lørdag 23. mai 2009

Livet er herleg...

Madamen og eg på Eitrenipa i ettermiddag... Fantastisk flott lørdag. Og to fine turar... Gjekk på Stølsfjellet igjen i dag tidleg medan Olaug var med Marie til Førde. For langkøyring til sertifikat...nærmar seg visst oppkøyring. Eg var oppe på toppen litt før 8.30 i berre tights og ei tynn trøye. Vindstille og delvis sol til å begynne med. Men mot toppen la skodda seg tjukk i fjella rundt. Merkeleg nok la den seg ikkje på Stølsfjellet. Ned igjen sprang eg... Olaug kom igjen i 12.30 tida. Og eg hadde lovd å vere med på Eitrenipa. Eg var ikkje særleg vanskeleg å overtale...:-) Greitt med Marie og Torbjørn heime for Peter sin del. Men han var mest oppteken med Markus som var komen frå Bergen... Vi fekk oss ein nydeleg tur opp der. Stille og varmt når sola stakk gjennom. Det ligg endå litt snø oppe i det brattaste nordskaret, men på toppen er det kun skavlen øvst i vestskaret som ligg igjen. Det låg litt skodde inne i Blegja og elles dis mot Dale og i vest. For å skryte litt av fruen i huset (det bør ein vel av og til) så er ho eit seigt skinn. Eg heldt nesten vanleg fart både opp og ned... og ho følgde... nesten! For det svei visst litt i føtene på siste oppstigninga... Nydeleg på toppen. Vi var bort på sørvarden og keik ned til Dale og til Øvre Fossedalen. Studerte oppstigninga til Kringla, der det framleis ligg litt snø i skaret. Det er ei utruleg flott erfaring med desse årstidene. Så mange turar opp hit i vinter med hylande kalde vindar, mange minusgrader, is og snø... og no er det grønt og varmt! Og lauvsangaren syng i lia! Fantastisk at det er same landet og same staden... Fin tur ned igjen òg... Stod på skoa ned snøen i skaret. Litt moro, leik og spel. Våryre... Herleg tid, herleg tur!
Fra Stølsfjellet 230509
Fra Eitrenipa 230509

3 kommentarer:

Laila Anita sa...

Du burde skrive bok du Gustav :-) Utrolig flink til å få med detaljer fra turene dine. Det blir ekstra interessant å lese.

Flott at du deler opplevelsene dine med oss andre!

Unknown sa...

Takk for honnør Laila Anita. Det varmar det...

Om det blir bok er ei anna historie... Kanskje som pensjonist? Faktum er at eg får for lite tid til å skrive. Etter pendling, jobb og tur, er det lite "guts" igjen til å vere kreativ med skrivinga. Oftast blir det berre det heilt enkle før eg sovnar over tastaturent... Slik sett hadde det vore veldig kjekt å kunne begynne dagen med skriving...:-)

Er iallefall veldig gjevande å ta bilder og oppleve den fantastiske naturen rundt oss. Og så er det god trening i det òg...

Laila Anita sa...

Det er vel mye av det samme her. Det blir å legge ut bilder og kjappe kommentarer fordi man ikke rekker så veldig mye mer. Men det er jo kjekt å se bilder også da. Man blir motivert til å fortsette "fjellklatringen"!