Facebook

fredag 3. juli 2009

Sjøanemoner og sydenstemning

Eg tok bilder av nokre blautdyr på Heggøyna i går og lurte på namnet. Eg sende inn bildet og spørsmålet på Origo. Og guruen inne i fjorden, Arild Gjervik, kom med svaret. Det er ei anemone. Og ein Hesteaktinie. Tentaklane kjem fram når floa dekker anemona med sjø igjen. Det var første gongen eg brukte makro innstilling på kameraet. På frihand... Interessant! Det bryr meg egentleg ikkje så mykje at deler av plenen ser ut til å bli svidd vekk... Eg veit at graset kjem igjen... Det blir straks verre hvis brønnen går tom! Difor slepp eg å vatne plenen. Og difor slepp eg å slå han òg. Ja, og i tillegg slepp eg å vaske bilen. For brønnen kan jo ikkje gå tom...! At bøndene ber til regnguden om dagane får heller stå si prøve...! Det har vore ein ny og praktfull dag på kysten. Peter reiste på Grimelia til Andreas. Eg sjølv har lege i fjæra til eg vart både svimen og sløv. Sidan søkte eg i hus og skugge, før det igjen vart leveleg på altanen. Men til slutt vart eg så lei av å sitte i ro at eg gjekk på Dokka. I berre shortsen sjølvsagt. Var ikkje tenkt nokon stad i varmen i dag. Likevel gjekk det flott opp kammen, sjølv om sola steikte meg midt i fleisen. Heldigvis var det antydning til trekk lengst oppe mot toppen. Då eg heldt på å renne vekk omlag midtveges oppover, gjekk sirena - på isbilen nede i Holmedal. Det var litt morsomt... Eg var i stuss om eg hadde valt isen eller kjølerommet på bilen hvis han no stod rett framfor meg. Nesten som ein hallusinasjon i ei ørkenvandring, der ein brått ser ein oase framfor seg som eit skjelvande speglbilete oppe i lufta. No, so gale var det ikkje med meg akkurat. Lyden av isbilen var reell nok, og gutsen min var det ingenting å seie på... Men jammen hadde det smakt med ein is - aller helst ein softis frå kroa - for den er utan tvil best...:-) Og i morgon er det påan igjen. Nesten ikkje spanande å sjå ut av soveromsvindauget om morgonen lenger. Akkurat som i syden. Steikande sol og høg temperatur... Kanskje er eg (berre) litt einig med bøndene likevel... Som vestlending er ein jo ikkje van med det her. Ja, kanskje hadde det vore bra med eit par dagar med regn. Iallefall no når eg skal på jobb igjen...:-)
Legg inn en kommentar