mandag 8. juni 2009

Flugemat

Fullstendig omslukt på Stølsfjellet i ettermiddag Eg var heilt bestemt på å la fjell vere fjell i dag. Iallefall då det bles og plaskregna frå omlag kl 11 inne i Førde. Stor var overraskinga då eg nærma meg Stongfjorden etter jobb og det var strålande vèr. Ikkje ein dråpe var komen frå oven. Det var som om ein hadde heisa opp ei persienne omlag ute ved Kvammen... Så etter å ha putta ein god "Cracker" cd i spelaren, vart alle hemningar hivne på båten... Eg ville gå likevel! Olaug skulle på nokre greier inne på Geo Senteret kl 19, så det skulle halde akkurat med ein tur på Stølsfjellet. Raskt i hus, rett i kjellaren og jump i ein tights, trøye og lette sko... Eg treiv med meg ei banan til afterburner og meiner eg fekk tid til å seie ha det...:-) Første forsmaken på angrepet som skulle komme fekk eg midt oppe i vegen til demninga i Rivedal. Og oppe mot Nigardsstølen var eg omsverma av ihelsvoltne svarte fluger. Eg vifta med armane, slo, men det hjelpte sjølvsagt ingenting. Oppe i bjørkebeltet stod sola rett inn frå vest. Ikkje eit vindpust. Det var difor kvelande varmt inn i bakken. Her løyste eg skikkeleg sveitten... Det førte til at eg regelrett vart angripen av hordane... Inn i øyra, kravlande i håret og eit par stykke forsvann inn ilag med pusten... Eg trudde eg skulle bli galen! Det vart lite vetta trekk oppe mot toppen. Men altfor lite til at det hjelpte noko. Og då eg kom meg opp til varden, stod eg i eit par minutt og slo etter hordane. Det hjelpte - i 5 sekund. Eg fekk namnet inn i boka, knipsa eit bilde og la til palings ned igjen. No er det såpass steinete og bratt første stykket ned frå toppen at noko særleg fart fekk eg ikkje før eg kom meg ned om ura. Til eg kom ned hit var det som ei maurtue oppe i hårgarden. Det livde og kravla som i eit humlebol. Midt nede i bakken mot stølen trudde eg endeleg at eg hadde sprunge i frå udyra, så eg stoppa ein liten augneblink opp for å sjå etter fandens disipler, med det resultat at etter 2 sekund fekk eg heile gjengen midt i fleisen. No er eg ein såpass tolege mann at eg ikkje skreik ut mitt sinne og frustrasjon, men jammen var det like før... Monstera bak meg var sjølvsagt ikke beredt på at eg brått stoppa, så difor vart bremselufta for kort til at dei unngjekk kollisjonen... Heldigvis var stien ned til stølen og vidare til bilen mykje betre. Eg tok difor eit par ekstra munnfullar med luft og la inn eit ekstra gir. Så tørt og fint som det var i bakken gjekk det fort... Først nede ved grinda i vegen måtte eg stoppe. Ikkje ei fluge var igjen. Ikkje ei einaste! Eg pusta letta ut. Men sprang for sikkerhets skuld siste biten til bilen òg... Fytt i rakkaren! Det var jammen nære på at eg vart heilt oppeten - iallefall kjendest det slik ut! Og det er min santen ikkje mykje overdrive heller...

1 kommentar:

Laila Anita sa...

Tror det må være flueår i år. Vi var skikkelig plaga på lørdag da vi gikk på Brandsøyåsen, og jeg kan ikke huske å hatt ei flue etter meg der tidligere. Nå var det nesten ei plage! Ser forresten ut som noen kaster en neve møkk på deg :-)

Men fine bilder!