torsdag 2. juli 2009

Super sommar

Eimind og Eitrenipa i dag. Peter og pappa kosar seg... Sidan det var torsdag idag, var Olaug heime. Så vi tok ein båttur i føremiddag til Heggøyna og Eimind. Det var blikkstilt då vi reiste utover. Og på austsida av Heggøyna var det så gloande varmt i sola at det nesten ikkje var verandes. Etter ei stund reiste vi difor inn på rullesteinstranda på Eimind, der Peter fann eit eldorado av byggjemateriale... Suksess! Men Peter vart etter kvart selskapssjuk. Så då vart neste stoppestad fjæra i Stongfjorden. Her var det andre ungar å leike med. Eg tok meg ei runde på fjorden og prøvde makrellen, men det var fullstendig nyttelaust. Så eg reiste heim på altanen, med skugge innan rekkevidde! Etter å ha slappa av ei stund, vart eg likevel rastlaus. Så eg tok ein tur på Eitrenipa. Gledeleg var duren, av fossen og elva frå Leknesvatna, som møtte meg ved Markavatnet. Den sa meg at SFE no tappa ned Bjørnastigvatnet og køyrde vatnet ned i Markavatnet - som igjen med tid og stunder ville bli fyllt opp igjen etter den vanvittige nedtappinga i sommar. Sjølv om fossen og elva var flotte då eg kom opp, er det jo ikkje heilt "ekte vare" - hvis du forstår kva eg meiner... Forundra vart eg òg av mangel på fluger i ettermiddag. "Sporløst forsvunnet"! Uforståeleg... Glede nummer to på denne turen. I dag hadde eg på førehand blanda med meg XL-1 i ei flaske som eg tok med i rumpetaska. Om det var drikke som gjorde at det gjekk betre i varmen i dag, eller om det var kokkehua eg jamnleg bada i kaldt vatn og hadde på hovudet, veit eg ikkje. Hadde iallefall mykje å gå på då eg kom ned igjen. I motsetnad til i går då alt var tomt...! Kjempe...:-)
Fra Sjøtur 020709
Fra Eitrenipa 020709

Ingen kommentarer: