onsdag 7. oktober 2009

Sesongavslutning Stølsfjellet

Bilder frå Stølsfjellet i kveld Flott avslutning på sesongen på Stølsfjellet i kveld òg. Det kom ei god byge til å begynne med, men det gav seg oppe på Nigardsstølen. Der tok eg igjen Connie og Lene òg. Vi veksla berre nokre ord her, før eg gjekk i førevegen resten av vegen opp. På veg ned igjen i den bratte bakken vart vi pratande ei heil stund. Mest om den komande fjelltrimsesongen, dei nye toppane og vinterturar. Skal bli veldig kjekt å bytte fjell no... Sesongen er då over for min del. Det gjenstår å skifte ut boka på Blegja i helga. Det kan jo bli ei lita utfordring. Ser det er kome ein god del snø opp. Mulig òg at eg tek meg ein tur på Høgeheia òg etter gamalt for å runde heilt av...:-)
Fra Stølsfjellet 071009

Ingen kommentarer: