lørdag 24. oktober 2009

Det ryk

Utsikt frå altanen no i kveld kl 18 Askvoll i ettermiddag Overskrifta på dette blogg-innlegget kan vel tolkast i så mange retningar. Sidan vi forrige veke fekk teke ned dei siste granene ute om huset, har Olaug brent bål både seint og tidleg. Granbar brenn godt. Og det ryk ganske godt òg. Då eg kom ned igjen over Rinda hin kvelden, lurte eg på om det var huset som brann... Forrige veke rauk òg vaskemaskina. Det er jo enkelte materielle ting ein må ha i heimen. Vaskemaskina er vel av det essensielle slaget i så måte. I første omgang har eg fått sjekka ut korleis eg set på ullprogrammet...:-) Men Olaug er visst for reine eksperten å rekne berre etter nokre få dagar...:-) I går kveld var det mikrobølgeovnen sin tur til å seie takk for seg. Han har fungert litt på halv åtte i det siste. Nærast på halv maskin. Siste pakken med popcorn heldt på å svi ned heile huset, og dermed var karen kremert for godt. Eg er avhengig av havregrynsgraut til frukost. Mikrobølgeovn må eg difor ha. Å styre med svidde panner med graut om morgonen, fell meg ikkje heilt inn. Litt behag må ein jo kunne unne seg. Sjølv folk som har fobi mot kraftleidningar har behov for straum...:-) Ærendet til Askvoll i ettermiddag var difor greitt. Konkrete og greie mål likar eg. Faste og handterlege. Ikkje for mykje dikkedariar og prat. Eg reiste berre ned til Askvoll, peika på ein, og sa at den skal eg ha. No er det vel ikkje så enkelt med alle ting, peike på dei og få dei meiner eg, men Må ein så MÅ ein...:-) Sidan eg likevel måtte ned til Askvoll, var det berre å hive på seg eit par fjellsko, og ta Siktanuten i same slengen. Ein kjapp og grei ein. På den nye fjelltrimposten der nede. Tvers over Stongfjorden frå Staveneset. Ikkje så voldsomme greiene, men siste bakken opp får no pumpa i sving iallefall... Eg har nokre sogningar på jobb som mobbar meg for fjella her ute. Nokre avrunda åsar seier dei. Ok - her er vel nokre kollar og åsar rundt omkring. Men desse er utfordrande nok ute i havgapet. Spesielt vinterstid. Inne i Sogn veit dei vel knapt kva ein skikkeleg vinterstorm er for noko.... Men her er no spektakulere fjell òg. Sjølv om dei stort sett ligg på 7-800 meter, så er startpunkta nesten alltid 0. Kva ein elles legg i tydinga fjell, får no vere opp til kvar enkelte å lage seg ei oppfatning av. Ja, ja, det har roke forskjellig denne veka. Olaug sin mobil rauk visst òg. Det er visst ikkje like flott alt nytt som glimar heller...

Ingen kommentarer: