Facebook

tirsdag 29. september 2009

Vidunderleg haustmesse

Atløynipa og Alden frå Dokka i kveld... Det brenn eit raudt lys over Lutelandet... Eg hadde nesten klump i halsen då eg småluffa ned igjen frå Dokka i kveld. Fantastisk! Nydeleg lys ute i havet. Til og med sola stakk fram. Det brune og oransje graset brann i lyset frå vest. Nokre skoddedottar og litt småbyger med snø dreiv forbi i fjella. Nesten utan vind. Dalsfjorden låg nydeleg austover mot Dale. Askvoll, Holmedal og Straumsnes låg så stilt der nede i det kvervande lyset. Det var ei høgtidsstund. Ei Mikkelsmesse verdig (Mikkelsmesse er ei gammal kristen høgtid feira den 29. september til minne om erkeengelen Mikael)...
Fra Dokka 290909

søndag 27. september 2009

Tøft på Stølsfjellet 2

Frå Stølsfjellet i dag tidleg (MMS) Eg tok turen til Rivedal og Stølsfjellet igjen i dag tidleg. Eg hadde jo nesten nett vore der. Men det var for å fullføre det eg hadde sett meg føre med fjelltrimmen i 2009. Det var eit veldig optimistisk mål eg tenkte ut i fjor på denne tid... Så no kveiker eg meg ein sigar - iallefall symbolsk sett (trur ikkje det finst noko slikt her i huset...:-)) Det er vel ikkje så mykje å seie om turen. Den var omlag på ein prikk lik den i går kveld. Einaste skilnaden må vere at eg tok på meg gummistøvlar i dag. Det er lenge sidan eg har gått med sjøstøvlar på fjellet. Er ikkje heilt sikker på om det er god kutyme...:-) Sjø og fjell meiner eg... Men slik forholda er no om dagen, er det iallefall fornuftig. Kom meg greitt over elvane og var like tørr på føtene då eg kom ned igjen som då eg starta! Det hadde eg aldri vore i fjellsko - i dag heller... (To par står no våte på skotørkaren i kjellaren...) Vel, no har det seg ikkje slik at eg har tenkt å slutte å gå. Må halde både kroppen og sjela ved like. Og 10. oktober blir dei nye toppane lagt ut... Då får vi tenke ut ein eittårsplan...:-))
Fra Stølsfjellet 270909

lørdag 26. september 2009

Tøft på Stølsfjellet

Mobilbilder frå Stølsfjellet i kveld I Dale brukte vi eit uttrykk før som heitte "Gu nå meg"... Det var for å formidle at noko var "ryse" stort... Eg får nytte meg av dette uttrykket på forholda på Stølsfjellet i kveld. Gu nå meg kor vatn! Elvar ned dalen var ekstrem. Sideelva oppe forbi Nigardsstølen kom eg ikkje tørrskodd over. Eg måtte berre hoppe uti og vart kliss på føtene. Her er det til vanleg berre ei lita sitla. Og i sommar var det heilt tørt! Stien opp i det bratte skaret var nesten ein einaste elv. Likeeins nedanfor ura. Har aldri sett på maken til vatn... Og det sila ned. Bøtta ned. Heile turen opp i kveld. Og skodda låg tjukk heilt frå Rivedal og opp. Ikkje nok med det. Det bles noko frykteleg òg... Helleveien for eit vèr...! Men eg hadde sjølvsagt ingen problem. Våt på føtene er nesten ein vane. Blir jo reine "våtdrakta" nede i skoa når vatnet blir varmt. Nei då er det verre når minusgradene kjem sigande på. Ikkje fullt så moro å bli våt på føtene då... Eg kraup i skjul på ein stein der oppe. Fekk namnet i boka og knipsa eit par bilder med mobilen før den vart gjennomvåt og sprang så godt som det let seg gjere ned igjen. Tøffe tak men utrulig moro. Og ikkje minst ei god kjensle å komme seg i hus og dusjen igjen. Jepp, då var to fjell i boks i dag under friske forhold. Godt jobba...:-) Spesielt med det kneet òg... Mobilkunst på Stølsfjellet i kveld...:-)

Våt affære

Frå Hjartåsen i dag tidleg (mobilbilde). Vått var berre forbokstaven på forholda på Hjartåsen i dag tidleg. Har det vore blautt før, var det lite i forhold til i dag. Det rann vatn overalt. Stien var ei einaste elv. Og elvane i Askdalen var vanskelege å komme over. Eg heldt nesten på å seie ikkje heilt farefrie heller. Eg trur ikkje eg har sett dei slik før der nede. I tillegg var skodda så tjukk at ho kunne skjærast med kniv (i desse slaktetider..:-)) Det er sjølvsagt ingen problem opp på Hjartåsen i så måte, så god sti som her er. Elles tok vinden skikkeleg tak òg. Nokre minuttar var det difor heilt skoddefritt, før ho kom igjen med full tungde berre nokre minuttar seinare. Ja det er friskt på kysten i slikt vèr. Ruskevèr vil vel enkelte hevde... Men det gjer berre utruleg godt å komme seg ut for det...:-)
Fra Hjartåsen 260909

onsdag 23. september 2009

Fin haustkveld

Mobilbilder frå Stølsfjellet i kveld Jammen fekk eg sjå sola i dag òg. Såvidt det var. Ho stakk nemleg gjennom skylaget då eg var ein tur på Stølsfjellet etter arbeid. Elva ned Rivedalsdalen var enorm igjen. Men bulder og brak fossa ho ned dalen til kraftverket. Enkelte gonger er det vel greitt at det er gjerde framfor elva ved vegen. Det var ikkje til å tenke på å krysse ho der nede i kveld iallefall. Sjølvsagt var det òg vått oppover. Dammar og elvar overalt. Og myrane var søkk blaute. Likevel var det ein flott tur opp. Det bles, men heldt seg opplett. Eg hadde funne fram vintetrøyene i dag. Tjukk Devold-ull gjer underverk. For jammen er det blitt kaldt i fjellet etterkvart... Eg såg det dreiv byger i fjella mot Stongfjorden, så etter nokre knips med mobilen sprang eg ned igjen i fjellsko...! Og ei solid regnbyge traff bilen på veg heim igjen...:-))

mandag 21. september 2009

Haustlege vindar

Mobilbilder frå Hjartåsen i kveld... Fekk meg ein fin trimtur på Hjartåsen igjen i ettermiddag. Utruleg nok heldt det seg opplett heile turen - til eg akkurat fekk igjen døra på bilen... Då styrta regnet ned:-) Råflaks... Såg ikkje folk i det heile teke oppe i dag. Dei bala vel med innesysler i det haustlege vèret. For sjølv om det var opplett, bles det kaldt. Så eg sprang berre heim igjen til middag...:-)

lørdag 19. september 2009

Suffolk og skodde

På veg mot Breiskora på Heilevangstaurane
dukkar Litlehesten opp i morgonsola i aust

Agnar henta Vigdis og meg i Rørvika 7.30. Og saman køyrde vi til Ospelia i Solheimsdalen. Ei fantastisk morgonsol møtte oss der oppe då vi begynte å gå. Utruleg fint og varmt lys omkransa dei haustlege fargane. Det gløda over alt. Som skimrande gull. Eg hamna sjølvsagt etter fordi eg måtte forevige alt dette praktfulle. Eg dreiv ei slags form for intervalltrening bak for stadig å måtte ta igjen tetduoen! Men vi kom oss fort og greitt fram i botnen på Heilevangstaurane.

Ingen av oss var heilt sikre på kvar vi skulle finne beste vegen opp. Breiskora som vegen opp heiter, hadde vi lite kjennskap til. Vigdis og eg hadde aldri gått der. For Agnar sin del var det visst 16 år sidan! Vi bomma difor i oppstarten, og måtte klive opp over nokre glatte hamrar og småskårar, før vi kom oss på rett kjøl. På toppen av Breiskora vart vi møtt av ein frisk synnavind. Dette ligg beint nord for Storehesten. Skodda låg i tillegg tjukk og langt ned i fjellet.

Etter å ha fått på oss litt tørre og vindtette klede, bar turen vestover fjellet. Ganske fort gjekk vi inn i tett skodde. No var det vel egentleg berre eg som hadde gått utover her. Men det hadde berre vore på ski. Bortsett frå ein gong til fots for fleire år sidan. Utover staurane mot Blegja er det berre stein. Stein på stein. I skodda som låg tjukk som graut, var det nærast uråd å orientere seg.

Vindretningen var det greiaste å merke seg. Eit par gonger letta det brått heilt opp slik av vi fekk komme oss inn igjen på kurs. Og litt lenger ute fekk vi heldigvis meir hjelp, då skodda forsvann til vi nesten var komne heilt ute på toppen. Dette var nok ei påminning om at skodda ikkje er noko å spøkje med - iallefall i slikt landskap utan eit einaste haldepunkt. Vardar er her minimalt av!

Eit lite stykke før toppen fekk vi oss ei skikkeleg overrasking då 4 personar kom oss i møte. Folk i denne skodda! Endå større vart forbauselsen då første mann var Sigmund, svogeren min, og neste mann Sillan, bror min, og dei to andre var Rolf K. og Arild L. Dalingar... Dei hadde gått opp frå Fossedalen og ut Blåegga. Og skulle vidare til Langeland til hytta til Rolfen. Det var jo litt av ein plass for eit slikt møte. Men ikkje dessto artigare. Dalegjengen var rett nok så tynnkledde at møtet i den kalde vinden vart av kort art. Og på motsett kurs stakk dei 4 innover der vi var komne frå.

Vi vurderte om vi skulle få oss litt mat etterkvart, men bestemte oss for å gå heilt ut medan skodda var vekke. Det var ei rett avgjerd. For skodda seig på tjukkare enn nokon sinne då vi kom ut på toppen. Ny overrasking møtte oss ved varden då der sat ein mann og ei dame frå Bygstad. Kjende frå langrennseliten i fylket. Dei hadde kome opp frå Hestad. Ganske kjapt gjekk dei òg innover etter gps. Vi fekk i oss noko mat i ly av varden. Likevel vart det så fort kaldt der i vinden og skoddehavet at vi gjekk vest mot kanten og nedstigninga av ura.

Her er det sjølvagt ingen problem med å finne vegen, så godt som vi er kjende.  Med alle vardane som er sette opp i tillegg. (Måtte skryte litt til Agnar over størrelsen på den største der nede..:-))

Hovudgrunnen for turen i dag var å få med seg nokre sauer som hadde gått i området ved Rørviknipa. Eg tok bilde av 6 stk for 14 dagar sidan. Ved fjorden nedanfor hadde ein sett på 14 stk siste dagane. Sidan Vigdis måtte heim til ungane, gjekk ho beint i Rørvika. Medan Agnar og eg vart trålande i området.

Agnar gjekk nord om Rørviknipa. Eg heldt fram ned under hamrane av Rørviknipa og sør mot Tobbedalsvatnet. Eg sat på eit par knausar med god oversikt og saumfòr landskapet med kikkert, men såg ingen ting. Eg hadde nærast gitt opp då eg såg ein kvit dott lenger sør, og eit stykke opp igjen aust av vatnet. Då eg kom nærare dukka det opp fleire dottar. Snart talde eg 11 Suffolk. Eg fekk dei på kjøl mot Nipebua og retning Rørvika. Etter å ha teke ein kikk til rundt eit par hamrar dukka det opp ei søye til med to lam som eg fekk i same leia som dei andre. Kjempegreie!

Suffolksauene stakk stadig vekk til høgre og venstre. Eg sprang som ein hund frå side til side. Men etter ei stund gjekk dei ganske greitt. Neste utfordring var elva dei måtte krysse ovanfor hytta. Dette gjekk forbausande bra òg. Eg var imponert. Og sauene som aldri hadde gått ned igjen denne vegen, gjekk stort sett eksemplarisk.

Det var sjølvsagt eitt dyr som stadig skulle bryte ut, men snart kom det òg på betre tankar... Eg har jammen vore ute for verre dyr enn dette! Eg var ganske happy då Agnar tok meg igjen nede i bakkane under Nipebua. Det vart jo ganske mykje lettare å halde dei på kjøl når dei braut ut, då vi no var to til å ta kvar vår side. Så utanom eit par stunt på kanten av to loddrette stup (det eine minst 200 meter høgt) kom vi oss rimeleg greitt ned igjen i Rørvika! Mission completed! Og vi kunne ta ei lita feiring ilag med eigaren der nede.... Så etter å ha køyrd Agnar i Ospelia til bilen hans, bar det rett heim i dusjen. Ein minnerik tur var til endes i dag òg. Herlig!!


Fra Blegja 190909
Agnar og Vigdis bak varden på Blegja i skodde og vind...

torsdag 17. september 2009

Stolt frue

Synest det var på sin plass å vie Sissel og Olaug litt merksemd på bloggen. Dei var så heldige å få seg ein fantastisk tur på Galdhøpiggen forrige søndag. Eg kan legge til at eit turfølgje måtte snu dagen før grunna snøstorm (ein ser det er nysnø på bilda). Ein av guidane uttalte elles at turen dei hadde på søndagen, var den finaste dei hadde hatt i år. Snakk om svinflaks! Olaug sine bilder fortel vel litt om ein flott tur. Iallefall kan eit hjarte som er glad i fjell smelte...:-)
Fra Galdhøpiggen 130909

onsdag 16. september 2009

Klisjear

Eg har hatt ei oppfatning ei stund at bloggen min har enda opp som ein klisjè. Same turane, same motiva og stort sett same vèret. No blir det snart nye fjell, så då so..:-) Men i dag får vi gjere ein vri - iallefall til å begynne med. Om ikkje akkurat ovannemnde er ein favoritt, har den iallefall eit visst preg...(hugs lyd!:-)) Eg var iallefall ein kjapp tur opp igjen på Stølsfjellet i kveld. Det er snart avrunding på desse toppane. Og det går litt på motivasjonen laust om dagen. Men eg har sett meg eit nytt mål, så då får vi gå etter det. Eg er vel rimeleg sta når eg har bestemt meg. Nokon har vel nytta ordet stabeist òg. Korleis psyken er får vel andre avgjere. Men sjølv føler eg meg ganske bra. Ja, nærmast litt opphøga når eg får gje på litt. Både humør og kjensle blir betre. No er vel gal eit relativt tøyeleg begrep. Eg ser jo ein viss galskap i det eg balar på med. Det får no så vere. Ein kan vel gjere på verre ting her i livet enn å springe i fjellet. Men at det er ein viss rus i det tvilar eg ikkje på. Det var som eg høyrde sagt ein gong, at det var tre former for rus. Nummer 1 var alkohol/narkotika, nummer 2 var religion og nummer 3 var jakta på endorfinar (kroppen sitt naturlige narkotikum). Nummer 1 og 3 kjenner eg ganske godt. I dag er eg ikkje i tvil om kva EG vil halde meg til...:-) Ja, eg trur faktisk det er sunnast òg...:-)
Fra Stølsfjellet 160909-mobilbilder

tirsdag 15. september 2009

Eit lite jubileum

Mobilbilder frå Dokka i kveld... Ja, det vart Dokka igjen. Som sagt vart det ein kviledag i går, men i dag kribla det i kroppen igjen. Eit skrik etter sveitte...:-) Så det bar rett til Holmedal etter jobb og "ruta mi" rett opp... Det heldt seg opplett til eg kom opp i skoddehavet oppe mot toppen. Det var ei blanding av regn og yr frå skodda som vætte meg godt ut. I joggesko og utan noko særleg klede, sprang eg fort ned igjen etter å ha fått namnet i boka...

mandag 14. september 2009

Fin mandag

Ved kaia heime i ettermiddag... I dag tok eg livet med ro etter jobb. Svinga innom stemmelokalet på veg heim. Fekk i meg ein god wookmiddag med kylling og parkerte under beste teppet mitt... Eg hadde med meg kameraet på veg til jobb i dag. Visste det var eit bra speglmotiv på demma då vatnet var fullt, og det var ein stille, fin morgon. I tillegg vart det eit par bilder frå Førde ved banken. Etter å ha vakna til liv frå sofaen igjen, tok eg meg ein liten tur ned til sjøen og knipsa nokre bilder her òg i det nydelege haustvèret...
Fra Diverse 140909

søndag 13. september 2009

Flotte Høgeheia

Nydeleg kveldstur på Høgeheia i kveld... Så fint som det vart i dag måtte eg berre ha meg ein tur til. Solnedgang på Høgeheia frista. No var eg vel litt for tidleg ute, og hadde litt for lite klede til å sjå sola gå ned i havet. Men det var no like greitt. Synest alltid det er litt trist når eg ser sola forsvinne bak horisonten. Det er som på eitt eller anna fjell nede i Himalaya eller Karakorum - du skal stanse nokre meter før toppen fordi gudane ikkje skal forstyrrast... (Det er no mangt slags samanlikningar ein skal kome på...:-)) Det er lenge sidan eg har vore på Høgeheia. Eg rennde jo ned toppen i haust og i vinter. I kveld virka det reint kort opp! Men så er gjerne formen ganske bra òg. Det er kjekt å sjå kor flott sti det er i frå Hollevika og heile vegen opp. Ein god del av vegen var det ikkje sti då eg begynte å gå i haust. Og no er det reine autostradaen... Bra! Det bles ganske friskt frå nordaust oppe. Eg hadde berre eit tynt vindtett "skjørt" utan på trøya. Det var i minste laget til å vente på sjølve solnedgangen. Men du verden kor fint det var likevel. Og veldig kjekt å kome opp igjen her...
Fra Høgeheia 130909

Det klårnar

Utsikt mot Moldura frå kammen på Dokka i dag tidleg Det var kjekt å nettopp få (kl 13.34) mobilbilde av Sissel og Olaug på Galdhøpiggen (Olaug t.h.). I strålande sol og snø. Reine påskebildet... Eg legg det likegodt med her: Då blir det vel ikkje så mykje å slå i bordet med at eg var oppom Dokka igjen i dag tidleg. Marie var heime og "sov" etter Peter den stunda. Utruleg kjekt å få sjå sola igjen i dag. Men det var jo sjølvsagt vått overalt. Litt skodde låg igjen i fjella ikring. Spesielt lenger aust. Nokre dottar sveiv òg rundt toppen av Dokka. Då fekk eg meg ein fin og rask morgontur opp kammen før eg måtte heim og ta på meg husmorrolla...:-)
Fra Dokka 130909

lørdag 12. september 2009

Alt på ein gong

Mobilbilde: Mektig lys på Hjartåsen i dag Etter at Olaug reiste med Sissel for å gå på Galdhøpiggen i morgon, reiste Peter til Andreas i Grimelia. Eg køyrde etterpå til Askvoll for å gå på Hjartåsen. Eg stakk innom Coop`en for nokre småting, og fekk meg klem og to raude roser frå AP-standen. Det var jo hyggeleg. Turen på Hjartåsen var egentleg litt merkeleg. Elvar og vatn overalt sjølvsagt. Og det bøtta ned for brått å snu til sol, og påan igjen. På toppen låg det dessutan tjukk skodde. Eg er litt skeptisk på å ta med meg fotoapparatet når det regnar så voldsomt. Vil jo helst ikkje øydeleggje det med væte. Samtidig er det jo under slike forhold ein får det mest dramatiske lyset og finaste bilda. Eg hadde med meg mobilen og knipsa litt, men det blir ikkje heilt det same. Flott tur!
Fra Hjartåsen 120909

fredag 11. september 2009

Brusande vatn

Mobilbilde: Elva nedom demningen i Rivedal i ettermiddag Det føltes nesten som det var vatn overalt på Stølsfjellet i ettermiddag. Søkk vått og elvar alle stadar. Eg trur neppe eg har sett elva under demma og ned dalen så svær som i dag. Det dundra vatn langt over breiddene. Og stien over myrane bort mot Nigardsstølen var overfløymd. I stigningane opp mot toppen rann det alle plassar. Eg fekk på meg ei solid byge nesten med det same eg gjekk. Den andre small inn i skrotten nett nedom toppen på veg ned igjen. Men eg hadde gode klede, så vèret hadde eg ingen problem med. Tørr og god var eg på føtene òg i dei gamle Lowa skoa. Ein ting er likevel sikkert - å springe i myr og elvar med fjellsko er tungt...! Eg var gjennomvåt av sveitte etter å ha sprunge heile vegen ned igjen... Og tanken om å ta Hjartåsen òg, slo eg frå meg. Sidan fruen skal på Galdhøpiggen i morgon, var det like greitt å komme seg heime igjen ei stund før sengetid...:-) På veg ned igjen, akkurat då byga kom, fekk eg eit kjempeflott skue over ei ung havørn frå årets kull. Berre nokre meter nedanfor meg og utfor hamrane sveva ho grasiøst i fleire minutt. Diverre hadde eg berre mobilen med meg, så foto vart det dårleg med. Men uansett - det er nokre fantastisk flotte og store fuglar dette! Utruleg syn...
Fra Stølsfjellet 110909

onsdag 9. september 2009

Uventa feriedag

Gamle trestubbar er god grobotn for sopp. Desse står ved elva i Prestemarka. Foto på veg på Hjartåsen i dag. Den årlege hausthendinga med stengt veg på Heilevang var venta. Om enn ikkje kva dag det skulle skje. Litt ekstra nedbør og elva der inne fløymer utover hamrane og tek med seg stein og jord. I dag var noko av elveforebygginga òg skada. Når det ramlar stein og vatn ned i vegbana frå høgt oppe i fjellet, er det klart at det medfører fare å køyre forbi. Sidan elvane var mindre i dag, køyrde eg no inn i håp om at dei opna. Diverre var det nesten berre å snu med ein gong. Litt seinare vart det klårt at det ikkje vart opna før rundt lunsj-tider. Så sjølv om det passa ganske dårleg med ein feriedag, vart det likevel til det. Når så vart tilfelle, var eg ganske bestemt på å ta ein fjelltur. Ikkje særleg overraskande. Så eg heiv litt "uversklede" og eit par trøyer i bilen og gjekk først på Dokka. Å gå opp den bratte kammen her er blitt ein av favorittane mine. Den får verkeleg blodpumpa i sving. I tillegg er det fantastisk utsikt over Holmedal og Dalsfjorden. Utanom ei solid styrtebyga midtveges heldt det seg opplett. Men det var tjukk skodde på toppen. På veg ned igjen tok eg ein del bilder av Holmedal frå haustlege kulissar. Etterpå køyrde eg ut til Askvoll og tok med meg Hjartåsen i same slengen. Du verden kor vått det var oppover. Elvar og bløyte over alt! Men også her heldt det seg forbausande nok opplett heile turen. Faktisk varma sola ryggen nokre gonger òg. Eg traff på Ingvar S. på veg ned igjen og slo av ein prat. Ingvar går mykje på Hjartåsen. Han var i tillegg med på den flotte fellesturen Fossevikja/Blegja/Hestad i sommar. Då det VAR sommar! To våte fjellturar på særs vått og glatt underlag var då i boks. To gode turar og god trening...:-)
Fra Dokka_Hjartåsen 090909

tirsdag 8. september 2009

Hauststorm på Hjartåsen

Ein av dei mange småvardane på Blegja. Heilevangstaurane, Likkjehesten og Storehesten i bakgrunnen. Foto 5/9-09 Eg måtte berre avstad og kjenne på hausten i stad. Det regna hundar og kattar. Og det bles skikkeleg på Hjartåsen. Toppen ligg veldig eksponert for vèret frå alle retningar. Men det var egentleg ganske stilt lenger nede i dalen. Ligg meir i skjul der. Temperaturen var god og det var berre moro i gòvet. Artig å sjå kor elvane vaks opp berre på kort tid! Det er sjølvsagt viktig å ha gode klede i slikt vèr. Men elles er det jo ingen problem. Det er straks verre når ein må krype etter fjellet. Det har eg no òg gjort nokre gonger. Slike dagar som i dag er poenget berre å komme seg ut - og det sit jo i hovudet...:-)

søndag 6. september 2009

I lag på Stølsfjellet

Den vestlege kanten på Hundeheia i Rivedal i kveld Så vart det ein tur til i dag. På Stølsfjellet. Denne gongen i lag med Olaug og Peter. Peter hadde dette fjellet igjen for å få godkjent ei runde, og såleis dei andre fjella på fjelltrimmen òg. Og både Olaug og eg sjølv fekk ei ny runde. Trippel vinst altså... Dagens beste kommentar kom Peter med då eg sa til han at no spring du snart frå meg. Nei, då er du 90 år var svaret...:-) Den tykte eg måtte inn i bloggen...:-)) Elles gjekk Peter veldig bra i dag. Det er no litt opp og ned med det. Men opp den bratte skåra, og det bratte toppartiet, klauv han som ei geit. Gutar i den alderen (eller kanskje eldre gutar òg:-)) likar ei utfordring. Trur Stølsfjellet vart akkurat eit fjell som passa han... Sjølvsagt måtte vi få på oss den regnbyga med vind og skodde akkurat då vi nådde toppen. Men heldigvis gav det seg fort. Og turen ned igjen gjekk også heilt fint. Det var kjekt å kunne ta ein tur i lag. Som regel fær eg jo heseblesande åleine....
Fra Stølsfjellet 060909

Øs pøs

Mobilbilder frå Dokka i dag tidleg... Vart ein litt spesiell start på turen på Dokka i dag tidleg då eg kom ned til Holmedal, og på veg oppover mot vassverket, fekk sjå ein sau med fire føter i lufta og to kråker på magen... Utruleg kor ubehjelpeleg sauen er når han havnar på rygg. På flate bøen og på rygg er det ikkje mange minuttane før han er steindau! Eg fekk gitt beskjed til ein bonde der nede, men dei var visst klar over dyret i går kveld... "Vått og kaldt og breiflabb over alt"... Ja, den strofa kom eg på på veg oppover kammen. Var opplett når eg køyrde frå Stongfjorden. Men det begynte å silregna med det same eg starta på veg oppover frå vassverket. Og det var vått i marka frå før. Eg tok likevel terrengskoa og var kliss på føtene på 5 minutt... Litt lenger oppe er fjellet meir eksponert for vind. Den kom friskt frå sør. I tillegg gjekk eg inn i ein vegg av skodde! Jepp, dei galne har det godt... Eg var likevel ikkje eitt sekund i tvil om at eg skulle opp, koste kva det koste... Og det gjekk no greitt. Sjølv om eg måtte koste godt på for å halde varmen. Rab jakka og Arcteryx buksa heldt væta ute. Jakka er utruleg bra med det tre lags Event stoffet, og pustar veldig godt! Eg blir faktisk meir klam i goretex klede... På toppen var det ryse... Bles, regna, skodde, men eg tok meg tid til nokre knips med mobilen. Halvveges ned igjen letta det litt att. Gjennom skoddelaget kom både Dalsfjorden og Holmedal til syne. I spektakulært lys! Godt var det likevel å komme seg ned igjen i bilen og få av seg våte sokkar og sko. Pytt, litt væte og kulde tåler ein no. Herleg å kjenne litt på vèret! Litt tøff i ånden må ein no vere òg - pingle er eit ord eg mislikar...:-)
Fra Dokka 060909

lørdag 5. september 2009

Endeleg Blegja igjen...

Bilder frå Blegja i dag Då klaffa det endeleg med vèr og anledning til ein tur på Blegja igjen. Faktisk lenge sidan sist! Nå har eg sjølvsagt konsentrert meg meir om desse fjelltrimpostane i sommar, enn Blegja-tur. Og elles har det no stort sett regna i helgane siste vekene òg. Blegja ligg jo litt høgare enn dei andre toppane ikring her. Og er difor eit litt tøffare mål, spesielt med hensyn til vèr og vind, enn dei andre 700-800 meters fjella.. Frå Rørvika er det stort sett rett opp frå havoverflata òg til over 1300 meter... Så det er greitt å ha litt trening i føtene. Eg starta i 8-tida der inne. Og kom meg ganske radig opp under Rørviknipa. På omlag ein times tid. I softshell bukse frå Arcteryx og ei tynn trøye frå Devold måtte eg kle meg litt om. Trøya var gjennomsveitt og vinden tok beinkaldt frå nord. Men i dag hadde eg med meg klede nesten som for ein vinterdag. Ei tjukk ulltrøye frå Devold, hanskar, Rab-jakka og vindtett hue frå Outdoor Research fiksa biffen utan problem. Skodda som låg tjukk oppe mot toppen då eg starta, var letta då eg kom opp i urane. Litt skoddedottar kom og gjekk. Og fukta låg framleis på mykje av dei kvasse steinane. Måtte difor vere ganske obs då det var glatt! Dei nye Scarpa-skoa eg kjøpte hin dagen tok eg ikkje sjansen på å bruke, så eg gjekk i dei gamle halvslitne Lowa-skoa. Dei stolar eg ikkje heilt på lenger... Stavane sette eg igjen nede i starten på all steinen. Dei er berre i vegen oppe i urane, og så er det godt å kunne ha nevane fri til å ta seg for oppe i bratta... Det gjekk egentleg forbausande lett og greitt til topps. Fungerte heilt fint. Litt XL-1 undervegs gjer susen. På dei mindre turane på eit par timar, tek eg ikke drikke med meg. Men det er bra å ha litt væske med miniralar i bakhand på litt lengre turar... Sveitten må jo kompenserast. Det var kaldt på toppen. Trekk frå nordaust. Sola slo ikkje skikkeleg gjennom det låge skoddedekket heller. Men i dag tok eg meg likevel tid til å lage ein video-snutt og knipse bilder. Eit par skiver gjekk òg ned. I ly av varden fann eg fort varmen igjen og livet strålte... Eg var i utgangspunktet tenkt inn på staurane for å ta nokre bilder over Førdefjorden. Men eg ombestemte meg. Det var såpass disig og med skoddedottar at eg fann ut at det ikkje var verdt strevet. Det hadde iallefall gått med to-tre timar ekstra. Eg tok difor ned igjen same vegen. Det var artig å høyre sauebjellar midt oppe i steinura under Likkjeblegja. Jammen gjekk det 5 sauer heilt her oppe. Har zooma inn på eine bildet der dei står på ei grøn bot midt i all steinen. Dette må vel vere kva vi kan kalle fjellsau...:-) Kanskje ein hardfør rase med gode gener...:-) Olaug ringde då eg var komen ned igjen ved Nipebua. Det passa bra at eg snart var heime igjen, for ho gjekk på Dokka. Peter var med Jonas og sykla. Så alt klaffa som smurt denne flotte laurdagen. Håpet er jo at vi kan får fleire fine helgedagar i september. Neste helg reisar nemleg fruen på Galdhøpiggen, og der er dei vel endå meir utsette for vèret enn på Blegja vil eg tru...
Fra Blegja 050909

torsdag 3. september 2009

Ut mot havet

MMS bilder frå Hjartåsen i kveld Nok ein fin fjelltrimtur i kveld. Hjartåsen vart målet. Etter seinvakta gjekk turen såleis direkte til Askvoll og opp Askdalen. Nok ein kveld heldt det seg opplett medan eg var avstad og temperaturen var upåklageleg. Eg gjekk raskt opp i berre tights og ei tynn trøye. På veg ned igjen traff eg fleire på veg opp. Mellom anna Arny og Leif G. Slo av ein liten fiskeprat. Eg traff jo dei på Nipebu før her i sommar òg, så vi måtte ha ei rask oppdatering. Elles sprang eg som vanleg ned igjen heile vegen. Får litt ekstra mosjon av det sidan turen ikkje er av dei lengste.

onsdag 2. september 2009

Skodde og blautt på Dokka

MMS - På veg inn i skoddeheimen mot toppen på Dokka i kveld MMS - øvre parti på kammen. Holmedal t.h. Kjempeheldig med vèret igjen i kveld. Opplett og fint på Dokka. Rett nok var det ganske tjukk skodde oppe på toppen, så sikta var veldig dårleg. Men så har eg no vore der nokre gonger før (!) og veit korleis det ser ut rundt omkring...:-) Elles var det sjølvsagt veldig vått underlag. Likevel valde eg dei lette terrengskoa som blir våte ganske fort, men som sit godt på. Og dei er gode å springe med... På veg heim igjen opna alle himmelens sluser seg... Eg kunne berre skru opp musikken og kjenne på godkjensla...:-)

tirsdag 1. september 2009

Eit lite vindauge

Frå Stølsfjellet i ettermiddag Kjempeflott fjelltrimtur på Stølsfjellet i ettermiddag. Frå silregn i Førde til opplett, litt blå himmel og delvis sol i Stongfjorden. Og det heldt seg fint medan eg var oppom Stølsfjellet. Det gjere seg jammen å få springe litt etter ein heil dag på kontorstolen. Eg blir eit nytt menneske etterpå...:-)
Fra Stølsfjellet 010909