Facebook

onsdag 9. september 2009

Uventa feriedag

Gamle trestubbar er god grobotn for sopp. Desse står ved elva i Prestemarka. Foto på veg på Hjartåsen i dag. Den årlege hausthendinga med stengt veg på Heilevang var venta. Om enn ikkje kva dag det skulle skje. Litt ekstra nedbør og elva der inne fløymer utover hamrane og tek med seg stein og jord. I dag var noko av elveforebygginga òg skada. Når det ramlar stein og vatn ned i vegbana frå høgt oppe i fjellet, er det klart at det medfører fare å køyre forbi. Sidan elvane var mindre i dag, køyrde eg no inn i håp om at dei opna. Diverre var det nesten berre å snu med ein gong. Litt seinare vart det klårt at det ikkje vart opna før rundt lunsj-tider. Så sjølv om det passa ganske dårleg med ein feriedag, vart det likevel til det. Når så vart tilfelle, var eg ganske bestemt på å ta ein fjelltur. Ikkje særleg overraskande. Så eg heiv litt "uversklede" og eit par trøyer i bilen og gjekk først på Dokka. Å gå opp den bratte kammen her er blitt ein av favorittane mine. Den får verkeleg blodpumpa i sving. I tillegg er det fantastisk utsikt over Holmedal og Dalsfjorden. Utanom ei solid styrtebyga midtveges heldt det seg opplett. Men det var tjukk skodde på toppen. På veg ned igjen tok eg ein del bilder av Holmedal frå haustlege kulissar. Etterpå køyrde eg ut til Askvoll og tok med meg Hjartåsen i same slengen. Du verden kor vått det var oppover. Elvar og bløyte over alt! Men også her heldt det seg forbausande nok opplett heile turen. Faktisk varma sola ryggen nokre gonger òg. Eg traff på Ingvar S. på veg ned igjen og slo av ein prat. Ingvar går mykje på Hjartåsen. Han var i tillegg med på den flotte fellesturen Fossevikja/Blegja/Hestad i sommar. Då det VAR sommar! To våte fjellturar på særs vått og glatt underlag var då i boks. To gode turar og god trening...:-)
Fra Dokka_Hjartåsen 090909
Legg inn en kommentar