mandag 15. juni 2009

Roundabout

Kald nordavind på kysten i dag. Alden i bakgrunnen. Tilbakesyn mot Dokka i midten frå Hjartåsen Eg hadde meg ein rundtur på nokre av toppane i nærområdet her i dag. Temperaturen er ikkje mykje å skryte av om dagen, så sjølv om sola skin, gjer den isande kalde nordavinden det litt vanskeleg å kle seg. Det er varmt i sola der vinden ikkje får tak. Men i meir utsette deler av lendet og høgare oppe i fjellet, er det steinkaldt! Det var Blegja-turen i går eit godt bevis på... Eg gjekk først opp kammen på Dokka. Vinden får godt tak oppover her. Ein ting skal nordavinden ha - han fjerna effektivt flugesvermane som starta å samle seg ovanfor vassverket. Eg gjekk kun i ei tynn trøye, softshell bukse og lette sko. Men jakka og hua måtte fort fram oppe på kammen. Artig å sjå korleis landskapet nede i bygda har endra seg etter at ein starta slåtten. Der det tidlegare var vårgrøne bøar, skein dei nyslåtte engene ein no i auga. I tillegg låg kvite traktoregg spreidde utover. Eit landskap i endring kan ein seie...:-) For å vere ærleg så var det litt meir romantisk med hesjane ein hadde før. Og utan tvil meir fysisk arbeid... "Høyr på han no", tykkjer eg enkelte seier...:-) Vel, lenge leve nostalgien... Hesjane får vi iallefall aldri igjen. Etter å ha sprunge ned igjen same vegen eg kom opp, køyrde eg inn til Rivedal og gjekk på Stølsfjellet. Opp og ned standardvegen. Rein rutine...:-) Sommarreprise kan eg vel seie. Men eg traff på ein heil skuleklasse og nokre lærarar på vegen. Det er snart sommarferie. Og ein fjelltur høyrer med. Tidleg krøkast som god krok skal bli. Frå Stølsfjellet i Rivedal gjekk turen til Askvoll og Hjartåsen. Det er ei stund sidan eg var oppom her. Det var veldig tørt i lendet. Og elva i Askdalen var såvidt ho rann. Fisken "gjekk" nesten på tørre landet. Det er så utruleg lett og greitt å ta seg opp på Hjartåsen når det er tørt opp bakkane. Så god som stien er her òg, gjekk det som ein leik. Supert. Så då sprang eg ned frå tredje fjellet i dag, og nådde akkurat heim før Olaug kom frå jobb. Ein rask middag, og ho var utom dørene færen med ein gjeng Askvoll-damer på Eitrenipa... Ja, vi lever visst det gode liv... Iallefall eit sunt eitt...:-)
Fra Dokka_Stølsfjellet_Hjartåsen 150609

Ingen kommentarer: