tirsdag 30. juni 2009

Sommarregn på naken hud

Fin utsikt ned på Tveit i Holmedal frå kanten på Dokka... Det er vel ikkje noko å legge skjul på at kroppen var ganske tappa etter 12 timars turen på Blegja på søndag. Ikkje så mykje av det fysiske kanskje. Men væsketapet var enormt. Det kjende eg lett på hovudverken som kom sigande søndagskvelden. Typisk... Eg prøver å få i meg nok væske, men det blir nesten aldri nok! Det er jo eit heft med all den drikkinga! Så i går tok eg det heilt piano. Peter var på Tine Fotballskule nokre timar... Og eg kosa meg difor mellom anna med dei flotta bilda frå turen og bloggen min. Peter skulle på Hilvang Stadion i Holmedal igjen i dag frå 10-14. Så etter å ha sytt for at alt var i orden med utstyr, mat og rikeleg med drikke i kjølebagen, gjekk eg på Dokka. Den vanlege ruta. I overskya vèr, men varmt og akkurat passeleg med vind oppover kammen. Utstyr? Shorts og joggesko - og berre det... Ja, og så fotoapparatet då...:-) Herleg, nydeleg og nesten utan ei einaste fluge! Eg verkeleg kosa meg opp den bratte kammen... På toppen av Dokka er det som før sagt fin utsikt i alle retningar. Spesielt inn Dalsfjorden og til Askvoll. Dei lokale regnbygene gjekk som slør i fjella. Både i aust og i sør. Medan her var det fint. Ja sola stakk skikkeleg gjennom på returen. Dette skapte utrulege lys-kontrastar i landskapet. Etter å ha kome ned til vassverket i Holmedal igjen, køyrde eg inn til Rivedal og gjekk på Stølsfjellet. Såpass uttrygt for regn som det var, la eg att kameraet i bilen. Det gjorde eg heilt rett i. For halvveges opp til demma fekk eg på meg ei god, forfriskande regnbyge. Sommarregn og varmt i vèret er herleg! Spesielt når du er naken... Snakk om god kjensle! Det er som du kjenner at livet sprudlar i kroppen... Regnbyga var likevel ganske snart over, akkurat passe... Er jo for gale med for mykje av det gode òg:-) Så eg fekk meg ein super tur på Stølsfjellet i tillegg til Dokka. Ned igjen sprang eg som vanleg heile vegen. Eg fekk meg såleis ein times tid til overs på fotballbana, og følgde fotballskulen ei stund. Fantastisk å sjå innstillinga og humøret til ungane. I morgon er det fotosession frå media på programmet og grillmat! Stor applaus til Willy Helle og kompani som i fleire år har hatt dette utmerka tilbodet saman med Tine! Blomar frå meg...
Fra Dokka_Stølsfjellet 300609
Peter på Tine Fotballskule I bakgrunnen ligg Dokka med kammen opp...

søndag 28. juni 2009

Magisk krevjande



Varm om hjarterota. Turdeltakarane på toppen av Blegja  

Totalt 19 morgonfriske og blide turdeltakarar stilte på turen frå Fossevikja til Blegja og Hestad. 3 stykke frå nordsida av fjorden vart med meg frå Eikenes. Ingvar S og mor og dotter Sandøy, turistar i Hollevika. Eg fekk bror min til å skysse oss frå Eikenes til Fossevikja. Fin start på dagen... 9 deltakarar kom med båten frå Dale. Dei traff vi i Fossevikja. Og Agnar hadde med seg nokre frå Førde som vart skyssa frå Standnes. Desse vart skyssa av same båten etter at følgjet frå Dale var ilandsette. 

Vi samla oss alle ved sørenden av Fossedalsvatnet. Sidan vi i første gjengen hadde god tid då vi måtte vente på dei andre, stakk vi innom på Elraki på veg opp i Fossedalen. Elraki er ei nydeleg, gamal hytte med fleire andre bygningar ved Fossedalselva. Området har historiske røter og er av gamal kulturverdi. I samla flokk gjekk vi austsida av Fossedalsvatnet til Øvre Fossedalen. Stien låg avkjølande i skuggen. Dette var vel siste skuggen vi opplevde resten av turen... 

I Øvre Fossedalen tok vi ein liten ny rast før vi gjekk opp Eitreskaret. Vi følgde ein bit av DNT-ruta som går frå Nipebu til Massbu. Ved Botnatjerna var det ny påfylling av vatn. Det synte seg at tre deltakarar ville bli med meg på Eitrenipa. Så vi tok opp skåra som går opp på toppen frå sørsida (skåra her møter den liknande skåra på nordsida rett under toppen, på vestsida av fjellet). Vi fekk oss ei panoramautsikt av dei sjeldne, og eg fortalde om fjella på Askvoll-halvøya. Vi tok oss tid til ei skive. Ein av matboksane var spesielt sirleg tillaga...:-) 

Ein hare hoppa forfjamse opp rett framfor oss då vi heldt fram austover. I tillegg til denne såg vi faktisk to hjortar heilt oppe på ville fjellet lenger aust. Artig! Og på veg nedover var det fleire hjortetrakk i snøen. Eit rypekull sprang til alle kantar inne på Blåegga, medan mora spela sjuk for å tekkje til seg merksemda. Flott å sjå rypekjuklingar på fjellet... 

Vi tok att dei andre på Yksnefjellet. Her hadde vi oss ein liten pause. Den vidare turen innover Blåegga er krevjande. Forkastningar og stein må forserast. Lite vind, steikande sol og varme, gjorde væsketapet enormt. Men heldigvis var det noko snø og smeltevatn igjen enkelte stadar. Og opp på synste Stauren ligg det framleis noko snø på norvest sida. Vi klatra opp ura på toppen her. Etter ein liten rast, gjekk vi ned i Blegja-skaret og tok ein lengre pause. Påfyll av karbohydratar før sjølve oppstigninga til toppen. Dei fleste sette igjen sekkane sine her nede. Sidan vi skulle returenere her og vi vart vekke berre ein times tid. 

Skaret opp på sørvestsida av Blegja, kan vere litt luftig for enkelte. Dette har med vanen å gjere. Men alle kom seg opp i sitt tempo, sjølv om det var fleire som ymta frampå om at det var verre ned... Ein varm og lukkeleg gjeng toppa ut Blegja. Og det var tid for fellsbilde:-) Eg tok med meg omlag halvparten av gjengen og gjekk ned ura mot nordvest, der vi brukar å komme opp frå Rørvika. Så traverserte vi for det meste i snø under sjølve toppen og bort igjen til skaret. Det var mykje løya sigling i snøen ned og på traversen. Eg sjølv brann meg godt i skinka av den sylskarpe gamle snøen...:-) Vi returnerte så ned igjen mot Blåvatnet. 

Elva til Kvanndalsvatnet er utruleg flott. Fossande av snøsmeeltinga på blankskurte berg (sjekk fotos). Agnar hadde hatt seg ein søndag for litt sidan og klipt langs stien lengst oppe, slik at den var grei å finne. Lenger nede mot Blåvatnet, er det god sti frå før. Og resten av turen ned til Hestad går på godt opptrakka stølsveg og skogsveg til slutt. Vi måtte likevel ha oss eit stopp på Hestadstølane. Dei er veldig velstelte og pene. Nymåla, nye vindauge og bordkledningar. Verkeleg eit eksempel på velhald til etterfølgjing. 

Vi var godt leste ut igjen fjorden med båten til Dale. Flott tur i solnedgang og god temperatur. Avdi vi som skulle til Eikenes ikkje nådde ferja (kunne jo ikkje stresse med det ein slik flott dag), så skyssa båtføraren oss ut att fjorden. Ein super tur var til endes. Særs minnerik. For mange hadde ikkje vore på Blegja før. Så takk til dykk alle for ein flott dag... 



Fra Fossevikja_Eitrenipa_Blegja 280609

lørdag 27. juni 2009

Natterangling



Bilete frå soloppgangen på Eitrenipa i natt... 


Eg vakna og var lysvåken då Torbjørn kom igjen kl 02.15 i natt. No er huset fullt av ungdommar som har ein litt annan døgnrytme enn eg. Eg tok meg ei runde ut på altanen. Nesten 18 grader ute. Så utruleg fint. Utan å tenke meg om meir enn ein gong - Eitrenipa - here I come.... 

Eg heiv i meg to skiver og eit par glas melk. Drog på meg tights, ei enkel trøye + ei ekstra trøye knytt rundt livet til bytte, og hybridskoa. Og var avgarde kl 03. 

I Vågane trudde ein hjort at han kunne springe om kapp med bilen. Omlag hundre meter hadde han denne idèen. Og rett forbi Flokeneset meinte ein hare det same. Han sikksakka frå kvar side av vegen i hundre meter han òg... Merkeleg samantreff! 

Rett under fossen frå Leknesvatna flaug ei havørn opp, og inne ved vatna skvatt eit kull med ungar av lirrype rundt føtene på meg. Det var berre så tydeleg at det var så mykje meir liv no om natta enn på dagtid... 

Eg toppa ut Eitrenipa kl 04.40 og nådde (nesten) soloppgangen på toppen. Eg hadde ikkje sjekka ut tidspunktet for dette. Men det låg nokre morgonskyer i nordaust som sperra for oppgangen likevel (sjekk bilder)... Det var ein magisk augneblink. Like magisk som rett før jul, i beinkulde og klårver, då sola stod opp nesten på motsett side av horisonten... og eg var der på same plassen! Fantastisk at eg har fått med meg begge dei to siste solsnu på toppen av Eitrenipa! Så diamentralt forskjellige... 

No leika den varme nordaustvinden meg i ansiktet, og eg kunne sprade rundt i bar overkropp! Eg kunne skrike høgt av glede... Kor var du mi Afrodite som kunne dele dette med meg?! Det var eit minne for minneboka mi... 

Turen ned igjen vart ekstra fin i dag òg. Morgonlyset bada stadig nye område med sine livgjevande strålar. Og eg måtte ofte fram med kameraet. SÅ herleg! Eg nådde som tenkt heim igjen før nokon var vakne... Ikkje at det betydde allverda. Her i huset er dei vane med at eg fær mine eigne vegar... Og klokka sommarsdagen er berre eit kunstig sak likevel...:-)



Første solstrålane for dagen på "morgonsauer" ved Eitrenipa.


fredag 26. juni 2009

Sydentemperatur

Latmannsliv i Stongfjorden les: Sydenturist på heimebane... Det vart nok ein fantastisk sommardag i dag. Då temperaturen nærma seg 30 grader, måtte eg berre på sjøen. Noko turgåing orka eg ikkje tanken på. Det freista ikkje med sveitte og fluger, og kvelande varme ein ikkje er van med. Så medan Peter bada med dei andre ungane, prøvde eg forgjeves pilkestonga. Til slutt gav eg opp heile fiskinga og la meg rett ut i båten og dorma av. Heldigvis kom det litt småskyer og ein sval bris. Og eg kan vel seie eg hadde det som plomma i (speile)egget...:-) Då Olaug kom frå jobb, reiste vi til Førde og såg jenta til Ingebjørg og Frode som vart fødd i går. Ingebjørg såg utruleg sprek og fin ut etter fødselen. Og veslejenta var reine prakteksemplaret. Så fin, roleg og tilfreds at det var ein fryd... Ja, så pen, så pen...-) Det er ei æra å få oppleve 4 flotte og velskapte ungar sjølv, og no 6 friske og nydelege barnebarn. Til sjuande og sist er det vel det livet går ut på. Frå naturen si side. Ein bør vere takksame alle som får oppleve dette... Veslejenta til Ingebjørg og Frode er 1 dag gamal...

torsdag 25. juni 2009

Wunderbar

Nydelege sommarkulissar rundt Peter i føremiddag... Dagens blogg må starte med at eg er blitt bestefar til nr.6. Ingebjørg og Frode fekk ei flott og velskapt jente på 3480 gram og 51 cm i dag. Og alt står fint til med barn og dotter... Det er eit like stort under kvar gong nokon blir fødde! I morgon blir det difor besøk på sjukehuset istaden for Nipebu. Det sat langt inne for Peter. Men med litt taktisk tenking på førehand før eg måtte seie det, så gjekk det bra! Eg føreslo nemleg å sette opp teltet i hagen, så kunne han og ein kompis overnatte der i natt. Bingo...:-) I føremiddag var Peter og eg ein tur ut i havgapet. Ikkje ei krusing på yta. Havblikk! Og temperaturen var stigande. Noko tolmod til å fiske har ikkje poden på 9 år. Så fisk vart det lite av. Men med kjølebag innehaldande is, kjeks, brus og bananer var det ikkje så nøye med fiskinga heller. Vi cruisa heller sakte rundt øyar og skjer og heldt god avstand til ærfugl med striper av ungar i kjølevatnet sitt... Fantastisk! Så utruleg vakkert på kysten... Etter at vi kom inn igjen til lands i Stongfjorden, og mor i huset var heime, vart det ein varm tur på Dokka. Berre i shorts og joggesko. Eit hersens inferno med fluger følgde meg opp. Som om ikkje det var nok møye, så hadde eg sjølvsagt smurt meg inn med solkrem i ansiktet ei stund før eg gjekk... Skal ikkje store kreative tankegangen til for å skjøne at eg fekk svi for det - i auga! Kombinasjonen av sveitte og solkrem er ei fin blanding for auga... Og i berre shortsen hadde eg ingen ting å tørke vekk saligheita med heller. Så denne turen vil eg helst gløyme... Vèrmeldingane ser utmerka ut for komande feriedagar. Og det skal bli kjekt å gå med Agnar og turlaget frå Fossevikja til Blegja og Hestad på søndag. Denne gongen blir det iallefall folk med...:-) Eg har jo gått mykje av denne ruta fleire gonger i vår, så her stiller eg på heimebane...:-)
Fra Sjøtur 250609

tirsdag 23. juni 2009

Vellukka jonsokfeiring

Koseleg kveld i Stangfjæra jonsokafta 

Peter og eg starta feriedagen med ein tur til Førde og besøkte tvillingane eg er bestefar til. Vilde og Lene. Dei var i full vigør oppe på Vie ilag med Kristine. Dei har no lært seg å gå og er nok ei handfull for mellomste dotter mi. Etter svar på DNA viser det seg no at dei er einegga. Litt rart egentleg. For no ser eg klårt forskjell på dei. Lene er den utforskande og rastlause, medan Vilde er meir mammajente...:-) 

Deretter vart det shopping av litt småtteri, bl.a. til Nipebu. Og så kjøpte eg meg eit par ganske lette, halvhøge La Sportiva fjellsko som var på sal. Greie no til hausten i ekstra vått og sleipt terreng... 

Etter å ha kome heim vart det til at Peter reiste ein tur på Grimelia til Andreas. Medan eg slappa av heime med avisa og hadde meg ein høneblund. Då Olaug kom igjen tok eg meg ein rask tur på Dokka - i dag òg! Nydeleg! I bar overkropp og joggesko. Vindstille og mykje sol. Tydeleg at vèret endra seg til det betre. 

Stangfjæra i kveld


Jonsokfeiringa starta 18.30 i Stangfjæra. Det vart ein usedvanleg flott jonsok-kveld. Herren trekte frå kulissane i akkurat rett tid. Fjorden låg vindstille i den minkande kveldsola... Sjå vedlagde album frå feiringa. 










mandag 22. juni 2009

Paradisdagar

Peter med sin første makrell av året, årets første blåbær i Stongfjorden og xx gongen min på Dokka (mms)... Det skal egentleg ikkje så mykje til for å gjere ungar nøgde. Berre dei får litt forskjellige impulsar. Så vi har egentleg hatt ein fin dag i lag, Peter og eg. Softis-tur til Askvoll, shopping av fiskeutstyr, Pokemonkort, og diverse ingrediensar til påkomande tur på Nipebu...:-) Så var det tid for fisketur på kaia her på Yndestad. Og dagen var jo redda då han sjølv landa ein makrell. Etterpå vart det blåbærplukking nedom huset.... Fint å vise mor då ho kom frå arbeid...:-) Etter middag fann han visst ut at han måtte inn til nabo-jentene. Så då fekk eg meg ein lyntur på Dokka. Lett og herleg opp kammen i dei nye, lette terrengskoa. Sat som støpt! Flott dag og fin tur. Men kvar blir sommaren av som meteorologane har lovd i fleire dagar...?

søndag 21. juni 2009

Nipebu 20/6-21/6

Kort resymè av tur på Nipebu Utsikt mot Langevatnet og Nipebu når du kjem ned frå fjellet i vest. Gjekk opp frå Rivedal laurdags-morgonen og tok med meg fjelltrimposten på Stølsfjellet. Det krevde sin mann å bere den tunge sekken opp det bratte skaret til topps. Og tyngre tur har eg ikkje hatt opp her i år...:-) Eit visst arsenal med fluger kjende si besøkelsestid... Eg kryssa deretter Langedalen i sør og gjekk rett nord om Hyllsetstølen. Tok opp ved elva og gjekk høgdedraga aust til Langevatnet og Nipebu. Det var ein person på hytta, Leif F. I tillegg var det eit par karar som hadde slått leir ved Nipevatnet og teke kanoen med seg. Eg var skrubbsvolten då eg kom fram. Skivene som gjekk ned talde eg ikkje. Utsøkt mårepølse av geit med kvitløk frå Kvandal smakte utmerka. Som dessert - skiver med geitost:-) Eg flytta deretter inn i dobbeltsenga, fann fram sengkleda og sovna ein times tid. Adam i paradis...:-) Etterpå fann eg fram fiskeutstyr. Men sidan både båten og kanoen var vekke, tok eg meg ein fisketur langs land. Magert resultat. Mmen ei stund etter tok eg båten og rodde meg ein dorgetur i det skiftande vèret. Frå steikande sol til kalde nordagufs. Ikkje akkurat fiskevèret eg tenkte meg. Det viste igjen på resultatet. Så eg bestemte meg for ein pause og rodde aust igjen til hytta. Her var ungdommane som låg ved Nipevatnet komne, i tillegg til to kompisar. Leif F. var reist til Svartetjørna og skulle deretter heim igjen. Vel, karane tok både kanoen og båten til austenden av vatnet og drog kanonen til Nipevatnet. Og eg såg verken karane, båt eller kano igjen. Så dett var dett med fiskinga... Det vart ein avslappande kveld på meg. Åleine i hytta med blues på P1 og Dalsfjordboka. Herleg...! I løpet av natta høyrde eg dei to siste ankomne gutane kom igjen med båten. Men i hytta kom dei aldri. Og gjekk truleg ned igjen. Natta er jo aldri så lys som no...:-) Eg stod difor opp halv 4. 6 grader, skodde i fjella og blygrått. Eg kunne ikkje reise ned igjen utan å prøve, men nokon fiskefeber kjende eg aldri. Etter ein solid og god frukost dorga eg ein to-tre timars tid. Med like magert resultat som ettermiddagen før. Tre midddelmådige fiskar på eit par hekto kvar. Det var ikkje vits i å bruke meir tid på fiskinga... Så etter å ha varma skrotten igjen i senga ein times tid, pakka eg sekken og gjorde opp hytta. Tenkte som så at eg kunne stikke opp igjen ut i veka eller veka etterpå når vèret endra seg. Vestover igjen følgde eg i dag den merka løypa som går til Stongfjorden. Delvis skodde, men stort sett opplett. Rett under Vardenova kryssa eg Langedalen, gjekk sør og derifrå over Stølsfjellet og til Rivedal igjen. På høgdedraget sørvest om Langedalen skvatt det opp to hjortar på nakne fjellet. Dei hadde ingen stad å gjere av seg, så eg følgde dei lenge med auga. Og på eit av bilda kan ein sjå den eine. Det er ei anna kjensle å komme over hjorten under slike omstende enn kva det er med dei som beiter nede på bøane lyse dagen.... Yess, det var eit lite konsentrat av helga. Vart ikkje heilt som tenkt. Fotografmessig var det jo kjedeleg med skodde morgon og kveld. Men det gir berre motivasjon til å prøve igjen. Ferien er enno ung...:-)
Fra Nipebu 2006-2106

fredag 19. juni 2009

Ein kjapp tur

Frå Nordre Kringla ser vi Langevatnet med Nipebu midt i bildet. Foto 13/6 Hadde nokre greie timar med Peter i Førde i føremiddag. Litt småtteri som måtte handlast. Snop, Pokemon-kort, pizza-bollar, juice, brus etc. til han. Vel, for ein gongs skuld...:-) Var elles innom banken og fekk meg eit krus kaffi og ein prat... Så var det til Sunde og hente eldste barnebarnet mitt Hanna (6) som vart med ut igjen i Stongfjorden. Etter at Olaug kom igjen frå arbeid, vart det tid til ein tur på Hjartåsen. Enkelt, lett og greitt. Med kjappe steg både opp og ned fekk eg løyst sveitten godt... Så var det heim slik at Olaug nådde oppom Høgeheia. Deretter hadde eg avtalt med Håvard om hjelp til å få båten på sjøen. Motoren starta på andre draget. Yamaha...:-) Godt kva som er gjort no til ferien. Vi må jo ha eit cruise ut i Heggøyna m.a og sjå på utegangarane til Arild og Gisle...:-) I kveld har eg dessutan pakka sekken. Tek meg eit par dagar på Nipebu og fiskar litt. Det blir difor ikkje oppdatering på bloggen i morgon kveld. Det får eg ta att søndag eller mandag. Stay tuned!

torsdag 18. juni 2009

Heimelaga brød gir krefter

Sola skin på Lillingstonheimen. Bilete frå Nigardsstølen. Nok ein flott feriedag. Og torsdagane er i tillegg Olaug heime. Tvillingane på Mjåset var òg her nokre timar. Men dagen starta med skikkeleg møkkavèr. Regn, skodde og vind. Så eg åt havregrynsgraut som vanleg i 6.30 tida, var innom pc`en og fekk med meg siste nyhenda... og gjekk og la meg igjen. Måtte kjenne etter feriekjensla i senga ei stund...:-) Då eg stod opp igjen, var vèret alt mykje lettare. Eit raskt kikk ut mot Heggøyna viste blå himmel. Ikkje uventa... Slik er det berre ofte om sommaren. Flott på kysten... Så eg heiv på meg nokre klede, køyrde til Rivedal og gjekk ein rask tur på Stølsfjellet. Litt solglimt og litt skodde som dreiv forbi oppe på toppen. Men det heldt seg opplett. Jogg ned igjen. Fin tur... Eg var tenkt å ta med meg Dokka i same slengen. Men der låg det framleis tjukk skodde. I tillegg var magen begynt å skrike etter næring. (Eg skulle jo sjølvsagt ha ete litt før eg gjekk. Og bananer sit ikkje så lenge i skrotten... Merkeleg kor svolten ein blir av denne fjellranglinga...:-)) Så eg køyrde heim igjen. Rett val gitt...:-) For her var akkurat kanelbollane og brøda ferdige for dagen. Brunost og ferske, heimelaga brød...! Kan det finnast noko bedre for ein svolten "fjellmage"...? Skivene gjekk ned i heilinga - kor mange hugsar eg ikkje - og til dessert, varme kanelbollar og kaffi! Og så var det lunch-slumring på sofaen med dagens Firda... Etter å ha putla med litt småtteri i og rundt huset, var det stekt lyr til middag. Eg måtte gje Olaug rett då ho uttalte at ho hadde hatt seg ein skikkeleg husmordag i dag. Og eg følte meg litt bortskjemd. Det minnte meg om bestemor mi i Dale i gamle dagar. Ho visste aldri kva godt ho kunne gjere for oss ungane på Skaartun... Etter middag var det sofaen igjen - ei lita stund - for no maura kroppen etter aktivitet. Eg tok difor turen oppom Dokka. Opp kammen som vanleg. Sol mesteparten av vegen opp. Kald vind og skodde på toppen. Og litt regn ned igjen. Alt slags vèr på ein gong. Men sauene såg ut til å trivast bra oppe i bratta. Yess, dett var dett... Då blir det ikkje fleire fjell i dag. Og i morgon blir det Førde-tur - iallefall på føremiddagen...:-)
Fra Stølsfjellet_Dokka 180609

onsdag 17. juni 2009

Fjell, skule og fjell...

På Eitrenipa i dag tidleg Sidan det var skuleavslutning i Stongfjorden i dag kl 12, gjekk eg tidleg på Eitrenipa for å rekke turen først. Det var 4 grader i då eg køyrde opp til Markavatnet ei stund før kl 07. Og på toppen var faktisk vasspyttane frosne is på.. Midt i juni... Elles var det ein veldig lett og grei tur i det tørre terrenget. Og den nye hyperlette "Rab jakka":http://www.outdoorsmagic.com/news/article/mps/uan/3906 fungerte perfekt. Eg skifta ei trøye under på toppen som eg hadde knytt rundt livet oppover. Elles hadde eg berre med meg ei hue. Og faktum er at det ikkje var ein sveittedråpe inne i jakka verken på toppen eller nede igjen. Fantastisk! Goretexen blir det mykje meir kondens av! Dette er absolutt ei jakke å anbefale, heilt vasstett, vindtett og veldig lett!! Eg nådde fint ned igjen. Fekk tømt kameraet. Dusja og var på plass på skulen i rett tid. Her tok eg ein god del bilder, sjå eige stykke og album på Origo. For å halde fram med utstyr så prøvde eg dei lette fjelljoggeskoa på Hjartåsen etterpå. "Inov8":http://www.inov-8.com/Products-Detail.asp?PG=PG1&L=27&P=5050973005 som eg har hatt liggjande på lur. Sidan eg er i rette skryte-hjørnet kan eg trygt seie at skoa var suverene. Sit som støpt på alt underlag. Og er så lette at sokkane nesten veg like mykje... Som ein leik opp og ned bakkane. Eg bestemte meg umiddelbart for å bestille meg eit par til, slik at eg har eit ekstra sett i bakhand. For det er alltid like spanande å sjå kor lenge mønsteret held...:-) To flotte fjellturar og grillfest på skulen. Det har vore ein kjekk dag ja, med masse koselege bilder, og denne gongen med folk på òg....:-)
Fra Eitrenipa 170609

tirsdag 16. juni 2009

På gamle tomtar

Klår og kald nordaluft på Høgeheia i dag tidleg. Eg gjekk opp igjen på Høgeheia i dag og tok ned refleksstengene frå i vinter. Hadde ikkje vore der sidan 15/2 då eg passerte eit visst antal gonger der...:-) MMSserien såg slik ut då:
Fra Høgeheia 150209
Stengene var jammen gode i vinter. Både til hjelp med hovudlykta om kvelden og om dagen i dårleg vèr. Men no er dei komne i kjellaren og klar for utplassering til hausten på nytt mål... Artig å sjå stien no i forhold til då eg starta å gå i oktober. Dvs. då var det ikkje sti, iallefall det meste av vegen opp, men no er det skikkeleg godt opptrakka heile vegen... Men å bere staur er aldri enkelt. Iallefall ned bakkar og urar. Så eg balte litt med å få med meg heile stasen ned igjen. Stengene vart nemleg plasserte ut i to porsjonar, og i tillegg gløymde eg noko å feste rundt dei i dag. Med litt tolmod gjekk det då. Det var fantastisk klår nordaluft i dag tidleg. Verste vinden kjem litt ut på dagen slik det er no, så den unngjekk eg heilt bevisst. Eg tok nokre bilder og prøvde meg med litt zoom i dag. Kompaktkamera er ikkje skapte for kvalitetzoom, men bilda gjev vel eit inntrykk likevel.
Fra Høgeheia 160609

mandag 15. juni 2009

Roundabout

Kald nordavind på kysten i dag. Alden i bakgrunnen. Tilbakesyn mot Dokka i midten frå Hjartåsen Eg hadde meg ein rundtur på nokre av toppane i nærområdet her i dag. Temperaturen er ikkje mykje å skryte av om dagen, så sjølv om sola skin, gjer den isande kalde nordavinden det litt vanskeleg å kle seg. Det er varmt i sola der vinden ikkje får tak. Men i meir utsette deler av lendet og høgare oppe i fjellet, er det steinkaldt! Det var Blegja-turen i går eit godt bevis på... Eg gjekk først opp kammen på Dokka. Vinden får godt tak oppover her. Ein ting skal nordavinden ha - han fjerna effektivt flugesvermane som starta å samle seg ovanfor vassverket. Eg gjekk kun i ei tynn trøye, softshell bukse og lette sko. Men jakka og hua måtte fort fram oppe på kammen. Artig å sjå korleis landskapet nede i bygda har endra seg etter at ein starta slåtten. Der det tidlegare var vårgrøne bøar, skein dei nyslåtte engene ein no i auga. I tillegg låg kvite traktoregg spreidde utover. Eit landskap i endring kan ein seie...:-) For å vere ærleg så var det litt meir romantisk med hesjane ein hadde før. Og utan tvil meir fysisk arbeid... "Høyr på han no", tykkjer eg enkelte seier...:-) Vel, lenge leve nostalgien... Hesjane får vi iallefall aldri igjen. Etter å ha sprunge ned igjen same vegen eg kom opp, køyrde eg inn til Rivedal og gjekk på Stølsfjellet. Opp og ned standardvegen. Rein rutine...:-) Sommarreprise kan eg vel seie. Men eg traff på ein heil skuleklasse og nokre lærarar på vegen. Det er snart sommarferie. Og ein fjelltur høyrer med. Tidleg krøkast som god krok skal bli. Frå Stølsfjellet i Rivedal gjekk turen til Askvoll og Hjartåsen. Det er ei stund sidan eg var oppom her. Det var veldig tørt i lendet. Og elva i Askdalen var såvidt ho rann. Fisken "gjekk" nesten på tørre landet. Det er så utruleg lett og greitt å ta seg opp på Hjartåsen når det er tørt opp bakkane. Så god som stien er her òg, gjekk det som ein leik. Supert. Så då sprang eg ned frå tredje fjellet i dag, og nådde akkurat heim før Olaug kom frå jobb. Ein rask middag, og ho var utom dørene færen med ein gjeng Askvoll-damer på Eitrenipa... Ja, vi lever visst det gode liv... Iallefall eit sunt eitt...:-)
Fra Dokka_Stølsfjellet_Hjartåsen 150609

søndag 14. juni 2009

Lett tur på Blegja

Dei tre fjella eg var på i går i midterste rad. F.v. Søndre- og Nordre Kringla og Eitrenipa. Bilete frå Blegja i dag... Sidan det var Olaug sin tur å vere med Peter på miniputturnering, vart det fjellet på meg i dag òg. Eg tenkte eg skulle ta rundturen Blegja/Eitrenipa. Men eg akta ikkje å stå ved Markavatnet utan transport som 1.mai då eg måtte gå i Rørvika igjen etter bilen. Difor var eg meint på å gå den turen vi skulle tidlegare med IST om Gjelsvikstølen. No vart ikkje det aktuelt. For eg fekk nok der oppe i dag. Det var beinkaldt. Og vatnet var frose til is i løpet av natta. I tillegg var det sur vind og eit skoddelag som gjorde det ekstra ille der tidleg på morgonen. Eg må innrømme at vinterutrustning hadde eg ikkje med. Så sjølv om vèret såg betre ut lenger ute, var vinden heilt sikkert den same. Valet var difor enkelt. Elles gjekk det forbausande lett og fort opp. Eg var litt på spent korleis 6-timars turen frå i går sat i føtene. Men dei var så friske som ingen ting. Så sjølve turen opp og ned var heilt topp, hvis eg ser vekk frå hordane med fluger frå midt i bakkane over Rørvika til opp under nipa. Her fekk truleg flugene nok av vintertemperaturen... Eg startar ferien i morgon. Litt i tidlegaste laget etter min smak. Har ingen spesielle planar. Vi får ta det litt etter kvart. Men vèrmeldingane første dagane ser jo bra ut... Då blir det vel eit fjell eller to kan eg tenke meg...:-)
Fra Blegja 140609

lørdag 13. juni 2009

Gamalt Fjaler-land

...eller home is where the heart is... Eg tok ein liten vri over eit kjent tema i dag og gjekk Markavatnet/Eitrenipa/Nordre og Søndre Kringla, Fossedalen og Fossevikja med båttransport til Eikenes igjen. Eg har ei kjekk kone. Ho lèt meg styre på med mitt. Og stilte nærast opp som Mor Teresa i går kveld då eg sa eg kunne tenke meg å køyre bilen til Eikenes for å ha den ståande der. Til eg kom igjen frå fjellet i dag. Båttransport frå Fossevikja til Eikenes skulle Sillan syte for. Eg måtte ha transport til Markavatnet i dag tidleg òg. Olaug stilte sjølvsagt opp igjen, før ho skulle på Vårslepp på Værlandet med Peter, veninner og andre ungar. Planen var lagd... Og eg kunne sleppast til fjells... igjen:-) Vi var på plass ved Markavatnet kl 08. Og Olaug ynskte meg god tur... Det var delvis skya og stilt. Litt vått i graset etter regn om natta. Og så usikkert som vèret var, og relativt kaldt som det har vore, hadde eg med meg litt klesbyte. Shortsen tenkte eg ikkje på, men gjekk i softshell buksa. Eg gjekk opp den vanlege ruta. Stien er begynt å bli bra oppgådd no...:-) Noko som gjer det betre å ta seg fram opp skogen. Oppe ved Leknesvatna keik sola fram ein periode. Fjell og natur spegla seg i ei blank vassyte. Og vått bjørkelauv bada seg i morgonsola. Som i eit eventyr... Eg stogga som vanleg litt ved brua og såg på kjøa som leika seg i sollyset. Både i elva og i vatnet. Her er fin steikefisk i Leknesvatna. Det var kjekt å sjå at ein flokk sauer hadde funne vegen heilt oppunder Eitrenipa. Dei hadde sjølvsagt trekt høgast mogeleg opp under snøkantane, der det nye graset av året er saftigast og mest næringsrikt. Lamma var svært nyfikne, og samla seg i ein stor flokk for å iakta dette framande oppe i fjellet med bein og stavar...:-) Det gjekk lett opp skara og til topps. Fine berg å gå på no. Eg hadde sett på ei regnbyge som kom vestfrå ei stund. Men det vart berre med litt yr, før det heile var over. Likevel var det fint å kunne skifte ei trøye og ta på seg ei jakke. Var nok ikkje mange varmegradene her i dag... Etter eit lite stopp, både ved varden i nord og sør, gjekk eg austover og ned til toppen av Eitreskaret og sør til søkket opp på Nordre Kringla. Her er det glatte og bratte svaberg både for å komme seg ned og opp igjen. Men eg traff der eg visste det gjekk an å krysse løypa frå Nipebu til Massbu. Og sjølve oppstigninga på Nordre Kringla tek ikkje meir enn eit kvarters tid på blanke svaberg (jmfr. bilder). Det er ei stund sidan eg har vore her på toppen. Og nokon hadde gjort ein flott jobb med å byggje opp att varden som truleg var teken av lynet for nokre år sidan. Artig å sjå det kjende landskapet frå ein ny vinkel. Og nydeleg utsikt ned til Øvre Fossedalen. Og ikkje minst mot den praktfulle Eitrenipa frå sør med skaret opp på denne sida. For å komme seg ned frå Nordre Kringla og opp på Søndre, må du igjen litt aust for å finne ei skår som fører ned i eit djupt søkk som deler fjella. Opp og ned igjen. Berre at det er litt lenger og litt flatare opp på Søndre Kringla enn opp på Nordre. På Søndre er det praktfull utsikt over Dalsfjorden og Dale. Og elles i alle himmelretningar. Eg sat ei stund her, tok meg litt drikke og funderte over bygda og livet... Ned frå Søndre Kringla og til Øvre Fossedalen er det berre ein veg. Skåra på vestsida. Den er lett å finne, og vegen seier seg sjølv. Over skoggrensa. For stykket mellom starten på skåra opp, og ned til elva over Øvre Fossedalen, er det no ganske tilgrodd med bjørk. Dette stykket er berre på eit par, tre hundre meter, så det burde absolutt vore fort gjort å fått rydda unna litt frå stien. I partiet ovanfor Øvre Fossedalen har det vore rydda. Ikkje i år, men likevel. Det eine stølshuset er bra vedlikehelde. Det andre treng eit strøk maling og skifte av nokre bord. Diverre ser det ikkje til å gå dyr her lenger, så då gror vel dei flotte grasbakkane til snart... Å komme ned til Fossedalsvatnet og Fossedalen er som å vandre tilbake i eigne fotefar. Dalingane har alltid brukt området flittig. Og det var nok her mykje av grunnlaget for fjellinteressa vaks fram frå barndommen av. Både i form av teltliv, og ikkje minst på hytta til Haralden i Dale på Dalsstølen. Når eg går etter vatnet kan eg memorere teltplassar, fiske- og badeplassar. Berre kjekke og gode minner frå ei god barne- og ungdomstid... I enden av det idylliske Fossedalsvatnet, på svaberga der vatnet stuper seg utfor hammaren og ned i Nedre Fossedalen, tok eg meg ein god pause igjen. Det var lite vatn etter svaberga og i fossen (typisk vestlandsvassdrag som veks fort opp og minkar raskt etter mengda på nedbøren). Det er god ro i rennande vatn... I nedre Fossedalen var det ikkje folk i dag. Eg stoppa og tok nokre bilder. Studerte bygget for toalettet som kommunen har kravd fjerna. Deretter gjekk eg ned på ELRAKI og tok nokre bilder av den flotte hytta til Ingrid F. Fantastisk flott der ho ligg ved Fossedalselva. Eg snakka med Sillan, broderen, på mobil undervegs til Fossevikja. Det viste seg at ein kollega, Hugo F., hadde båten og venta. Hugo var veldig grei og skyssa meg til Eikenes på nokre minuttar, før han heldt fram dorgeturen. Takk igjen Hugo! Så då stod eg igjen på Eikenes og kunne sette meg i bilen og køyre heim. Lukkeleg over ein super dag på fjellet... Ei vandring på gjengrodde stiar og tilbake i tid...
Fra Eitrenipa_Kringla_Fossedalen 130609

torsdag 11. juni 2009

Godt stadval

MMS frå Stølsfjellet i kveld. Første slåtten er visst i hamn på Nesalandet... Eg tok med meg buffen for å lage meg turban mot fluge-hordane i Rivedal i kveld. Det synte seg å vere heilt unødvendig. For flugene var over alle haugar (går det forresten an å skrive?:-)) Truleg var det eit kaldt nordadrag i lufta som hadde fått dei i dekning. Berre nokre få fekk eg etter meg opp skogen der sola stod på og vinden ikkje fekk tak... Men dei var mange nok til at eg måtte tygge i meg ei i kveld òg... Elles såg det ut til at Rivedal var rette plassen å vere i kveld. For både innafor og nordafor låg det tunge skyer og skodde, medan eg hadde sol opp og nesten heilt ned igjen. Flaks! Tørt og fint i terrenget. Lett opp og jogg ned. Herleg driv og god trim...:-)

onsdag 10. juni 2009

Panorama til onna

Lyset i vest i dag tidleg... Flott treningstur på Dokka igjen i ettermiddag. Delvis skya og sol inn i mellom. Og heilt stille. Kjekt å sjå masse sauer oppover. Artig å sjå og høyre alle traktorane som var i sving med slåtten i Holmedal, Ringstad og Askvoll. Fin oversikt der oppe frå veit du...:-) Ganske tørt i terrenget gjorde det fint å springe ned igjen...

mandag 8. juni 2009

Flugemat

Fullstendig omslukt på Stølsfjellet i ettermiddag Eg var heilt bestemt på å la fjell vere fjell i dag. Iallefall då det bles og plaskregna frå omlag kl 11 inne i Førde. Stor var overraskinga då eg nærma meg Stongfjorden etter jobb og det var strålande vèr. Ikkje ein dråpe var komen frå oven. Det var som om ein hadde heisa opp ei persienne omlag ute ved Kvammen... Så etter å ha putta ein god "Cracker" cd i spelaren, vart alle hemningar hivne på båten... Eg ville gå likevel! Olaug skulle på nokre greier inne på Geo Senteret kl 19, så det skulle halde akkurat med ein tur på Stølsfjellet. Raskt i hus, rett i kjellaren og jump i ein tights, trøye og lette sko... Eg treiv med meg ei banan til afterburner og meiner eg fekk tid til å seie ha det...:-) Første forsmaken på angrepet som skulle komme fekk eg midt oppe i vegen til demninga i Rivedal. Og oppe mot Nigardsstølen var eg omsverma av ihelsvoltne svarte fluger. Eg vifta med armane, slo, men det hjelpte sjølvsagt ingenting. Oppe i bjørkebeltet stod sola rett inn frå vest. Ikkje eit vindpust. Det var difor kvelande varmt inn i bakken. Her løyste eg skikkeleg sveitten... Det førte til at eg regelrett vart angripen av hordane... Inn i øyra, kravlande i håret og eit par stykke forsvann inn ilag med pusten... Eg trudde eg skulle bli galen! Det vart lite vetta trekk oppe mot toppen. Men altfor lite til at det hjelpte noko. Og då eg kom meg opp til varden, stod eg i eit par minutt og slo etter hordane. Det hjelpte - i 5 sekund. Eg fekk namnet inn i boka, knipsa eit bilde og la til palings ned igjen. No er det såpass steinete og bratt første stykket ned frå toppen at noko særleg fart fekk eg ikkje før eg kom meg ned om ura. Til eg kom ned hit var det som ei maurtue oppe i hårgarden. Det livde og kravla som i eit humlebol. Midt nede i bakken mot stølen trudde eg endeleg at eg hadde sprunge i frå udyra, så eg stoppa ein liten augneblink opp for å sjå etter fandens disipler, med det resultat at etter 2 sekund fekk eg heile gjengen midt i fleisen. No er eg ein såpass tolege mann at eg ikkje skreik ut mitt sinne og frustrasjon, men jammen var det like før... Monstera bak meg var sjølvsagt ikke beredt på at eg brått stoppa, så difor vart bremselufta for kort til at dei unngjekk kollisjonen... Heldigvis var stien ned til stølen og vidare til bilen mykje betre. Eg tok difor eit par ekstra munnfullar med luft og la inn eit ekstra gir. Så tørt og fint som det var i bakken gjekk det fort... Først nede ved grinda i vegen måtte eg stoppe. Ikkje ei fluge var igjen. Ikkje ei einaste! Eg pusta letta ut. Men sprang for sikkerhets skuld siste biten til bilen òg... Fytt i rakkaren! Det var jammen nære på at eg vart heilt oppeten - iallefall kjendest det slik ut! Og det er min santen ikkje mykje overdrive heller...

søndag 7. juni 2009

Familietur på Eitrenipa

Gjengen samla etter endt dyst... Vi reiste eit fylgje ilag på Eitrenipa i dag tidleg. Frå Mjåset kom Dag Tore, Anita og tvillingane Julie og Kristine, frå Stråmen kom Vigdis og Sander, og frå Yndestad kom Olaug, Peter og Gustav. Saman ville vi bruke dagen på fjellet. Vi samla oss ved Markavatnet kl 10. Eller det vil seie - det som er igjen av det. For no er det nesten berre ein vasspøl av leire igjen av heile vatnet. Det var for ordens skuld kome oppslag som vitna at SFE har løyve av NVE til å senke det under grensa - spørsmålet er om dei har løyve til å fjerne det? På den anna side er det jo betre at ein moderniserer allereie utbygde kraftverk enn at ein byggjer nye i sårbar og urørt natur... Vel, vi kom oss raskt forbi dette sorgens kapittel og opp stien på nordsida av elva frå Leknesvatna. Eg hadde teke med meg ryddesaks og ville ta unna ein del einer og busker som eg visste skulle vore fjerna tidlegare. Det vart likevel travelt nok og skulle gå fremst, rydde til dei andre, og unngå at dei måtte vente... Så eg vart rimelegvis gjennomsveitt av å skulle gjere to ting på ein gong...:-) For det var hardt å skulle halde følgje med Sander og Peter. Dei gjekk så det grein oppover. Og vi måtte stadig vekk halde dei att... Som reine ungfolane om våren spratt og dansa dei oppetter. Vi kom oss opp til strengen i berget ved fossen så lett og greitt som ingen ting. Ungane var utruleg flinke til å gå. Sander og Peter jumpa elegant opp skåra i fjellet. Likeeins med Julie og Kristine som berre trengde ei hand øverst oppe. Kjempeflinke. Og innover langs vatnet måtte eg seie til Dag Tore at tvillingane minte meg om ballerina dansarar - så trippe, trapp, trapp, trapp, lette på foten at det var ein fryd... Så til brua over elva mellom vatna gjekk det som ein leik. Her tok vi oss ein pause. Drikke og litt godsaker skulle gjere sjølve klatringa mot toppen lettare. Vi begynte deretter på den lange grasbakken opp til sjølve fjellet. Det er ganske bratt og krevjande for små barneføter opp hit. Men utanom eit par småstopp undervegs var vi komne heilt oppunder fjellet, og tok til på dei krevjande skårane... No fekk visst Peter los. Han fekk vel toppfeelingen... Vi måtte vente ropte Olaug. Men eg tykte det var for gale å halde katen igjen når han ville høgre fortast mogeleg. Opp hamrane klauv han som ingen ting. Eg måtte ta i for å halde følgje. Han hadde bestemt seg. Han ville først opp. Så det gjekk så det kvein opp skårane. Og han fekk det som han ville der oppe - jubelhylet av først på toppen:-) Men jammen fekk vi oss ei overrasking då vi gjekk bort mot andre varden, og Sander og Vigdis kom opp skaret, med dei andre hakk i hæl. Fantastisk! Alle dei små barneføtene hadde teke seg opp på toppen på 2,5 timar... Det vil eg kalle litt av ein prestasjon! Vi sat på toppen omlag ein halvtimes tid og kosa oss med mat og drikke og andre godsaker. Men når ungane til slutt var nøgde, og helt på å rive ned fjellet, tok vi på heimtur. Største moroa på turen heim, var sjølvsagt i snøen i skåra. Sommar, unnabakke og snø er ein super kombinasjon...:-) Eg rennde på skoa, gjekk på rumpa, og det gjekk så grådig å sigle slik på shortsen at eg like godt sat resten av snøen ned. Sander og Peter heldt aldeles på å knekke seg sunde av latter. For eg fekk slik fart at eg måtte bremse på slutten, så eg ikkje fekk meg ei blå ei i enden av snøen. For der var det svaberg... Då vi kom ned igjen til vegetasjonen rydda eg ein del meir langs stien. No gjekk eg stykkevis og delt etter dei andre. Utanom eit par små stopp undervegs, var vi ved Markavatnet igjen i 15.30 tida. Sander og Peter hadde kosa seg slik at Peter likegodt vart med han og Vigdis ned igjen i Stråmen òg. Ungane imponerte stort. Inga klaging. Og tvillingane til Anita og Dag Tore er eit kapittel for seg sjølve. Snakk om fjellgeiter - eller killingar rettare sagt... Takk for ein super dag folkens. Gir alltid meirsmak slikt...
Fra Eitrenipa 070609_familietur

lørdag 6. juni 2009

Frå sommar til vinter

Trass i isande kald nordavind varma sola i vindstille skråningar... Det ligg enno nokre svære skavlar på toppen av Blegja 6/6 Eg gjekk Rørvika/Blegja/Likkjeblegja/Blåegga/Eitrenipa/Markavatnet i dag. Same ruta eg har gått nokre gonger no. Var på plass i Rørvika kl 08 i suveren morgonstemning. Ikkje ei sky på himmelen. Fjorden låg utan ei krusing nede, men det var ikkje mange varmegradene... Eg gjekk difor i ei tynn ulltrøye med ei lett treningsjakka ut att på. Shortsen hadde eg med i sekken, men gjekk i solfshellbuksa oppover. Dei første snøfonnene låg i den nordvende bakken nedom Nipebua (Hytta til Arvid L. i Rørvika). Litt overraskande var snøen knallhard! Det var eg mest glad for, men så var det kanten på toppen då... Det hadde gått veldig lett og greitt oppover. Og det heldt det fram med. Men oppe under Rørviknipa, i skuggen, vart det beinkaldt. Måtte fram med hanskar og hue... Ikkje akkurat temperatur for shorts og t-skjorte. Det kom seg litt då eg kom sør mot tjernet og sola igjen. Det låg framleis snø oppover heile ura. Bra! Den isande kalde vinden gjorde nok sitt til at sola ikkje fekk tak på snøen, for den var knallhard som lenger nede. Det gjekk difor lett og fort opp mot toppen av ura, der eg brått mista fotfestet og sigla fleire meter før eg greidde å stoppe. Broddane var ikkje i tankane ein gong då eg pakka sekken... Ja, ja, altfor sjølvsikker skal ein jo aldri vere. Nokre blodige fingrar frå skaren var eit greitt prov på det... Forsiktig gjekk eg opp bratta mot skavlen. Passa på å sparke godt feste i den harde skaren. Også feste for stavane var viktig. Men steinar stakk fram fleire plassar, så det gjekk heilt fint å finne ein plass å komme seg over og opp på platået. Her var det kome nysnø siste dagane... Kaldt nordadrag dreg fort med seg slikt her i høgda sjølv i juni... Eg fekk skifta på meg ei ny, tjukkare ulltrøye og vindtett anorakk. Det gjorde jammen godt. Deretter var det det tid for fotografering av den fantastiske utsikta. Eg tok meg òg ei skive og litt drikke der i ly av varden. Men det var noko heilt anna enn sommar her oppe, så eg bevega meg ganske fort sørover platået og ned skåra på sørsida. Eg heldt meg mest mogeleg på den harde snøen. Ein sparer bra med tid ved å gå på denne i staden for all steinen i ura. Men siste snøen låg på nordsida av Likkjeblegja. No har eg varda så godt utover Blåegga at det er lettare å finne "hola" ned alle forkastningane utover enn før. Men likevel går det faktisk meir tid ut på Eitrenipa frå Blegja enn frå Rørvika og opp på Blegja. Faktisk halvtimen lenger (2t+2,5). Eg tok meg difor ein rast på same staden som sist før eg nådde Eitrenipa akkurat kl 13... Siste bakken opp aust i frå er ganske tung når du først har vore inne på Blegja...:-) Det var ganske lite vind her. Det var faktisk godt og varmt i lyngen. Eg fiska like godt fram shortsen - til slutt... Turen ned igjen gjekk langs standardruta som eg har skrive om så mange gonger. Men det gjorde seg godt med vatn og ei flaske XL-1 ved elva mellom Leknesvatna...:-) Det hadde vore nok ein kjempetur!
Fra Blegja_Eitrenipa 060609

torsdag 4. juni 2009

Så lett så lett

Dokka i ettermiddag... Sidan vi hadde personalmøte etter arbeid i går, vart det litt for travelt å fare til fjells etterpå. Dei dett no ikkje ned fjella heller...:-) Eg gjekk difor opp igjen på Dokka i ettermiddag. Det var strålande sol, men isande kald vind. Med turen hin dagen i friskt minne, tok eg ingen sjansar. Med meg var difor windstopper-hue, hanskar og den gode, gamle fjellanorakken. Noko betre utrustning enn sist...:-) Ikkje for å skryte, men i dag gjekk det veldig lett opp. Det var berre å ause på oppover bratta. Det er ein aldeles herleg følelse å kjenne at ein har mykje å gå på... Kanskje var det godt med ein pause i går? Den klåre, kjølige nordalufta var god å puste i. Alle hersens flugene var fordufta. Og det var blitt bra tørt i terrenget igjen. Det gjekk difor fort ned igjen òg. Kjempetur! Meldingane ser brukbare ut framover òg. Så her er det berre å gjere seg klar for nye turar i helga...:-)

tirsdag 2. juni 2009

Iskald på Dokka

MMS frå Dokka i ettermiddag... Eg fraus aldri slik på føtene i vinter som eg gjorde på Dokka i stad. Det begynte nemleg å regne med det same eg gjekk. I lite klede og "småsko" vart eg fort våt. Lenger oppe på kammen fekk eg i tillegg nordvesten midt i fleisen. Eg gjekk så det skumma rundt kjeften opp bratta for å halde varmen. Og heldigvis slutta det å regne då eg nådde toppen... Sola stakk faktisk gjennom då eg sat litt der oppe. Skodda kom og gjekk. Og ein flott regnboge prega himmelen over Dalsfjorden i aust. Det var med andre ord alt slags vèr... og hadde eg teke med fotoapparatet, og vore litt betre kledd, skulle eg gitt meg betre tida! Her var nemleg fine motiv. Men slik det var no, var det berre å komme seg ned igjen. For det var først i dei bratte bakkane heim att, i våte sko der alle tærne klinte seg fram i tuppen, at følelsen forsvann i tærne. Og så vått som det var i det bratte lendet, kunne eg ikkje legge til palings heller. Då hadde eg lege som eit slips... Det var difor med stor lette at eg kom meg ned igjen i bilen og fekk av meg alt det våte.Og tok på meg eit par gode ullsokkar eg hadde liggjande der. Sokkane som eg hadde tenkt på heile vegen ned igjen. Wunderbar! Det var som om tærne sang halleluja, "kiss me once and twice and do it very nice", etter 5 minutt...:-) Ja, ja slik går det av og til når det skal spinkast og sparast på utstyr og vekt... Hadde nytta dårleg dette med litt lenger tur! Og at vèret endrar seg bør ein jo helst ta høgde for... Alternativet er jo sjølvsagt å snu heim igjen. Men det får no vere måte på pingle òg...:-)

mandag 1. juni 2009

Orrespel og eventyr

Morgonstemning ved Leknesvatna Eg vakna tidleg. Klokka var ikkje meir enn 5. Men eg var lysvaken. Istaden for å ligge og vri meg i senga stod eg like godt opp. Det var delvis overskya og 9 grader ute. Eg bestemte meg ganske fort for å ta ein tidleg morgontur på Eitrenipa... "Du skal ikkje sova burt sumarnatta..." Klokka var berre litt over 6 då eg parkerte ved Markavatnet. På veg til austenden av vatnet høyrde eg livleg orrespel. Og di lenger bort eg kom, di sterkare vart spellydane. Det er ei flott oppleving å få med seg orreleik. Ved austenden av vatnet kom faktisk sola fram. Kjempemorgon! Og oppe ved Leknesvatna var idyllen komplett. Spegelblank yte. Heile landskapen låg spegla i vassyta. Magisk morgonstemning. Fotoapparatet måtte jamnleg fram... Det gjekk så lett å gå. Så utruleg godt å få puste inn den friske og litt kjølege morgonlufta. Eg gjekk i softshell buksa, ei tynn trøye og ei lett treningsjakke. Til byte hadde eg med meg ei tynn trøye til, knytt rundt livet. Elles hadde eg berre kameraet med... Lett gjekk det òg opp skara til eg var på toppen klokka 7.40! Fantastisk. Så enormt flott landskapet låg bada i sola. Dalingane var vel knapt oppe, dei fleste... Men bygda låg nydeleg til der nede med sola frå aust. Og som om ikkje det var nok orrespel allereie i dag, så gav endå ein orreleik gjenlyd i fjellet frå ein stad nede ved Krokavatnet. Det var som eit eventyrspel. Åleine kunne eg sitte og høyre og iakta den nye dagen. 1. juni, sommar og 2. Pinsedag. Nok ei stund for minneboka... Har vorte mange av dei på Eitrenipa. Eg gjekk ned igjen same vegen eg kom opp. Ved vatnet var no spegelen borte. Krusingar istaden. Litt av magien var borte denne dagen. Eg fann like godt ut at eg kunne gje på ned igjen. Så eg småsprang heile vegen nesten til Markavatnet igjen, der eg traff på Gunnar A. Han lurte no på om eg hadde overnatta... Var vel ikkje budd på å treffe folk på retur heilt her nede - så tidleg...:-) Klokka var vel omlag 9... Ja, ja - slik er det når blodet brenn...:-)
Fra Eitrenipa 010609