onsdag 29. juli 2009

Haustleg på Hjartåsen

For livets glade gutter går solen aldri ned...MMS Hjartåsen i kveld... I kveld fekk eg haustkjensla. På Hjartåsen. Regnet piska bakken så vatnet skvatt. Stien var ei einaste stor elv ned bakkane og det var søkkvått overalt. Reine myrane der det for ei stund sidan var knusktørt og fint å springe med joggesko... Vel, no hadde eg joggesko på i kveld òg. Inov8 skoa sit som støpt på alt når det er vått. Eg gav blaffen i væta og vart sjølvsagt våt ganske fort. Søkkvåt etter ei stund, og ned igjen sprang eg gjennom alt som var av elvar, myrar og mold...:-) Du verden, Rab jakka eg kjøpte i sommar er berre fantastisk. Tre lags eVENT stoffet er utruleg bra. Eg vil påstå betre enn goretex. Jakka var knusk tørr innvendig då eg kom ned igjen. Utan kondens i det heile teke. Men så er jo Rab merket mykje brukt på ekspedisjonar òg... Ja, vel var det regn og vått. Men skodda låg òg så tett som graut på toppen. Med vind i tillegg var det i grunn ikkje noko å gje seg til med der oppe. Gras og lyng har jammen gulna mykje i det siste. Og endå skriv vi juli. Det blir tidleg haust ser det ut for. Blir alltid slik i fjellet når forsommaren har vore varm og tørr lenge. Eg høyrer til og med at det er fleire som er plaga med at sauene kjem ned igjen frå beite i fjellet. Akkurat det er jo alt for tidleg. Slike beist er berre å få på slaktehuset... Ok. No skal eg ikkje male fanden på veggen i kveld heller. Eg for min del ser no fram til hausten eg. Kanskje finaste tida på året. Men sjølvsagt forutset det litt godvèr òg då...:-) For livets glade....

Ingen kommentarer: