Facebook

mandag 13. april 2009

Perfekt påskeavslutning

På brua over elva ved Leknesvatna 2.Påskedag Ein av lagunane før fossen frå Leknesvatna i føremiddag Som så mange gongar før vart 2.Påskedag finaste dagen i påska. Eg har inntrykk av at dette er nærast regelen etterkvart. Eller er det berre ei innbilling? I følge bilda mine siste åra har denne dagen iallefall vore strålande. Det er omlag som at når påskegjestane reiser, kan vi fastbuande nyte finvèret...:-) Eg hadde avtalt med Vigdis i går kveld, då vi traff på kvarandre på Hjartåsen, at vi gjekk ilag på Eitrenipa. For meg er jo dette snart "the second home", medan Vigdis måtte friske opp vegen litt slik at ho var tryggare å gå åleine framover. Så vi møttes litt før 8 ved Markavatnet. Det vart jo ein perfekt dag. Litt småskyer til å begynne med, men dei fòr etter ei lita stund. No var jo dette sopass tidleg på dag at mykje av vegen opp til fossen låg i skuggen. Likevel vart det fort varmt opp gjennom lia. Vidare inn nordsida av Leknesvatna var det fantastisk fint. Stilt. Og flott solskinn frå aust spegla bare fjellrabbar, fjorårslyng og smeltande snø og is. Vår-landskap. Blægja og Eitrenipa låg bada i tidleg morgonsol. Drivande kvite. Eg såg årets første heipiplerker var komne frå varmare strok. Det er vår i fjellet òg... Siste skara opp på toppen låg endå i skuggen då vi kom opp der. Tydelegvis hadde det vore nokre minusgrader i løpet av natta, for snøen var ganske hard. Men ikkje verre enn at vi følgde i dei gamle spora mine opp. Litt isete var det òg mot toppen. Ein plass såg bar ut, men brått stod eg der på blåfrosne steinen og kom meg ingen stad. Vigdis, som allereie var komen seg forbi og opp, spurde om eg trengde hjelp...:-) Eg la merke til eit spesielt veltilfreds flin rundt munnen på ho då... Sola fekk vi igjen på toppen. Som så mange gonger før. Det er alltid dobbel premie det å komme seg opp på Eitrenipa. Toppen og sola på same tid! I dag var det i tillegg (nesten) heilt vindstilt. Det kan eg iallefall telje på ei hand det har vore sidan i haust. Så etter ein svipp og nokre bilder borte på sørvarden, tok vi oss litt sjokolade i lyngen der i sola. Perfekt! Akkurat eit slikt påskebilde eg ser føre meg... Vi tok på broddar ned igjen skara. Det var såpass hardt at det var greitt å sitte bra på. Eg tok litt bilder undervegs. Litt saft måtte til nede ved elva. Men elles gjekk vi rake vegen til Markavatnet igjen. Fint og greitt, og vi var der igjen i 12-tida. 4 timar er egentleg standardtid på denne turen. Men etter å ha slappa av heime på altanen nokre timar (Olaug og Peter var i lag med ein gjeng på Dokka) tok eg likegodt og køyrde til Askvoll og "sprang" opp på Hjartåsen òg. Vèret var så aldeles strålande. Eg tok minimalt med klede på. Raskt opp og ned. Ein smak av sommar... Heilt supert.
Fra Eitrenipa_Hjartåsen 130409
Legg inn en kommentar