fredag 11. september 2009

Brusande vatn

Mobilbilde: Elva nedom demningen i Rivedal i ettermiddag Det føltes nesten som det var vatn overalt på Stølsfjellet i ettermiddag. Søkk vått og elvar alle stadar. Eg trur neppe eg har sett elva under demma og ned dalen så svær som i dag. Det dundra vatn langt over breiddene. Og stien over myrane bort mot Nigardsstølen var overfløymd. I stigningane opp mot toppen rann det alle plassar. Eg fekk på meg ei solid byge nesten med det same eg gjekk. Den andre small inn i skrotten nett nedom toppen på veg ned igjen. Men eg hadde gode klede, så vèret hadde eg ingen problem med. Tørr og god var eg på føtene òg i dei gamle Lowa skoa. Ein ting er likevel sikkert - å springe i myr og elvar med fjellsko er tungt...! Eg var gjennomvåt av sveitte etter å ha sprunge heile vegen ned igjen... Og tanken om å ta Hjartåsen òg, slo eg frå meg. Sidan fruen skal på Galdhøpiggen i morgon, var det like greitt å komme seg heime igjen ei stund før sengetid...:-) På veg ned igjen, akkurat då byga kom, fekk eg eit kjempeflott skue over ei ung havørn frå årets kull. Berre nokre meter nedanfor meg og utfor hamrane sveva ho grasiøst i fleire minutt. Diverre hadde eg berre mobilen med meg, så foto vart det dårleg med. Men uansett - det er nokre fantastisk flotte og store fuglar dette! Utruleg syn...
Fra Stølsfjellet 110909

2 kommentarer:

Eli Kristin Magnussen sa...

Flotte bilder Gustav - du e'kje fysen i regnværet, he-he! :D

Unknown sa...

Takk Eli Kristin!!

Nei, vèret bryr eg meg ikkje om:-)) Har fint klede som tåler det! Forresten hugsar eg meir av slike turar enn når det er sol... (mobilbilder dette i dag, men det funkar det òg...)