Facebook

onsdag 15. juli 2009

Lett trening

Nei, bildet er ikkje frå Middelhavet, men frå Follevåg 2/7... Flya vi ser merka av på himmelen var gjerne på veg til Syden...:-) Etter at det kom ei skikkeleg tòrebyge med påfylgjande plaskregn, klårna det heilt opp seint i ettermiddag. Eg tok meg difor ein lett og rask treningstur på Hjartåsen i Askvoll. Trass i at forholda var ypparlege med "ny frisk luft", var det ikkje ei sjel å sjå... Det er av ein eller annan grunn lettare å puste når lufta er "bytta" ut... Reine reinsinga å få ei god rotbløyte. Som om skogen og vegetasjonen pustar letta ut etter tørken. Ja, til og med sysvorta var begynt på sine melankolske strofer igjen. Eg har ikkje høyrt fuglen synge på vekesvis. Trur verken folk eller natur her på Vestlandet er skapt for mange og tjue grader, sol og tørke i fleire veker i strekk... Iallefall ikkje brønnane og graset til bøndene. Det går veldig lett på fjellturane om dagen. Utfordringa no er sjølvsagt å halde motivasjonen ved like når det ikkje lenger er noko særleg å bryne seg på her i nærområdet... Hadde jo vore artig med nokre 2000 meters toppar då - med start på null...:-)
Legg inn en kommentar