lørdag 30. mai 2009

Fossande, sildrande draumar

Eg ser Blegja i eit nytt lys frå Blåegga i dag... Utløpet av Krokavatnet i sør frå ein spesiell vinkel på Eitrenipa i dag... Trur eg skal la ligge den avlyste turen frå Stongfjorden til Nipebu. På grunn av manglande påmelding. Kan jo hende eg angrar på noko eg kom til å skrive. Ein ting er iallefall sikkert - ein slit med overnattingsturar... Men, no får ein ta ei evaluering når den tid kjem... Eg får seie som Vigdis - positivt fokus! Nyttar ikkje å grine over spilt melk. Eg har likevel gjort meg mange tankar på dagens fantastiske tur på Blegja frå Rørvika, og vestover Blåegga til Eitrenipa og Markavatnet. Ein må berre ha forståing for at folk vil nytte denne første, og flotte sommardagen på forskjellige måter. Eg får dra fram utrykket Marie brukte om meg ein gong - Gustav du er jo fjelloman - for å understreke at ikkje alle vil springe fjella ein slik dag. Klisjè - smaken er som baken... Nei, no er eg visst starta med analysen likevel...! Det var som meldt, ein utruleg flott morgon. Eg køyrde difor i Rørvika i 7.30 tida og gjekk opp dei bratte bakkane. Førdefjorden låg spegelblank. Knallblå som himmelen. Bøane og bjørka stod irrgrøn i den tidlege morgonsola. Skuggar og sol bada den fossande elva. Nydelege kulissar på ein perfekt sommarmorgon. Eg hadde heile dagen på meg. Sprengde ikkje på oppover, sjølv om det gjekk radig. Fotoapparatet måtte fram jamnleg. Det sildra og rann. Fossa. Frå myrar og bakkar. Susa og klukka. Det var som om vatnet kviskra og ropte ut si glede over sommardagen. Og litt lenger oppe, der vinteren endå hadde eit visst grep på landskapet, der fossa det vatn ut or snøen. Og alt rundt skifta farge med snøsmeltinga. Grøn mose. Pusekattar på vierbuskene. Molteblomar overalt! Fjellsmelle poppa fram med sine raude teppe. Og enorme klasar med blåbær-kart prisa varmen. For ein fantastisk dag for menneske og landskap... Den første snøen under Rørviknipa var flott å gå på. Som ein bre. Fast og fin. Og eg tok meg lett og fort opp under Nipa og traverserte sørover. Her var det endå skugge, og eg var glad eg hadde tights under shortsen og ulltrøye... For det var kaldt, og det bles faktisk ganske friskt. Eg kom meg sør om i sola gijen og starta klivinga opp urane. Her ligg det endå bra med snø. Og i starten gjekk det lett... Men lenger oppe var det godt blautt. Eller det vil seie - oppe i brattaste ura var det berre øverste laget som var blautt, og den harde snøen under gjorde det vanskeleg å få fotfeste. Tungt! Eg hadde ikkje teke med gamasjane i dag, men det gjekk forsåvidt greitt utan. Eg måtte puste på nokre gonger, før eg kom meg opp under skavlen. Snøen var forbausande hard her i skuggen. Men eg greidde å sparka meg nokre trinn og bikka opp på platået. Ei skinande, drivande kvit flate, spegla i strålande sol... men i frisk vind. For eg var jammen glad eg hadde teke med meg anorakk og hue. Og ny ulltrøye. Det gjorde susen. Og eg kunne gje meg litt tida og nyta omgjevnadene. Her er jo ei fantastisk utsikt. Du kan få eit lite inntrykk av det på videoen. Eg valde å gå ned igjen på sørsida i det bratte skaret. Jammen var væta frosen på berga i skuggen oppe ved toppen. Så eg måtte vere litt obs og ikkje trakke meg frampå! Og broddane hadde eg ikkje med... Det gjekk likevel ganske greitt å komme seg ned i ura under. Det låg snø i søkket ned under og vidare opp på Likkjeblegja. Fin og grei å ta seg fram på. Siste snøen som det var å snakke om, låg på nordvest sida av fjellet her. For utover Blåegga var det heilt snøfritt... No har eg gått denne turen nokre gonger dei to siste månadene. Men det er ikkje tvil om det var lettare og raskare å ta seg fram vestover då snøen låg. No må ein sjå seg meir føre, gå til venstre og til høgre, og finne rette "hola" i forkastningane i fjellmassivet. Forkastningar som ligg på tvers av gåretningen heile vegen. Då snøen låg, var alt flata meir ut... Eg valde difor å ta meg ein god pause midt ute på egga. Nokre skiver, XL-1 drikke og ein porsjon rosiner og peanøtter. Det var som om energien gjekk rett i føtene...:-) Og det var ikkje lenge etterpå før eg toppa ut Eitrenipa der vest... Det er eit trasig syn å sjå Markavatnet og Bjørnastivatnet så nedtappa som vatna ligg der no. Skjemmande. Som ein ørken. Eroderte strender. Utan liv. Det skjer som knivar i auga frå toppen av Eitrenipa... Etter å ha teke nokre bilder her òg, gjekk eg ned den vanlege ruta. Nesten ikkje snø igjen i skaret mot vest. Men som på Blåegga, går det seinare og tek meir krefter å komme seg ned utan snø. I tillegg gjekk eg saftig omkol i botnen av skaret og handleddet fekk seg ein kraftig smell. Men det heldt, heldigvis... Eg stoppa opp ved brua. Det var nydelege fargar her i dag. Vatnet var spesielt blått. I tillegg er som vanleg bjørka veldig fin med det same lauva kjem. Grønfargen er så ekstra grøn då... Likeeins var det bortetter nordsida av vatnet. Så klåre fargar! Eg måtte berre ein tur bortom utløpet av vatnet og elva og ta nokre bilder. Utruleg vakkert. Ei perle. Eit syn for gudar... Du kan sitte her på dei blankslipte berga med føtene i det klukkande, sildrande, laugande vatnet eller ligge pal ut og kike inn i den blå evigheita der oppe og finne alverdas fred og ro i sjela... Går det an å "elske" ein stad? Men eg hadde avtalt haik heim. Olaug kom meg i møte ved Markavatnet. Så eg måtte ned igjen... I ferien tek eg jammen med meg teltet opp hit, nyt kveldssola ute i havet, fiskar og kjenner kor godt det er å vere til...
Fra Blegja_Eitrenipa 300509

Ingen kommentarer: