Facebook

lørdag 27. juni 2009

Natterangling


Bilete frå soloppgangen på Eitrenipa i natt... 


Eg vakna og var lysvåken då Torbjørn kom igjen kl 02.15 i natt. No er huset fullt av ungdommar som har ein litt annan døgnrytme enn eg. Eg tok meg ei runde ut på altanen. Nesten 18 grader ute. Så utruleg fint. Eg bestemte meg utan å tenke meg om ein gong til... Eitrenipa - here I come.... 

Eg heiv i meg to skiver og eit par glas melk. Drog på meg tights, ei enkel trøye + ei ekstra trøye knytt rundt livet til bytte, og hybridskoa. Og var avgarde kl 03. 

I Vågane trudde ein hjort at han kunne springe om kapp med bilen. Omlag hundre meter hadde han denne idèen. Og rett forbi Flokeneset meinte ein hare det same. Han sikksakka frå kvar side av vegen i hundre meter han òg... Merkeleg samantreff! 

Rett under fossen frå Leknesvatna flaug ei havørn opp, og inne ved vatna skvatt eit kull med ungar av lirrype rundt føtene på meg. Det var berre så tydeleg at det var så mykje meir liv no om natta enn på dagtid... 

Eg toppa ut Eitrenipa kl 04.40 og nådde (nesten) soloppgangen på toppen. Eg hadde ikkje sjekka ut tidspunktet for dette. Men det låg nokre morgonskyer i nordaust som sperra for oppgangen likevel (sjekk bilder)... Det var ein magisk augneblink. Like magisk som rett før jul, i beinkulde og klårver, då sola stod opp nesten på motsett side av horisonten... og eg var der på same plassen! Fantastisk at eg har fått med meg begge dei to siste solsnu på toppen av Eitrenipa! Så diamentralt forskjellige... 

No leika den varme nordaustvinden meg i ansiktet, og eg kunne sprade rundt i bar overkropp! Eg kunne skrike høgt av glede... Kor var du mi Afrodite som kunne dele dette med meg?! Det var eit minne for minneboka mi... 

Turen ned igjen vart ekstra fin i dag òg. Morgonlyset bada stadig nye område med sine livgjevande strålar. Og eg måtte ofte fram med kameraet. SÅ herleg! Eg nådde som tenkt heim igjen før nokon var vakne... Ikkje at det betydde allverda. Her i huset er dei vane med at eg fær mine eigne vegar... Og klokka sommarsdagen er berre eit kunstig vedheng likevel...:-)


Fra EItrenipa _natt-tur 270609
Legg inn en kommentar