Facebook

lørdag 31. oktober 2009

Friske vindar

Fantastiske fargar på austhimmelen over Stongfjorden i dag tidleg Olaug hadde lyst å bli med på rundturen Oslandsbotnen-Smørskornova-Fanafjellet-Stongfjorden i dag tidleg. Turen er oppom to av dei nye fjelltrimpostane. Vi starta i Oslandsbotnen vel kl 08 i ganske sterk søraust vind. Opp Brekke er det derimot lett å få varmen i kroppen. På toppen ved Botnastølen bles det endå meir, men i skaret opp til Svelivatnet stilna det heilt av. Og så var det på an igjen heile vegen opp i Svædalen. I heile tatt vart det ei ganske så frisk affære dette. Det var nokre år sidan Olaug hadde gått denne runda. Faktisk så langt tilbake som forrige gong toppane stod på programmet for fjelltrimmen. Då gjekk vi opp til hytta, som vèrlaget i Svædalen disponerer, og opp til Langevatnet i skaret her frå. I dag tok vi den litt kortane vegen direkte opp skaret på sørvestsida av Svædalen, og opp nordsida av fjellet. Frå Svædalen og til topps er det ganske bratt og krevjande. Inga kvile å få, men berre opp, opp... Det tek likevel ikkje særleg lenger enn ein halvtimes tid dette... Smørskornova ligg på toppen av fjellet mellom Stongfjorden og Rivedal. Raskaste vegen opp er truleg frå Rivedal. Spesielt sørover til Rivedal og mot Dalsfjorden er det flott utsikt. I vest ser vi Dokka, Moldura, Hekkelfjellet m.m Og mot nordvest ligg Svarthamrane og Skålefjellet. I austleg retning ser vi alle dei kjende fjella som Eitrenipa, Blegja, Storehesten, Kringla etc. Turen vestover mot Langevatnet (Holmedal) tok ved å gå ned sørvestsida av fjellet. Ved vatnet følgde vi den vanlege DNT ruta forbi Siklabergvatna og vidare opp fjella på sørsida av Stongfjorden, før vi til sist kom ut på Fanafjellet. Dette ligg rett på nordsida av Moldura i øvste enden av Fagredalen. Det bles skikkeleg bra her ute. Spesielt mot toppen av Mannskaret, rett sør av Stongfjorden, får vinden ekstra tak opp dalen frå sør mellom Moldura i vest og Blåfjellet i aust. Ein spesielt vèrhard plass. Vinden ylte om øyra. Det brunlege haustgraset låg piska etter bakken (sjå bilete)... Vi prøvde ei ny rute ned igjen, og gjekk bortom hytta til Frode G. Det er diverre ikkje særleg lett å finne igjen vegen til bygds, så vi bomma litt undervegs. Utan at det betydde så mykje. Litt einerkavar er ein jo vand å kjempe med...:-) Flott tur og nøgd frue etter ein fin 4-timars tur. Slikt blir det jo ein flott lørdag ut av...:-)
Fra Smørskornova_Fanafjellet 311009

fredag 30. oktober 2009

Sang til månen

Bilete frå Fossedalshengenipa 25/10. Vi ser Kringla t.v. og sørenden av Fossedalsvatnet t.h. Vidare ein bit av Dalsfjorden og vegen innom Nishammaren mot Sætenes. Bøen i Øvre Fossedalen nede t.v. Nok ein flott tur med hovudlykt på Toreheia i kveld. Opplett og fint, men litt vind. Utan problem i det heile teke å ta seg opp og ned til 717 moh i lyset frå hovudlyka. Den glade vandrar tok like godt ein liten sull til månen der oppe som heldt meg med selskap... Men det er lettare å snove hvis eg prøver å springe for fort. Så det blir mest lunting. Hin kvelden stana eg meg bort i ei grein, og fekk eit slag på nasa. I kveld gjekk eg på hovudet inn i ei rot...:-) Klok av skade vart det nesten til at eg gjekk ned igjen siste stykket i kveld. Det har sikkert litt med trening å gjere og fote seg skapleg etter lyset frå Led`en når ein spring... Kjekt og god trening dette!

onsdag 28. oktober 2009

Kos med Led

Bilde frå Toreheia 21/10 Fantastisk fin trimtur på Toreheia 717 moh i kveld. Led Lenser hovudlykta er berre super. Lett på hovudet og lyser veldig bra. Absolutt å anbefale til treningsbruk o.a. Ingen problem i det heile teke å ta seg opp og ned på fjellet. Iallefall når ein halv måne òg følgde med på ferda. Nydeleg å sitte i lè av varden for søraustvinden å kikke bort på Svanøya og alle lysa i Florø. For ikkje å snakke om stjernehimmelen. Dette blir heilt topp utover vinteren. Vi får krysse fingrane å håpe på mykje godt vèr. Det blir fort andre bollar her oppe hvis vèret slær seg vrangt! Du finn knapt meir vèrhard plass ute ved kysten...

mandag 26. oktober 2009

Nydeleg feriedag

Nydeleg ved Krikavatnet i dag tidleg... Kunne vel knapt ha håpa på to så flotte feriedagar som eg fekk fredag og i dag. Med så mykje dårleg vèr i det siste, var desse dagane og helga, ja, rein ferie.... No er det vel ikkje akkurat nokon sensasjon at eg har trekt opp i fjellet i dag òg... Eg nådde oppom Toreheia i dag tidleg, før eg hadde meg ein tur til legen etter ordre frå fruen. Vel det var no greitt nok - for eg kom heim igjen med ein plastpose med pencellin. Det var jo berre eit tidsspørsmål kor tid borreliaen dukka opp. Eg er like rask og frisk eg, men kuren får eg no ta. Turen opp på Toreheia var nydeleg. Blikkstille. Landskapet spegla seg i Krikavatnet - som eg aldri har sett det. Såg eg for lenge på vatnet, visste eg ikkje kva som var opp og ned. Utruleg. Det brunoransje landskapet stod som i brann då sola skein sine første strålar for dagen... Eg fekk teke nokre bilder, før eg diverre måtte springe ned igjen for å nå legen... Dusje hadde eg ikkje tid til, men det sat så mange gamlingar der nede, på det små og provisoriske venterommet, at eg trur lukta blanda seg lett med resten av aromaen...:-)) Det er visst hektisk med vaksinering på alt som kan krype å gå om dagen.... Klokka var omlag 12 då eg endeleg kom meg heim igjen til Stongfjorden. Det var framleis like nydeleg ute. Eg bestemte meg for å gå på Smørskornova frå Oslandsbotnen. Det er lenger enn frå Rivedal, men det er ein nydeleg tur. Oppstigninga er frå skaret i Svædalen og opp nordsida av fjellet. Det var kjempeflott både ved Botnastølen og oppe i Svædalen. Svelivatna, som er regulerte, var smekkfulle av vatn. Vatnet stod heilt i kanten på demninga. Noko som klart gjer det flottare å vandre her for min del. På toppen av Smørskornova var det begynt å blåse meir. I tillegg skya det til. Og i Nordfjord såg eg bygene gjekk i fjella. Eg skifta litt klede og fekk meg noko drikke i livet. Men eg var like fast bestemt på å gå vestover igjen. Først passerte eg Langevatnet, gjekk opp bakken nord om Hekkelfjellet, og ned igjen til Siklabergvatna, som hin dagen. Her føl ein DNT-løypa som kjem opp frå Stongfjorden vidare til Mannskaret og opp høgdedraga igjen til Fanafjellet. Det var kald vind frå nord her ute. Den siste tørre trøya og hua måtte på. Men eg gjekk raskt ned mot nord, og hytta til Frode G, og følgde utsida av elva ned Gjerdedalen. Vel nede på butikken i Stongfjorden, hadde eg tima det slik at eg nådde fruen som kom frå jobb. Saman køyrde vi i Oslandsbotnen og henta bilen min. Jepp, då var på nytt ein eineståande turdag i boks. Heilt utrulege fargar det er oppe i fjellet no når sola strålar gjennom. Reine gulljakta... Eg slepp heldigvis å drepe eitkvart for å nyte hausten...
Fra Toreheia_Smørskornova_Fanafjellet 261009

søndag 25. oktober 2009

Folk i fjellet

Markahengenipa og mot Florø frå Fossedalshengenipa i ettermiddag Olaug fekk første pri på fjellet i dag tidleg. Ho gjekk med Anne S på Fossedalshengenipa i 9-tida. Eg vart heime med Peter. Eg har ei lettare forkjøling i kroppen, så det var greitt å slappe litt av. Og det gjorde godt med fyr i omnen og varme i huset. Men ein heil dag fri i ro, er vel for mykje forlangt. For etter at fruen nesten var komen ned igjen i Skjerlia, og Peter og Charlotte, nabojenta, var opptekne med å vaske syklane, drog eg same vegen til Fossedalshengenipa. I Skjerlia stod det fleire bilar. Og på veg oppover traff eg først Olaug og Anne. Litt lenger oppe over myra, traff eg kollega i banken, Svein F. Vi vart ståande og preike eit bèl. Hyggjeleg... Oppe i starten på sjølve oppstigninga på berga, traff eg eit nytt par. Og på veg nedover igjen traff eg Gisle, òg kollega frå banken. Så det var reint folksomt der oppe i dag. På toppen bles det ein kald austavind. Så eg sette meg i le på nordvest sida. Tok opp ein videosnutt og fekk skifta på meg nokre nye, tørre klede. Nedover igjen sette eg opp nokre vardar på berga. Eg hugsar godt for 7 år sidan då eg gjekk oppover her og ingen ting såg. Whiteout med skodde og snø.... Det var då eg laga raude merker i snøen med safta eg hadde i sekken for å ha noko å gå etter ned igjen. Faktisk fungerte det òg....:-) Elles var det ein fin og grei tur. Kan nok bli verre i vinter med skare og is på dei bratte berga. Det er langt å segle oppe i her hvis du misser feste...
Fra Fossedalshengenipa 251009

lørdag 24. oktober 2009

Det ryk

Utsikt frå altanen no i kveld kl 18 Askvoll i ettermiddag Overskrifta på dette blogg-innlegget kan vel tolkast i så mange retningar. Sidan vi forrige veke fekk teke ned dei siste granene ute om huset, har Olaug brent bål både seint og tidleg. Granbar brenn godt. Og det ryk ganske godt òg. Då eg kom ned igjen over Rinda hin kvelden, lurte eg på om det var huset som brann... Forrige veke rauk òg vaskemaskina. Det er jo enkelte materielle ting ein må ha i heimen. Vaskemaskina er vel av det essensielle slaget i så måte. I første omgang har eg fått sjekka ut korleis eg set på ullprogrammet...:-) Men Olaug er visst for reine eksperten å rekne berre etter nokre få dagar...:-) I går kveld var det mikrobølgeovnen sin tur til å seie takk for seg. Han har fungert litt på halv åtte i det siste. Nærast på halv maskin. Siste pakken med popcorn heldt på å svi ned heile huset, og dermed var karen kremert for godt. Eg er avhengig av havregrynsgraut til frukost. Mikrobølgeovn må eg difor ha. Å styre med svidde panner med graut om morgonen, fell meg ikkje heilt inn. Litt behag må ein jo kunne unne seg. Sjølv folk som har fobi mot kraftleidningar har behov for straum...:-) Ærendet til Askvoll i ettermiddag var difor greitt. Konkrete og greie mål likar eg. Faste og handterlege. Ikkje for mykje dikkedariar og prat. Eg reiste berre ned til Askvoll, peika på ein, og sa at den skal eg ha. No er det vel ikkje så enkelt med alle ting, peike på dei og få dei meiner eg, men Må ein så MÅ ein...:-) Sidan eg likevel måtte ned til Askvoll, var det berre å hive på seg eit par fjellsko, og ta Siktanuten i same slengen. Ein kjapp og grei ein. På den nye fjelltrimposten der nede. Tvers over Stongfjorden frå Staveneset. Ikkje så voldsomme greiene, men siste bakken opp får no pumpa i sving iallefall... Eg har nokre sogningar på jobb som mobbar meg for fjella her ute. Nokre avrunda åsar seier dei. Ok - her er vel nokre kollar og åsar rundt omkring. Men desse er utfordrande nok ute i havgapet. Spesielt vinterstid. Inne i Sogn veit dei vel knapt kva ein skikkeleg vinterstorm er for noko.... Men her er no spektakulere fjell òg. Sjølv om dei stort sett ligg på 7-800 meter, så er startpunkta nesten alltid 0. Kva ein elles legg i tydinga fjell, får no vere opp til kvar enkelte å lage seg ei oppfatning av. Ja, ja, det har roke forskjellig denne veka. Olaug sin mobil rauk visst òg. Det er visst ikkje like flott alt nytt som glimar heller...

Artig morgontur

MMS kl 07.30 på Toreheia i dag tidleg... Eg vakna som vanleg tidleg i dag og bestemte meg for tur med hovudlykta på Toreheia. Ein neve turmix og eit eple fekk halde som frukost til eg kom ned igjen. Det var fint og ganske mildt ute. Og ingen vind. Det gjekk kvikt opp til Rinda. Første artige opplevinga fekk eg oppe ved Svartetjørna då eg forstyrra nattesøvnen til nokre ender. Brått kjefta det i mørkna borte frå vatnet. Eg skvatt:-) Er van med at hegren skrik i mørket. Og kattugle og orrfugl er ikkje noko ukjent fenomen når det er mørkt heller. Men den intense skvaldringa frå ender var noko nytt. Iallefall oppe i fjellet.... Neste fine oppleving var i bakken ned mot Krikavatnet. I skinet frå hovudlykta ser eg brått 2 par skinande auger i rasande fart på tvers av gåretnigen min. Skal seie hjortane fekk fart på seg då eg kom der med hovudlykta. Det var jo svarte natta og her er det ope terreng, så eg reknar med dei hadde sett lyset ei stund. Begge hjortane forsvann i kjempefart mot nord. Frå toppen var det eit crescendo av lys i dag tidleg. I nord skein det flott frå Flotø og Svanøya. Det var lyskjelder alle stadar. Fleire båtar segla forbi ute i vest. Kjempeflott. Hovudlykta slo eg av nede ved Krikavatnet att. Då var det kome gålys. Eg var heime igjen då resten av folk i huset stod opp:-) Og med det var første fjellet i boks i dag. Perfekt start på dagen...

fredag 23. oktober 2009

Kanontur

Frå toppen av Fossedalshengenipa i dag tidleg. Klokka er litt før 08... Fantastisk fine fargar ved Nipebu i dag... Sidan eg hadde ein feriedag i dag, bestemte eg meg for å ta morgonlyset på Fossedalshengenipa i dag tidleg. Eg stod difor opp kl 05, og var på plass ved Markavatnet ganske presis kl 06. Turen opp med hovudlykt gjekk heilt supert. Ingen problem i det heile teke. Faktum er at eg føler det går fort når eg går med lys. Du blir jo fokusert på lysstråla og området rett fram. Siste etappen opp hamrane, var eg begynt å sjå omgjevnadane. Og som planlagt nådde eg opp til lyset i søraust. Det vart rett nok ikkje fullt så praktfullt som dei to førre morgonane. Men likevel vart lyset suverent rundt kl 08. Eg gjekk deretter same vegen ned igjen, runda Fossedalshengenipa og gjekk DNT-løypa mot Nipebu. Sola stod opp då eg kom fram på høgedraget på sørsida av fjellet. Perfekt morgon med utsikt bort på Nipebu, og dei solgylte fjellnabbane på sørsida av Langevatnet. Eg tok meg ein liten rast på Nipebu. Skreiv meg inn i besøksprotokollen. Tok meg eit eple og fotograferte litt. Deretter bar det ut sørsida av vatnet, og DNT-ruta mot Stongfjorden. Eit av siktemåla var den nye fjelltrimposten på Smørskorsnova. Det er jo eit godt stykke ut hit frå Nipebu. Vèret vart vel ikkje heilt slik eg hadde føretilt meg. Sola forsvann rimeleg fort og vart avløyst av blytunge skyer. Vinden tok litt forskjellig. Det er sjølvsagt veldig viktig å regulere kroppsvarmen etterkvart som ting endrar seg. Så ein verken går seg altfor varm eller blir kald. Eg skreiv meg inn i boka på Smørskorsnova ca kl 11.30, etter ein veldig flott og grei tur vestover heile fjellmassivet. Det er rimeleg tungt terreng. Kupert. Ruta går m.a sør om Vardenova, Nyksvatnet og Røyrbotnholten. Men eg var endå i vesterveg. I enden av Langevatnet (sør om Svædalen) tok eg meg ein god pause, fekk skifta nokre klede og fylt på med mat og væske. Det er ein nydeleg plass å ta seg ein rast her ved utløpet av vatnet. Elva som renn ut her, renn vidare ned i Svelivatna. Med ny energi innabords, bar det vidare ut til Siklabergvatna, sørsida av Svarthamrane og forbi toppen på Mannskaret. Her er det fin utsikt, først ned til Holmedal og Dalsfjorden, og så til Stongfjorden og Førdefjorden. Her er faktisk ein plass vi ser alle tre fjordane. Og det er eg sanneleg ikkje sikker på om ein gjer nokon annan stad.... Fanafjellet var neste post. Her ute var det begynt å drople litt. I tillegg bles det ganske bra. Men det gjekk heilt fint. Her ute bestemte eg meg like godt for å gå ut på Størdalsstauren òg. For å gjere det fullkomment...:-) Ut på Stauren kom eg litt før kl 14. Tok opp ein snutt her ute òg. Kjempeflott. Det er suveren utsikt mot m.a. ytst i Stongfjorden, Alden, øyane i Florø, Toreheia og heim til Yndestad. Turen ned til bygda igjen tok eg mot Stafsnes. Ned skaret vi gjekk hitt året. Verste stykket stod likevel igjen - asfalten heim til hi sida av fjorden. Det tok nesten ein time.... Alt i alt var det ein kjempetur i dag. Ganske nøyaktig 10 timar var eg undervegs... Men forma er framleis god...og helga har nett starta...:-))
Fra Fossedalshengenipa_Smørskorsnova_Fanafjellet_Størdalsstauren 231009

onsdag 21. oktober 2009

Eit flott turmål

Fantastisk solnedgang på Toreheia i kveld... Ein dag vart eg spurd om greiaste vegen på Toreheia. Eg er rimeleg kjend med dei fleste. Det vil seie: eg har ikkje gått opp frå nordsida. Truleg er det mogeleg å gå opp frå Stavestranda ved elva her, sjølv om det verkar bratt og ulendt. Frå aust, på Osland, er det to fine ruter opp. Den eine startar på nordaustsida mot Vågane. Her tek du av ved dei gamle minene, og føl den godt rydda vegen oppover på nordsida av fjellkammen til Ytrevågefjellet. Rett vest for toppen her, og på hi sida av dalen ein halv times tid unna, kjem du opp på Toreheia. Du ser den store varden på lang lei. Den andre greie trassèen opp, er ved brua frå avkøyrsla til garden på Osland. Her føl du sørsida av elva som kjem ned. Det er ein heil del fjellbjørkeskog oppover, men stien er rimeleg grei å finne dersom du startar rett. Du passerer den store steinen eit stykke oppe i lia. Denne ser du godt frå hovudvegen og har då retningen. Vidare opp og vestover er det berre å finne seg ei høveleg rås. Høgaste toppen er Toreheia med sin store varde i nordvest. Varden på Toreheia er svær. Skålefjellet t.h. Foto 12/10 kl 18.20 Alternativet, som eg nyttar mest, er frå Yndestad heime. Her tek du av på skogsvegen til naboen. Det går òg fint å starte frå den store fellesfjøsen litt lenger ute. Du ender opp på same stien ved granfeltet oppe i lia. Frå begge stadar er det god sti oppover til Rinda. Her i frå og vidare nordover, er det god sti til den raude hytta ved Svartetjørna. Vidare opp og austover er det særs godt merka med refleksstenger no i vinter...:-) Dette alternativet går over vadet på Krikavatnet, og føl vidare opp dalen (pga veir og snøforhold i vinter). Alternativt kan du følgje nordsida av vatnet og ta fjellkammen opp og austover. Kanskje den finaste ruta er å ta opp ved grinda/nemnde granfelt i lia nedom Rinda, og gå opp Selda, som vi seier. På denne ruta føl du heile fjellmassivet på nordsida av Stongfjorden austover. Her er det luftig og fin utsikt over bygda. Stien opp Selda er ganske lett å finne når du er obs på starten av granfeltet. Den er grei når du tek av på rette staden. Men noko tyngre då du raskt tek høgde opp her. Dette er ruta eg likar best...:-) Luftig og fin utsikt over Stongfjorden frå ruta mot Toreheia. Foto 17/10 kl 8.48 Ein del lenger er det å gå frå Grimelia og austover. Fin som dagstur. Landskapet er så ope og oversiktleg at i godvèr er det bort i mot umogeleg å gå seg vekk. Toreheia er høgaste punktet på heile nordsida av Stongfjorden. Det er her alle retningar går nedover...:-)) Finaste turane er alltid der du kan velje ei rute opp og ei anna ned igjen. Ein kombinasjon av ruter aust/vest eller vest/aust er suverene på Toreheia. I utgangspunktet ville eg ta førstnemnde. Det er alltid finast å ha havet i gåretningen... Det flotte med Toreheia er at her er sol heile året. Iallefall der det no er merka, som hensikta er. Dette gjer fjellet fint å gå på heile året. Her ligg sjeldan mykje snø så langt ute mot havet. Mild havluft og vind fjernar effektivt mykje av snøen. Når eg nemner vind, er det vel greitt å presisere at det sjeldan er stilt ute ved havet. Og vinden kan ofte ta godt! Eg sjølv var oppatt ein tur etter arbeid i kveld. Heldt god fart oppover og nådde ein fabelaktig solnedgang på toppen. Men det mørknar særs fort no. I kveld hadde eg heller ikkje lys med meg, så eg måtte springe heile vegen ned igjen for ikkje å mørkne ute... Det gjekk såvidt...:-)
Fra Toreheia 211009

tirsdag 20. oktober 2009

På heimebane

Foto frå Toreheia i kveld Flott trimtur på Toreheia igjen i kveld. Opplett og mildt. Kjekt å få gje på i passeleg raskt tempo. Kjenne at kroppen fungerer. At det er mykje meir å ta av! Herlig kjensle. Og så er det noko med å kunne gå direkte frå døra heime. Eit slags "heimefjell". Noko som sjølvsagt alle stikkene eg har plassert ut forsterkar. Sidan fruen var vekke med Peter, og vi skulle få levert ny vaskemaskin i kveld, måtte eg gje på heim. Det gjekk akkurat å springe ned igjen før det vart stupmørkt. Hovudlykta var ubrukt. Og eg rakk akkurat å dusje før Bård V. kom med maskina. Supert tima! Og perfekt tur!
Fra Toreheia 201009

søndag 18. oktober 2009

Tøffe gutar

Perfekt morgon i Rørvika i dag Eg traff Agnar i Rørvika kl 08 i dag tidleg, etter å ha stansa i Løvika og foreviga morgonhimmelen i aust. Det var ein nydeleg og stille søndagsmorgon. Fantastisk fint i Løvika i dag tidleg Vi starta straks klyvinga opp bakkane. Eg registrerte i Løvika at snøen hadde minka på Rørviknipa. Og det stemte godt då vi kom dit opp. I partiet der eg sakk gjennom til langt opp på føtene førre lørdag, var det berre flekker igjen av snøen. Det gjekk såleis mykje lettare opp no enn då. Diverre starta det å skye over då vi kom opp under Nipa. Eit tjukt mørkeblått lag med skyer velta innover oss frå sør og vest. Men det var no det. Verre var det at vinden tiltok ganske alvorleg. Og i tillegg kom skodda sigande. Med andre ord vart det ganske ufyseleg. Opp i ura måtte vi fram med broddane. Vi hadde med både stegjern og isøks, men det gjekk forsåvidt rimeleg greitt med broddar. Snøen var hard med isete parti. Øverst oppe var det stort sett hard skare. Likevel var det ikkje same blåisen som forrige lørdag då eg segla... Eg hadde sjølvsagt ikkje fått seglasen eg hadde sist oppe i bratta ut av systemet. Heile veka hadde eg vore innstilt på å få rydda dette av vegen. Eg let difor Agnar vere Agnar og tok raskt føringa opp. Og eg såg meg ikkje tilbake før eg var komen opp...:-) I søkket mellom Rørviknipa og Blegja tiltok vinden endå meir. Det ylte rundt øyra. Det er ikkje alltid like lett å halde balansen i sterk vind og på skare. Når det i tillegg er bratt her, seier det jo seg sjølv at vi måtte vere på allerten. Tøft! Her oppe fekk vi av oss dei sveitte klede og skifta til tørt. Eg tok i tillegg på meg "vindskjørtet" under jakka. Dette er heilt supert. Ein lett, syltynn "frakk" som effektivt stoppar vinden. God utanpå ull og som mellomlag... Agnar får på seg tørre og varme klede Siste biten opp over kanten var utfordrande - igjen! Hardt underlag. Dårleg sikt og kraftig vind. Faren for å segle låg der heile tida. Med spisse steinar stikkande opp, var det ikkje akkurat nokon akebakke nedover heller... Men vi kom oss rimeleg greitt over kanten og opp på topplatået. Og her vart det endå verre... Agnar i føyka på toppen Det var som på Nordpolen, sjølv om eg aldri har vore der. Vi kom oss temmeleg fort i skjul bak varden og fekk skifta ut fjelltrimboka. Annan pause enn å få i seg noko væske og ordne litt på utstyret, var ikkje til å tenke på. Så raskt sette vi kursen tilbake dit vi var komne frå. Det skulle vise seg ein god del verre å komme seg ned igjen. Som alltid! Kanten var isete og nedanfor var det som nemnt bratt, hard skare/is og steinete. Vi var veldig forsiktige. Sjølvsagt skulle vi ha teke på stegjerna, men vèret var horribelt. Det kitla i magen må eg innrømme (iallefall på meg...:-)) Men med litt filing og kryssing gjekk det greitt ned i salen ved Nipa. I søkket mellom Blegja og Rørviknipa Neste bøygen var i partiet der eg segla forrige lørdag. Vi kryssa litt att og fram der òg. Gjorde oss nytte av steinar som stakk opp. Men heldigvis var det ikkje same isen som sist. Så det gjekk rimeleg greitt nedatt til Nipevatnet. På veg oppover hadde vi snakka om å gå ut til Tobbedalsvatnet, og gå Bjørnastigen ned igjen i Rørvika. Det var ei ny oppleving for oss begge. Vegen ut dit sa seg litt sjølv. Vi kryssa i første omgang elva frå Nipevatnet og følgde ranane ned til austsida av Tobbedalsvatnet. Vidare gjekk vi opp sørvestsida av Kringlefjellet til vi kom aust om Bjørnastigvatnet. Fin utsikt bort på nordaustsida av Eitrenipa og til Blåvatnet. Likeeins vestover til Leknesvatna. Blåvatnet og nordaustsida av Eitrenipa Deretter gjekk vi over Botnafjellet og bort i Bjørnastigen. Her heng det wire til å halde seg i for å komme ned skåra. Det var ingen problem sjølvsagt. Vidare tok vi beint ned mellom Ålastølen og Åsastølen, før vi på god stølssti kom ned igjen i Rørvika. I siste bakken traff vi Arve L. og slo av ein prat. Det er faren Arvid L. som eig Nipebua, hytta under Rørviknipa. Ein liten rast ved Nipebua på veg oppover Dermed var ein suveren, tøff, og innhaldsrik tur over. Vel 7 timar var vi undervegs. Med nokre timar i særs utfordrande omgjevnader. Kjekt at Agnar vart med. Ikkje det at eg ikkje hadde gått åleine, men det er no so...:-)
Fra Blegja 181009
Fra Blegja 181009
Snutt ETTERSPEL Eg fekk melding frå Agnar om at han meinte bilda frå toppen var for fine. At det såg ut til å vere sol og fint vèr... For andre kan eg opplyse at eg sjølvsagt knipsa dei to augneblinka der skodda og drevet letta...:-) Var ikkje mykje å ta bilder av elles...

lørdag 17. oktober 2009

Early bird

Det vart "landligge" dei to siste dagane. Kjekt å ta turen til Dale i går og feire 75-års dagen til onkel min. Han går ein heil del i fjellet, og held seg veldig bra... Og som i alle dagar, utruleg godt humør! Ein nøkkel til eit langt og innhaldsrikt liv. For fjell og humør heng no i hop meiner eg...:-) I dag gjorde eg ein liten vri. Eg testa nemleg ut refleksstengene på Toreheia FØR det vart lyst... Så eg stakk oppover med hovudlykta klokka 06. Eit eple fekk halde til frukost så lenge. Verda blir bokstaveleg tala noko mindre ved å gå på fjellet i lyset av ei lykt. No lyser Led Lenser`en ganske bra då, men det er likevel begrensa kva du ser...:-) Og du kjem ganske tett på deg sjølv slik åleine i mørket. Når kattugle og orrhane brått brasar ut framfor føtene dine, skvett ein jo litt. Ja sjølv når det er lyst meiner eg... Ting fungerte elles heilt som planlagt. Ingen problem whatsoever, som det heiter. Refleksane skein meg i møte oppe over Svartevatnet, alle som ein. Som perler på ei snor. Kun to stenger flytta eg på. Elles viste minst ein refleks ruta vidare frå den førre, heile vegen til toppen av Toreheia. På toppen var refleksane gode å ha for skodda sin del òg, for der låg morgonskodda ganske tjukk. Så merkinga er av det gode for både mørke og dårleg vèr. Og ikkje minst for ukjende. Tenker at det skal bli fjelltrim i mørketida òg eg...:-)) På veg ned igjen, flytta eg litt på eit par stenger til i inste enden av Krikavatnet. Fekk endra ruta frå eit myrlendt parti til eit litt tørrare. Her nede gjekk eg elles sør at på Yndestadfjellet, og fekk med meg Stongfjorden i morgonlys. Ei veldig fin stund med flott lys over bygda og ut fjorden. Dagens tur vart avslutta nesten før andre var stått opp. Med eit kne som kranglar litt for tida fekk det halde med dette. Eller det vil seie - det vart ein tur inn Solsidevegen der det var samla folk for dugnad og rydding av skog. M.a. Olaug og Peter. Her nådde eg tidsnok fram til kaffi og mat, då rikeleg med folk hadde fått jobben gjort. Men eg bar no heim igjen ei motorsag for Gisle...:-)) Olaug reiste deretter med Dag Tore og Anita på Fanafjellet. Eg har difor teke livet med ro på altanen i t-skjorta, og lada opp til Blegja med Agnar i morgon. Må fullføre jobben frå forrige lørdag.... denne gongen med stegjern og isøks i sekken. Det ender vel opp med at eg ikkje treng nokon av delene denne gongen, er det likt seg....:-)
Fra Toreheia 171009

onsdag 14. oktober 2009

Ein forsmak

Mot Mangevatna frå turen på Toreheia i ettermiddag Eg tok med meg 4 stenger til i ettermiddag og gjekk opp igjen på Toreheia for fjerde dagen på rad. I kveld bles det ganske bra oppe på toppen. Men ikkje av det kaldaste slaget. Det såg ut som det låg eit nytt lågtrykk ute i havet, for det var både blå og svarte nyansar i skylaget som seig inn over. Eit flott rosa og lyst skjer inn i mellom på himmelen i aust og sør. Kjempeflott! Det er ei bra trimøkt opp på Toreheia. Klart lenger og tøffare enn eit par, tre av dei forrige toppane. Og det er jo 700 meter stigning. Så det gjeld å halde forma vedlike framover...:-) Elles testa eg ut kameraet på eit nattfoto av Stongfjorden. Vel nattfoto og nattfoto, det var ikkje bekmørkt, men likevel. Ein bør vel ha stativ til slikt, men eg sette apparatet på ein stein i staden. Artig å prøve noko nytt.
Fra Toreheia 141009

tirsdag 13. oktober 2009

Ferdig merka på Toreheia

Kveldsbilder frå Toreheia i kveld Eg gjekk opp på Toreheia tredje dagen på rad i ettermiddag. Nok ein nydeleg kveld der oppe. Eg tok med meg resten av lageret med refleksstenger og fekk dei plasserte ut. Så no skulle alt vere klart for natterangling...:-) Som sagt før, så må ein nok vurdere veir og vind kor tid ein vil ta avgarde. Det er høgt og utsett for vèr og vind der oppe. Snøføyke og whiteout er ikkje alltid å spøke med. Spesielt når det elles er mørkt og ein er avhengig av lyset frå hovudlykta. Eg har ganske friskt i minne då eg gjekk meg vill i mørke og rennefòk ute på Høgeheia i vinter som var. Var ikkje noko artig då eg følte batteria på lykta var i ferd med å takke for seg og eg ikkje visste kvar eg var... Elles var det omlag som reprise på turen i går. Litt meir skyer og ikkje nokon solnedgang å snakke om. "Når sola går ned i ein sekk er den neste dag vekk", er vel eit vèrteikna som er ganske sikkert...
Fra Toreheia 131009

mandag 12. oktober 2009

Solnedgang på Toreheia

Utruleg vakkert på Toreheia i kveld før det vart mørkt... Praktfull tur på Toreheia igjen i kveld. Eg tok med meg eit godt lass med refleksstenger til, og trudde det var nok. Men eg kom i manko på nokre få stykker. Det gjenstår difor å sette opp stenger i første bakken ovanfor Krækavatnet. Ein fem-seks stykker tenkje eg. Ved toppen trur eg det skal vere nok. Det får vi teste med hovudlykta med det første. Som planlagt nådde eg opp på toppen til sola gjekk ned. Terrenget låg bada i raudleg lys. Som teke ut frå ein romantisk film. Blegja stakk opp som ein drivande kvit diamant i aust. Aldeles nydeleg. Fantastisk. Ja, her finnst vel ikkje ord... Eg hadde med meg hovudlykta i kveld i tilfelle eg ikkje rakk ned igjen før det var mørkt. Men det heldt akkurat med lyset. Ein nydeleg tur igjen. Vi er i gang...:-))
Fra Toreheia 121009

søndag 11. oktober 2009

Herlege Toreheia

Utsikt vestover frå Toreheia i dag.. Tilbake til scratch i dag kan eg vel seie. Etter den famøse turen i går, var det aldeles nydeleg å ta mange timer her heime på Toreheia. Dag Tore og Anita hadde lagt ut den nye boka for 2010 sesongen i går. Toreheia er fjellet eg gjekk mykje på første året mitt i Stongfjorden for 12 år sidan. Det er på ein måte høgste "heimefjellet" med sine 717 m.o.h. Heime i den forstand at det ligg rett nord om Stongfjorden. Og at vi går opp dit frå døra heime ved fjorden, utan å løyse bilen. Det er kjempegreier! Eg hadde med meg omlag halvparten av refleksstengene for å merke i dag. Eg har nemleg tenkt å ta utfordringa i å gå opp med hovudlykt i vinter. Det blir litt tøffare enn Høgeheia og Skylefjellet, då Toreheia ligg ein god del høgare, lenger unna og sjølvsagt meir utsett for det voldsomme vèret som det kan vere her ute i havgapet. Difor må eg nok tenke noko meir på kor tid det går an å gå, sett i forhold til dei to andre fjella. Der gjekk eg med hovudlykt i alt slags vèr.... No har eg valt den minst vèrutsette ruta opp - forbi hytta til Lasse V, over vadet på Krækavatnet, opp dalsøkket nord om elva og vidare opp på vestsida av toppen. Til vanleg går eg opp Selda og føl heile fjellkanten over Stongfjorden og opp. Men der vil sjølvsagt vèr og vind ta mykje meir i vinter enn på den andre trassèen... I tillegg til å sette opp vel halvparten av stengene, varda eg ein heil del i dag. Spesielt oppe over Krækavatnet der det står att å sette opp fleire stenger. Stengene har eg i kjellaren, det vart for mykje å ta med alt på ein gong. Resten skal eg få opp i løpet av veka. Eg plasserte òg ut ein del vanlege refleksar i nokre busker lenger nede i lendet. Så snart skal det vere fritt fram for dei som har lyst å prøve seg med hovudlykt i haust og vinter.... Heile området her oppe nord om Stongfjorden er aldeles nydeleg. Ope og fint, lettgått, med vatn og heiar. Ei perle. Fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Rett ned på Svanøya og Stavfjorden/Førdefjorden i nord, Florø og Ålfoten lenger nord, Blegja og alle fjella i aust, og sjølvsagt sør og vest mot Portafjella, Skålefjellet, Moldura, Fanafjellet, Askvollfjella, Atløy og Alden og mykje meir.... Dessverre, får eg nesten seie, så ser vi Lutelandet her oppe frå òg... Det er sol heile året i fjella her. Perfekt! Dette skal bli moro. Og så er det fantastisk trening... Og ikkje minst: Forandring fryder! Gler meg til mange fine stunder framover...:-))
Fra Toreheia 111009

lørdag 10. oktober 2009

Dramatikk på Blegja

Mismodig, men like heil... Alt låg til rette for ei flott vinterbestigning av Blegja i dag. Så eg var på plass i Rørvika før kl 08. På turen inn stoppa eg i Løvika først, og tok nokre bilder av ein veldig flott austhimmel. Løvika har nydeleg utsikt inn Førdefjorden og mot morgonhimmelen. I tillegg utsikt opp på Blegja, nesten rett over hovudet. Løvika i dag tidleg... Det er mykje tre av bjørk og rogn opp frå Rørvika. Dei gule bjørkeskogen låg bada i gullskimrande lys frå austhimmelen. Fantastisk flott. Rogna lenger oppe bar endå på bæra, men lauva var for det meste blesne av. I bakkane er det nydeleg utsikt over husa ved fjorden. Førdefjorden låg spegla blå og fin i morgonlyset. Sola var komen på Vevring-sida av fjorden. Oktobermorgon i Rørvika... Håsteinen og Vevring på motsett side av Førdefjorden Første snøen traff eg på etter ein halvtimes tøff stigning. Men det gjekk rimeleg greitt opp til omlag der hytta står. Eg såg det var fotspor i snøen oppover, og lurte på om det var frå i går. Og om vedkommande låg på hytta. Ovanfor hytta såg eg ein rypejeger. Eg passerte han litt lenger nord, og var ikkje i prat med vedkommande. (Eg meiner rypa skulle vore raudlista og freda, så lite som det er av fuglen...) I partiet oppover frå hytta mot Rørviknipa vart snøen betydeleg djupare. Sikkert ein 30 cm eller noko slikt. Her i frå og opp på toppen av Blegja ligg det berre stein og urar.... Det vart eit sværa slit vidare. Ikkje berre det - det vart eit blodslit! For heile tida trakke eg gjennom snølaget og ned mellom store steinar. Eg stod til skrevs rett som det var i snø og holer. Men eg beit tennene i hop og gjekk på... Ved elva under Rørviknipa vart snøen djupare... Då eg kom opp under Rørviknipa og svinga sørover, gjekk det litt lettare. For på ranane her var snøen blesen mykje vekk. Så partiet bort til Nipevatnet gjekk relativt greitt. Den vidare delen oppover og i starten på dei bratte urane, gjekk det forsåvidt ganske bra òg. Det var veldig tungt, men det stod sin prøve. Men i øvste delen av ura mot salen mellom Rørviknipa og Blegja, nesten oppe mot toppen, starta problema. Snøen gjekk meir og meir over til is. Eg var i stuss om det var nødvendig å ta med broddar i dag. Men her var eg glad eg hadde dei med. Så dei kom fort på... Eg kom meg difor eit stykke til før heile dramaet starta.... Mot sør og skaret mellom Blegja og Synste Stauren... For dei som er litt kjende her oppe, så hallar ura bratt mot sørvest. For å komme opp må du traversere ura på langs i øvste kanten oppe under nipa. Og i dag låg isen knallande hard. Broddane berre skrapa toppen på isen. Og tyngdekrafta virka nesten rett ned... Og brått glei eg - og segla mange meter før eg greidde å stoppe i eit snølag, ein 10-20 meter lenger nede. Svarte svingande... Stegjerna hadde ikkje vore i tankane ein gong... Men eg klatra opp igjen og fann ein litt annan passasje, før det glapp igjen...! Og denne gongen vart eg redd. For eg skaut fart på isen nedover, greidde ikkje å stoppe og hadde null kontroll. Ekkelt! Men heldigvis unngjekk eg nokre steinar som stakk opp og havna nesten heilt i botnen av den iseete ura - sikkert 50 meter nedanfor. Ukontrollert segletur frå traversen rett under fjellet... Kor hardt og bratt her er kjem dårleg fram... Eg var jammen glad det gjekk bra! Men fortvila over å måtte gje meg etter alt slitet. Helsike! Så nær, men likevel så langt i frå. Og til topps som eg har gått så mange gonger.... Eg prøvde meg til igjen på ein ny trassè. Det gjekk bra opp igjen, men så måtte eg ut på meir is - og då gjekk endeleg gardina ned for dette teaterstykket. Eg skalv i beina, og fann ut at det sjølvsagt vart endå verre når eg skulle ned igjen. Hvis eg kom meg opp då... SÅ mykje stod det ikkje om å få skifte ut fjelltrimboka... Det var berre ein ting å gjere - SNU! Eg gjekk temmeleg mismodig ned igjen der eg var komen frå. Eg veit ikkje om eg har snudd ein einaste gong siste året... Men etter litt tid kom det seg. Blegja ligg no der i morgon òg... Det vart ein ganske stri tørn heim att òg. Men no var det mogeleg å sjå kvar eg hadde trakka gjennom, så litt lettare gjekk det jo. Eg var likevel ganske utsliten då eg kom med ned igjen til bilen i Rørvika. Og Mission Uncompleted! Trøsta var no at eg gjekk på eigne bein, og ikkje låg i eit helikopter....
Fra Blegja 101009

fredag 9. oktober 2009

Hello old friend

Bilder mot Florø og Alden frå Høgeheia på Staveneset i dag tidleg... Må vel ha lov å kalle det flaks at eg skulle få ein slik flott feriedag i dag. Eit skudd i blinde kan eg vel seie. No tok eg rett nok fri for å vere heime med Peter, men stakk av ei stund i full forståing med han. Guten ville heller sirkulere litt fram og tilbake med nabojentene, som òg var heime frå skulen, enn å vere med faren på Høgeheia. Rart å tenke på at det er akkurat eitt år sidan eg starta å gå på Høgeheia for fullt. Det vart nesten kvar dag eller kveld ein periode på nokre månader. For det meste med hovudlykt. No er det ei god stund sidan eg har og gått her ute. I dag tidleg var det nesten kort opp, tykte eg. På toppen på ein-to-tre. Piece og cake, heiter det vel på godt norsk. Det gjekk adskilleg tyngre i snø, bløyte og is forrige vinter. Kjekt er det å sjå av vèrmeldingane i morgon ser nokolunde ok ut. Har nemleg tenkt meg på Blegja å skifte ut turboka. 8-10 minusgrader ser eg på nettet. Og ein god del snø ligg der oppe. Kan bli ei lita utfordring av den vinterbestigninga... Får finne fram litt gåsedun tenkje eg...:-))
Fra Heime & Høgeheia 091009