tirsdag 7. juli 2009

Tørt og lett

Ved Fossedalsvatnet på turen Fossevikja/Blegja/Hestad 28/6. Vi ser Eitrenipa midt i bildet og Nordre og Søndre Kringla. Strekte truleg eit leddband i kneet etter eit fall på Dokka søndag. Tenkte ikkje så mykje meir på det der og då, sjølv om det gjorde vondt og eg ikkje likte lyden som kom av kneet då foten vart pressa for langt bakover. Men slik er det ofte - det blir verre etterpå. Eg tok det difor heilt piano i går. I dag greidde eg ikkje å halde meg, men gjekk opp igjen akkurat same ruta på Dokka. Verste verken gav seg då eg vart skikkeleg varm, og eg greidde greitt å springe ned igjen... Så no kryssar eg fingrane at det ikkje skal bli meir plunder. Problem med knea har eg hatt nok av... Elles var det ein flott kveld. Heilt klårt, men litt vind. Akkurat passe til å gå i berre shortsen igjen. Det er ikkje same kvelande varmen som forrige veke, takk for det, men framleis veldig fint på kysten. Det er ofte finare her enn i innlandet om sommaren. Vi slepp som regel ettermiddagsbygene. Turen opp og ned gjekk radig som vanleg. Og er vel ikkje så mykje å seie om. Kjekt å sjå alle sauene som går oppe ved Dokka no. Det gir liv. Det går elles veldig lett om dagen då det er så tørt i bakken. Klar fordel med tørt underlag, lette sko og lite klede...Og flugene har teke fellesferie. Gøy rett og slett...:-))

Ingen kommentarer: