lørdag 5. september 2009

Endeleg Blegja igjen...

Bilder frå Blegja i dag Då klaffa det endeleg med vèr og anledning til ein tur på Blegja igjen. Faktisk lenge sidan sist! Nå har eg sjølvsagt konsentrert meg meir om desse fjelltrimpostane i sommar, enn Blegja-tur. Og elles har det no stort sett regna i helgane siste vekene òg. Blegja ligg jo litt høgare enn dei andre toppane ikring her. Og er difor eit litt tøffare mål, spesielt med hensyn til vèr og vind, enn dei andre 700-800 meters fjella.. Frå Rørvika er det stort sett rett opp frå havoverflata òg til over 1300 meter... Så det er greitt å ha litt trening i føtene. Eg starta i 8-tida der inne. Og kom meg ganske radig opp under Rørviknipa. På omlag ein times tid. I softshell bukse frå Arcteryx og ei tynn trøye frå Devold måtte eg kle meg litt om. Trøya var gjennomsveitt og vinden tok beinkaldt frå nord. Men i dag hadde eg med meg klede nesten som for ein vinterdag. Ei tjukk ulltrøye frå Devold, hanskar, Rab-jakka og vindtett hue frå Outdoor Research fiksa biffen utan problem. Skodda som låg tjukk oppe mot toppen då eg starta, var letta då eg kom opp i urane. Litt skoddedottar kom og gjekk. Og fukta låg framleis på mykje av dei kvasse steinane. Måtte difor vere ganske obs då det var glatt! Dei nye Scarpa-skoa eg kjøpte hin dagen tok eg ikkje sjansen på å bruke, så eg gjekk i dei gamle halvslitne Lowa-skoa. Dei stolar eg ikkje heilt på lenger... Stavane sette eg igjen nede i starten på all steinen. Dei er berre i vegen oppe i urane, og så er det godt å kunne ha nevane fri til å ta seg for oppe i bratta... Det gjekk egentleg forbausande lett og greitt til topps. Fungerte heilt fint. Litt XL-1 undervegs gjer susen. På dei mindre turane på eit par timar, tek eg ikke drikke med meg. Men det er bra å ha litt væske med miniralar i bakhand på litt lengre turar... Sveitten må jo kompenserast. Det var kaldt på toppen. Trekk frå nordaust. Sola slo ikkje skikkeleg gjennom det låge skoddedekket heller. Men i dag tok eg meg likevel tid til å lage ein video-snutt og knipse bilder. Eit par skiver gjekk òg ned. I ly av varden fann eg fort varmen igjen og livet strålte... Eg var i utgangspunktet tenkt inn på staurane for å ta nokre bilder over Førdefjorden. Men eg ombestemte meg. Det var såpass disig og med skoddedottar at eg fann ut at det ikkje var verdt strevet. Det hadde iallefall gått med to-tre timar ekstra. Eg tok difor ned igjen same vegen. Det var artig å høyre sauebjellar midt oppe i steinura under Likkjeblegja. Jammen gjekk det 5 sauer heilt her oppe. Har zooma inn på eine bildet der dei står på ei grøn bot midt i all steinen. Dette må vel vere kva vi kan kalle fjellsau...:-) Kanskje ein hardfør rase med gode gener...:-) Olaug ringde då eg var komen ned igjen ved Nipebua. Det passa bra at eg snart var heime igjen, for ho gjekk på Dokka. Peter var med Jonas og sykla. Så alt klaffa som smurt denne flotte laurdagen. Håpet er jo at vi kan får fleire fine helgedagar i september. Neste helg reisar nemleg fruen på Galdhøpiggen, og der er dei vel endå meir utsette for vèret enn på Blegja vil eg tru...
Fra Blegja 050909

Ingen kommentarer: