søndag 5. juli 2009

Perfekt temperatur

Holmedal og Straumsnes dukkar opp frå tåkehavet på Dokka i dag tidleg Livet på stranda i går med alskens godsaker, og solid heimelaga pizza til kvelds, gjorde utslag på forma i dag. Kanon! Sidan Olaug skulle på Blegja med Velaug og Turid klokka 12, heldt det fint at eg nådde oppom Dokka i Holmedal først, deretter Stølsfjellet i Rivedal og Hjartåsen i Askvoll. 3 fjell før lunch! Med start i Holmedal klokka 07. Det var super temperatur å gå i berre shorts og joggesko. På Dokka var det rett nok ganske tjukk skodde omlag halvveges opp, men det betydde berre at utsikta mangla. Litt skoddetrekk var det, men eg heldt akkurat varmen med god fart opp. Suverent. Og ned igjen sprang eg som vanleg. Deretter var det til Rivedal. Same procedure... Berre at her var skodda letta så det var litt sikt. Så gjekk turen til Hjartåsen. Herlege tur opp her òg. Lett... Så tørt og fint i terrenget og kjempeflott å springe ned igjen. 3 fjell unnagjort og eg var heime igjen 11.30! God dagsform...
Fra Dokka_Stølsfjellet_Hjartåsen 050709

Ingen kommentarer: