Facebook

søndag 28. juni 2009

Magisk krevjande

Varm om hjarterota. Turdeltakarane på toppen av Blegja  

Totalt 19 morgonfriske og blide turdeltakarar stilte på turen frå Fossevikja til Blegja og Hestad. 3 stykke frå nordsida av fjorden vart med meg frå Eikenes. Ingvar S og mor og dotter Sandøy, turistar i Hollevika. Eg fekk bror min til å skysse oss frå Eikenes til Fossevikja. Fin start på dagen... 9 deltakarar kom med båten frå Dale. Dei traff vi i Fossevikja. Og Agnar hadde med seg nokre frå Førde som vart skyssa frå Standnes. Desse vart skyssa av same båten etter at følgjet frå Dale var ilandsette. 

Vi samla oss alle ved sørenden av Fossedalsvatnet. Sidan vi i første gjengen hadde god tid då vi måtte vente på dei andre, stakk vi innom på Elraki på veg opp i Fossedalen. Elraki er ei nydeleg, gamal hytte med fleire andre bygningar ved Fossedalselva. Området har historiske røter og er av gamal kulturverdi. I samla flokk gjekk vi austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen. Stien låg avkjølande i skuggen. Dette var vel siste skuggen vi opplevde resten av turen... 

I Øvre Fossedalen tok vi ein liten ny rast før vi gjekk opp Eitreskaret. Vi følgde ein bit av DNT-ruta som går frå Nipebu til Massbu. Ved Botnatjerna var det ny påfylling av vatn. Det synte seg at tre deltakarar ville bli med meg på Eitrenipa. Så vi tok opp skåra som går opp på toppen frå sørsida (skåra her møter den liknande skåra på nordsida rett under toppen, på vestsida av fjellet). Vi fekk oss ei panoramautsikt av dei sjeldne, og eg fortalde om fjella på Askvoll-halvøya. Vi tok oss tid til ei skive. Ein av matboksane var spesielt sirleg tillaga...:-) 

Ein hare hoppa forfjamse opp rett framfor oss då vi heldt fram austover. I tillegg til denne såg vi faktisk to hjortar heilt oppe på ville fjellet lenger aust. Artig! Og på veg nedover var det fleire hjortetrakk i snøen. Eit rypekull sprang til alle kantar inne på Blåegga, medan mora spela sjuk for å tekkje til seg merksemda. Flott å sjå rypekjuklingar på fjellet... 

Vi tok att dei andre på Yksnefjellet. Her hadde vi oss ein liten pause. Den vidare turen innover Blåegga er krevjande. Forkastningar og stein må forserast. Lite vind, steikande sol og varme, gjorde væsketapet enormt. Men heldigvis var det noko snø og smeltevatn igjen enkelte stadar. Og opp på synste Stauren ligg det framleis noko snø på norvest sida. Vi klatra opp ura på toppen her. Etter ein liten rast, gjekk vi ned i Blegja-skaret og tok ein lengre pause. Påfyll av karbohydratar før sjølve oppstigninga til toppen. Dei fleste sette igjen sekkane sine her nede. Sidan vi skulle returenere her og vi vart vekke berre ein times tid. 

Skaret opp på sørvestsida av Blegja, kan vere litt luftig for enkelte. Dette har med vanen å gjere. Men alle kom seg opp i sitt tempo, sjølv om det var fleire som ymta frampå om at det var verre ned... Ein varm og lukkeleg gjeng toppa ut Blegja. Og det var tid for fellsbilde:-) Eg tok med meg omlag halvparten av gjengen og gjekk ned ura mot nordvest, der vi brukar å komme opp frå Rørvika. Så traverserte vi for det meste i snø under sjølve toppen og bort igjen til skaret. Det var mykje løya sigling i snøen ned og på traversen. Eg sjølv brann meg godt i skinka av den sylskarpe gamle snøen...:-) Vi returnerte så ned igjen mot Blåvatnet. 

Elva til Kvanndalsvatnet er utruleg flott. Fossande av snøsmeeltinga på blankskurte berg (sjekk fotos). Agnar hadde hatt seg ein søndag for litt sidan og klipt langs stien lengst oppe, slik at den var grei å finne. Lenger nede mot Blåvatnet, er det god sti frå før. Og resten av turen ned til Hestad går på godt opptrakka stølsveg og skogsveg til slutt. Vi måtte likevel ha oss eit stopp på Hestadstølane. Dei er veldig velstelte og pene. Nymåla, nye vindauge og bordkledningar. Verkeleg eit eksempel på velhald til etterfølgjing. 

Vi var godt leste ut igjen fjorden med båten til Dale. Flott tur i solnedgang og god temperatur. Avdi vi som skulle til Eikenes ikkje nådde ferja (kunne jo ikkje stresse med det ein slik flott dag), så skyssa båtføraren oss ut att fjorden. Ein super tur var til endes. Særs minnerik. For mange hadde ikkje hadde vore på Blegja før. Så takk til dykk alle for ein flott dag... 


Fra Fossevikja_Eitrenipa_Blegja 280609
Legg inn en kommentar