søndag 30. august 2009

Ny væte

Mobilbilder frå Stølsfjellet i dag tidleg... Eg kom i hug strofa med Jacob Sande i dag tidleg - "Han kappsprang med døden mot løa og slo han med knapt eit sekund"... For det var akkurat det eg klarte på Stølsfjellet. I overført tyding... For timevarselet på vèret stemde heilt nøyaktig både på yr og storm, noko som gjorde at eg greidde å time turen opp og ned før dritvèret med regn, skodde og vind slo til. Herlig! God kjensle innvendig då eg køyrde heim igjen og det pøsa ned. Det var veldig vått oppover. Og no virkar det nesten på meg som det har vore dårleg vèr heile siste månaden, minst! Ikkje akkurat nokon sensasjon med regnet i dag heller då. Men eit lite vindauge hjelper no bra på. Det gjeld å kunne utnytte det. Prioriteringsrekkefølgja når det gjeld fritidssysler er heldigvis grei for min del...

lørdag 29. august 2009

Morgontrim

Motiv frå turen på Eitrenipa i dag tidleg Etter å ha studert vèrmeldingane på nettet i går kveld, såg det ut til å vere best utsikter til bra vèr tidleg på dagen. Sidan vi òg skulle i gebursdag til mor mi i Dale på ettermiddagen, måtte eg komme meg tidleg av garde hvis det skulle bli nokon tur i dag. Eg vakna i 5-tida og keik ut. Det var endå ikkje lyst, men det såg faktisk klårt ut. Så eg stod like godt opp, og heiv i meg eit par knekkebrød med kvitost og eit eple i handa, på vegen opp til Markavatnet. Sidan det var lenge sidan eg hadde vore oppom Eitrenipa, ville eg ein tur oppom. Ta hausten litt i augesyn. Eg var i gang litt før kl 06 der oppe. Det var faktisk ganske skymt endå. Og veldig vått i terrenget. Men eg kom meg likevel ganske raskt opp til vatna. Jammen var det blitt både brunt og gult sidan sist. Sjølv om eg trudde eg skulle slå regnet i dag tidleg, fekk eg likevel på meg ei bra byge oppe i grasbakken mot toppen. Men det gav seg rimeleg fort. I goretex-bukse og Rab-jakka var det ingen problem. Og på toppen var det ganske fint, men hustrig og rått...Eg fekk teke nokre bilder, men vart fort valen på nevane, og hanskar hadde eg ikkje tenkt på... Vindtett hue hadde eg heldigvis med. Så etter å ha vore bort på sørvarden ein tur, gjekk turen rett ned igjen. Det var veldig glatt i dag. I dei gamle, halvslitne fjellstøvlane mine måtte eg vere obs. Men trass i eit par hallingkast gjekk det bra. Spesielt oppe i skara var det glatt. Veret heldt seg bra heile vegen ned igjen. Og faktisk keik sola fram på slutten av turen. Flott hausttur kan eg vel kalle det. No framover må ein ha anna utstyr i bakhovudet enn tidlegare i sommar ja... Grei påminning i så måte i dag...

Fra Eitrenipa 290809

fredag 28. august 2009

Once more with feeling

Motiv ytst i Dalsfjorden frå under Høgknolten i Rivedal I kveld vart det nesten nøyaktig repetisjon frå i går. Berre at det faktisk klårna heilt opp og vart nydeleg kveldssol på Hjartåsen. Men det var endå våtare i terrenget. Reine myra opp motabakkane. Og elv i stien... Eit gjørmebad igjen. No ser det visst ut til at helga skal regne aldeles vekk. Vi får ta det etter kvart. Å komme seg ut er iallefall eit must...

torsdag 27. august 2009

Søletur

Foto frå Hjartåsen mot Staveneset og Høgeheia 22/8 Det pøsregna då eg kom heim frå arbeid i dag og eg slo egentleg frå meg nokon trimtur. Men i 18-tida lysna det ute i havet, så eg snudde på fem-øringen, heiv på meg tights, joggesko og ei enkel trøye, køyrde til Askvoll og svippa Hjartåsen i full fart... Det vart ein sølerik tur. Såg vel slik ut då eg kom ned igjen òg.. Eg tørka av meg verste skiten før eg sette meg i bilen. Jammen heldt det seg opplett heile turen. Vått og godt... Fjelltrim i boks i dag òg...:-)

onsdag 26. august 2009

Fredeleg stemning

Haust på Driveknolten i fjor Det vart ein kjempeflott seinsommartur på Dokka igjen i kveld. Sol og stilt. Nydeleg utsikt over Holmedal og Dalsfjorden. Flokkar med sauer gjekk heilt oppe ved toppen og beita fredeleg i kveldsola. Slike kveldar har vi hatt altfor lite av i det siste. No får vi berre håpe at september kan bli fin. Det er då fargane verkeleg kjem til sin rett... Ei flott tid vi går inn i no!

mandag 24. august 2009

Det kveldar

Stille kveld på Stølsfjellet i Rivedal. Skålefjellet t.h. (MMS) Himmelen er blygrå. Fjorden still. Blåleg lys over fjella. Ein liten snøflekk ligg igjen i ura under Blegja. Gras og lyng er gult og oransje. Skimrar av gull. Pulsen dunkar. Sveitte. Fjellbrisen susar stundom i øyra. Lyden av ei sauebjella langt borte. Så heilt stille. Åleine. Det haustast på Stølsfjellet...

søndag 23. august 2009

Haust på Dokka

Skiftande skydekke på Dokka i føremiddag (alle bilder frå mobil) Etter å ha ete frukost og sjekka vèret ute og på nettet i 07 tida, gjekk eg beint å la meg igjen. For regnbygene og skodda dreiv i Askvoll-fjella. Heldigvis skulle det lette utover dagen. Vèret var bedre i 9.30 tida. Men nokon lengre tur hadde eg slått frå meg. Synd. Eg var nemleg innstilt på det. Av praktiske årsaker måtte Marie òg låne bilen på seinvakt i Askvoll. Difor vart det til at eg gjekk på Dokka igjen og fjelltrimposten der. Passa bra med tida. Det var veldig vått oppover i dag. Eg var allereie kliss våt etter 5 minutt i joggeskoa. Det var eg sjølvsagt klar over. Men eg føretrekkje heller å gå fort opp og springe ned igjen med lette sko, enn å bruke fjellsko. Temperaturen er endå så bra at eg ikkje frys på føtene på ein slik liten tur. Sjølv om eg blir våt. Slør av skodde kom og gjekk oppe på toppen, men det heldt seg opplett. Faktisk keik sola fram av og til. Flott utsikt i skiftande lys. No har eg så mykje bilder frå før her oppe at eg la att kameraet i bilen. Men i dag hadde eg lomme til mobilen, så eg knipsa nokre bilder med den i staden. Det haustast skikkeleg i høgda no. Gras og lyng er gult og orange blitt. Og temperaturen på toppen gav klart signal om at det er ei ny årstid i fjellet. Fin treningstur igjen.
Fra Dokka 230809

lørdag 22. august 2009

To fine fjell

Motiv ved Stølsfjellet i føremiddag. Veldig skiftande skydekke med byger i indre strok. Meteorologane lurte meg i dag tidleg. Både på radioen og yr.no. Eg skulle heller stolt på storm sine meldingar. For vèret vart mykje betre enn venta. Eg vart lurande heime på kva mål eg skulle sjå meg ut til over kl 09. Det er ein dårleg tilstand. Men eg køyrde så ned til Askvoll og gjekk på Hjartåsen. Etterpå køyrde eg inn til Rivedal og tok med meg Stølsfjellet òg. Så gjekk eg lei og køyrde heim igjen... Vart ikkje akkurat så store utfordringa dette. Men fekk meg nokre brukbare bilder i tillegg til ei bra trimøkt denne flotte føremiddagen...
Fra Hjartåsen_Stølsfjellet 220809

fredag 21. august 2009

Trim med utsyn

Glimt av morgonsol på Dokka Trimmen i kveld gjekk opp igjen på Dokka. Raskt opp og ned i joggesko og kortbukse. Vått underlag og heilt annan temperatur i vinden enn i går kveld. Hadde god flaks med turen, for nokre minuttar etter eg var komen heim slo tora eit par gonger, og alle himmelens sluser opna seg. Det var til og med hagl i byga... Hadde ikkje vore så kjekt og fått den på seg oppe på fjellet med bar overkropp...!

torsdag 20. august 2009

Heit storm

Mot Stongfjorden frå Yndestad i kveld kl 19.12... Det var nesten litt uverkeleg å komme ut frå jobb i dag, og kjenne den uvanleg varme augustluft slå mot ein. Så det var berre å komme seg fortast mogeleg heim att til kysten. Køyrde så nesten på direkten til Rivedal og gjekk raskt opp på fjelltrimposten på Stølsfjellet. Uvanleg var det òg med den sterke og varme vinden på toppen. Trur nesten det måtte ha vore opp i storm i enkelte av kasta. Eg i berre shortsen sveitta så det sila, trass i den sterke vinden. Og ned igjen sprang eg med den varme vinden midt i mot... Skikkeleg artig...! Eg var tenkt ut på Hjartåsen i Askvoll òg, men eg kutta det, og reiste heim igjen for å nyte det varme veret på altanen med ein kopp kaffi i staden...:-)

tirsdag 18. august 2009

Seinsommar

MMS frå Dokka i kveld Fin trimtur på Dokka igjen i ettermiddag. Og jammen vart det ikkje eit snev av sommar òg. Det er ikkje tvil om at Dokka er ein av dei flottaste toppane her omkring. Nydeleg utsikt over store deler av Dalsfjorden. Frå Dale til Rivedal, Holmedal, Askvoll og til havs. Rart at ingen andre var opp denne flotte seinsommar kvelden...

mandag 17. august 2009

I minste laget...


Like før det nye lågtrykket hadde slukt heile den klåra morgonhimmelen på laurdag. Klokka er 06.40 på toppen av Dokka.

Det fekk halde med ein våt tur på Hjartåsen i kveld. Var i utgangspunktet innstilt på eitt fjell til, men eg gav meg på det. Reint folksamt var det på returen då eg traff på den eine etter den andre. Og veret vart jo fint etter kvart. No ser det jo bra ut i morgon òg, så då blir det vel ein tur til. På Dokka eller Stølsfjellet. Kanskje begge to..:-)

søndag 16. august 2009

Himmelens sluser

MMS. Demningen ved kraftverket i Rivedal i kveld. Stølsfjellet t.h. Blautt, blautt, blautt på Stølsfjellet i kveld. Elva nedom demningen i Rivedal gjekk stri. Dundra med bulder og brak ned dalen. Øyredøyvande. På veg ned igjen sprutregna det endå meir. Men med gode klede og tette sko gjorde det sjølvsagt ingen ting. Berre forfriskande. Fin tur etter at minislektstemnet i helga var over, og gjestane var reist til Ålesund, Oslo og Bergen igjen. Kjekk helg. Og over 300 bilder i eit privat album... (legg sjølvsagt ikkje alt på nett)...:-)

lørdag 15. august 2009

Tidleg ein morgon


Det glitrar i gull over Blåfjellet, Blåfjellsåta og Bakkefjellet i Holmedal i dag tidleg

Sidan vi har hatt eit minislektstreff i Holmedal i helga, har det vorte litt avgrensa med fjellgåing. I tillegg til vèrmeldingane for dagen i dag, var einaste sjansen ein grytidleg tur. Eg stod difor opp kl 05 og køyrde til Holmedal. Som eg tenkte nådde eg soloppgangen på Dokka. Fantastisk flott og raud austhimmel. Og i dag hadde eg med fotoapparatet..:-) Vèret heldt akkurat til eg nådde toppen. Då var det over og ut. Himmelen vart slukt av ein svart vegg frå sørvest, og første regndråpane kom umiddelbart. Kaldt og ufyseleg på eit blunk. Men eg klarte det akkurat...! Og sprang ned igjen kammen... Eg var faktisk i bilen igjen rett før klokka 07...:-) Glitrande...




Fra Dokka 150809

torsdag 13. august 2009

Vått og kjøleg på Stølsfjellet

Frå Stølsfjellet i ettermiddag Heldigvis tok eg på meg bukse, trøye og Rab-jakka på Stølsfjellet i kveld. Det var nemleg iskald nordavind. Eg putta til og med ei hue i jakka òg. Jammen fekk eg godt bruk for alt saman. Myrane og stien var gjennomblaute. I dei lette terrengskoa vart eg ganske fort våt. Men eg brukar ikkje så lange tida på denne turen... så ein time eller to går det fint å vere våt på føtene så lenge som temperaturen er nokolunde bra.

tirsdag 11. august 2009

Crescendo av lys

Frå turen Fossevikja/Eitrenipa/Blegja/Hestad 28/6. Her ved Fossedalsvatnet. Vi ser Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla. Haustlufta svei i nakne lår og bart bryst på Dokka i kveld. I drivande skoddedottar, lett yr og ein kjøleg nordvest vind, måtte eg verkeleg stå på oppover for å halde varmen sånn nokolunde. Og ned igjen sprang eg så fort eg torde - ikkje rart sauene skvatt tilsides. Eg måtte likevel stoppe opp eitt minutt midt nede i bratta, då skoddelaget letta over Holmedal og Dalsfjorden. Fantastisk lys. Frå djupt fiolett til alle sjatteringar mot kvitt over bygda og inn fjorden! Eit utruleg fargespekter. Diverre var eg heilt kameralaus. Det finaste lyset er ofte når det er skya, skodde og regn, og deretter ei lette i vèret. Vel, då er målet mitt nådd på Dokka òg denne sesongen. Tilliks med Hjartåsen og Eitrenipa. Spørst berre om måla må oppjusterast litt. Kan ikkje gje seg medan leiken er så god. Det har eg vel ikkje ro i ræva til heller...:-)

mandag 10. august 2009

Livet blir til medan du går

Fossedalshengenipa, Eitrenipa og Blegja frå ruta til Nipebu over fjella i vest. Foto 8/8-09 Etter ein solid porsjon med stekte makrelfiletar, var det inga bøn - sofaen neste. Og der vart eg liggjande vèl og lenge... Så lenge at eg heldt på å surne vekk og misse humøret. Då er det berre ein ting å gjere - får opp blodsukkeret, springe av seg sulamitten og kvikne til liv igjen. Sjølv om eg ikkje var tenkt nokon stad i dag, vart det såleis ein svipp på Hjartåsen for å kjenne litt på kreftene og få ut litt gørr. Blautt og surklete opp bakkane. Men det er no ikkje noko å bry seg om, sjølv om det klart går tyngre enn når det er tørt. Litt regn og skodde i vèret, men med god temperatur sprang eg likevel opp i berre shortsen... (Blir visst litt herda av dette livet, trur eg:-)) Ser ut som folk har trekt i hus igjen, for det var ikkje ei sjel å sjå. Og kun 1 person hadde vore opp før i dag. Litt haust er det nok i lufta...

søndag 9. august 2009

Min ven Eitrenipa

Utløp mot ein av lagunane frå Leknesvatna. Eitrenipa i bakgrunnen. Eg overlèt til Olaug å få sin ynskje for søndagen oppfylt. Med kun ein bil disponibelt, då Marie hadde teke den andre til Dale, måtte det til litt kreativ rådslaging til frukost. Forskjellen på damer og menn kom vel relativt greitt til syne. For fruen sin del måtte det til telefonar og meldingar til to, tre veninner for å avklare tingenes tilstand, gjeremål og prioriteringar. For min del var det egentleg berre å vente til dei fekk gjort seg ferdig, og så ta ei beslutning. Det endaeiallefall opp med at Olaug skulle køyre meg opp i Skjerlia les: slapp meg til fjells, og så skulle "dei andre" køyre til Holmedal på eit arrangement i Dalsfjordveka. Sidan eg måtte no heim igjen òg, så måtte eg bruke litt tid på Eitrenipa. Egentleg eit perfekt opplegg for meg. Endå meir perfekt vart det jo sjølvsagt då det ikkje var eg "som hadde fått valt først"...:-) Nei, eg skal ikkje raljere verken over kvinnfolk generelt eller fruen spesielt. Olaug som eg kjenner godt etter kvart, er veldig snill ho. Køyrer og hentar meg frå fjellturane mine rett som det er. Så det skal ho ha... dessutan - det kan jo hende ho les dette òg...:-) Vel, eg pakka sekken på 10 minutt og rigga i hop Kunnan einhandsflugestanga med Shimano lettspinn-snella. (I nøden spiser fanden fluer - ref. gårsdagens tap av ring på Presidenten...) Eit brukande alternativ når du har ei stødig og varsam høgrehand. Yess, det gjekk fort opp til brua over elva mellom Leknesvatna. Der sette eg frå meg alt av utstyr og gjekk fort opp på toppen av Eitrenipa. Litt kaldt var det oppe i skara der sola ikkje tok. Og eg i berre kortbuksa. Men pytt, ein blir vel herda av dette livet òg - tek ein i litt ekstra eller spring, kjem varmen fort igjen...:-) Etter å ha toppa ut og knipsa nokre bilder, sprang eg berre rett ned igjen til brua. Sjølve fiskinga gjekk heilt topp med flugestanga. Kjempefeeling. Det er jo artig med heilaksjonen i stanga då... Men fiskinga held eg på som ein liten løyndom denne gongen. Det enda iallefall opp med at eg vart for sein ned igjen i Markavatnet der Olaug skulle hente meg. Og med den dårlege mobildekninga det er oppe i dette området, hadde eg ikkje fått verken meldingar eller anrop... Enkelte gonger er det flott å kunne sleppe alt slags mas! Ja, nesten ei lette - det er ein uting å vere tilgjengeleg heile døgnet...
Fra Eitrenipa 090809

lørdag 8. august 2009

Vått og klamt

Mørke og trugande skyer ved Nipebu i dag... Eg gjekk frå Rivedal i dag tidleg i 8-tida med oppakning for eit par dagar på Nipebu. Det var iallefall tanken. Men i staden for å gå inn Vagstaddalen, ville eg ta med meg fjelltrimposten på Stølsfjellet òg. Å klyve opp det bratte skaret på Stølsfjellet med tung ryggsekk, er ei litt anna utfordring enn å pile opp i berre joggesko og kortbukse. Eg var difor godt sveitt då eg kom opp. Og skifte av trøye måtte til. Det hadde dessutan smådropla heile vegen opp. Vidare austover fjella tok eg beine vegen. Det vil seie nord om Hyllsetstølen og opp skaret ved elva som kjem ned her. Det er ur og noko kronglut i fjellsida bort i skaret, men når ein er komen opp på toppen, er det rake vegen til Nipebu. Eg fekk på meg nok ei solid regnbyge på fjellet her oppe, og måtte fram med jakke. Eg hadde fått melding frå Agnar i går kveld om at han var på Nipebu. Det eg ikkje visste var at han skulle gå Heileberget på langs i høve Dalsfjordveka. Fuglen var difor flogen då eg nådde Nipebu. Eg fann i staden Leif og Arny G. som hadde vore der natta over. Dei skulle heim igjen i dag. I skogen nedom Stølsfjellet hadde eg mista toppringen på President-stanga mi. Til mi store fortviling og forbanning. Eg rusta meg likevel for fisketur med det eg hadde av utstyr. Men etter ein to-tre timar utan napp verken på mark eller sluk, var lysta på meir fiske dalande. Og det var jo hovudgrunnen til turen. Tilbake i hytta, som no var folketom, slo difor tanken meg om å returnère heim. Eg fekk likevel ikkje fiske slik eg ville. Så etter å ha fått i meg nokre skiver, tok eg avgjerda om å gå heim igjen Vagstaddalen. Ved Atlevatnet såg eg folk på Driveknolten. Heilt sikkert turfølgjet til Agnar og Asbjørn. Eit stykke lenger nede i dalen tjukna det skikkeleg til. Tjukk skodde dreiv inn over fjella, og det tok til å sprutregna. Tenkte med meg sjølv at det var no bra varda ut over Heileberget for gjengen der oppe. Men sikkert surt med vinden som kom i tillegg til regnet. Eg sende difor eit par meldingar til Agnar for å høyre korleis stoda var. Det gjekk visst stort sett greitt. For mitt vedkommande var det fint å komme seg til Rivedal og bilen igjen under det rådande vèret. Sjølv om turen vart litt amputert, fekk eg meg likevel ei god trimøkt med dagens tur. No får vi fikse litt fiskeutstyr og ruste oss for ei ny helg på herlege Nipebu - før kjøe gyt...
Fra Stølsfjellet_Nipebu 080809

torsdag 6. august 2009

Nydeleg august-kveld

Utsikt frå Bogane i Holmedal mot Dalsfjorden og Straumsnes i fjor på denne tid... Ei god trimøkt på Stølsfjellet i Rivedal og Hjartåsen i Askvoll etter jobb i kveld. Passe temperatur og overskya vèr gjorde det heilt supert å halde god fart. I berre kortebukse gjekk det som ein leik opp på begge fjella. Og ned igjen var det full gass. Friskt og kjekt...

onsdag 5. august 2009

Heite saker

Min venn Eitrenipa i bakgrunnen. Foto 1/8. Det slo til med skikkeleg pøsregn då eg gjekk ut av bilen nede ved vassverket i Holmedal. I berre shortsen tok eg likevel oppover på Dokka. Heldigvis hadde eg Rabjakka i bilen. Og det var sjølvsagt den som redda turen. Shortsen og føtene vart jo søkk våte etter 5 minutt. I vinden eg fekk på meg lenger oppe var dette i grenseland. Fargen på føtene skifta frå lett brun til fiolett. Men eg heldt godt varmen opp bratte ved å halde god fart. Skikkeleg ufyseleg vart det oppe på toppen. Så der var det berre å få namnet i boka og legge til palings ned igjen. Så stoppa det å regne. Men heim igjen måtte eg køyre naken...:-) Diskresjon ønskes...:-)

tirsdag 4. august 2009

Fin kveld i Rivedal

Frå Dokka i går kveld. Rivedal og Dale i bakgrunnen. Det vart nok ein tur til Rivedal og Stølsfjellet i kveld. Stille og fint. Passe temperatur å springe i berre shorts. Traff på fleire personar i same ærend. Mellom anna Vigdis som hadde skifta ut den knuste boksen, med trimboka i, med ny. Flott! Boka har var søkk våt, men var no bra opptørka. Elles er det vel ikkje så mykje å seie. Ein flott kveld i Rivedal der bøndene sjølvsagt nytta godvèret til andreslåtten. Det er ikkje alle som har tid og anledning til å springe i fjellet...

mandag 3. august 2009

Ein smak av sommar

På hi sida av fjorden ligg Størdal forgylt i første solstrålane for dagen Etter turen på Eitrenipa lørdags-morgonen gjekk resten av dagen med til barn og barnebarn. Vi var ned til Holmedal på fotballkamp, der vi traff Kristine med tvillingane eg er besefar til òg. I tillegg kom Håvard med Tora. Vi vart såleis ein heil flokk på sidelinja på Hilvang. Svein F kunne visst ikkje dy seg heilt og måtte spørje om alle var mine...:-) I går morgon gjekk Olaug på Høgeheia som rett og rimeleg var. Eg måtte pent stelle hus og heim, springe ærend for ungane og følgje dei på do. Eg kjenner nokon som heilt sikkert meiner at det hadde eg berre godt av... Men heldigvis låg ei ulesen BT frå lørdag klar, då eg vart avvist frå den bærbare pc`en min i tillegg. Ja ja slik er det å bli far i moden alder eller bestefar i ung alder... eller alt på ein gong for den del... Tolmod er ein dyd. Og barnebarn er ei velsigning. Dei veks fort, medan fjella ligg no der. Ettermiddagen i går gjekk med til ein gebursdag i Flekke. Der vart det avskjed med Hanna og Sander, då Margunn henta dei med til Førde igjen. Og Peter vart like godt igjen i Flekke hjå Tarald, så då vart det rimeleg tomt heim igjen. Ben og Viola kom opp frå sommarhuset ved sjøen, så då gjekk resten av kvelden fort. Ei helg med ungar og sosialisering i n`te potens var over... Men i dag vart det anledning til ein tur på Dokka igjen. Det var strålande sol då eg kom heim frå arbeid i ettermiddag. Faktisk 23 grader i skuggen. Opp kammen fekk eg ei steikande sol midt i mot. Sveitten dreiv. Eg kjende fort at det ikkje heilt var dagen... Om det var kakene til Anita i Flekke i går eller varmen og sola som gjorde det, veit eg ikkje...:-)) Planane om Stølsfjellet etter Dokka la eg fort tilsides. Fekk heller ta litt bilder og nyte godvèret. Som sagt så gjort. Vedlagt ligg såleis nokre stemningsbilder frå ein flott sommarkveld...
Fra Dokka 030809

lørdag 1. august 2009

Ei fredeleg stund

Ei fin morgonstund på veg til Eitrenipa i dag tidleg... Eg ordna meg med ein tidleg morgontur på Eitrenipa i dag. Eg synest alltid det er kjekkast å komme seg fort avgarde. Sidan to av barnebarna òg var her, måtte eg komme meg tidleg heim igjen. Kan jo ikkje overlate alt til Olaug heller. Det vart ein kjempeflott tur inn og opp der. Heilt utruleg kor blåbær det var. Etter kva eg kunne sjå i boka hadde her ikkje vore folk sidan eg sist var opp, så bæra hadde fått stått i fred. Å plukke opp i ei handfull dann og wann tok berre sekundar. Himmelsk! Smålomen heldt morgonkonsert inne ved Leknesvatna. Det er oftast tidleg om morgonen og seint om kvelden dei er mest aktive med å ta vare på parforholdet. Skvaldringa kan du høyre lang lei. Herleg seanse. Elles var det skikkeleg kaldt på toppen. Heime var det 10 grader då eg gjekk. Meir enn 4-5 grader var det sikkert ikkje er inne. Og med litt nordaust vind i tillegg, beit det godt i kroppen. Hadde heldigvis teke med meg vindtett hue og skifte under jakka, så noko problem hadde eg sjølvsagt ikkje. Men det var ei god påminning kva ein kan forvente framover. Og så var vi klart for barn og barnebarn resten av dagen...:-) Og difor blir ikkje bloggen lenger heller i kveld...:-)
Fra Eitrenipa 010809