torsdag 30. juli 2009

Tysktimar

Tidleg søndagsmorgon på Langevatnet ved Nipebu. Bilete frå forrige helg. Det vart tid til ein rask tur på Stølsfjellet i ettermiddag, før Viola og Ben kom opp på eit kveldsbesøk. Sidan det ikkje er internett nede ved sjøen, er det kjekt for dei med litt oppdateringar. Og sjølvsagt er det òg koseleg med det sosiale vi har i lag. I kveld diska Olaug opp med vaflar og rømme. No har Viola fått smaken på det ekte norske òg, brunosten...:-) Ben er meir tilbakehalden...:-) Men lettrømme er dei meir vane meg. Har lært mykje om Tyskland i det siste. Etter at dei gjekk over til Euro har prisane omlag dobla seg. I dag låg t.d. prisen på vanleg superbensin på kr 11,78 pr liter. Dette er jo akkurat det same som her til lands. For 10 år sidan var bensinprisen det halve i Tyskland, medan her har den omlag stått i ro. Prisen på elektrisitet i Tyskland er til å få hakeslepp av. Vi var inn på energiselskapet der nede og fann prisen. Ben rekna om frå euro til norske. Tru det eller ei, men prisen er kr 1,78 pr kwh! At Norge er eit dyrt land å feriere i, er ei myte etter at euroen vart innført. Men litt gamle oppfatningar heng igjen. Artig og lærerikt å få slike impulsar...

Ingen kommentarer: