Facebook

lørdag 6. juni 2009

Frå sommar til vinter

Trass i isande kald nordavind varma sola i vindstille skråningar... Det ligg enno nokre svære skavlar på toppen av Blegja 6/6 Eg gjekk Rørvika/Blegja/Likkjeblegja/Blåegga/Eitrenipa/Markavatnet i dag. Same ruta eg har gått nokre gonger no. Var på plass i Rørvika kl 08 i suveren morgonstemning. Ikkje ei sky på himmelen. Fjorden låg utan ei krusing nede, men det var ikkje mange varmegradene... Eg gjekk difor i ei tynn ulltrøye med ei lett treningsjakka ut att på. Shortsen hadde eg med i sekken, men gjekk i solfshellbuksa oppover. Dei første snøfonnene låg i den nordvende bakken nedom Nipebua (Hytta til Arvid L. i Rørvika). Litt overraskande var snøen knallhard! Det var eg mest glad for, men så var det kanten på toppen då... Det hadde gått veldig lett og greitt oppover. Og det heldt det fram med. Men oppe under Rørviknipa, i skuggen, vart det beinkaldt. Måtte fram med hanskar og hue... Ikkje akkurat temperatur for shorts og t-skjorte. Det kom seg litt då eg kom sør mot tjernet og sola igjen. Det låg framleis snø oppover heile ura. Bra! Den isande kalde vinden gjorde nok sitt til at sola ikkje fekk tak på snøen, for den var knallhard som lenger nede. Det gjekk difor lett og fort opp mot toppen av ura, der eg brått mista fotfestet og sigla fleire meter før eg greidde å stoppe. Broddane var ikkje i tankane ein gong då eg pakka sekken... Ja, ja, altfor sjølvsikker skal ein jo aldri vere. Nokre blodige fingrar frå skaren var eit greitt prov på det... Forsiktig gjekk eg opp bratta mot skavlen. Passa på å sparke godt feste i den harde skaren. Også feste for stavane var viktig. Men steinar stakk fram fleire plassar, så det gjekk heilt fint å finne ein plass å komme seg over og opp på platået. Her var det kome nysnø siste dagane... Kaldt nordadrag dreg fort med seg slikt her i høgda sjølv i juni... Eg fekk skifta på meg ei ny, tjukkare ulltrøye og vindtett anorakk. Det gjorde jammen godt. Deretter var det det tid for fotografering av den fantastiske utsikta. Eg tok meg òg ei skive og litt drikke der i ly av varden. Men det var noko heilt anna enn sommar her oppe, så eg bevega meg ganske fort sørover platået og ned skåra på sørsida. Eg heldt meg mest mogeleg på den harde snøen. Ein sparer bra med tid ved å gå på denne i staden for all steinen i ura. Men siste snøen låg på nordsida av Likkjeblegja. No har eg varda så godt utover Blåegga at det er lettare å finne "hola" ned alle forkastningane utover enn før. Men likevel går det faktisk meir tid ut på Eitrenipa frå Blegja enn frå Rørvika og opp på Blegja. Faktisk halvtimen lenger (2t+2,5). Eg tok meg difor ein rast på same staden som sist før eg nådde Eitrenipa akkurat kl 13... Siste bakken opp aust i frå er ganske tung når du først har vore inne på Blegja...:-) Det var ganske lite vind her. Det var faktisk godt og varmt i lyngen. Eg fiska like godt fram shortsen - til slutt... Turen ned igjen gjekk langs standardruta som eg har skrive om så mange gonger. Men det gjorde seg godt med vatn og ei flaske XL-1 ved elva mellom Leknesvatna...:-) Det hadde vore nok ein kjempetur!
Fra Blegja_Eitrenipa 060609
Legg inn en kommentar