lørdag 3. oktober 2009

Sludd og vind

Rufsete forhold på Stølsfjellet i føremiddag Trass i kaldt vèr, regn og vind, var det faktisk folk ute å gjekk i fjellet i dag òg. Vigdis traff eg på Hjartåsen. Og Ingvar hadde nett vore på toppen (svinga truleg ned bakken på austsida). Det var ok forhold oppover. Men på den utsette toppen, var det ganske vindfullt. Og det vart fort kaldt. Intet blivende sted. Etter å ha sagt ha det til Vigdis nede ved bilane igjen, køyrde eg til Rivedal og gjekk på Stølsfjellet òg. Her visste eg Olaug var gått opp i lag med Alice som trengde toppen før sesongen er omme neste helg. Eg møtte fruen og Alice i skaret då dei var på veg ned igjen. Dei var blide, men godt våte og frosne. Eg fekk teke eit mobilbilde av dei òg, før eg gjekk vidare opp. Og fekk på meg tett, vått snødrev og kald vind på vestsida og siste stykket opp. Ganske ufyseleg, spesielt på den eksponerte toppen. Og utan hanskar, vart eg temmeleg valen på nevane. Eg la difor til palings ned igjen. Og i dei slitte fjellskoa, hamna eg skikkeleg på ræv eit par gonger. Men alle kroppsdeler var intakt. (Ein øm stuss er til å leve med....:-)) Utanom eit lite stopp under tak på Nigardsstølen, sprang eg rett ned igjen. Herlig å få på seg ei tørr trøye, og to fjell i boks...:-) No blir det ein tur til på kvar av desse toppane før sesongen er over komande helg. Så kan ein starte på ny frisk på nye postar. Skal bli kjekt å trakke litt nye stiar...
Fra Hjartåsen_Stølsfjellet 031009_mobilbilder

Ingen kommentarer: