på huda gjennom jakka og den sveittevåte Devold-trøya. Eg måtte berre komme meg fort i skjul og få på meg tørre og varme klede. Frå det flate toppartiet dukka Storehesten opp i aust frå morgonskodda. Eit fantastisk skue! Storehesten stikk opp som ein jakel i aust. Varden på Smørskornova er minimal. Det er nesten ikkje skjul å finne i det heile teke. Men eg hadde ikkje noko val. Kleda måtte av. Det var forfriskande i austatrekkem kan eg vel seie. Eg hadde akkurat fått på meg tre nye lag med klede. Ny ull, Primaloft dun, vindtett "skjørt", ny hue, balaclava og jakke. Likevel følte eg meg lett og ledig. Varmen formeleg seig inn... Då stod sola opp! Perfekt! Akkurat som eg hadde tenkt heime i senga. Sjølv om eg ikkje hadde peiling på kor tid sola stod opp, var det som om naturen sjølv hadde tima det for meg... Soloppgang frå Smørskornova i dag tidleg. Vi ser inn Flekkefjorden. Nesten rett i sør kom den gule, livgjevande kula sakte stigande opp over horisonten. Flekkefjorden låg i skodde. Delvis Dalsfjorden òg. Blåne i blåne i sør. Skoddedottar. Eit lysscenario baud seg fram for dei vidarekomne. Første søndag i advent. Utsyn over vidder, fjell, brune dalar og snø. Snøen ja. Han var rosa i dei første strålane for dagen. Men det var kaldt. Nevane var kjenslelause etter eit par minuttar med kameraet i nevane. Varden er ikkje stor på Smørskornova. Skålefjellet og Svarthamrane i Stongfjorden i bakgrunnen. Snøen skein i rosa farge i dei første strålane for dagen. Eg fann fram dei gode vottane. Men var likevel komen heilt ned og vest igjen til Langevatnet (Holmedal), før eg fekk varmen igjen i nevane. Du kan nesten skrike så vondt som det gjer når følelsen kjem igjen i fingrane. Så blir det varmt. Glovarmt... Hekkelfjellet spegla seg i vatnet då eg passerte. Raudleg i lèten. Vakkert. Romantisk. På nordsida av Hekkelfjellet mot Siklabergvatna gjekk eg ned att i skuggelandet. Det svei i kjakane. Eg blanda meg noko XL1 og fekk i meg noko nøtteblanding. Det gjorde underverk opp bakkane på sørsida av Svarthamrane mot toppen av Mannsskaret. Hekkelfjellet speglar seg i Langevatnet som er delvis frose. Her ute er det utsikt nord igjen til havet, Stongfjorden, Toreheia og mot Osland. Eg såg faktisk at det låg skodde på fjella på nordsida av Stongfjorden. (Eg fekk etterpå vite at Olaug var på Toreheia med Sissel). Og etter oppstigninga i vest mot Fanafjellet seig skodda inn mot meg òg. Det var likevel ikkje mange minuttane det var heilt kvitt, før det letna igjen. Då eg stod der og tok nokre bilder, dukka det opp ein person i vest. Jammen var det ein Stongfjording òg. Ansgar Bjarne i friskt morgondriv! Han skulle oppom Moldura. Vi vart pratande litt om ruter og anna. Det viste seg at han hadde merka ruta han brukar å gå frå Stafsnes. Det var den retningen eg var tenkt å gå ned i dag òg. Han sa at der var det berre han og hjorten som gjekk. Så etter å ha preika litt der i kulden (kulde og sveitte er ein dårleg kombinasjon), tok eg ned på vestsida av Langevatnet (Stongfjorden) og fann løypa hans med ein gong. Og lat meg slå fast: Ansgar Bjarne har gjort ein kjempejobb med å merke ned igjen her. Ansgar Bjarne på Fanafjellet i dag. Enkelte gonger går det troll i ord. Merkelege greier. For då eg kom vest om Langevatnet og litt nord ned i lia, sprang det opp 7 hjortar. Eg veit ikkje kven som kvapp mest, eg eller hjortane, men eg greidde til slutt å rote fram kameraet og festa tre av dei på brikka frå litt avstand. Eg var vel ikkje meir enn omlag 50 meter i frå dei då dei sprang opp. Siste karen som forsvann over kammen var ein flott kronhjort! Flott oppleving! 7 hjortar skvatt opp framfor meg på høgste fjellet. Her tre av dei i full fart på eit dårleg zooma bilde... Eg fann enkelt vegen ned igjen til Stafsnes ved å følgje den gule merkinga og vardane til Ansgar Bjarne. Kjempeflott! Vel nede igjen henta Marie meg på Stafsnes og køyrde meg på Osland etter bilen. Takk Marie... Turen i dag tok ca 5 timar. Inkludert fotografering. Det er ein av dei betre på lenge. Det å oppleve soloppgangen på fjellet er noko relegiøst over. Iallafall no når ho er på sitt lågaste. Vi er så heldige som har ein slik natur rundt oss som vi kan nyte om igjen og om igjen. Ein blendande luksus. Eg er priviligert som har høve til å nyt(t)e deler av livet slik.
Fra Smørskornova_Fanafjellet 291109

lørdag 28. november 2009

O jul med din glede...

Utsikt til havs og mot Svartevatnet frå turen på Toreheia i ettermiddag. Så vart det ein tur til i dag. Standardturen på Toreheia. Vèret vart berre betre ut over dagen. Det låg litt snø og skodde på toppen, men elles ein flott tur opp. Eg hadde mindre klede på meg no enn i stad. Droppa m.a. stilongsen. Den hadde eg jo aldri gått med på Fossedalshengenipa i stad, hvis eg visste eg berre skulle opp dit. Det er veldig mykje lettare å gå utan. Eg tok kanten på fjellet ned igjen. Skiftande lys med snø og haustfargar. Og jammen var sola framme eit par minutt òg. Delvis iallefall... De som ser litt nærmare på eitt av bilda vil sjå ein snøsporv. Det var litt spesielt. Ovanfor Selda traff eg på Torunn F. som var på veg oppover ilag med mannen. Leif gjekk lenger mot nord. Vi stoppa for nokre ord, men dei var vel rimeleg seint ute i høve lyset, så dei måtte berre skunde på... Ja, fin tur opp der i ettermiddag. Det vart eit lite plaster på såret for den amputerte turen i stad. Så får vi sjå kva morgondagen bringer. Det er vel ikkje kvar dag ein med handa på hjartet kan seie at ein har opplevd noko nytt. Iallefall ikkje i dusjen...:-) Men det kan eg trygt seie i dag. For då eg hoppa i dusjen då eg kom heim igjen, sat Olaug på badet og øvde på julesongar på trompeten. Å dusje til hornmusikk og julesongar, har eg aldri gjort før. Det var i grunn ei morsom erfaring...:-))
Fra Toreheia 281109

Opplegget sprakk

Fossedalshengenipa i dag tidleg Etter å ha pakka sekken og gjort meg klar for ein lengre tur i dag tidleg, var skuffelsen enorm då eg kom ut på tunet i ca 6.30 og det silregna! Snakk om å bli slått i hovudet med noko hardt. Meldingane i går var jo bra, men dette var langt frå bra. Eg køyrde likevel opp i Skjerlia og fekk ta det derifrå. Det var sjølvsagt bekmørkt der oppe i 07. tida med regn og litt skodde. Eg bestemte meg der og då for at det ikkje vart nokon tur utover fjellet frå Nipebu, men berre opp på Fossedalshengenipa. Fotoapparatet la eg likegodt igjen i bilen. Kunne ikkje risikere at det vart vått. Dessutan var det mørkt. Det var særs blautt oppover. Bra at eg hadde teke på gamasjane. Elles gjekk det heilt fint og raskt med hovudlykt. Ingen problem. Men midt oppe i dei bratte skråberga mot toppen, var regnet gått over i snø. Herifrå og opp låg det nokre få cm. Medan eg stod der på toppen lysna det såpass at eg såg bort i Eitrenipa og Kringla. For skodda letta litt. Det låg òg snø her borte. Vestover mot Nipebu låg skodda framleis. Så eg var ikkje i tvil om at valet om å gå ned igjen var rett. Langturen vestover fekk venta til vèret laga seg. Turen ned igjen gjekk heilt greitt med eitt unntak. Eg glei på den spikra brua og låg langflat bakover. Ikkje nok med det - var cm frå å stange trynet i endestolpame på rekkverket då eg først rykte hovudet framover. Det skulle blitt eit fint kjevebrot til jul, tenkte eg... Elles traff eg 5 karar med oppakning og gevær nedom Markavatnet. Sikket hjortejegarar. Eller kanskje det var hagle dei bar på. Truleg var det Nipebu som var målet? Fugl er her jo ikkje, så det må bli mager fangst. Dei lurte nok godt på kvar eg kom i frå, sidan det akkurat var lyst og eg var komen ned igjen...:-) Ja, det var den. Men dagen og helga er enno ung. Vi får sjå an vèret litt utover dagen. Om det kan bli nokre fleire sprell..

onsdag 25. november 2009

Tøff mørketur

Utsikt frå Toreheia mot Stavfjorden og Florø 13/11 Det vart ein rimeleg tøff tur på Toreheia i kveld. Allereie heime måtte eg tenne hovudlykta. Det er bekmørkt i 17-tida no. Det starta veldig greitt oppover. Første utfordringa var å komme seg over elva nedom Rinda. Den gjekk skikkeleg stor. Og vatn rann det overalt. Men det var vel omlag oppe ved Krikavatnet det begynte å blåse så vanvittig. Det er jo relativt sjeldan ein ser svære bølgjer med kvite toppar på slike små fjellvatn. Men i kveld skumma det skikkeleg. Og vatnet skvatt langt opp på land! Og så begynte det å snøe. Midt imot. Midt i fleisen. Samtidig som det var ei møye å ta seg opp bakkane i den harde vinden... Og mørkt var det som i grava! Av og til lurer eg sjølv på kva som får ein ut på slike oppdrag... Men eg beit gebisset i hop og kom meg no opp til slutt... Det var godt å komme seg i skjul bak varden nokre minuttar. Det hylte i han av vinden. Som om eg var på Nordpolen. Men eg måtte sjølvsagt berre komme meg der i frå. Eg strama difor opp hetta og jakka, krøkte meg i hop og hoppa ut i det. Det var som å bli slått av ei slegge. Og hendene måtte i bruk ned mellom dei store steinane på toppen. Snøen stakk som knivar i fjeset. Det var berre å komme seg så fort og trygt det gjekk an ned hammaren på vestsida. Vel komen nedom her, sprang eg heile vegen til Krikavatnet igjen delvis med vinden i ryggen. Her i frå og heim striregna det. For det meste midt i mot. Ganske surt. Så eg prøvde å halde farten oppe så godt det let seg gjere heilt ned igjen. Det var jammen ei heftig oppleving dette. 717 moh ved Stavfjorden! Ikkje at det var nokon problem eller risiko i og for seg. Men åleine i mørket er jo slike turar litt interessante...

mandag 23. november 2009

Kjø i spotlight

Motiv ved Fossedalshengenipa med utsikt mot Langevatnet og Nipebu. Soloppgang 23/10 kl 09. Suveren kveldstur på Toreheia i kveld. Praktfull stjernehimmel og ein sigd av nymåne følgde meg heile vegen opp og ned. Og til ein forandring var det heilt stilt. Ikkje eit vindpust. Det vart difor ei artig oppleving då eg gjekk langs Krikavatnet. Sidan eg i dag hadde skifta batteri i hovudlykta lyste ho spesielt godt. Dette gjorde til at eg kunne sjå kjøa ute i vatnet på lang avstand. Kjøauga skein som diamantar utetter det langgrunne vatnet. Og dei var slett ikkje redde lyset. Dei fleste. No er det ikkje akkurat storkjø i dette vatnet. Men artig likevel... Elles var turen som vanleg. Flott lys i alle himmelretningar. Fin lita stund der ved varden før kulden kom sigande på. Kjempeflott!

søndag 22. november 2009

"Syndefloda"

Frå Fossedalshengenipa i dag Olaug gjekk med Anne og Audun på Siktanuten i dag tidleg. Det var vel meininga først å gå på Toreheia, men det ligg ein del høgre og er lenger å gå enn Siktanuten. Og vèret var jo elendig med vind, skodde og regn. Eg vart difor heime med Peter til Olaug kom igjen. Og det tok si tid. Eg køyrde då avgarde for ein kjapp ein på Fossedalshengenipa. Var det vått opp der i går, var det nesten berre førbokstaven i forhold til i dag. Det var elvar og overvatn overalt. Heldigvis hadde eg teke på meg gummistøvlane. Det var eit lurt val. Eg heldt meg tørr og fin, god og varm på føtene heile turen. Og dei ganske så nye gummistøvlane sat som smurt på dei våte steinane og dei bratte berga mot toppen. Faktisk bedre enn nokon fjellstøvel. Med godt mønster og relativt mjuk såle, var det heilt perfekt skoutstyr i dag. Så sjølv om det var tungt og vått, gjekk det bra unna. På omlag timen frå Skjerlia. Og jøss, det var surt der oppe. Spesielt når vindròsene tok tak. Nokre få plussgrader, vind og regn og nevane er is på eit blunk.... Eg må jo innrømme at eg ikkje akkurat har fiskarnevane frå Bulandet heller... Gore-tex klede med minimalt under er ikkje akkurat noko varmekjelde heller! Eg greidde å knipse nokre bilder i alt vèret og det skiftande lyset, før eg berre måtte komme meg derifrå. Ned igjen var det berre å gje på for å halde varmen. Det gjekk fort gjennom myr, søle, skit og vatn. Så gòvet stod! Slikt er jo moro òg...
Fra Fossedalshengenipa 221109

lørdag 21. november 2009

Friske vindar

Utsikt mot Mangevatna i dag Det vart to fjell i dag. Køyrde først i Skjerlia i dag tidleg og gjekk på Fossedalshengenipa 713 moh. Det var gjennomblautt terreng. Men det heldt seg stort sett opplett både opp og ned. Ganske heftig på toppen med vind og skodde. Og som forrige søndag var det ingenting å sjå. Så det var i grunn berre å komme seg opp og ned. Det har vore gjort ein heil del dugnad på tilrettelegging av sti til Nipebu. Med Agnar som primus motor. Mykje av ruta til Fossedalshengenipa føl denne DNT-løypa. I det høve tok eg ein del bilder på veg ned igjen som kan brukast andre stadar ein planlegg sti. Eg har nemleg fått ein førespurnad om eg kunne gjere dette. Etter at eg kom heim igjen i 11.30 tida gjekk eg på direkten til Toreheia 713 moh. Er no kjekt å gå her når det er lyst òg...:-) Det vil seie - det vart rysje på veg opp på toppen frå Krikavatnet. Ei solid regn- og haglebyge dreiv inn frå havet. I tillegg vart skodda tjukk som graut. Heldigvis fekk eg alt bak at i frå og slapp å få "knivane" i fjeset. Eg stod ei stund i ly av varden i håp om at vèret skulle lette, men den gong ei... Så då kulden kom snikande inn i den sveitte kroppen, var det berre ein ting å gjere - knyte igjen så godt eg kunne og legge til palings ned igjen... No fekk eg sjølvsagt heile skiten fram at i frå. Eit par gonger i verste kasta stod eg heilt i ro og sprang. Artig. Det minte meg om gymtimane i gamle dagar med kneløft, der på same flekken...:-) Som ved eit trylleslag var byga slutt nede ved Krikavatnet. Rett ut av skoddeheimen sprang eg, til blå himmel ute mot havet. Utruleg kor det skifta. Eg fekk teke nokre bilder ber, før eg sprang vidare heim. Svolten gnog i tarmane. Det var minst 7 timar sidan eg hadde ete... Jepp, då var to fjell i boks. Det vart nokre høgdemeter i dag òg... Godt å kome heim til graut, fyr i omnen og godteppet då... I morgon har Olaug førsteretten, så eg får sjå kva det blir til etterkvart...
Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 211109

tirsdag 17. november 2009

Ein forsmak

Foto frå Fanafjellet 780 moh 7/11. Toreheia 717 moh midt i bildet bak varden. Ytrevågefjellet 667 moh t.h. Ganske tøffe forhold på Toreheia i kveld. Ein god søraust kuling og regn midt i fleisen på veg oppover, var alt anna enn behageleg. I eit av vindkasta ved Krikavatnet valde eg å gå ned på kne. Eg visste det kom regn, men rekna med eg kom meg opp og ned før det begynte. Den gang ei. Det er ikkje så lett å følgje med kva vèr som er på gang heller når alt er mørkt omkring ein...! Nokon problem var det jo ikkje på turen, men ein liten smak av kva ein har i vente her oppe i vinter. Ikkje særleg gjestmildt i slikt vèr. Iallefall ikkje når det i tillegg er stummande mørkt...

mandag 16. november 2009

Darkness darkness

...eller ingenting som rør meg nu Foto frå Yndestadfjellet mot Krikavatna i går Praktfull tur med hovudlykt på Toreheia i kveld. Ein klår stjernehimmel glitra ned. Litt vind, men ganske mildt til å vere november. Det er ei flott oppleving å sitte ved varden og sjå ut mot lysa frå Svanøya, Florø og øyane i nord, austover Førdefjorden og Vevring, og mot vest til m.a. Bulandet og Follevåg. Utruleg med lyspunkt her nede i tillegg til alle stjernene der oppe. Fantastisk. Åleine. Så nær...

søndag 15. november 2009

Ny vri

Foto frå turen på Toreheia i dag... Det vart ei våt og hustrig oppleving på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Det regna og bles det meste av turen. Og sjølv om det var ganske mildt i vèret, var det sjølvsagt kaldt i vinden, regnet og skodda på toppen. Etter alt regnet som var kome ned i natt, var det veldig vått i terrenget. Det sitla og rann over alt. Men Scarpa skoa heldt heldigvis væta ute. Fotoapparatet let eg ligge att i bilen. Eg tok ikkje sjansen på å ta det med. Det var dessutan ikkje så mykje å ta bilder av heller. Med skodde på toppen og alt meiner eg. No vart det opplett siste delen av turen ned igjen. Så eg knipsa eit par bilder med mobilen ved Grunnevatnet. MMS ved Grunnevatnet i dag. Det var særs vått over myrane. Vel heime igjen fekk eg av meg det sveittevåte tyet, skifta på meg nytt tørt, både inntil kroppen og utanpå, og gjekk ganske på direkten på Toreheia "her heime". Vèret var no mykje betre. Opplett og mildt. Så etter å ha gått opp den vanlege ruta, nesten til hytta til Lasse, tok eg opp på Yndestadfjellet og gjekk kanten av fjellet over Stongfjorden inn på Toreheia. Her tok søraust vinden så det reiv godt i kroppen. Eg knipsa nokre bilder ut fjorden i det skiftande lyset. Fint. Herleg utsikt. Også heim og inn i sentrum av fjordbotnen... Flott utsikt heim og inn i Stongfjorden frå Yndestadfjellet. Det bles ein del så bilda er ikkje heilt optimale. Foto i dag. På toppen av Toreheia tok vinden godt. Men heldigvis var det opplett. Eg skreiv meg inn i boka og tok nokre bilder, før eg gjekk ned igjen den vanlege merka ruta til Krikavatnet. Artig var det å sjå at isen eg låg på på fredag, i dag var borte. Det flaut nokre restar inne på austsida av vatnet, men jammen var resten smelta. Der han heldt meg på fredag. Ganske så utruleg kva denne milde og salte havlufta effektivt fjernar av is og snø når vèret snur frå kaldt til mildt. Det er gjort på eit blunk... Frå hytta til Lasse og ned igjen på Rinda og heim, sprang eg. Godt å få ta ut litt ekstra. At forrige veke var ganske roleg kjende eg godt i dag. Mykje meir å gå på i dag, sjølv om venstre kneet herkjer som det har gjort....
Fra Fossedalshengenipa_Toreheia 151109

lørdag 14. november 2009

Dale-tur

Siste rosene frå hagen fekk ei varm hand av meg... Sidan ankeret i heimen var på kurs i Bergen, reiste Peter og pappa til Dale i dag. Då vèret var av verste sort her i dag òg, med regn og sterk vind, kunne det ikkje passa betre med ein tur inn heller. Først var vi nedom Sporten i Askvoll og kjøpte to ny slangar og dekk til syklane til katen. Det går hardt ut over utstyret når det skal skrensast, bremsast og hoppast på rampar med syklane. Eit nytt lego byggesett var kjekt tidsfordriv medan vi venta på ferja på Eikenes. På ferja var det eit yrande liv med ungar som skulle på handballkamp i Dale. Og sjø som bles inn over dekk på ferja. Litt ryskje på Dalsfjorden i sørausten. Eit par SMS-ar gjorde til at eg fekk samla foreldra mine, eine søster mi og bror min, og forsyne meg kom tanta mi òg, på Bakeriet i Dale. Kaffien og natronkakene fekk føter å gå på. Og blautkake. Og drøsen kunne gå. Ei kjekke stund på kafè. Det er ei stund sidan deler av ein lørdag vart brukt sist. Og turane til Dale blir jo for sjeldne. Elles måtte vi no ha ei handlerunde rundt om i bygda når vi var der. Fin lørdag i Dale som Peter òg sette pris på.

fredag 13. november 2009

Bestikkelse

Sjølvportrett i is på Krikavatnet i dag... Eg vart så rastlaus i ettermiddag at eg berre måtte ut. Peter var mykje betre. Han til og med sang Beatles i dusjen. Omlag feberfri, men ein noko heftig hoste. Ein stor pose med snop og eg fekk to timar til disposisjon. Jammen godtok han det. Parabolen og pc`en fekk vere barnevakt så lenge. Så eg tok raskt av garde opp bakkane på Toreheia. I dag måtte eg halde litt greie på tida. Ein lovnad er ein lovnad. Men sjølv med litt fotografering var det ingen problem med å halde tida. Fort opp og springing ned igjen. Og eit stopp på Krikavatnet der isen faktisk heldt. To lette vindtette plagg utanpå ull heldt den iskalde vinden ute. Men det er godt å kunne byte hue. Så no har eg fått av meg det verste for i dag. Ei sælebot...:-)
Fra Toreheia 131109
Peter sin favoritt for tida....

torsdag 12. november 2009

Ro

Stongfjorden 10/11 med nattinnstilling frå Rinda kl 17.15 Stongfjorden 9/11 med nattinnstilling frå Rinda kl 18.10 Med fruen vekkreist på kurs, og ein framleis svinesjuk Peter, begrensar fjellivet seg nokre dagar. Sjølv om katen er på bedringens veg, og i kveld har sunge Beatles, svingar det endå. For min del er kanskje ikkje det dummaste å få tjora føtene fast litt heller...:-) Synest allereie kneet bifallar den tanken. Og heile kroppen forresten. Har nok tyna han litt i det siste. Vekta ute på badet lèt seg lite lure... Kan jo vere greitt å ha litt overskot når vintersesongen no står for døra. Så fint som det har vore i det siste, er det vel lite håp om at det skal verte framover. Den luraste fritidssysselen eg sikkert har gjort på ei stund har nok likevel vore i kveld. At piggdekka er komne på bilen til fruen gjev sikkert bonus til nokre turar ekstra framover... Kan vere godt å ha ein trumf i bakhand ...:-)

tirsdag 10. november 2009

Kveldshimmel i brann

Fantastisk solnedgang på Toreheia i ettermiddag Eg vart heime med ein sjuk Peter i dag òg. Han var likevel så mykje kvikkare i dag at han visst var begynt å kjede seg etterkvart. Og det er eit godt teikn. Generelt trur eg ungar har godt av å kjede seg litt. Siuasjonen heime vart så bra til slutt at Peter, snart 10, til og med sleppte meg ut or huset ein time før Olaug kom att frå arbeid. Dermed nådde eg solnedgangen på Toreheia med eit naudskrik - eller naudpust rettare sagt...:-) Og for ein nydeleg kveld det vart igjen. For å halde fram i same duren, så er slike kveldar til å misse pusten av. Det er av og til at eg lurer på korleis alt dette flotte vi har rundt oss heng i hop. Ikkje at eg karakteriserer meg som spesielt kristeleg eller noko slikt. Men eg har lært meg eit nytt ord i det siste "panatisme"... Dei som er interesserte kan jo lese litt om dette. Interessante tankar iallefall. Arne Næss er kjend for liknande oppfatningar og idèar.
Fra Toreheia 101109

mandag 9. november 2009

Magisk kveldstur

Bilder frå Toreheia i kveld Etter å ha vore heime med ein sjuk Peter i dag, med lesing, sulling og dulling, snop, brus, paracet og søvn, var det veldig godt å komme seg ein tur opp på fjellet. Det passa seg slik at eg akkurat kom meg opp på toppen av Toreheia i det siste dagslyset for dagen. Eit fantastisk kveldslys ute i havet følgde meg oppover. Gradvis mørkare. Til det var heilt mørkt på toppen. Sjeldan har det vel vore så fint så høgt til fjells i november. Iallefall utan ei hytte i nærleiken. Heldigvis hadde eg med meg fotoapparatet. Å ta bilder i mørket er ikkje heilt enkelt. Dei er stort sett tekne med sjølvutløysing for å unngå risting. Og er vel maks kva ein kan få ut av brikka på eit kompaktkamera... Likevel fortel dei vel om ein flott kveld der oppe. Så fint som det er om kveldane no kan ein jo gå kvar som helst med hovudlykt! Det er så ein kan bli reint varm om hjarterota...:-)
Fra Toreheia 091109

søndag 8. november 2009

Varm kveldshimmel

Utsikt frå altanen heime like før mørket kom...

Flotte Toreheia

Utsikt mot nordvest frå Yndestadfjellet. Vi ser Krikavatnet, nordenden av Svanøy og øyane mot Florø Olaug hadde avtalt med Anne S. om å gå på Siktanuten i dag tidleg. Eg vart difor heime nokre timar med Peter. Han var ikkje i slag. Litt feber og diarè. Han seier sjølv han har svineinfluensa og kjem til å dø... Ja, ja dette mediahysteriet om denne influensaen har visst fått fleire enn små gutungar ut av fatning! Olaug var heime igjen i 11-tida, så då gjekk eg meg ein tur på Toreheia. I lys til ein forandring. Eg tok att Karen H. og Torgunn Y. oppe i bakkane, og slo av ein liten prat. Men i vinden der vart det fort kaldt. Eg heldt difor fram til topps i bra fart. Kjende ingenting til 7-timars turen i går. Som vanleg bles det der oppe. Nordover mot Florø var det solskinn og skyfritt. Lenger her sør var det noko meir skyer. Eg valde å gå ned igjen fjellet ovanfor Stongfjorden i dag. Nede ved kanten høyrde eg sauebjeller. Vart temmeleg overraska over at det gjekk sauer så høgt til fjells no. Det var 4 stykker av sorten som eg har fått gitt eigaren beskjed om. Takksam etter å ha leita mykje i det siste. Utsikta mot Krikavatnet og øyane mot Florø var vakker i dag. Eg fekk teke nokre fine bilder i nordvestleg retning. Stavfjorden låg blank og sola skein ute i øyane. Nydeleg! Skikkeleg flott tur i dag òg. Hausten ser visst ut til å vege opp for den dårlege sommaren. Det er jo praktfullt på fjellet om dagen!
Fra Toreheia 081109

lørdag 7. november 2009

Langt og godt

Utsikt mot Flekkefjorden frå Smørskornova frå turen i dag Sjølv om meldingane for morgondagen er betre enn i dag, tok eg likevel ut på ein litt lengre tur. Vèrmessig bar dagen preg av overskya vèr og noko vind på toppane. Eg gjekk frå Skjerlia. Og var der noko før 07 i dag tidleg. Det var sjølvsagt framleis mørkt, så eg gjekk med hovudlykt. Stien var frosen. Og påminninga fekk eg allereie på veg bort til Markavatnet då eg slo kolbøtte og landa på ryggen. Like heil, men skrifta stod på veggen eller eit kvart slikt... Isen var stadig skummel der i mørket. Terrenget var ganske vått etter forrige helg. Og issvullar og frosne parti på berga måtte eg absolutt vere på vakt for. Farten måtte òg ned. Fordelen med denne situasjonen var likevel åpenbar. Myrar og småvatn var frosne. Spesielt nedanfor Krokavatnet var det bra! Her er det ofte så blautt at skotyet må vere av beste klasse for å komme seg tørr over. Oppe under Fossedalshengenipa, der stien vidare opp tek av frå DNT-stien til Nipebu, var det begynt å bli så bra lyst at eg gøymde hovudlykta. Her oppe var det ganske kjølig i austavinden. Men heldigvis var dei bratte berga til topps tørre av all vinden. Så vidare opp var det ingen problem med is. Eg skreiv meg inn i boka kl 08.05. Det var framleis ikkje heilt lyst. Og bilda ser eg vart i mørkaste laget. Men ei stripe av gullfarga himmel prega morgonen i aust. Ikkje nokon praktfull soloppgang, men likevel vakkert. Vinden tok på den andre side skikkeleg i kroppen, 713 m.o.h. Det vart difor ganske fort kaldt. Eg tok difor ned igjen same vegen, og gjekk DNT-løypa vidare mot Nipebu. I skaret mellom Fossedalshengenipa og Høgholten fekk eg dagens første og nesten einaste besøk av sola. Det er jo alltid ei positiv oppleving. På Nipebu var det folketomt. Heller ikkje hadde det vore nokon sidan forrige helg. Hytta var difor kald, men eg skreiv meg inn i hytteboka for syns skuld. Og etter ein kort rast, gjekk eg vidare inn sørsida av Langevatnet og tok løypa til Stongfjorden. Det er eit godt stykke frå Nipebu til Stongfjorden. Som organisert tur er den vel stipulert til 7 timar. No brukar ikkje eg så lang tid då, men likevel er det litt krevjande. Terrenget er kupert med bakke opp og bakke ned. Og det tek tid berre å komme seg inn forbi Langevatnet og starte klatringa opp igjen på fjellet vestover. Men løypa er egentleg ganske grei. Sjølv om enkelt raude T-ar skulle vore oppattmåla, er det så bra varda at det ikkje er noko problem å finne vegen. Retningen seier seg sjølv, men det er ein klar fordel å følgje løypa. For det er lett å gå seg fast eller havne opp i urar og ulendt terreng, hvis ikkje. Spesielt inn under Vardenova mot øvst i Langedalen er dette viktig. Her det hamrar, urar og sva. I dag var her mykje issvullar i tillegg, så eg brukte litt tid på å komme meg ned. Forsvarleg. Vidare utover var det i grunn litt same leksa. Isen som låg på lur var stadig skummel. Eg var klar over at Dag Tore, Anita og Vigdis var i området utanfor. Då eg kom opp på ryggen på Smørskornova frå nordaust, såg eg dei gå ned bakken mot nordenden av Langevatnet (Holmedal). Kva veg dei ville ta opp var eg ikkje sikker på, men rekna med dei ville ta sørsida der eg valde å gå ned igjen. Det vart bom. Eg hoia og skreik då eg kom ned mot Langevatnet igjen, og dei gjekk opp nordvest sida av fjellet. Trur dei høyrde meg. Namnet såg dei iallefall i boka hvis dei såg meg gå vidare vestover... Eg tok meg ein velfortent kvil ved Siklabergvatna. Dagens einaste av noko betydning. 4 skiver gjekk rett ned og eg fekk i meg noko XL-1. Så gjekk turen vidare vestover. Under Svarthamrane med flott utsikt til Dalsfjorden, Straumsnes og Holmedal, Dokka og Moldura. Eit nydeleg turterreng her oppe. Deretter forbi toppem på Mannskaret, der det som vanleg bles godt, med flott utsikt til Stongfjorden. Og vidare oppstigninga til Fanafjellet 782 m.o.h. rett nord for Moldura. I vinden her oppe tok eg berre nokre bilder, før eg var valen på nevane og gjekk ned mot Langevatnet (Stongfjorden) - tredje Langevatnet for dagen eg passerte...:-) Deretter mot hytta til Frode G, før nedstigninga av Gjerdedalen på vestsida av elva. Til bygds kom eg noko før kl 14, der Marie kom og hente meg. Ganske lang tur dette. 7 timar inkluderte ein ganske kort matpause. Nokon sinke er eg vel heller ikkje rekna for å vere...:-) Flott lørdagstur...
Fra Fossedalshengenipa_Smørskornova_Fanafjellet 071109

fredag 6. november 2009

Nydeleg kveldstur

Moldura sett frå aust. Foto 31/10. Hadde ein flott og roleg kveldstur med hovudlykt på Toreheia i kveld. Som vanleg var det litt vind på toppen, og overskya vèr. Faktisk var det nokre snøflukser i lufta på veg ned igjen. Terrenget var frose til sidan onsdag. Det gjorde det difor ganske lett å ta seg opp. Men eg måtte sjølvsagt vere litt obs så eg ikkje tryna... Krikavatnet var delvis islagt. Og vinden hadde kasta vatnet langt opp på land slik at iskrystallane hadde festa seg på graset. I lyset frå hovudlykta såg det fint og kunstnerisk ut. Grei tur dette...

tirsdag 3. november 2009

Fantastisk måneskinnstur

Motiv frå turen på Fossedalshengenipa på søndag. Vi ser Eitrenipa og N&S Kringla. Vatnet er Krokavatnet. Det var fullmåne på søndag. Men du verden for ein flott måne eg fekk med meg på Toreheia i kveld. Eg kom meg jammen heilt til topps utan å bruke lys. Etter stormen i går var eg litt spent på korleis det stod til med merkinga oppe. Litt på halv åtte stod dei der, stengene, men betre enn eg hadde trudd. Det ikkje berre bles i går, det måtte og ha kome ned alvorleg med regn. Krikavatnet gjekk heilt over vadet. Det var så vidt eg kom meg tørrskodd over. Neste gong eg fær forbi når det er lyst, må det leggast opp nokre steinar her. Elles var det søkk vått mange plassar. Eg tok livet med ro og verkeleg nytte turen i kveld - i selskap med min eigen skugge av skinet frå månen. Det var som om han smilte ned til meg...

søndag 1. november 2009

Sønnavind

Mot Stongfjorden frå Yndestadfjellet 17/10 Etter ein solid middag og kos i heimen, vart eg rastlaus att i 16 tida. Eg gjekk difor opp på Toreheia og nådde opp i siste dagslyset. Ned igjen måtte hovudlykta fram. Ein frisk og mild vind frå sør reiv godt i kroppen på toppen. Og på Krikavatnet gjekk bølgene kvite. Då er dagens andre gode trimtur i boks, og eg har faktisk kjendt kneet eg slit med verre enn dette. Maks yting av ei mobil minnebrikke på ein Sony Ericsson 702... MMS frå Toreheia i kveld mot Florø.

Vått på Hengenipa

Motiv frå Grunnevatnet i føremiddag. Lite visste eg at det låg ein kar med gevær rett ved sidan av... Eg fekk med meg vèrmeldinga heime kl 08, før eg køyrde i Skjerlia og gjekk på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Opplett melde dei. Vel, det var meir enn eg fekk oppover iallefall. Vind og kaldt regn. Heldigvis har eg eit par gode, vasstette lommar i RAB-jakka, slik at kameraet ikkje blir vått. Dessutan ei veldig god og lita innerlomme. Det er sjølvsagt alltid viktig å ha høve til å oppbevare kameraet tørt på ein eller annan stad når det slår til med regnvèr. Regnet gav seg heldigvis igjen, omlag oppe ved toppen. Men det bles. Og etter nokre knips med kompakten var det berre å snu ned igjen. Eg kvapp litt på myra under hamrane nedom Krokavatnet. Først såg eg ein fyr med raud cap omlag midt i turstien, då eg var på veg nedom denne til Grunnevatnet for å ta nokre bilder. Då eg etterpå passerte kollen med furutrea, såg eg ein cap til av same lèten. Han låg med geværet klart. Eg var litt usikker korleis eg skulle bevege meg vidare, men han skjønte poenget og vinka meg til seg. Det var jo greitt. Og karen med Rogalands-dialekt var kjekk han, så vi vart no pratande litt. Men så klappa det oppe i lia då jagarane var på veg. Eg fann det greiast å trekke vidare ned mot Markavatnet. Og sa ha det til fyren som ynskte meg god tur vidare. Eg gjekk ventande på smellet bak ryggen resten av vegen til bilen. Men møtet med folk og skarpladde gevær gjekk heilt greitt denne gongen iallefall.
Fra Fossedalshengenipa 011109