torsdag 18. juni 2009

Heimelaga brød gir krefter

Sola skin på Lillingstonheimen. Bilete frå Nigardsstølen. Nok ein flott feriedag. Og torsdagane er i tillegg Olaug heime. Tvillingane på Mjåset var òg her nokre timar. Men dagen starta med skikkeleg møkkavèr. Regn, skodde og vind. Så eg åt havregrynsgraut som vanleg i 6.30 tida, var innom pc`en og fekk med meg siste nyhenda... og gjekk og la meg igjen. Måtte kjenne etter feriekjensla i senga ei stund...:-) Då eg stod opp igjen, var vèret alt mykje lettare. Eit raskt kikk ut mot Heggøyna viste blå himmel. Ikkje uventa... Slik er det berre ofte om sommaren. Flott på kysten... Så eg heiv på meg nokre klede, køyrde til Rivedal og gjekk ein rask tur på Stølsfjellet. Litt solglimt og litt skodde som dreiv forbi oppe på toppen. Men det heldt seg opplett. Jogg ned igjen. Fin tur... Eg var tenkt å ta med meg Dokka i same slengen. Men der låg det framleis tjukk skodde. I tillegg var magen begynt å skrike etter næring. (Eg skulle jo sjølvsagt ha ete litt før eg gjekk. Og bananer sit ikkje så lenge i skrotten... Merkeleg kor svolten ein blir av denne fjellranglinga...:-)) Så eg køyrde heim igjen. Rett val gitt...:-) For her var akkurat kanelbollane og brøda ferdige for dagen. Brunost og ferske, heimelaga brød...! Kan det finnast noko bedre for ein svolten "fjellmage"...? Skivene gjekk ned i heilinga - kor mange hugsar eg ikkje - og til dessert, varme kanelbollar og kaffi! Og så var det lunch-slumring på sofaen med dagens Firda... Etter å ha putla med litt småtteri i og rundt huset, var det stekt lyr til middag. Eg måtte gje Olaug rett då ho uttalte at ho hadde hatt seg ein skikkeleg husmordag i dag. Og eg følte meg litt bortskjemd. Det minnte meg om bestemor mi i Dale i gamle dagar. Ho visste aldri kva godt ho kunne gjere for oss ungane på Skaartun... Etter middag var det sofaen igjen - ei lita stund - for no maura kroppen etter aktivitet. Eg tok difor turen oppom Dokka. Opp kammen som vanleg. Sol mesteparten av vegen opp. Kald vind og skodde på toppen. Og litt regn ned igjen. Alt slags vèr på ein gong. Men sauene såg ut til å trivast bra oppe i bratta. Yess, dett var dett... Då blir det ikkje fleire fjell i dag. Og i morgon blir det Førde-tur - iallefall på føremiddagen...:-)
Fra Stølsfjellet_Dokka 180609

Ingen kommentarer: