Facebook

lørdag 29. august 2009

Morgontrim

Motiv frå turen på Eitrenipa i dag tidleg Etter å ha studert vèrmeldingane på nettet i går kveld, såg det ut til å vere best utsikter til bra vèr tidleg på dagen. Sidan vi òg skulle i gebursdag til mor mi i Dale på ettermiddagen, måtte eg komme meg tidleg av garde hvis det skulle bli nokon tur i dag. Eg vakna i 5-tida og keik ut. Det var endå ikkje lyst, men det såg faktisk klårt ut. Så eg stod like godt opp, og heiv i meg eit par knekkebrød med kvitost og eit eple i handa, på vegen opp til Markavatnet. Sidan det var lenge sidan eg hadde vore oppom Eitrenipa, ville eg ein tur oppom. Ta hausten litt i augesyn. Eg var i gang litt før kl 06 der oppe. Det var faktisk ganske skymt endå. Og veldig vått i terrenget. Men eg kom meg likevel ganske raskt opp til vatna. Jammen var det blitt både brunt og gult sidan sist. Sjølv om eg trudde eg skulle slå regnet i dag tidleg, fekk eg likevel på meg ei bra byge oppe i grasbakken mot toppen. Men det gav seg rimeleg fort. I goretex-bukse og Rab-jakka var det ingen problem. Og på toppen var det ganske fint, men hustrig og rått...Eg fekk teke nokre bilder, men vart fort valen på nevane, og hanskar hadde eg ikkje tenkt på... Vindtett hue hadde eg heldigvis med. Så etter å ha vore bort på sørvarden ein tur, gjekk turen rett ned igjen. Det var veldig glatt i dag. I dei gamle, halvslitne fjellstøvlane mine måtte eg vere obs. Men trass i eit par hallingkast gjekk det bra. Spesielt oppe i skara var det glatt. Veret heldt seg bra heile vegen ned igjen. Og faktisk keik sola fram på slutten av turen. Flott hausttur kan eg vel kalle det. No framover må ein ha anna utstyr i bakhovudet enn tidlegare i sommar ja... Grei påminning i så måte i dag...

Fra Eitrenipa 290809
Legg inn en kommentar