fredag 2. oktober 2009

The last waltz på Dokka

Foto frå Dokka i kveld... Så var ekstraomgangane over. På Dokka. Det vart to fantastiske avslutningsturar denne veka. Om det var fint hin kvelden, var det nesten endå finare i kveld. For det låg ein del snø på toppen og i skoddesløra som kom og gjekk og sola som stakk fram, var det ei perfekt kulisse til det fantastiske skue det er her i frå. Mot Askvoll, Dalsfjorden og til landet sør om fjorden, Alden og Atløynipa. I tillegg til Moldura og alle fjella austover. Dokka er eit fantastisk flott fjell. Blant kremen i Askvoll (vel, no er dei jo fine alle då...:-)). Ja, det var nesten litt vemodig der oppe i kveld. Var på ein måte eit lite farvel for no. For det blir nok ei stund til neste gong. Om ikkje det blir 7 år, då fjellet står på fjelltrimprogrammet igjen, så blir det nok ei stund til. Neste helg blir nemleg alle toppane bytta ut med nye for 2010 sesongen.
Fra Dokka 021009

Ingen kommentarer: