lørdag 8. august 2009

Vått og klamt

Mørke og trugande skyer ved Nipebu i dag... Eg gjekk frå Rivedal i dag tidleg i 8-tida med oppakning for eit par dagar på Nipebu. Det var iallefall tanken. Men i staden for å gå inn Vagstaddalen, ville eg ta med meg fjelltrimposten på Stølsfjellet òg. Å klyve opp det bratte skaret på Stølsfjellet med tung ryggsekk, er ei litt anna utfordring enn å pile opp i berre joggesko og kortbukse. Eg var difor godt sveitt då eg kom opp. Og skifte av trøye måtte til. Det hadde dessutan smådropla heile vegen opp. Vidare austover fjella tok eg beine vegen. Det vil seie nord om Hyllsetstølen og opp skaret ved elva som kjem ned her. Det er ur og noko kronglut i fjellsida bort i skaret, men når ein er komen opp på toppen, er det rake vegen til Nipebu. Eg fekk på meg nok ei solid regnbyge på fjellet her oppe, og måtte fram med jakke. Eg hadde fått melding frå Agnar i går kveld om at han var på Nipebu. Det eg ikkje visste var at han skulle gå Heileberget på langs i høve Dalsfjordveka. Fuglen var difor flogen då eg nådde Nipebu. Eg fann i staden Leif og Arny G. som hadde vore der natta over. Dei skulle heim igjen i dag. I skogen nedom Stølsfjellet hadde eg mista toppringen på President-stanga mi. Til mi store fortviling og forbanning. Eg rusta meg likevel for fisketur med det eg hadde av utstyr. Men etter ein to-tre timar utan napp verken på mark eller sluk, var lysta på meir fiske dalande. Og det var jo hovudgrunnen til turen. Tilbake i hytta, som no var folketom, slo difor tanken meg om å returnère heim. Eg fekk likevel ikkje fiske slik eg ville. Så etter å ha fått i meg nokre skiver, tok eg avgjerda om å gå heim igjen Vagstaddalen. Ved Atlevatnet såg eg folk på Driveknolten. Heilt sikkert turfølgjet til Agnar og Asbjørn. Eit stykke lenger nede i dalen tjukna det skikkeleg til. Tjukk skodde dreiv inn over fjella, og det tok til å sprutregna. Tenkte med meg sjølv at det var no bra varda ut over Heileberget for gjengen der oppe. Men sikkert surt med vinden som kom i tillegg til regnet. Eg sende difor eit par meldingar til Agnar for å høyre korleis stoda var. Det gjekk visst stort sett greitt. For mitt vedkommande var det fint å komme seg til Rivedal og bilen igjen under det rådande vèret. Sjølv om turen vart litt amputert, fekk eg meg likevel ei god trimøkt med dagens tur. No får vi fikse litt fiskeutstyr og ruste oss for ei ny helg på herlege Nipebu - før kjøe gyt...
Fra Stølsfjellet_Nipebu 080809

1 kommentar:

Forfatter sa...

Spørs om du ikkje må investere i nytt fiskeutstyr, Gustav.

Skittfiske.no har bra utval. Trur ein får noko rabatt òg hvis man er dnt-medlem.